30. mars 2020

Heimestrikka bruktkjøp

Resten av veka er det meldt regn jamt og trutt, men om ikkje anna starta den med knallsol. Etter jobben i dag var det difor rett heim, bittelitt mat og på med turklede. Så sjølv om hovudet kanskje ikkje er heilt med oppi denne rare kvardagen, kjenner eg likevel kor godt ein slik tur gjer. Knipsa eit par bilete, men dei får komme noko seinare, eg ønskjer nemleg å skrive eit bittelite innlegg om den strikka genseren eg kjøpte pent brukt av Kristin. Genseren er strikka med to garntypar, Pickles Merino Tweed – det same garnet eg strikkar med – og Silk mohair. Mønsteret er Ingen Dikkedarer-genser, og fargen er blåleg med eit hint av grøn, rett og slett nydeleg! Eg har så klart prøvd den på, og den er kjempegod og varm, perfekt til kalde dagar. Den blir nesten for varm no i slutten av mars, så eit bilete der eg har den på må nok vente litt ;) Veldig kjekt å kjøpe eit heimestrikka bruktplagg!

29. mars 2020

Kvardagsgleder i fleng

Trass nok ei rar veke, ser eg av sundagslista at eg har mykje fint å dele, både lenkjer og generelt saker og ting her heime. Eg skriv ikkje heimen, for eg har ikkje moglegheita til å heimekontor slik mange andre har, men på ein måte har det vore godt å vere eit par dagar på jobben. Ikkje så enkelt å halde avstand når vêret her har vore heilt supert og ein dimed har lyst til å vere ute heile tida. Men me kom oss ut på ein tur litt tidleg i går, og det gjekk fint å gå utan å vere tett oppi andre folk. Humøret går opp og ned, nokre av dagane er tyngre enn andre. Samstundes så tenkjer eg at det er no slik det er, akkurat slik eg skreiv om på fredag. Bøker og artige seriar hjelper, det same med roleg musikk på øyret og ein god armkrok. Tidleg opp i morgon, så det er berre å publisere i veg:

✦ ville nok ikkje valt denne boka sjølv, men gøy å få lesetips og bli ufordra (og Hovland kan skrive)
✦ ny livekonsert med Kjell Inge Torgersen
✦ og på onsdag høyrde me to: fyrst Adam Douglas og sidan Moddi
✦ "Vi har fortsatt så mye å være takknemlige for" – kjenner meg godt igjen i denne flotte teksten
✦ flott genser kjøpt pent brukt av Kristin (@einkopptetakk), god helgekaffi og ein bit sjokolade
✦ ikkje at det er så himla gøy å vaske dusjen, men så stas etterpå når den er skinnande rein
✦ må innrømme at eg blir rørt når eg høyrer "Se ilden lyse" i to så flotte versjonar: denne og denne
✦ og må le litt av å høyre og sjå den same songen i ein heilt anna versjon med Raske Menn
✦ å sykle heim frå jobb og sjå at det byrjar å bløme på trea
✦ Helsinki sett gjennom fotolinsa til Niina, den stemninga ser så koseleg ut
✦ eit hus der gult er kult og grønt er skjønt
✦ blir så glad av å lese at biblioteket set saman forundringsposar med bøker og syklar desse heim
✦ soloppgangen som var heilt magisk måndagsmorgen
✦ laurdagstur i Sørmarka med mannen min og broremann
✦ for ein liten og kjempesøt kattunge, akkurat det me treng å sjå no
✦ vaflar på jobb på onsdag fordi...vaffeldagen, og me sat på tribunen med god avstand til kvarandre
✦ blå blomar langs grøftekanten
✦ Rebecca sitt bilete i lag med eit sitat frå Anne of Green Gables – sånt som lyser opp kvardagen 
✦ slappe av med meir teikning og måling
✦ kulaste veggen full av bøker
✦ innrømmar at det er stas når @officialagathachristie deler eit av bokbileta mine
✦ alltid godt med kaffi (denne gongen i eit vakkert krus) og boka Hold Still var veldig bra

27. mars 2020

Sånt som gjer ein tung dag mjukare



God fredag! Eg håper i alle fall at den er god, for sjølv om det er fredag og helg, er det lov til å ikkje vere heilt i hundre og ti. For min del er det ein slik dag. Du veit når du vaknar opp, kjenner at humøret er langt nede, ein har ei uggen kjensle i kroppen, alt er liksom så rart og uverkeleg. Sjølv tenkjer eg at det er lov å ha slike dagar, både til vanleg og sånn sett særskilt no. Så klart meiner eg ikkje at me skal gå heilt i kjellaren og bli der, men me må kunne kjenne på at dette er kjipt og at ein fredag kan vere ein blå dag den også, akkurat slik som måndagen. Det er betre no; eg har drukke mykje kaffi, lese i kjekke bøker, sykla ein tur til butikken (det hjelper så å seie alltid å komme seg ut ein liten tur), me skal ha pannekaker til middag og så blir eg alltid i betre humør av å sjå på desse småtassane. Videoen er eit par veker gammal, og alle utanom Coco – som skal bu i lag med Loulou – har fått nye heim. Men eit lite tilbakeblikk på då dei alle var samla, gjer denne fredagen mjukare.

25. mars 2020

"Møter jeg et barn, så møter jeg et menneske"

Kjekk dag på jobben i dag, og det tar eg med meg heim, for alle gleder tel no. Eg kjenner i alle fall at det er viktig, om det så er ein god kopp kaffi eller vårteikn ute langs jobbvegen min. Andre ting som gleder meg no, er bra bøker. Ei av dei siste eg har lese, er ei ny faktabok for barn om forfattaren Anne-Cath. Vestly. I år er det hundre år sidan ho blei født, og mange av oss er vakse opp med forteljingane hennar. Agnes-Margrethe Bjorvand har skrive ei flott bok om heile livet til Vestly med eit enkelt språk og små "visste du at..." på kvar side. Hans Jørgen Sandnes står bak illustrasjonane, og eg synest det er ordentleg stilig at det er blitt brukt gamle bilete og laga illustrasjonar rundt desse. Og så fint å sjå Knerten titte fram gjennom heile boka. Sjølv har Anne-Cath. vore med meg gjennom heile oppveksten min. Eg har lese alle bøkene – mange av dei fleire gongar – og då særskilt bøkene om Knerten og bøkene om mormor og dei åtte ungane. I tiande klasse skreiv eg særemne om Guro-bøkene, og i studietida mi på UiA, laga eg ei nettside om Vestly i emnet digital formidling. Alle bøkene har kanskje ikkje like aktuelle i dag, men Vestly var no forut for si tid då ho skreiv direkte til barn om at dei ikkje kjem med storken, om pappaen til Aurora og Sokrates som er heime, om barn i rullestol og om mammaen til Guro som er vaktmeister. Å ta barn på alvor var noko av det Vestly var veldig opptatt av, og det kjem tydeleg fram i bøkene hennar. Kjekt å lese faktabøker for barn og unge når dei er så fine som denne. Og så tar eg fram eit av mine absolutte favorittsitat: "Hverdager er de flotteste. De er fulle av eventyr.". Tusen takk, finaste Anne-Cath.

24. mars 2020

Ute for å kjenne sola varme i ein snodig vår

Tilbake på jobb, men det er ikkje den same kvardagen. Me har nok å gjere, så det går seg nok til, men det er rart at det ikkje er ein einaste person i bassenget, ingen som står i kø foran billettluka, ingen som klagar på det plutseleg er kaldt vatn i dusjen. Dei siste dagane har det vore veldig vindfullt i byen, og eg tenkjer det var så godt å komme seg ut førre veke då sola stod høgt på himmelen, sola som varma både andletet og humøret. Vannassen med alle svanene, måkene og endene, Vålandsskogen med brunt, raslande lauv som snart kjem til å falle av til fordel for alt det grøne og ein tur i nabolaget der desse vakre, blå blomane titta fram. Flotte vårdagar i ei snodig tid.

23. mars 2020

Skrin fullt av fargar

Her om dagen tok eg fram hobbysakene mine, for eg tenkte eg skulle rydde litt gjennom det som ligg i den eska. For mange, mange år sidan, kjøpte eg eit sett med vassfargeblyantar. Men sjølv om eg elskar desse fargane og akvarellmåling generelt, kom eg aldri i gong. I eska har eg både blyantar, akvarellpapir og penslar, og plutseleg fann eg ut at no har eg tid, kanskje eg skal prøve meg litt på å bruke desse blyantane?! Så mange vakre fargar, og eg prøvde meg litt fram med forskjellige motiv.


Inne på Pinterest kan ein finne mykje inspirasjon til alt frå matoppskrifter til interiøridéar, og så klart også vassfargeteknikkar og forslag til forskjellige motiv. Trea ved eit vatn såg eg fyrst på nettopp Pinterest, og det er dette biletet eg har henta inspirasjonen frå. Så gøy å berre sitje for meg sjølv og teste ut kor hardt ein skal teikne, kor mykje vatn ein skal bruke på penselen, kva fargar eg skal bruke. Vidare fann eg også eit par videoar på Youtube, blant anna korleis ein kan teikne eit større tre med skugge og det heile (lilla fargar i mitt døme). Kom også over denne Youtubekanalen, og dei fire siste motiva har eg alle teikna etter å ha følgt desse innføringssvideoane. Diggar den kanalen: videoane er enkle å følgje, fargebruken er magisk og motiva enkle, men likevel fine. Uansett om eg kjem til å teikne meir eller ei, denne aktiviteten var terapi og ro for sjela.

22. mars 2020

Lesetid, tenkjetid og turtid

Stakk ein liten tur innom jobben i går og i dag, elles har eg heldt meg heime denne veka. Ein kollega har vore sjuk, og me har dimed tatt alle forholdsreglar. Veka har difor blitt annleis enn det eg såg føre meg førre sundag. Men vêret har vore superfint, og solskin hjelper alltid litt på humøret. Fått gått eit par turar ute og det har klarna tankane. Alltid like godt å kjenne sola varme i andletet, vårvinden i håret. Mykje tid til lesing, eg har sett The Great British Bake Off og eit par episodar av andre kjekke seriar, strikka littegrann vidare og testa ut akvarellblyantar. Eller vassfargeblyantar ein vil. Eg skulle berre rydde i hobbyeska mi, og plutseleg tenkte eg at eg eigentleg aldri har testa dei ut ordentleg. Så gøy å berre sitje der, leike med forskjellige fargekombinasjonar og motiv. Så avslappande! Korleis har de hatt det i løpet av denne merksnodige veka? Eg håper de alle har det så bra som ein kan ha det. Sjølv blir det jobb igjen i morgon for min del, under er sundagslista:

✦ tøff lesing og eit vakkert språk: På jorda er vi tidvis vakre av Ocean Vuong
✦ filmen The Color Purple med blant anna Whoopi Goldberg
✦ Synne sitt blogginnlegg om sjølvbilete og dumme kommentarar, rørte meg veldig, les det no
✦ grøn, gammal og fin dør inn til Vålandstårnet
✦ sjå den nyaste sesongen av The Crown i lag med mannen min
✦ "Top 10 Best Outlander Moments" – fordi den serien er veldig bra
✦ ny barnebok om Anne-Cath. Vestly med flotte illustrasjonar
✦ no har dei alle fått ein ny heim, men dei seks dachshundkvalpane er berre så herlege
✦ og her er ein liten videosnutt av den aller, aller minste av dei – eit ordentleg sjarmtroll
✦ alltid stas at forfattarar av ei bok eg deler på Instagram set pris på det og deler vidare
✦ nydeleg versjon av "The Skye Boat Song"
✦ vassfargeblyantar er ei kul greie
✦ å snakke og spele eit instrument samstundes, i same tempo, eg må le av TwoSetViolin
✦ stilige maskemarkørar
✦ Linda Eides lille balkongkonsert, akkurat det me treng i denne tida
✦ starte kvar dag med god frukost og sidan meir kaffi og ei god bok i fanget
✦ førehandstinge vårmagasinet som Mariell er i gong med
✦ le og bli rørt av Kompani Lauritzen
✦ søt og rar liten krabat frå regnskogen
✦ høyre på livekonsertar over nettet: Inge Bremnes, Kjell Inge Torgersen og Ingrid Bjørnov
✦ vanskeleg å fange på kameraet, men lyset i skogen då me var ute og gjekk på onsdag var fiiint

20. mars 2020

99 raude motiv

Pantertante gav oss to fine puslespel til jul, og for eit par veker sidan byrja me å leggje det eine. Puslespel er ein akkurat passe roleg aktivitet, og her i heimen senker me skuldrene og lar alle tankar fare når me sit saman og puslar. Høyrer på radio (P9 Retro er favoritten) eller annan bra musikk på Spotify, drikk kaffi og pratar innimellom. Godt å vere analog i ei ganske så digital tid.


Puslespelet har tittelen "99 Beautiful Red Things", og det stemmer veldig bra ;) Ein knallraud 2CV, hund med raud nase, rosa makronar, haustblad, raude og rosa blomar, nisselue og mange fleire fine motiv. Testa også ut puslespelmatta som me fekk til jul, og den funka bra. No slepp me å sitje på golvet og få vondt i nakke og rygg, tommel opp! Liten fredagsklem frå meg til deg!

19. mars 2020

Slike dagar

Ikkje så grått ute i dag som det var i slutten av førre veke, heldigvis, men det er gråare ute i dag enn det var i går. Slikt gråvêr gjer noko med humøret, eg kjenner det i alle fall sjølv. Veka er også blitt annleis enn det me trudde, og eg skal ikkje innom jobb før laurdag og sundag. Prøver å finne lyspunkt oppi det heile: eg les mykje (har heldigvis mange bøker eg kan lese her heime, både frå bokhylla og på lesebrettet), eg tar fram diverse frå hobbyeska mi, ser ein episode og tre av favorittseriar, gjer husarbeid, går ein tur ute når sola tittar fram. Med andre ord går det både opp og ned, noko eg trur det gjer for mange av oss. Det gjer godt å skrive det ned her, eit par ord og setningar no og då. For det er ikkje noko tvil om at det er ei merkeleg tid me er inne i no. Eg trur me treng å lufte tankane, me treng å vise at ikkje alt er greitt, for det er slik me kan finne trøyst.

18. mars 2020

Luftetur

Luft. Kjenne den friske vårlufta, luft under vengene, lufte tankane. Ikkje så enkelt å vere sosial på den måten me pleier, men eg tenkjer det er desto viktigare for oss alle å komme oss ut. Gå ein liten tur, ikkje berre sitje inne. For dei av oss som kan, vel å merke. På måndag tok eg på meg turtøy og gode joggesko og traska ein tur opp til Vålandstårnet og vidare ned til Vålandsskogen (eller Vålandsparken, kjært barn har mange namn). Eg hadde god ting, og det er når ein har god tid ein plutseleg legg merke til alle detaljane. Den grøne, smale og fine døra, den like grøne benken der ein kan sitje og nyte utsikta over byen, taksteinen på tårnet, det brune lauvet på trea som snart kjem til å bli grøne, gul krokus i det grøne graset. Glede i slike små ting, kjenne at det går bra trass i alt det surrealistiske. Pust inn, pust ut, me klarer dette saman. På avstand, men saman.

16. mars 2020

Pynt til eit strikkeprosjekt

Strikkeprosjektet eg held på med skal til slutt bli ein genser, nemleg ein Twiggygenser frå Pickles. Som eg har skrive før, veit eg at det kjem til å ta lang tid, men eg er i alle fall i gong. Etter kvart skal eg byrje å auke og må halde teljinga på dei forskjellige maskene, og eg kunne ikkje dy meg då eg fann desse maske- og framgangsmarkørane inne på Epla. For sjå, Harry Potter, vakre blad, ein søt pingvin og ein like søt rev. Fann dei på butikken Sofakroken og synest dei er kjempefine alle saman. Ein må ikkje bruke slike maskemarkørar for å halde teljinga, ein kan fint bruke binders, tråd i ein annan farge eller liknande som ligg heime. Men det er no stas å pynte opp strikketøyet littegrann ;)

15. mars 2020

Lyspunkt i ei rar tid

Innehelg her heime, akkurat som dei fleste andre. Ikkje så lett å vite kva eg ska skrive, for alt dette her er veldig rart. Det er unntakstilstand, ein heilt ny situasjon. Men me tar dag for dag, finn fram gode bøker, pusler eit puslespel, heimekontor (for hans del), høyrer bra musikk og ser ein morosam film. Innimellom strikkar eg litt med det nydelege garnet frå Pickles og koser meg med fleire episodar av The Great British Bake Off. Eg ser så mange gode initiativ på Facebook no om å hjelpe kvarandre, støtte ein artist via Vipps og livekonsert, og eg lurer på å gjere det i kveld. Håper me klarer å stå saman om dette, gjere "den aller største dugnaden" som Ida skriv. Snart er det middag her, og sjølv om det har vore ei rar veke, har samla mykje fint som eg ønskjer å dele med dykk:

✦ kvardagsglede: tørka blomar i ei lita vase ståande på den nye baderomshylla vår
✦ heimelaga latte og Mord på Orientekspressen, Poirot og gjengen, altså
✦ "Den aller største dugnaden" – takk, finaste Ida, for eit kjempebra innlegg som alle bør lese no
✦ ein kunde som skryt av at me badevakter er tålmodige
✦ og ein annan som skryt av at me er oppvakte og ikkje redd for å gi beskjed
✦ me treng alle å le litt, og særskilt no, så her er det beste av Ylvis frå Kongen befaler
✦ pusle, drikke kaffi og ete ein makron (ser du makronen på makronen?!)
✦ siste episode av den walisiske, herlege serien Stella – det fall nokre tårer, ja
✦ tårene rann også då eg høyrde den norske versjonen av "I Know Him So Well" på Beat for beat
✦ det var Karoline Krüger og Marion Ravn som song og eg gleder meg sånn til å sjå Chess
✦ "Living slow and staying wild" – Rania har skrive ein flott tekst om det å leve meir bevisst
✦ te i eit søtt krus, lese ei bok og vere pakka inn i eit sennepsgult ullteppe
✦ sei "hei" til finaste Mirabelle Bianca Lanie
✦ hente ein god haug med bøker frå biblioteket før dei stengde
✦ lese Før plogen din over de dødes knokler av Olga Tokarcuk, litteraturprisvinnaren i 2018
✦ ha, ha, memes frå The Princess Bride som går rett inn i skildringa av dei fire Galtvorthusa
✦ regnet på ruta tidlegare i dag, på ein måte grått og trist, på ein annan måte noko klart og fint
✦ kan jo drøyme om å reise av garde til Blenheim Palace, Downton Abbey og The Cotswolds
✦ dachshundkvalpane, og så klart Loulou, er framleis like søte og artige (her er endå ein)
✦ fuglane som har kvitra kvar dag denne veka når eg har sykla til jobb tidleg om morgonen
✦ kjøpe eit par makronar på tilbod til helga
✦ laurdagspizza, Kompani Lauritzen på skjermen og eit spørjespel før leggjetid