31. aug. 2020

Musikant og forlovar i eit unikt bryllaup 🎶🛩💞

Unik vigsle på flymuseet og sidan bryllaupsfest ute på Tungenes fyr. Førre laurdag var ein dag eg kjem til å hugse lenge, ein dag fylt med mykje kjærleik, musikk, latter, smil og glede. Både han og eg hadde tidleg fått spørsmål om me kunne spele i vigsla, noko me så klart sa "ja" til med ein gong. Øvde i lag med dei andre i bandet fredagskveld, og då fekk eg bittelitt tid til å ta eit par bilete av blomane. For det var så stilig med dei klassiske blomane mot dei gamle, rustikke flya. Eit kjempeflott lokale å spele i, her kan ein faktisk få til gode konsertar! På sjølve bryllaupsdagen var det på med finkjolen, ei hårbøyle og så var det av garde til flymuseet. Stilige program (hint: eg var med på å lage dei), veldig gøy å spele sjølv om eg sleit med å ikkje gråte då me spelte "Vidda", og det å sitje ved sidan av bruda som forlovar, det var både sterkt, rørande og veldig fint ♥︎


Etterpå var det så vidt heimom for å leggje frå oss instrumenta før me køyrde ut til Tungenes fyr. Lot for det meste kameraet liggje, for det er viktig å vere med på det som skjer der og då, ikkje berre gjennom kameralinsa. Knipsa no eit par bilete: bordpynten, brudeparet, brudebuketten, ho og eg (okei, det biletet var det ikkje eg som knipsa), ein del av den knallgode, lokale maten, gjesteboka (idé henta frå mamma og pappa sitt bryllaup, og heilt ypperleg siden bruda synest det er veldig gøy å lage mat) og kakebordet. I løpet av kvelden var det fleire som heldt gode talar – eg klarte meg gjennom min tale utan å felle tårer, men eg kjente som vanleg at eg var rørt – me song fleire songar og prøvde oss tidleg på eit fellesbilete ute. Akkurat idet fotografen skulle ta bilete, opna himmelen seg og alle styrta inn. Vel inne såg me ut som drukna kattar, men gurimalla – alle såg like ut, og det er allereie eit herleg minne frå ein kanonflott dag! Medan det storma som verst ute, sat me inne og hadde det veldig fint, tusen takk for at me fekk dele denne magiske dagen med dykk ♥︎

30. aug. 2020

Snart er sommaren over

Fem tidlege morgonar. Altfor lenge sidan sist, så eg kjenner det har vore tungt. Men det hjelper no litt når eg fyrst har komme meg ut av døra og kjenner frisk luft medan eg syklar ned til byen. Dagane har gått i kvarandre, og det er ikkje så lett å skilje den eine frå den andre ;) Men så lenge eg kan lese litt kvar dag, er eg stort sett nøgd. For det har eg i løpet av desse dagane, både ute på balkongen, i sofaen med musikk på øyret og i senga. Innimellom kan det kanskje kjennest som om eg berre skriv om bøker, de får stoppe meg viss det blir for mykje, tihi! Vakre morgonar, ein sundagstur rundt eit vatn og effektive dagar på jobb. Snart måndag, meir om mi veke rett under:

✦ Elena Ferrante, altså – nok ei bra bok, og eg bør vel snart lese Napoli-kvartetten
✦ fargespel på himmelen tidleg fredag morgon
✦ sjå miniserien Unorthodox, fire kjempegode episodar eg anbefaler deg å sjå no
✦ del 2 av ein bilferie i Lofoten, me har det flott her i Noreg
✦ sitje ute på balkongen med ei bok i fanget og skuggespel frå tomatplantane
✦ Peter Hollens og Tim Foust med ein fin coverversjon av "Fire and Rain"
✦ bake kake i dag til eit møte på jobb i morgon
✦ høyre på klassisk musikk medan eg slappar av med ei av dei gode bøkene eg les no
✦ tinge nye billettar til musikalen Chess
✦ "10 år i Grundtjärn" – blir glad og rørt når eg les og ser bileta inne hos Jonna
✦ lage god, heimelaga laurdagspizza og sjå film saman med mannen min og broremann
✦ sundagstur i lag med dei to eg nettopp nemnde rundt Stokkavatnet der me såg fleire svaner
✦ blåtime ute før jobb
✦ søtaste kattungen i lag med ein like søt kylling
✦ og så ein til videosnutt med kattungen og kyllingen, for dei er berre så himla nusselege
✦ stas å ete heimedyrka agurkar og tomatar
✦ søt og finfin YA-bok om mista bagasje, vegen tilbake og uventa venskap
✦ rart at me no skriv haust, men sommaren har vore fin, det skal eg hugse på mørke haustkveldar

28. aug. 2020

Trolsk stemning ute ved havgapet

Køyreturen ut til Runde var fylt med ferje, øyer, bruer og smale vegar; det var faktisk berre plass til ein bil om gongen då me var komme oss ut til fugleøya. Me parkerte på hovudparkeringa, og gjekk bort mot stien som tar ein opp til sjølve fjellet. Himmelen var blå då me parkerte, men sidan kom tåka snikande. Stien opp til toppen av fjellet var til tider veldig bratt, likevel koste me oss på turen. Fin utsikt over øya då me nærma oss toppen, og det var ei trolsk stemning då tåka låg over det allereie ville landskapet. Ein vakker lilla blome, ein grøn larve av eit eller anna slag og fleire sauar i det høge graset – Runde har ganske mykje å by på, ikkje berre fuglar i haugevis.


Hovudmålet for turen var som nemnt å sjå lundefuglane komme flygande inn utpå kvelden. Vel oppe på toppen av øya, var det fleire vegar me kunne gå, alt etter om me ville sjå fyrtårnet, andre fuglar eller lundefuglane. Me fann vegen til lundefuglura, og på vegen dit var det tåke, urete landskap og vill natur. Måtte smile litt av lundefuglskiltet som me såg nede på bilvegen og blomane i fjellveggen stakk fram som små, lilla dottar. I løpet av kvelden, letta tåka slik at me i fint klarte å sjå lundefuglane som etter kvart flaug inn med mat. Samstundes låg den same tåka rundt ein av klippane og utover havet, den skapte ei magisk stemning til ein allereie vakker og magisk solnedgang. Å, den kvelden der ute ved havgapet, for eit flott minne og ei unik oppleving!

27. aug. 2020

Lundefugl på Runde

Ser du lundefuglen som gjemmer seg i graset? I løpet av den dryge veka me var hos svigers no i sommar, fekk me endeleg komme oss ut til Herøy og Runde. Fuglefjellet ute på Runde har lenge vore ein draum, og saman drog me ut ein fredagskveld, den aller siste i juli. Måtte vente ei stund før me såg lundefuglen, for dei pleier ikkje å komme inn til fjellet før i åtte-tida om kvelden.


Omlag 100.000 par lundefugl hekkar her, så vakre i fargane og søte i uttrykket. Når dei står og tittar, ser dei nesten litt majestetiske ut. Ein av fuglane som kom inn, hadde ein bitteliten fisk i munnen som me rekna med ein unge skulle få. Stilig å få sjå fuglen i sitt rette habitat.


Ikkje enkelt å knipse bra bilete av lundefuglen då den var i lufta, men eg gjorde eit forsøk om ikkje anna. Runde er det sørlegaste fuglefjellet i landet i tillegg til å vere den mest artsrike sjøfuglplassen i Skandinavia. Me såg blant anna storjoen og ein annan større fugl som me ikkje klarte å sjå kva var for noko. Kjempestas å få sjå den flotte lundefuglen, få oppleve denne spesielle øya. For landskapet der ute er noko heilt eige, eg kjem tilbake til det med fleire bilete i eit anna innlegg.

26. aug. 2020

Heimedyrka til salaten

Heime i stova vår veks det akkurat no både tomatar og agurkar. To tomatplantar frå to små frø, og ein agurkplante som eg kjøpte ganske så liten ute på Wiig Gartneri. Mykje smak og veldig gøy å få til å dyrke noko heilt sjølv. Gleder meg allereie til å plukke neste tomat om eit par dagar.

25. aug. 2020

Fredag på ein fredag

Over lengre tid har eg hatt lyst til å besøke butikken Fredag på Gamle Lærdalsøyri. Endeleg klaffa det, og det på ein fredag! Hi, hi! Etter å ha ete frukost på vandrarheimen i Sogndal, køyrde me til Lærdal, ein snau times køyertur, inkludert ei ferje. Likte meg godt i butikken og fann ei gåve og to å ha med heim. Butikken Frk. Engsbråten ligg vegg i vegg, og her var det absolutt noko for kvar ein smak. Bokstaveleg talt, for butikken sel heimelaga godteri! Me sette oss ned ved eit bord ute og drakk ein kaffe latte frå kaféen Galleri 13. Veldig avslappa og hyggeleg, start på dagen, og så koseleg det er i Gamle Lærdalsøyri. Ein kul, gammal bil og alle dei fine trehusa, ja, heile atmosfæren.


Slike detaljar, altså. Måtte småhumre litt då me såg skiltet om Noregs fyrste bilturist. Og så blondegardinene mot den gule vindaugskarmen, ordentleg fint og herleg gammaldags. Me traska litt rundt, kjente sola varme i andleta våre og var begge einige om at det var ein bra plass å stoppe på vegen heim. I 2014 var det brann på nye Lærdalsøyri, og før den blei slokken, gjekk fire av dei verneverdige bygga i Gamle Lærdalsøyri tapt. Brannen i 2014, er den største i norsk fredstid, men heldigvis gjekk ingen liv tapt. Litt vanskeleg å sjå på biletet, men på den raude husveggen las me på eit skilt: "Sitt ned og bare nyt en liten stund." – eg syntest det var så himla koseleg.

24. aug. 2020

Sogndal Lodge...og eit par andre bilete

Stod opp halv seks i dag tidleg, og eg skal innrømme at det var tungt. Men som eg har sagt mange gongar før: eg kjem nok aldri til å bli ein morgonfugl ;) Jobbdagen var grei, og vel heime har eg lese litt, sett Taskmaster og ete middag. På veg sørover då me skulle heim frå sommarferien, overnatta me i Florø, i Sogndal og i Aurland – me brukte med andre ord god tid. I Sogndal fann me eit lite rom hos Sogndal Lodge & Guiding, og her var det ordentleg heimekoseleg. Eller nærmare bestemt hyttekoseleg! Om kvelden sat me og las i lesekroken og hadde rett og slett ordentleg feriekjensle.


Sogndal Lodge & Guiding er som ein slags liten vandrarheim kor ein deler bad med dei tre andre romma og lager maten sjølv på eit felles kjøkken. Det som var litt artig, var at ho eine veninna mi skjønte kor me var frå eit bilete eg sende ho, og ho kunne fortelje at dei som driv staden, var med i programmet Fjellfolk. Måtte jo så klart sjekke ut det, og no har eg sett alle episodane, herleg sakte-TV som ligge ute på NRK Nett-TV. Ein overnattingsplass eg varmt kan anbefale (og sjekk ut dei guida turane dei har om du vil ut på ein skikkeleg oppdagerferd). Medan me køyrde til Florø, stakk me forresten innom Nordfjordeid. Så koseleg med ein klemmekrok sjølv om den nok ikkje blir brukt så mykje i desse tider. Interiørbutikken Tore-Garden som ligg litt utanfor sentrum hadde også ein koseleg krok, og så var det rart å sjå Vestland fylke på eit skilt. For meg vil det alltid vere Sogn og Fjordane og Hordaland, kvar for seg. Og vel, me fekk sett mange, mange fjell på vår veg, men det er no slik det er når ein køyrer rundt om på Vestlandet. På veg til Sogndal var det så stilig lys, både med mørk og lys himmel  og den lille stripa med sol som lyste opp den eine grøne åssida.