30. sep. 2014

Laurdagstur til Figgjo

Eit lite biletedryss frå turen vår til Figgjo for tre dagar sidan. Då var det jo nemleg antikk-, retro- og samlemesse i Figgjohallen i regi av Kanalbruket. Her var det, som allereie nemnt, veldig mykje fint og ein god del dyre ting. Skjenken vår var der (sånn omtrent), med bein og det heile, for den som me kjøpte i påska var utan bein, noko som kjærasten fekk fiksa i sommar. Store, fine verdskart hang på veggen, fine retroservise og gamle glas stod på utstilling og Televimsen var der. Artige gamle skilt og stilige gryteklutar såg me også. Men den eine tingen som blei med oss vidare frå Figgjo, får de sjå sidan når den er gjort ordentleg i stand og komme til rette i heimen vår :)

29. sep. 2014

"MUNA"



"You can have whatever you can dream of". Sit her og høyrer på CD-en som låg i postkassa vår i går. Å berre sitje ned, lytte, slappe av, sjå på coveret av Nahid Hagitat og alle dei fine illustrasjonane og lese tekstane i heftet gjer rett og slett godt etter tre timar forelesning om forenkling og kompleksifisering i språk. Markéta Irglová har ei stemme som berre er heilt nydeleg og eg får ei ro over meg, ei ro der eg får ei varm kjensle, skuldrene senkast og hovudet blir meir klart. Slik som då eg skulle til å måle inne i leilegheita i går; motivasjonen var der ikkje, men med den musikken ut i rommet, klarte eg å vere litt meir positiv. Skuldrene mine senka seg og eg kjente at det var betre å berre byrja enn å tenkje på at eit rom med to strøk på fire veggar er ein stor jobb ;) Mitt fyrste møte med Irglová trur eg må ha vore då eg ein kveld bestemte meg for å sjå den irske musikkfilmen Once, den same Once som me såg som musikal i New York i sommar. Eg fall vel mest for historia og den Oscarprisa songen "Falling Slowly" som ho skreiv i lag med Glen Hansard. Men etter kvart byrja eg å høyre meir og meir på alle songane frå filmen, og etter kvart også på andre songar skrive av dei begge to. Og etter endå ei stund høyrde eg meir og meir på Markéta sine songar (har tidlegare nemnt ho i innlegg som dette og dette). I løpet av det siste året, har eg høyrt mykje på albumet hennar ANAR som ho gav ut i 2011, og då eg fann ut at ho skulle komme ut med eit nytt album i haust, visste eg med ein gong at eg gjerne ville ha ein fysisk kopi (for eg må jo innrømme at eg ikkje kjøper CD-ar i noko særskilt grad lengre). No sit eg her med albumet i handa, signert og det heile og med fantastiske illustrasjonar av Mary Reynolds inne i songheftet. Dette er eit album eg verkeleg skal kose meg med utover hausten medan eg les pensum eller sit under eit pledd med kaffikoppen. Eller når eg treng litt ro eller berre eit ekstra lite puff for å komme i gong med dagens gjeremål. Over kan de høyre ein av songane frå albumet, så innmari fin!

28. sep. 2014

Finfine garnnøste






Måling, pensumlesing, strikking, endå meir måling og også litt meir pensumlesing. Med det er veka kort oppsummert. Har jo også vore på øving og skulen, vore litt rundt omkring for å kjøpe møblar og diverse til leilegheita, vore ute på Figgjo, så eg har no gjort eigentleg mykje rart denne veka. No, sånn berre timar før ei ny veke byrjar, blir det Alt for Norge og Downton Abbey på skjermen (og eg gleder meg særskilt til sistnemnde). Har samla ein god del fine gledespunkt også denne sundagen:

✦ å få ein signert versjon av MUNA i posten frå Markéta Irglová, og eg har allereie høyrt gjennom heile CD-en ein gong og titta på alle dei vakre illustrasjonane på coveret – dette kjem til å bli ein ordentleg haustfavoritt
✦ at stemmene til dei vaksne i TV-serien Knøttene (Peanuts på engelsk, der blant anna hunden Snoopy er med) rett og slett er ein muta trombone
✦ inspirerande blogginnlegg som dette og dette, og også Emma Watson sin FN-tale om feminisme; for ei dame
✦ "The Students From Norway Solving America's Campus Housing Crisis"
✦ kjøpe tre store posar med garn for 250 kroner, og bryja å strikke puff allereie same kvelden
✦ fine bryllaupsbilete og ei rørande bryllaupshistorie
✦ vere på ei fin retromesse ute på Figgjo
✦ å kjenne meg igjen i denne lille teikneseriestripa og også i nokre av desse bileta
✦ Downton Abbey kjem på NRK i kveld :D
✦ ein kjempeskjønn katt og ein hale, to gode vener og eit blomepiggsvin
✦ le litt av desse bileta frå ein Instagramkonto
✦ kjøpe brukte, men fine, stolar til middagsbordet
✦ at me endeleg har fått byrja på målinga av veggane på fleirbruksrommet vårt
✦ om me ein gong får litt god plass i heimen vår, skal me gjere som denne dama (airbnb er tingen)

27. sep. 2014

Godtenisse på tampen av september

Kvar jul i ein del år no har pappa vore fast bestemt på at Godtenissen med stor G, skal stå foran peisen, og då så klart med noko oppi (Twist eller liknande). Ingen av oss andre synest at den nissen er noko særskilt fin, men, men. I dag drog mamma, kjærasten min og eg ein tur til Figgjo, for der skulle det vere ei antikk-, retro- og samlemesse. Og plutseleg stod jaggu meg nissen der, midt blant alle dei gamle servisa og alt det andre som stod rundt omkring inne i hallen. Då måtte eg jo berre ta eit bilete. På messa var det mykje fint og ganske så mykje rart. Og ein del dyrt, så eg kjøpte berre ein ting, men den var til gjengjeld veldig kul! Så no kan de lure ;) Var også innom Sandnes Garn på vegen, og der fekk eg kjøpt rimeleg garn i herlege fargar som eg skal strikke puffar av til stova vår. Gleder meg til å ta fatt! I kveld blir det god pizza, og så tar me morgondagen litt som det kjem.

25. sep. 2014

Ein ørliten detalj

Berre ein liten detalj frå leilegheita. Gjesterommet/kontoret/alt-mogleg-rommet vårt kjem til å bli innreia med brukte møblar (okei, ikkje gjestesenga), retro interiør og  ein god del gjenbruk. Gleder meg ordentleg til å innreie dette rommet for fullt; akkurat no er det rotete både der og i stova, og me skal snart måle veggane inne på fleirbruksrommet. Difor blir det berre ein liten detalj sånn på tampen av dagen. Denne duken skal få plass inne på det rommet, og den har eg arva frå farmor. Kjekt å kunne innreie med brukte ting, og slik som med mormorserviset, er det jo ekstra spesielt med ting som er arva, ikkje berre kjøpt brukte. Før me var innom leilegheita i dag, var eg både på forelesning og bibliotekkurs. "Bibliotekkurs?", seier du med eit stort spørsmålsteikn. Sjølv om eg har brukt biblioteket mykje (og også jobba ved eitt), er det greitt å kunne bruke alle søkemotorane når ein skal byrje på ei oppgåve, ikkje berre den eine som er heilt grunnleggjande ;)

23. sep. 2014

Pensumlesing, kaffi og "musikk tel arbe'"

For ei forelesning eg var på i går! Engasjerande og interessant, seriøs og morosam, alt på same tid. Dei tre timane berre fauk av garde, og det trass i at forelesningen byrja klokka ni. Håper eg får oppleve fleire slike, for det gjer noko med konsentrasjonen når ein som student tar del i timen, at læraren er god til å lære frå seg og til å engasjere samstundes med å ha varierte samtalar som både er seriøse og artige. Kjekt å komme heim etter ein slik dag på skulen :) Etter å ha ete litt middag i går, tok kjærasten min og eg bussen bort til Saxemarka, og der fekk me tatt andre strøket med kontrastfargen. Trur det blir kjempefint og eg gleder meg som ein liten unge til me snart flyttar inn. Biletet viser kva eg har gjort i dag: lese i kompendiet i MLE-305 (innføring i lesevitskap), kaffi i ein av Aukrustkoppane me har her i huset, frukostblanding og musikk til arbeidet frå dataen. Seinare i kveld blir det orkesterøving i Sandnes, og så er det plutseleg "lille-laurdag" i morgon.

21. sep. 2014

Kontrastfarge i stova

Rett og slett ei lita liste på tampen av veka. Som vanleg har helga (og veka) gått fort, med skule, jobb, orkester og så klart jobbing i leilegheita. Men no byrjar den å sjå ut som ein ordentleg heim i alle fall. Eigentleg veldig lite nytt elles; dagane går jo i eitt og i morgon er det skulebenken nok ein gong. Hadde eit lite besøk i nokre timar i dag, og då blei det middag her på Sola og kaffi inne hos oss slik at me fekk vist fram heimen vår. Kjekt og veldig hyggeleg! Gledespunkt denne veka:

✦ måle den siste veggen i stova med ein kontrastfarge, noko som blei så utruleg kult og bra
✦ le av "ærlege trailerar" (honest trailers) som frå Harry Potter-serien og Forrest Gump
✦ forelesaren nemnde Boyhood i timen som eit døme til noko han forklarte
✦ sesongpremiere på Downton Abbey i dag, og om berre ei veke er den også i gong på NRK (eg skal klare å vente ei veke)
✦ skjønnaste katten og søte, vinkande dyr
✦ å plutseleg finne ut at albumet Jesus Christ Superstar er det sjette mest suksessfulle albumet i Noreg, og den låg heile 87 veker på albumlista då den kom ut
✦ "Det tause oppgjøret"
✦ å kjøpe den nye CD-en (MUNA) til Markéta Irglová; ho har så vakker stemme og songane er berre nydelege
✦ vakker inskripsjon i ein 300 år gammal ring
✦ sitje i armkroken til min kjære og sjå på Heartbeat, my guilty pleasure
✦ få sofaen i hus
✦ tenk å "fyke" gjennom 19 fylke på ein dag
✦ ein kan, om ein berre vil, innreie ein heim så godt som gratis
✦ lese pensum ute på terrassen utan å fryse
✦ den nye musikkvideoen til Ylvis

19. sep. 2014

"Og blir det ikke bra, så maler vi det en gang til"

Måling av veggar er den store jobben denne helga. I går var me inne og fekk opp fiberduk (ei tynt tapet) på den siste veggen inne i stova, og med den på plass er det "berre" til å måle i veg også på den veggen Fekk tatt andre strøk no i kveld på den veggen me byrja på førre helg etter at han hadde vore på jobb og eg hadde lese pensum i ein del timar. På planen i morgon står det IKEA og Kvadrat før me skal inn til leilegheita og måle endå meir. Eg er veldig spent på fargen me skal prøve i morgon, for den skal stå ganske så mykje i kontrast til den varme gråfargen som er på dei andre veggane! Bilete av den og sofaen som også er i hus, får komme etter kvart; akkurat no er stova fylt opp med plast, papp og avisar, målarkostar og -spann og anna "rot". Sofaen er dekka med plast, så de skal heller få sjå den og stova når det er blitt litt meir ryddig og oversiktleg :)

17. sep. 2014

Bryllaupstankar midt i ein travel kvardag

Fotograf til bryllaupet er no i boks saman med kyrkja og lokalet. Om ikkje mange månadar er det på tide å sende ut invitasjonar, og allereie no tenkjer eg på korleis eg vil dekorasjonen skal sjå ut, kva fargar eg vil ha og kjolen må eg snart få tilpassa. I og med at eksamenstida kjem fort nok slik den alltid gjer om hausten, prøver eg å gjere litt bryllaupsrelaterte ting innimellom pensumlesing og fiksing i leilegheita. Så eg tek fram forskjellige bryllaupsmagasin, bryllaupseskene mine og til helga har eg sett av tid slik at eg kan få gjort ferdig eit utkast med tanke på invitasjonane. Er det forresten nokon som klarer å gjette kva farge som er hovudfargen?! Ganske så okei å ha noko anna å tenkje på som ikkje er skule- eller oppussingsrelatert, og når dei største tinga er på plass, kjenner eg at eg klarer å senke skuldrene og ikkje stresse. Bryllaup skal vere noko fint, noko som ein skal ha det kjekt med. Det er mykje som skal på plass, mykje som skal ordnast, men om ikkje alt er hundre prosent perfekt til den store dagen; gjer det eigentleg noko?! Altså: eg stressar jo litt med bryllaupet (som mange av oss jenter gjer), men eg har også byrja å innsjå at det som verkeleg betyr noko er at eg skal seie "ja" til mannen i mitt liv, me skal seie "ja" til kvarandre foran familie og vener, me skal feire vår kjærleik ein heil dag. Det er det som betyr noko, ikkje om bordkorta eller andre smådetaljar ikkje blei hundreogti prosent perfekt eller om håret ikkje ligg akkurat slik eg såg for meg i hovudet. Vel, no skriv eg dette i ein augneblink av ro, for når tida kjem er sikkert skuldrene mine langt oppe i vêret. Men eg vil prøve å kose meg med førebuingane så langt det lar seg gjere. Til sjuande og sist er det viktigast at det blir ein strålande dag saman med dei som betyr noko 

15. sep. 2014

Loppemarknad i nabolaget

Som om me ikkje var på marknad (Tou Scene) for to veker sidan, var me jaggu meg på loppemarknad igjen. Det er jo no det er loppemarknadsesong, så hadde me hatt tid og krefter, kunne me dratt frå den eine til den andre kvar helg. Med alt som skal fiksast i leilegheita, har me ikkje moglegheit til det. Men på laurdag skulle det vere ein loppemarknad i Bekkefaret bydelshus, berre ein femminutts gåtur unna heimen vår. Sidan dei byrja marknaden "allereie" klokka elleve, tenkte me at det var ein grei måte å starte dagen på, sånn før me byrja å måle stova. Kan jo seie det med ein gong at me fann ingenting, men det var no kjekt å berre gå rundt og sjå likevel. Ein ser så mykje rart på slike marknadar, alt frå styggkule lamper til fine servise og retro pikniksett :)

14. sep. 2014

Måndag, tysdag, plutseleg sundag!

Nok ei veke er snart omme, og denne veka har gått veeeldig fort! Var jo nettopp i bursdag i Oppdal, jo. Veka har gått med til skule, mykje arbeid i leilegheita og køyring rundt omkring for å finne sofa og spise(stove)bord. No er det berre nokre timar igjen av veka, og eg skal prøve å nyte dei best mogleg. Fekk ikkje tid til sundagslista førre sundag, så dimed blir det ei litt lengre liste i dag:

✦ snart kjem femte sesong av Downton Abbey
✦ sitje på ein kafé på Moa med ein god kopp kaffi latte, noko attåt og pensumbok
✦ le av herlege teikneseriestriper frå heltnormalt.no, særskilt denne og denne
✦ starte dagen med ein tur på ein loppemarknad
✦ "Incredible Inventions That May Change Your Life"
✦ kunne sitje ute på terrassen, nye sola og lese pensum
✦ lese rørande historier; ei om to damer som gifta seg etter å ha vore i lag i 72 år (!) og ei om denne hyllesta til mor frå dotter
✦ "Fint nett no (bryllupsutgaven)" og desse fine fargepalettane med inspirasjon til bryllaupet
✦ arve mange fine plagg av "svigermor", og i same slengen lese om at "arveklær er på topp"
✦ at me har kjøpt sofa, spisebord og fått byrja på måling av stova
✦ fine blogginnlegg: om sommerklede, om det å bygge eit lite fort i stova og om "fenomenet" samanklemt vaskeklut
✦ ete god heimelaga pizza og sjå Casino Royale saman med han der fine, berre oss to, etter ein dag med mange timars målingjobb (plutseleg berre to filmar igjen å sjå i Bond-serien)
✦ smile og le av desse innlegga frå cuteoverload.com: six seconds of joy, cute cat hugs doll, Happy Feet once more og denne anderedninga
✦ ein månad sidan me kjøpte leilegheita
✦ vere i godt selskap i 70-årslag i Oppdal førre helg og i det høvet kunne bruke ein av bruktkjolane eg kjøpte i NY og mormorskoa

12. sep. 2014

Pensumlesing i solskin

Sitje ute i sola med pensumboka i fanget og radio på øyret ein fredag i september – det er ikkje kvardagskost. Men det gjorde eg altså i dag før helga byrja for fullt. I går fekk me kjøpt eit ordentleg spisebord (dette frå Skeidar/Living), og i dag ein hjørnesofa frå Hjellegjerde. Me manglar enno spisestolar, men no byrjar det å likne på ein heim. Har også kjøpt maskeringstape og målarkostar og -rullar, så i morgon er det ut for å kjøpe måling før me er i gong med å måle veggane i stova. Eg er ikkje så veldig glad i måle, men på ein måte gleder eg meg, for eg trur resultatet blir så himla bra! Det er i alle fall eit skritt nærmare det å kunne flytte inn :)

10. sep. 2014

Tidskapsel

Tenk å kunne reise tilbake i tid. Til 70-talet, litt 80-talet. Å nesten kjenne seg som Jennifer Cavalleri (Ali MacGraw) i Love Story med tanke på den raudruta kragen og mansjettane. Kunne ha på seg ein kjempefin sennepsgul genser som liknar på denne kjolen, og også ein stripete genser med ein brunfarge som skrik 70-talet. Slik opplev eg det å kunne gå i gamle klede. Ikkje berre er det kjekt å på ein måte kunne reise tilbake i tid, men det å bruke gamle klede er også bra for miljøet. Retro og gjenbruk er ordentleg fine greier. Dei fire øvste plagga er berre nokre av dei plagga eg fekk med meg heim i helga; mange av dei er varme vinterplagg, så fleire bilete får komme seinare. Den kvite toppen på det siste biletet er henta frå skapet til mormor, noko som gjer den ekstra spesiell.

8. sep. 2014

70-årslag

Måndag er plutseleg her. Helga fauk av garde, så det at ei ny veke no er i gong, veit eg ikkje om eg er heilt klar til. Men slik er det no berre ;) Hadde i alle fall ei kjempefin helg der eg traff mange nye folk og også nokre eg hadde truffe frå før (men for ganske så lenge sidan). Det heile gjekk føre seg på IMI Stølen i Oppdal, ein veldig fin stad med greie lokale til ei slik tilstelling. Og vêret var nydeleg, ja, det var så varmt at eg kan fint gå i kjole utan å ha jakke over og strømpebukse på beina. Landa på Vigra (Ålesund) på fredag, fekk shoppa litt og lese pensum på Moa før eg tok bussen inn til svigers på Sjøholt. Veldig koseleg å sjå dei igjen. Ein god del prat og etter kvart fekk eg prøve så innmari mange plagg. "Svigermor" hadde rydda i klesskapet, og eg kunne velje og vrake mellom stilige plagg, nokre av dei frå 70-talet. Så på veg heim vog kofferten ganske mykje meir enn på veg opp ;) Får vise bilete av kleda litt etter litt. Kjærasten kom seint på kvelden, nærmare midnatt, men likevel klarte me å komme oss på vegen i retning Oppdal klokka ti om morgonen laurdag. Turen gjekk greitt, og heile laurdagen var rett og slett veldig fin. Ei veldig kjekk feiring og så må eg seie det var kjekt å kunne bruke ein av kjolane som eg kjøpte i ein bruktbutikk i New York. I går stod me opp, åt frukost og sat så på med to av kjærasten min sine søskenbarn til Trondheim. Me skulle nemleg fly frå Værnes og ikkje frå Vigra. Var med jubilanten heim der me prata og åt god middag før me til slutt kom oss til flyplassen og tok flyet heim til Sola. Som sagt så var det plutseleg skule og forelesning i dag, men det var eigentleg heilt greitt. Har elles fått unnagjort nokre ærend i byen og fått skrudd saman gjestesenga og nokre DVD-hyller i leilegheita.

5. sep. 2014

Helgetur med godt samvit

Denne helga blir det lite jobbing og fiksing i leilegheita vår. Me skal nemleg i eit 70-årslag til ei tante på hans side av familien. Så akkurat no sit eg i barndomsheimen hans på Sjøholt i Sunnmøre. I morgon køyrer me til Oppdal, som ligg i Sør-Trøndelag, der selskapet skal vere. Eigentleg litt greitt å skifte miljø, om berre for nokre dagar, og det skal bli koseleg å feire ei fin dame. Jobba ein god del i leilegheita på onsdag, var på skulen i går, og utpå kvelden i går var han fine og eg ein tur i heimen vår aleine for å byrje å skru og få opp gjestesenga. Me var der i nesten tre timar; me kom ganske langt, men ferdig blei me ikkje. Men det er ikkje så altfor mykje igjen, og så er det noko med å komme i gong. For når ein skal gjere både det eine og det andre, både måle, pakke ut, skru på plass ting og tang, kjem ikkje alltid motivasjonen av seg sjølv. I løpet av reisen i dag har eg fått lese litt pensum, og det er ei herleg kjensle å kunne ta helg med, som tittelen seier, godt samvit :)

3. sep. 2014

Mormorserviset

Noko som er veldig fint, er å pakke ut alle eskene me har og finne ting eg har arva frå mormor. Etter jobb og slikt i dag, var me alle saman inne i leilegheita vår for å gjere ein innsats. Åt litt pizza (frå Pizzabakeren...) før me byrja slik at me hadde bensin i kroppen. Medan mamma og pappa fiksa den eine veggen inne stova og han der fine måla badegolvet, byrja eg å pakke ut av alle eskene, vaske nokre skap, setje på plass inne i skapa. Å kunne pakke ut dette fine serviset i kvitt og blått som tidlegare stod i mormor si leilegheit, gir meg ei kjensle av ro og gode minne ♥. Dette serviset kjem til å bli "finserviset" vårt, så no er det berre til å komme på besøk. I tillegg passar det godt til nokre av dei andre småtinga som eg skal ha på kjøkkenet, som klokka og tekanna :)

1. sep. 2014

Haustmarknad på Tou Scene

Som eg nemnte i førre innlegg, var me i går innom Tou Scene der det var stelt i stand til haustmarknad. Eg har jo berre blitt meir og meir glad i det å kjøpe brukte ting, og då særskilt småting eller møblar til leilegheita eller fine vintageklede som eg kan ta på meg ein dag eg vil kjenne meg spesiell. Me fann ikkje noko til heimen vår, men eg fann jo to fine klede som eg rett og slett får vise seinare. Elles så var det utruleg kjekt å berre gå rundt og sjå på alt det rare og fine som var der. Me smakte også på god kaffi frå Kokko og knallgode, veganske (!) cupcakes frå Maris veganske cupcakes. Tou Scene var fram til ca. 1980 eit bryggeri (Tou bryggeri), medan det frå 2001 har blitt bygd opp som Tou Scene AS. Sjølv har eg spelt konsert der ein gong for nokre år sidan, og eg synest det fungerte veldig greitt å ha ein slik marknad på Tou scene. Sat ute på ei brygge med kaffikoppen før me vandra tilbake til bilen. Og på veg til bilen gjekk me forbi den kule veggen ein kan sjå på nedste bilete. Her har nokon rett og slett skrella av gammal måling og laga eit ordentleg kult kunstverk. Stilig! Hadde tre timar med forelesning i dag, og eg sat som eit tent lys så å seie heile vegen. Veldig kjekt å vere på skulen og verkeleg kjenne at ein får ny kunnskap, at ein får noko igjen for dei timane ein sit der. Brukte også nokre timar på å fikse i leilegheita etter middag i dag, både han, eg og mine to foreldre. Godt å kunne få litt hjelp no i starten, det treng me ;)