30. apr. 2017

Siste veka i april

Heilt greitt med langhelg når sola stråler som aldri før ute. Ikkje for det, me har vore ein god del inne for å verkeleg byrje på kjøkkenoppussinga, men eit par turar ute har me fått gått. Hovudfokuset denne veka har vore kjøkkenet, og sånn elles har det vore jobb, prøvd å bli kvitt forkjølinga og eg har fått lese masse. Alltid gøy å dykke ned i ei god bok! Vel, her kjem sundagslista:

✦ vere fuglepassarar for finaste Zalo
✦ aprillyset inne hos Julianne
✦ flotte og fargerike hus også her i byen
✦ "Allt måste inte vara så perfekt" inne hos Beatrice og "April" inne hos Vardagskonst
✦ sundagstur ute på Bjørnøy, Ormøy og Roaldsøy
✦ gruppa Collabro som syng "Bring Him Home" og "Stars" frå Les Misérables
✦ hente kjøkkenfrontane ferdig lakkerte
✦ denne Instagramkontoen med heilt herleg kjolekunst
✦ rart å vakne opp til snø, men litt artig så lenge den berre låg nokre timar
✦ lo ganske godt av denne blandinga av Harry Potter og Game of Thrones
✦ bli ferdig med fotoboka frå bilturen i fjor (eller nesten; manglar litt tekst til bileta)
✦ printe ut dette fine bokmerket
✦ gå til jobb i det fantastiske vårvêret
✦ sjekk ut denne fine krabaten med store øyre
✦ rive tapet og leggje fiberduk inne på kjøkkenet
✦ gleder meg stort til den nye Wes Anderson-filmen som kjem neste år
✦ sollyset
✦ å lese blogginnlegget "That moment" inne hos Synne
✦ mykje tid til lesing, og ei Agatha Christie-bok er alltid ein slager 

28. apr. 2017

Kvitveis ved Mosvatnet

Så vakkert å sjå alle desse kvitveisane langs jobbvegen min. Heilt herleg sykkelvêr i dag, og det var rett og slett den perfekte starten på helga. Vår helg kjem nok til å bli ganske roleg med eit hint av kjøkkenoppussing i tillegg til å vere fuglepassarar. For no er jo Zalo i hus :) God langhelg, folkens!

27. apr. 2017

Torsdagstankar om eit skuleår

Innimellom tar eg meg sjølv i å tenkje på året ved Bømlo folkehøgskule. Ikkje av ein spesiell grunn, men som alle andre år var, og er, desse ni månadane ein del av mitt liv som har vore med på å forme meg til den eg er i dag. På eit vis kjennest det året som ein draum; tenk at eg var i Afrika, tok dykkarlappen på Zanzibar, eg såg RENT for fyrste gong, lagte ein liten parodifilm på Titanic, besøkte Auschwitz då me var i Krakow og song "Bohemian Rhapsody" fleirstemt. Det var så utruleg mykje eg fekk oppleve i løpet av desse månadane at eg av og til ikkje heilt klarer å forstå det. Ni månadar stappa med opplevingar, fine folk og travle dagar. Sju år har gått sidan eg slutta der, sju år som kjennest som i går og som ei æve sidan på same tid. Eit skuleår eg aldri ville ha vore forutan.

26. apr. 2017

Snart besøk av ein pratsom type 🐦

I morgon kjem denne fine krabaten på besøk til oss igjen. Ei lita stund sidan sist Zalo var på besøk her hos oss, men han var jo i lag med oss alle saman på hytta no i påska. Gurimalla, når me høyrer på musikk eller snakkar høgare enn vanleg, då kvitrar han like høgt tilbake sjølv om han er aldri så liten. Men likevel, å vakne til den søtaste kvitrelyden om morgonen, det må eg seie er ganske fint, det. Og så er det moro når han kjem flygande rett inn på toppen av hovudet til ein av oss, og når me lager mat og han så gjerne vil smake. Hi, hi! Velkommen skal du vere, finaste og pratsame Zalo!

24. apr. 2017

Tetid etter jobb

Godt å komme heim til ei god bok og ein varm kopp med te når halsen er vond og ein ikkje er heilt i gong med den nye veka. Litt sånn "måndagsblues". Men i morgon er det tysdag; då kan eg sove litt lenge fordi eg har seinvakt, og utpå kvelden er det orkesterøving. Berre ei lita helsing frå Stavanger.

23. apr. 2017

Sundagsliste på Verdas bokdag

Mannen i heimen var jo forkjøla i påska, og denne veka har var det visst min tur til å vere forkjøla. Er rimeleg lei no, men det har heldigvis ikkje vore så gale at eg har vore borte frå jobben. Tvert i mot har det vore travle dagar med datahjelp, boksal og ekstravaktar. Me har også (endeleg!) byrja på kjøkkenoppussing. Og sjølv om det ikkje ser så fint og ryddig ut inne i leilegheita, gjorde det veldig godt å verkeleg komme i gong. I dag er det forresten Verdas bokdag. Eg må vel innrømme at eg ikkje har lese så mykje akkurat i dag, men det har no blitt ein del lesing i løpet av veka om ikkje anna. Veka og helga byrjar å nærme seg slutten, no ventar Huskestue og ei sundagsliste:

✦ lese 84, Charing Cross Road, ei av dei mange metabøkene eg har lese i det siste
✦ for eit kunstverk laga av sand, lim og bladgull
✦ allereie ei veke sidan, men spele "Monopol" saman med ei god veninne og hennar familie
✦ Broadchurch, Father Brown og Vera; ingenting slår britisk krim
✦ "Modern Reads for Fans of the Brontës" – kanskje eg skal prøve å lese nokre av desse
✦ skrive ein artikkel om, jepp, metabøker til jobben si nettside i høve Verdas bokdag
nydelege glas funne på ein bruktbutikk inne på bloggen til Rotehovudet
✦ jobbe nede i byen i går der det blant anna var eit stort boksal
✦ vere i gong med eit nytt prosjekt saman med orkesteret
✦ lo godt av denne videoen der me får sjå The Silence of the Lambs som ein rom-com
✦ ein kopp med kaffi og litt magi før jobblaurdag
✦ blogginnlegget "Øyeblikkene innimellom" inne hos Julianne – så flott skrive
✦ me leverte kjøkkenfrontane til lakkering på fredag, så no ser det slik ut
✦ alltid søte, små dyr: denne, denne og denne
✦ endeleg sjå Guardians of the Galaxy
✦ dette sjarmtrollet av ein liten katt
✦ siste rest av påske: påskeegg og ordentleg påskekrim

21. apr. 2017

Ei kjensle av ro

Ørneredet. Where Eagles Dare. Det er noko eige ved å vere på fjellet, vere på den finaste hytta. Ei eiga ro der oppe som ein ikkje kjenner andre plassar. Eg veit eg har skrive om det før, men den kjensla blir eg aldri lei. Kjensla av å la stresset fare, senkje skuldrene, berre nyte augneblinken.


Det er på hytta at kaffien smaker litt ekstra godt fordi den anten er kaffi som er kokt på kokeplate i ei gammal kanne eller fordi den er trakta i ei presskanne. Kaffikoppane er sjeldan like, akkurat slik det skal vere. Det er på hytta at me verkeleg set oss ned med kryssord, quiz og anna hjernetrim, for der oppe har me ikkje noko nett som kan distrahere oss. Å kunne kople heilt av. Ro og stille.


Taco frå papptallerkenar slik at me ein gong innimellom slepp å ta oppvasken etter fem (eller endå fleire personar). Det er slik ein berre gjer på hytta. Noko kos attåt kaffien medan skumringa byrjar.


Å stå inne i stova eller ute på terrassen og sjå ein solnedgang som dette...sukk. Det er ei heilt eiga kjensle å komme opp til hytta og leggje bak seg ei travel veke på jobb, orkester, kvardagen.

20. apr. 2017

Langfredagstur

Trass forkjøling og med det litt slapp i formen, kom me oss ut på ein liten tur førre fredag. Vêret var heilt nydeleg, me trong verken lue eller skjerf. Me gjekk ein liten tur i eit område på baksida av hytta. Vatnet var spegelblank, og sjølv om turen ikkje blei særskilt lang, så var den innmari fin.


Mange haugar, store (og små) steinar og små vardar rundt omkring i landskapet ved hytta. Me traska blant myr, steinar og lyng opp opp på ein av haugane. Ei av hyttene har jo ei heilt perfekt plassering der den ligg litt gjemt, heilt nede vei eit av vatna. Tenk å bade her om sommaren :)


Er ikkje ofte eg får med meg denne karen her på ein selfie, men eg fekk no til slutt overtalt han til å bli med på ein. Hi, hi ;) Tenk at det har vore oss to i nærmare åtte og eit halvt år – du och jag 

19. apr. 2017

God stemning på hytta

Brettspel, latter og godt selskap er alltid ein slager på hytta, noko det så absolutt var i påska. Den fyrste kvelden spelte me "Kortskalle", og då ser me jo alle like smarte ut ;) Og når pappa skal lage avisoverskrift og ikkje heilt veit kven Humlesnurr er, kan det sjå slik ut. Me tente stearinlys kvar kveld (ganske mange fleire enn dei du ser på bilete), nokon spelte "Mexican Train" medan andre åt eit par bitar av den klassiske appelsinsjokoladen, og ein annan dag var det "Alias" som stod for tur. Å setje av tid til slike kjekke spel, er noko eg alltid smiler av. God stemning på hytta med fine folk!

17. apr. 2017

Vålandsparken v4

Rett før me drog opp til hytta på onsdag, gjekk me ein liten tur bort til Vålandsparken. Må nok seie at det framleis ikkje har forandra seg så mykje frå dei tre fyrste månadane. Det meste er brunt med eit lite hint av grønt. Men midt i alt det brune, såg eg nokre fine kvitveisar, og eit andepar såg eg også sjølv om dei var nokså godt kamuflerte. I dag skin sola og det er godt å ha ein ekstra fridag før det er av garde til jobben igjen i morgon. Håper påska har vore fin for din del også :)

16. apr. 2017

To dagar på jobb, resten av veka på hytta

Etter to dagar med seinvakt på jobb måndag og tysdag, bar det opp til hytta på fjellet nesten rett etter frukosten på onsdag. Der var me fram til i dag tidleg, og det har vore nokre veldig avslappande dagar. Akkurat slik eg ønskja at denne påska skulle bli. Mykje kaffi og quiz, mange timar med lesing, litt brettspel om kveldane og påskekrim på skjermen. Skuldrene har vore senka, og no er eg klar til å ta fatt på kvardagen igjen. I alle fall nesten – det er heilt greitt at det er ein fridag i morgon også ;) Og kanskje ikkje så rart, men det er nesten berre "hytteting" på sundagslista denne veka:

✦ solnedgang over fjellet rett utanfor hytta
✦ slappe av med påskekrim, både i bokformat og litt på skjermen
✦ gule påskeliljer på rekkje og rad
✦ å dra på besøk til ei god veninne i kveld
✦ spele "Alias" og "Kortskalle"
✦ gamle Agatha Christie-bøker nede i magasinet på jobb
✦ kryssord, quiz og andre påskenøtter
✦ nye episodar av Endeavour
✦ gå tur i området bak hytta i strålande sol
✦ tenne stearinlys om kvelden oppe på hytta
✦ eit nytt blogginnlegg med boktankar inne hos Ida
✦ høyre "Påskelabyrinten" på radio, og innimellom klare nokre av oppgåvene
✦ feire bursdagen min litt på etterskot saman med familien
✦ rykande fersk kaffi inne medan det blåste godt ute
✦ tinge hotell i den tsjekkiske byen Český Krumlov
✦ "15 Movies You Didn't Know Were Based On Books"
✦ at finaste Zalo var ein del av det gode selskapet på hytta
✦ lese ut The Bookshop (og kaffi er alltid ein slager)

14. apr. 2017

Daunt Books i Marylebone 📚

Medan me er ein tur oppe på fjellet på hytta, slik me ofte er i påska, kan de sjå på ein liten haug med bilete frå den aller finaste bokhandelen, nemleg Daunt Books i Marylebone. Og om det skulle vere noko som helst tvil, så er denne bokhandelen i London – me besøkte den då me var der i januar – og sidan det ikkje er internett på hytta, er dette blogginnlegget publisert på førehand ;)


Eg hugsar ikkje korleis eg fann ut at me skulle innom denne bokbutikken, men trur nok at eg las det på nettet ein eller annan gong, eller kanskje var det i ei reisehandbok. Men sjå, fargerike bøker overalt. Mummitrollet, bok om fenomenet "hygge", ein versjon av Stolthet og fordom berre med emojis og fine maleri om ein kikka opp mot taket. Så mange detaljar å leggje merke til.


Vakre fargar og like vakre bøker så langt auga kan sjå! Stilen i butikken er ikkje av den moderne sorten, men desto meir sjarmerande og unik. Trur også mannen likte denne butikken.


Slitt, gammal trapp. Like gammalt rekkverk. Ein smal etasje der ein kan få utsikt over heile butikken. Ei lampe som er knallgrøn, og for ein som elskar bøkene til Agatha Christie, er denne hylla heilt fantastisk. Ein ypperleg plass for alle som er over gjennomsnittet glad i bøker.


Også i England er bøkene til Elena Ferrante populære (på jobb har det vore lange ventelister på bøkene i Napoli-kvartetten, særskilt den siste), og så må eg snart få lese Poirot-boka Closed Casket, ei bok skriven av Sophie Hannah, ho som blant anna har skrive Monogram-mordene. I denne butikken kunne eg fint ha sete lenge og vel i ein god stol og drøymt meg vekk med ei av dei mange, mange bøkene. Kanskje ville eg ha valt ein gammal klassikar, kanskje ein reiseguide. Bøker <3