Viser innlegg med etiketten foto. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten foto. Vis alle innlegg
3. juni 2026
22. mai 2026
Mai, flotte mai!
Ser det i hagar og parkar, langs bussvegen og ved konserthuset, alle trea med rosa blomar. Akkurat som med snøklokkene, er dette eit syn som er like nydeleg kvar vår. Særskilt alléen ved eit av universitetsbygga er litt ekstra vakker der den lyser opp stien du går på. Fuglekvitter overalt. Vårlufta i andletet. Lyserosa blomar mot ein lyseblå himmel, mai i all si prakt.
Merkelapp
foto
4. mai 2026
Alt det som blømar
Sykla til UiS i går for å sjå om det var komme rosa blomar på trea. Etter ein lang vinter, var det framleis akkurat litt for tidleg til at alléen var full av det vårlege synet, men turen var ikkje heilt bortkasta. Dei lyserosa, nesten kvite blomane på andre tre er ganske fine dei også, og me gjekk av syklane og titta opp på trea eit par minutt. Alt det som blomar ute no når det er vår!
Merkelapp
foto
26. mars 2026
Starten av ei ny årstid
Små, vårlege blomar i ein rullesteinvase. No er me nok heilt på tampen av snøklokkesesongen, på tysdag såg eg krokusar, i dag var det plutseleg snø. Heldigvis ikkje snø som låg lenge, altså. Sidan eg byrjar å sjå færre og færre av desse kvite blomane ute, må eg leggje ut eit siste lite innlegg her på bloggen. For det fortener dei, det fyrste vårteiknet. Dei lyser opp, både inne og ute, og som eg har skrive så mange gongar før, er dei for meg det aller vakraste – og viktigaste – teiknet på våren.
Merkelapp
foto
7. mars 2026
Skuggar av sola
Skuggespel i heimen fyrst av vintersola og no av vårsola. Det er ikkje det at eg ikkje fann glede i det same i leilegheita, men det er eit eller anna med det å oppdage slike dagar med sol inn i nyheimen. Nye plassar der sola kviler, på ei bokrekkje full av vakre klassikarar, på veggen der plantane får skine eller på trefiguren som står på eit skap. Trass ein kald vinter, hadde me fleire dagar der sola titta inn i huset, og det same med denne fyrste vårveka. Sollyset er hjarteleg velkommen kva dag som helst.
6. feb. 2026
Fire dagar på rad
Ikkje i dag men i går og forgårs, tysdag og måndag. Å starte morgonane slik. Sitje litt foran omnen eller i sofaen med ei bok i handa, drikke eit par slurkar kaffi. Titte ut av stovevindauga og sjå himmelen stå i brann. Gå ut på terrassen i minus fire gradar, stå der eit lite minutt og nyte slike vakre soloppgangar. Akkurat som førre veke. No snør det ute, eg kryssar fingrane for at den ikkje ligg lenge. For sjølv om det berre er februar og enno vinter, lengtar eg etter våren.
21. jan. 2026
18. des. 2025
Klare solstrålar
Mellom Sjøholt og Trondheim i oktober. Store delar av køyreturen var full av regn, regn og atter regn, men ein plass langs vegen skein det opp. Solstrålane lyste sterkt og klart gjennom skyene, verkeleg eit syn. Nesten som eit måleri. For sjølv om me berre fekk sjå det for ei lita stund, var det rein himmelmagi. Solstrålar eg finn fram i minnet på slike regntunge dagar som no.
Merkelapp
foto,
tankar og skribleri
1. des. 2025
Rosatonar høgt der oppe
Fuglane som fauk over ein himmel i brann i dag tidleg. Sjølv om eg sat i sofaen med ei god bok og naut kaffien, måtte eg ut på terrassen før klokka var ni. Sukk, det har vore fleire slike morgonar i det siste, og når eg gjennom dei små stovevindauga ser at det byrjar å lysne ute, reiser eg meg opp og går bort til terrassevindauga. Står der og tittar ut. Til slutt tar eg på meg ei jakke og nokre sandalar, kameraet over skuldera og går ut for å beundre fargespelet høgt der oppe på himmelen.
Merkelapp
foto,
kvardag,
tankar og skribleri
24. nov. 2025
Glitter i graset
Ti minutt tar det å gå til jobb. Ein tur vil eg ikkje kalle det, men førre veke måtte eg likevel ta med meg kameraet den ein dagen eg traska til jobb. Rimet glitra i graset, dei varme haustfargane var blitt dusare med eit tynt, kvitt lag av den kalde frosten. Ull frå topp til tå, og sola varma i andletet.
10. nov. 2025
7. nov. 2025
Dagens morgonhimmel
Før jobb i dag, ein morgonhimmel fyrst rosalilla og etter kvart gyllen oransje. Kanskje ikkje den fyrste soloppgangen sett frå vår nye heim, men like fullt den fyrste soloppgangen eg verkeleg har fått med meg etter at me flytta. Eg sat i stova og skulle hente meg meir kaffi då eg fekk auge på morgonhimmelen gjennom det eine stovevindauget. Tok på meg sko og jakke, gjekk ut på terrassen og sat der eit par minutt medan eg drakk kaffi. Ikkje lenge, men nok til å kjenne ein form for morgonro. Slike stunder er gull verde, særskilt no om hausten når dagane kan vere grå. Å gå ut på terrassen og sjå opp på morgonhimmelen full av fargar, berre vere utan å tenkje på så mykje anna.
Merkelapp
foto,
kvardag,
tankar og skribleri
30. okt. 2025
🍂💛🍁
Alle fargane i oktober. På veg til jobb, på veg frå jobb, langs Mosvatnet og nabolaget. Kvart år blir eg like glad når eg går blant alt dette vakre. Eg gøymer alt dette i hjartet, for eg veit at november er her om berre ein dryg dag, ein månad som ofte er kald og blaut. Forhåpentleg er det nokre fargar att slik at det ikkje berre blir grå dagar, men for no er det ein ordentleg haustfargebonanza!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
