23. aug. 2023

Gammalt båthotell


Kan vel trygt seie at i løpet av to veker på tur, blei det fleire forskjellige overnattingsplassar. I Turku hadde mannen min funne ein plass å overnatte som låg nær ferjeterminalen – neste dag skulle me nemleg ta ei tidleg ferje frå Finland til Åland. Og det var ikkje ein kva som helst plass: me skulle overnatte om bord på ei gammal båt. S/S Bore gjekk mellom Turku-Mariehamn-Stockholm mellom 1960-1977. Seinare har den gått andre ruter, og sidan 2011 har den lege til kai som eit hostell (eller hotell, alt etter auget som ser). Romma er små og med standard frå ei litt anna tid, men med eige bad, funka det topp for oss. Etter museumsturen og ein enkel middag, tok me bussen tilbake til kaia og slappa av med bok og eit glas vin på eit av båtens dekk. Koseleg atmosfære både ute og inne, og me fekk i oss ein god frukost om morgonen dagen etter sjølv om me skulle tidleg av garde.

Legg igjen ein fin tanke