30. sep. 2013

Ein slags haustferie

Plutseleg var helga over, og ei ny veke er i gong. I og med at eg har vore forkjøla heile helga (faktisk såpass forkjøla at smaks- og luktesansen var heilt borte i nesten to dagar), er det greitt at det er mindre undervisning og null jobb denne veka slik at eg kanskje klarar å bli frisk. Grunnen til mykje fritid denne veka, er haustferie i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Også universitetet har mindre undervisning, så onsdag og torsdag har eg ingen planar :) Litt skulearbeid blir det nok skal du sjå. Hadde konsert med brassbandet i går, og sjølv om det ikkje var så mange som kom for å høyre på oss, var det som alltid kjekt å spele saman med dei fine folka. Og så er det jo noko med det å spele konsert, verkeleg gjere sitt beste, enn å "berre" spele saman på ei øving. Legg også ved nokre bilete som eg nettopp har tatt her ute i hagen: veldig gode eple og fine, rosaraude blomar.

29. sep. 2013

Topp 5 – kattevideoar



Eg har alltid likt kattar, det er mitt absolutte favorittdyr for dei som ikkje visste det. Så her, utan å seie noko meir, kan de sjå fem av mine favorittvideoar frå youtube med kattar i hovudrollene:

Katt møter piggsvin - to gode vener ;)

Maru - vanskeleg å plukke ut berre ein video med Maru, katten som til og med har fått ei eiga Wikipediaside, men litt ekstra kjekt å sjå at Maru leikar saman med ein liten kattunge

Overraska katt - det er sikkert mange av dykk som har sett denne før, men den er berre så utruleg søt og herleg

Funny cats and nice fish - her er det også mange videoar å velje mellom, for desse kattane finn på veldig mykje rart

Katt og briller - ein herleg video, som eg såg for nokre veker sidan, om ein katt som stel brillene til mannen i huset

27. sep. 2013

Noko av det finaste med hausten

Når haustforkjølinga er her, er det fint å ha gode filmar, kaffi og nydelege fargar på blada å trøyste seg med. Tok desse bileta på veg heim frå skulen her om dagen, for slike blad med så vakre fargar er noko av det finaste med hausten! I same slengen vil eg nemne at den fine bloggen sitrende.net har ein giveaway gåande. Ho som skriv bloggen tar så himla fine bilete, som de kan sjå her, og om ein vinn, så får ein velje seg ut nokre bilete til odel og eige. Tenk å kunne ha nokre av dei fine bileta på veggen eller ramme dei inn og ha dei i vindaugskarmen. Det hadde vore fint, det :)

25. sep. 2013

I magien si verd

For andre gong er eg hekta, hekta på Harry Potter! Har alltid likt filmane, og då me for to veker sidan såg ferdig den siste filmen etter å ha sett alle filmane på ny, i rekkjefølgje, syntest eg det var på tide å lese bøkene ein gong til. Eg hadde så innmari lyst til å lese dei, for eg hadde ikkje fått nok sjølv etter å ha sett filmane. Har lese dei alle saman før, og vore så hekta at då bok nr.seks eller sju kom ut, kan eg enno hugse at eg kjøpte boka på flyplassen (eg skulle av garde til Florø med eit bittelite fly) og heldt på å miste flyet mitt fordi boka var så spennande. Eg var til og med, i ein periode, med i Harry Potter-klubben som biblioteket på Sola stod for. Det var stor stas då me i klubben var kino, på førpremiere, for å sjå den fyrste filmen då den kom ut. Så sjølv om eg ikkje har lese bøkene mange gongar, og sjølv om eg ikkje er den største fanen, har eg vakse med denne fyren, venene hans, trollmannskulen, heile denne magiverda. Eg hugsar enno at eg var skeptisk då mamma nemnde at ei veninne av meg hadde byrja å lese ei bok om ein gut som plutseleg fann ut at han har magiske evner. Ti-elleve år var eg, og det tok ei stund før eg prøvde å lese den fyrste boka. Men då eg til slutt hadde lese fyrste boka, var det berre å setje i gong med den neste. No, over ti år seinare, er eg igjen i gong med å lese ei og ei bok, i kronologisk rekkjefølgje så klart. Eg koser meg med dei, les litt og litt, samtidig som eg berre vil sluke dei, lese, lese, lese...

23. sep. 2013

Endeleg!



Dette har eg lengta etter, og eg har gledd meg lenge. No er endeleg sesong fire av Downton Abbey her. Er det ein TV-serie eg verkeleg nyt og koser meg med, så er det denne. Eg har lagt ved traileren, og eg er både spent og innmari glad for at sesongen endeleg er i gong!

Ein herleg slutt på veka :)

Det blei ein sundag etter boka i går: me berre kvilte, slappa av og tok det heilt piano. Men då kvelden kom og det var på tide med middag, tok me på oss litt penare klede, eg tente eit stearinlys, dekte bordet og sette på sesong to av Heartbeat medan han laga god middag, nemleg lammegryte. Det er så fint å gjere litt stas ut av det å ete sundagsmiddag, og ovanfor ser de nokre bilete frå vår fine kveld. Eg burde kanskje hatt på blitsen då eg tok bileta; der har eg noko å lære ;)

22. sep. 2013

Topp 5 – reisemål eg ikkje har sett

Om hausten er det ekstra kjekt å drøyme om å reise til varmare strøk eller til stadar der ein ikkje har vore før. Eg får i alle fall ein ekstra trang til å utforske nye stadar, reise bort frå kalde, mørke Noreg. Afrika, Asia, Latin-Amerika, det er mykje som freistar, men nokon stadar meir enn andre. Så i dag drøymer eg meg bort med ei liste over mine fem favorittreisemål som eg ikkje har sett før:

New York - mest på grunn av Broadway, for eg elskar jo musikalar (men også for å shoppe litt)

Frankrike - same kor, men eg har alltid hatt lyst til å sjå ein del av Frankrike, slik som Paris, Nice, Euro Disney, Cannes, og det franske språket er jo så fint

Island - nydeleg landskap, fascinerande språk og så utruleg fine smykke og vakre ringar

Praha - storbyferie i ein by med mykje historie (eller kanskje Roma eller Wien eller ein heilt annan storby med historie og fine, gamle hus...)

New Zealand - spennande kultur- og dyreliv

21. sep. 2013

Korpsspeling i vinden

Etter å ha spelt ute i vinden saman med brassbandet, kjem denne laurdagen til å bli veldig stille og roleg. Mannen i huset er blitt ordentleg forkjøla, så då blir det film og avslapping resten av kvelden. Men som eg skreiv, var me ute ein tur med korpset tidlegare på dagen. Det er nemleg Kulturnatta her i byen i dag, og då skulle alle voksenkorpsa i byen spele kvar for seg for så å spele "Gammel Jegermarsj" saman på torget. Eit skikkeleg fellesnummer med andre ord. Mykje vind, så forholda låg ikkje heilt til rette for korpsmusikk. Men eg vil nå seie at me gjorde det beste ut av det :) Hausten er i alle fall her, både med tanke på vind og på fargerike blad. Håper de alle har ei fin helg, anten på hytta, på jobb, ute på byen saman med vener eller heime i sofaen.

19. sep. 2013

God tid, dårleg tid

Dagane går så altfor fort. Vekene fyk av stad, det er fort gjort å gløyme at ein bør nyte dagane, ta det litt med ro. Me er inne i ei tid kor mange av oss spring frå skule til jobb, til trening og jobb atter ein gong. Tidsklemma kallar me det. Det kjennast ut som om det er om å gjere å gjere mest mogleg på ein gong, me har ikkje tid til å treffe folk i det verkelege liv eller berre setje oss ned utan å gjere noko spesielt. Me deler bilete på nettet, på Facebook og Instagram, me deler setningar om kva me har gjort den og den dagen, det har me tid til. Det er heile vegen eit jag etter å fylle dagane best mogleg slik at me har tid til alt. Men treng me ikkje å skru av dataen eller mobilen, setje oss ned i sofaen med ei god bok, ein varm kopp med te eller kakao og eit varmt pledd av og til? Er ikkje det også viktig å setje av tid til? Kan me ikkje av og til ta det med ro, la tida snigle seg av stad, akkurat som snigelen i skallet sitt som lar tida fyke forbi mens den tar skritt for skritt, sakte, men sikkert?!

Sjølv så går dagane mine også i eitt, og i dag har eg vore på skulen fram til fire og så rett på jobb kor born spring rundt i pausen med superhøgt volum, og no når klokka nesten er åtte, er eg relativt sliten. Men sånn på fredagar og i helga, er det godt å ha nokre timar der eg ikkje tenkjer på skule eller jobb. Eg treng det. Det er ikkje sikkert alle gjer det, men eg meiner at me ikkje er flinke nok til å kjenne på roa, og plutseleg ein dag seier kroppen "stopp". Eg veit jo sjølv korleis eg er, og at eg sikkert kan jenke meg litt med tanke på at det alltid skal vere ryddig rundt meg, at oppgåva eg skriv skal vere perfekt osb. Men eg klarar i alle fall å setje meg ned med den gode boka eller den herlege TV-serien, bare slappe av, la tankane segle sin eigen sjø. Så klart liker eg, og treng eg, å møte vener og fine folk, å gjere noko saman med andre, vere sosial, og ikkje berre sitje åleine i sofaen. Men eg vil berre setje litt fokus på det at mange av oss ikkje "har tid" til å roe ned, tid til å senke skuldrene. No når hausten er her for fullt, oppfordrar eg dykk til å setje av tid til å tenne eit stearinys, høyre på fin musikk, lese favorittboka på ny eller gjere noko anna som får deg til å slappe av. Hausten er ei tid med mørke og kalde dagar, og då er det fint å kunne kose seg med stearinlys, bok, gode vener eller alt på ein gong. Prøv å nyt hausten og tida som kjem – plutseleg er det 2039 og du lurer på kor tida blei av, kva du eigentleg har gjort i de åra som har foke forbi.

17. sep. 2013

Kjempefin tysdag trass mykje regn

Å vakne av regnet, ein eller annan gong midt på natta, er ikkje min favorittmåte å vakne på. Heldigvis så regna det ikkje fullt så mykje då klokka ringde halv åtte. Og med god frukost heime, og så gratis kaffi då eg kom til skulen, var morgonen ganske så okei. Her i Kr.sand er det no innført rustidsavgift, og ATP, Areal- og transportplansamarbeidet i Kristiansandsregionen, stod difor i dag ved skulen og delte ut gratis kaffi til dei som tok beina fatt eller som tok bussen eller sykkelen. Heilt i orden for min del :) Utpå dagen, sånn då klokka var to, tok me oss ein tur på kino for å sjå Before Midnight (som det blant anna stod om i "Filmmagasinet", noko du kan sjå på biletet saman med min fine, blomstrete genser). Kjekt og også litt rørande å sjå film nr. tre om Jesse og Celine når dei no er passert førti og ikkje heilt veit kva dei vil med liva sine. Sjeldan me går på kino midt på dagen på ein tysdag, men det passa seg slik i dag. Kino i regnvêret er veldig fint spør du meg. Og så var me heilt åleine i kinosalen, berre oss to. Trur ikkje eg har opplevd det før, men artig var det! Åt litt middag og så jobb etterpå, noko som var kjekt i dag med nysgjerrige og engasjerte musikantar :)

15. sep. 2013

Topp 5 – datoar

Mormor hadde bursdag i går, og difor vil eg seie: "Hipp, hipp hurra!" Og av den grunn kom eg på å ha mine favorittdatoar, eller favorittdagar, som vekas topp fem. Når det er sagt, har eg foreløpig hatt ei kjempefin helg der me i går var på skulen og jobba litt. Om kvelden hadde me god vegetarpizza til middag mens me såg den siste filmen om Harry Potter. Lettrørt som eg er, sat eg og grein meg gjennom siste halvdelen av filmen. Jada, eg har sett den før og veit det går bra, men likevel. Tror mitt nye tilnamn etter i går er "tute-guri". Vel, nok om det for denne gong ;) Her kjem det eg eigentleg skulle skrive om, nemleg vekas topp fem som er mine favorittdatoar:

24.desember - finaste dagen i året med stjerne i toppen av treet, Askepott og Gulltopp, bunad og fin kveld med min herlege familie

påskeaftan - den har jo skiftande dato, men eg tar den med likevel, for å høyre finalen av "Påskelabyrinten" og ha ordentleg quizkonkurranse på hytta, det er fint, det

14.desember - for snart fem år sidan hadde eg mange, mange sommarfuglar i magen, og den dagen vil for alltid bety noko ekstra

29.mai - mamma og pappa sin bryllaupsdag; utan dei hadde ikkje eg vore her i dag (ja, eg veit, skikkeleg klisjé, men sant er det jo)

31.desember - å feire inngangen til det nye året saman med gode vener og kjærasten, er så kjekt og utruleg fint (og så "må" eg berre nemne at 1. nyttårsdag, midt på natta, også er ein finfin dato...)

14. sep. 2013

Livet som sambuar

No har me vore saman i fire år og ni månadar. Me har budd saman i tre år og ein månad, og me har vore trulova i åtte månadar og tretten dagar. Det er så innmari fint det å vere sambuar og kjærast og no også trulova. Men det å bu saman kan vere tungt, ja, eg kan bruke klisjeen at "det er ikkje berre ein dans på roser". For det meste så skriv eg om små trivialitetar som bøker eg har lese og filmar eg har sett, om skulen og korps, om nye innkjøp, og ein god middagsrett, om kvardagskjærleiken... Kvardagskjærleiken er den finaste, det er den lille kjærleiken som du merkar kvar dag, med små blaff av forelsking innimellom. Men det er kanskje også den treigaste. For når ein ser kvarandre så å seie kvar dag, kan ein ta kvarandre for gitt, ein kan gå kvarandre på nervane. "Nærast er du når du er borte, noko blir borte når du er nær. Dette kallar eg kjærleik – eg veit ikkje kva det er." (Tor Jonsson). Sånn er det av og til – fyrst når ein er borte frå kvarandre, merkar ein kor glad du er i akkurat den personen, kor mykje han eller ho betyr for deg.

Eg er ein følsam person, mens kjærasten min er ein ordentleg sindig sunnmøring. Joda, han viser kjensler, men ikkje på same måte som meg. "Det ordnar seg", seier han når eg har ein lei dag og ikkje heilt er på den positive sida. Og det er vel og fint at han seier det, og at me er ulike, men det er då ein merkar at kvinner er frå Venus og menn frå Mars. Og om kvelden, når hjernen min vaknar, vil han helst sove; eg vil snakke. I tillegg diskuterer me jo, som så mange andre, ofte om husarbeidet: eg vil ha det meir ryddig, for av og til ligg det musikknotar og mattenotat over alt. Han vil at me skal støvsuge og skifte på senga når eg er på mitt trøyttaste.

Me er ikkje like, men me er heller ikkje så ulike. Det er vel slik me passar saman. Med dette innlegget vil eg berre påpeike at også me har vore uvanar og at me også kranglar og diskuterer, og av og til kjem det nokre tårer. Dessverre er det jo slik at det er få som skriv om dei vanskelege tinga på dagleg basis. På Facebook, Twitter, bloggar, med andre ord sosiale medium, blir det meste framstilt som ein draum. Trening, gåturar, verdas beste familie, bra kosthold, shopping, alt det kjekke er det som blir nemnt mest. Eg meiner ikkje at alle framstiller alt perfekt heile tida, men mange blir deprimert fordi dei berre les om andre som, på nettet, har det så ufatteleg mykje betre enn dei sjølve. Men eg er ikkje så flink til å skrive om det sjølv heller, det er noko med at slike ting er mellom han og meg. Samstundes vil eg få seie at det å vere sambuar er noko som, for min del, gjer livet rikare, trass i diskusjonar og uvanar. Ein må jo jobbe for forholdet og kvardagen, men ein får så mykje igjen for det. Me ler saman, pratar om alt og ingenting, lyttar til kvarandre. Av og til et me ute på restaurant, men for det meste lagar han middagen og eg tar oppvasken. Me koser oss saman og me kan vere oss sjølve når me er med kvarandre. Eg føler meg trygg og elska, og sjølv om det kjem tunge dagar innimellom, er det så utruleg verdt det, det å dele kvardagen og livet saman 

13. sep. 2013

Fargerik tur til butikken

Lesedag. Ein dag med husarbeid. Dagen då ein handlar for helga. Det er fredag, og det er helg. Eg har nettopp vore ein tur på butikken, og på veg bort stoppa eg nokre gongar for å ta bilete av alle dei fine fargane som finst der ute. Rosa nyperoser, raudoransje nyper og rognebær, gule blomar, grøne og litt raude blad. Hausten kjem med så innmari mange vakre og herlege fargar!

11. sep. 2013

Ei lita liste over ting som gleder meg ein onsdag i september

Omtrent midt i veka. September er godt i gong, og hausten er på veg. Mange synest at hausten er så innmari fin med varme klede, laga på lag. Eg liker best våren og sommaren, så no når hausten er her, er det kjekt å kunne ha ei lita liste med små ting som gjer hausten litt lysare. Her er lista som eg skreiv på bloggen i fjor, og nokre av tinga er jo like fine i år. Kva får nettopp deg til å bli meir blid ein onsdag i september, no når hausten er komme og vêret blir kaldare? Eg har klart å plukke ut nokre punkt som får meg til å sjå lysare på hausten som no er her:

✦ høyre på musikken til Laurence Fox – hans litt hese og rolege stemme gir meg ei herleg ro i ein av og til litt stressa kvardag
✦ vite at hjartesmil si bok & me skal bli omskapte, som ho har skreve med kjærasten, snart kjem ut
✦ gå i kjole eller skjørt med ullstrømpebukse på beina
✦ lage fargepalett til bryllaupet og finne inspirasjon på Pinterest (her byrjar ein tidleg...)
✦ drøyme seg vekk blant alle dei fine tinga folk lagar på etsy.com
✦ sjå Before Midnight på kino, den siste filmen i trilogien om Jesse og Celine med fine bilete og fin dialog (eg må berre sjå film nr. to før eg kjem meg på kino for å sjå den siste filmen)
✦ kose meg med film og kaffi under eit teppe, med stearinlys på bordet og han der fine ved sidan av meg
✦ dei fargerike blada som kjem på trea, spesielt når det nettopp har regna og regndropane ligg som dogg på dei
✦ sjå vidare på sesong to av Heartbeat
✦ denne og denne musikkvideoen av Ylvis (og nei, det er ikkje den om reven)
✦ lese gode, lune, fine, spennande bøker

9. sep. 2013

Lilla laurdag

Skal snart på korpsøving og i den anledning legg eg ut nokre bilete frå korpsbesøket me hadde på laurdag. Me var ikkje så mange, og eg tok ikkje så mange bilete (må bli flinkare til å ta bilete av menneskjer), men me hadde det ordentleg koseleg me seks som var samla. I sommar vann eg ein liten give away på denne bloggen med diverse sminkesaker, deriblant ein lilla neglelakk. Fann ut at eg måtte prøve den, og det gjorde eg på laurdag – saman med ein lilla strømpebukse :) Nøgd med den neglelakken, ja. Elles blir det ei veke med skule og jobb, litt pensumlesing og sikkert noko kjekt i helga, ei heilt normal veke, akkurat slik den skal vere. Og: hugs å bruke stemmeretten i dag!

8. sep. 2013

Topp 5 – songar frå Kaptein Sabeltann si verd

Kjempekjekt med litt besøk her i går kveld! For min del synest eg det er like kjekt å vere vert og ha besøk som det å   besøk. Og før eg gløymer det: her er lenkja til brassbandet sin blogg, og no har me lagt ut nokre bilete og tekst med tanke på det speleoppdraget me hadde 17.august i Grimstad. Det var så himla artig! Vel. I dag skal eg plukke ut mine fem favorittsongar frå Kaptein Sabeltann si verd. Det er vel ikkje ein løyndom at eg lenge har vore fan av Kaptein Sabeltann. Som sjuåring var eg i Kjuttaviga for å sjå ei av framsyningane. Ikkje at eg hugsar så innmari mykje, men stemninga og særskilt det å kunne vere oppe så lenge (var jo midt på svarteste natta) som sjuåring – det var kult. Eg hadde til og med Sabeltann på russebuksa mi (sjå biletet). Med åra har eg ikkje følgt like godt med, så det er jo dei gamle "klassikarane" eg kan og som eg titt og stadig trallar på. Og det å velje berre fem, huff, det er vanskeleg ("Venner", "Vi må ikke si et ord" og "Her vi bor" er tre som nesten kom med på lista, og som er så fine at eg måtte nemne dei):

"Kongen på havet" - "...jeg kunne seilt med vinden og bare drømt meg bort". Så innmari fin tekst og melodi, utan tvil min favorittsong

"Pinkys sang" - fengande melodi som er lett å hugse

"Sjørøvernatt" - kjempefin ballade som blir sunge av Terje Formoe (som seg sjølv; ikkje som Kaptein Sabeltann)

"Grusomme Gabriels spøk" - som liten var eg redd for Grusomme Gabriel, og eg har minne om denne songen som både skremmande og spennande

"Sjørøverne kommer" - og sist, men ikkje minst, kjenningslåta, den dei fleste assosierer med Kaptein Sabeltann

6. sep. 2013

Ryddedag og gode minne

Slakk fredag her med tanke på at eg ikkje har forelesning. Var på Camilla Collett-konferanse i går i tillegg til jobb, så dagen blei lang nok. Difor tar eg det med ro i dag, og det kjem ikkje til å bli gjort så mykje skulearbeid. Eg har byrja å lage julegåver (tidleg ute for ein gongs skyld, og eg kan jo ikkje leggje ut bilete av dei så klart), og elles så blir det litt rydding, for i morgon får me besøk i frå eit par av dei fine folka frå brassbandet. Det kjem til å bli kjempekjekt! Og så har eg, etter nokre år i ei skuffe, fått ramma inn to fine bilete frå Afrikaturen. Har rydda plass til dei i stova, og eg merkar at eg blir varm om hjartet; mange fine minne strøymer på. Det er ein tur som eg for alltid vil hugse – rafting på Nilen, besøke barneheim og skular, plante tre, safari i Masai Mara, å ta dykkarlappen på Zanzibar, bli kjent med nye folk – alt dette saman med så utruleg herlege personar frå klassen min på folkehøgskulen. Tenk at det snart er fire år sidan me var ute på ein så fantastisk tur...

4. sep. 2013

Kjekk lesing ute i sola

Tenk at me skriv fjerde september og at eg enno kan gå rundt i kjole utan strømpebukse! Ein av orkidéane våre blomstrar og klokka åtte om kvelden er det 17 varmegradar ute. Det er herleg det, sånn ordentleg seinsommar når hausten eigentleg skulle ha vore her... Her går det for det mest i skole, jobb, korps og ein del lesing. Pan og Raseri: en hvitings forsøk på en selvbiosofi er nokre av bøkene det går i. I løpet av hausten blir det også Peer Gynt, nokre noveller av Blixen og andre småtekstar. Men oppi alt dette her, har eg endeleg fått meg til å gå bort til bokhylla og hente fram ei bok som eg høyrt så mykje bra om, nemleg Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant. Sat ute i sola og las i går, og gurimalla, så artig. Eg har ikkje komme så langt enno, men eg gleder meg til å bli betre kjent med Allan Karlsson og alle dei finurlege tinga han finn på :D

2. sep. 2013

Sundagsdate

Sundag er ein av dei finaste dagane i veka. Ein kan stå opp seint, eller tidleg for å få mest mogleg ut av dagen. God frukost med mykje kaffi og elles ein roleg dag. Alle sundagar er ikkje sånn; av og til skal ein kanskje på konsert eller besøk, men likevel er sundag ein herleg dag. Då me skulle ete middag i går, kledde me oss i litt finare klede, eg i prikkekjolen min og han i ei fin skjorte, og så åt me god avokadosalat. Det stod stearinlys på bordet og på skjermen var det Harry Potter & halvblodsprinsen. Kjempefint og så utruleg koseleg å ha ein ordentleg heimedate, ikkje berre "slakkekveld". Og så er det jo kjekt å pynte seg litt på ein heilt vanleg sundag ^^

1. sep. 2013

Topp 5 - plagg frå "Downton Abbey"

Dei som har lese bloggen ei stund, veit at ein av mine absolutte favorittseriar er den britiske dramaserien Downton Abbey. Eg drøymer meg vekk, lever meg sånn inn i serien, og av og til skulle eg ønskje at eg kunne vore med i ein episode berre for å kunne gå i nokre av kleda dei bruker. Kjolane, hattane...*sukk*. Difor er mine topp fem denne sundagen plagg frå serien:

brudekjolen til lady Mary - det var knytt store forventningar til kjolen då det var klart at lady Mary skulle gifte seg med Matthew, og for min del skuffa den ikkje

denne buksedressen - lady Sybil overraska alle i ein episode med å ta på seg ein nymotens buksedress (hugs: dette var ikkje vanleg på 1920-talet)

lyseblå kjole med tilsvarande hatt - herleg dusblå farge på denne kjolen, og hatten passar så utruleg godt til kjolen og på lady Mary

turkis kjole - både fargen og stilen er fantastisk (ååå, om eg kunne hatt ein slik kjole)

burgunderraud kjole med blonder og broderi - lady Cora, frua i huset, kan også det å kle seg, og denne kjolen, i tillegg til tiaraen på hovudet, er noko av det finaste