27. feb. 2023

Snøklokker og rullestein




Vårteikn inn i stova vår. For i den aller finaste rullesteinsvasen frå MingarWalker glassblåseri, står det no ein liten handfull små og vakre snøklokker. Sola skin inn, gjennom det raudlige glaset og lager skuggespel på sofabordet. Vasen står framme heile året med tørka blomar i, men den blei med eitt endå finare no når snøklokkene får pryde den. Kvardagsglede de luxe den siste vintermåndagen.

26. feb. 2023

Vinterens siste vekesoppsummering




"Goooood kveld, og velkommen på lokaltoget t Stavanger, [...] og ha ein fantastisk fine kveld!". Ein av dagane då eg var på veg heim med toget, var det akkurat dette eg høyrde over høgtalaren på toget. På ordentleg dialekt, eg måtte smile for meg sjølv der eg sat og prøvde å lese i ei bra bok. Litt merkeleg veke sidan me fleire av dagane budde hos broremann; me må nemleg fikse golvet på badet og har dimed ikkje toalett eller dusj. Akkurat no må me vente på vinylbelegget, så me bur heime igjen med eit halvvegs bad. I byrjinga av veka var det regnvêr medan det dei siste dagane har vore sol og kaldvêr. Kjekke dagar på jobb, og eg skal innrømme eg er litt spent på kor mykje trøkk det blir til veka sidan det er vinterferie her i området. Bytur i finvêret i går der me fekk unnagjort nokre ærend og åt god lunsj på Sirkus Renaa. I dag har me fått gjort litt husarbeid i tillegg til å lese, kjenne bittelitt på sola ute og ta det ganske med ro. Vel, vel, tenkjer det er på tide å runde av veka:

Gaute Heivolls nye bok, Dine ord, var både vakker og nervepirrande
vise pappa ein del av dei kule installasjonane som me har på Vitenfabrikken
og seie "hei" til ei veninne som var innom Vitenfabrikken på eit jobbbesøk
"Lyden av James Bond" – artig lesing om musikken i James Bond-filmane
laurdagspizza og Disney-filmen Oliver & Company (Oliver er berre heilskjønn)
relativt roleg helg, noko som var greitt sidan det sikkert blir litt travelt på jobb med vinterferie
Auður Ava Ólafsdóttir skriv alltid småartig og underfundig, sist med Svaner blir ikke skilt
å gå av bussen og få auge på solstrålane mellom greinene 
siste Chess-forestilling på Folketeateret var i går, og her ser du musikalen frå trommisens vinkel
pusle ferdig puslespelet med fleire av figurane frå Mummi-verda 
teste ut ein av dei tre kule pendelteiknarane på Abelloftet
koseleg å sjå skodespelaren Samuel West i lag med foreldra i ein episode av Great Canal Journeys
ny diktsamling: Eg vil vere her
fleire snøklokker (blir like glad kvar dag eg ser desse små, kvite blomane)
minipusar som vekker ein liten hund 
mykje strikke- og lesetid no i helga
designaren og kunsthandverkaren Inger Waage sitt motiv "Spiral" på nokre tallerkaner og koppar
solskinet på togperrongen ein ettermiddag
superjovial god kveld-helsing på toget 
kalde og magiske vinterdagar i denne vloggen frå Jonna
finaste telyshaldaren som me framleis har i vindauget sjølv om dagane byrjar å bli lysare
lesestund i sofaen saman med den aller finaste, kvar vår Terry Pratchett-bok i fanget

24. feb. 2023

Kjente figurar i tusen bitar






Motivet og fargane på dette puslespelet, eg klarte ikkje å gå forbi det då eg såg det i ein bokhandel ein gong i fjor. Heldigvis var det ein god del enklare å få pusla dette ferdig enn det førre me gjorde. Veldig koseleg og avslappande å pusle i lag. Me måtte begge to le litt då me var ferdige, for i motsetnad til det siste Aisato-puslespelet – der me som nemnt tidlegare mangla brikker – hadde me jaggu meg ei hjørnebrikke for mykje. Tihi ;) I mine auge er dette puslespelet altfor fint til å berre bli pusla, etterpå gøyme alle brikkene i eska og kanskje sidan gi det bort, så også dette motivet har me ramma inn. Veit ikkje heilt kor me skal ha det, men eg drøymer om ein heim med eit eige bibliotek, og ved alle bøkene hadde dette og dei to andre passa heilt perfekt som pynt på veggen. Og apropos bøker: no er det snart fram med ei god bok, akkurat slik eg liker å starte helga.

22. feb. 2023

Austbøturen




Austbøturen ute på Hundvåg. Det var laurdagens mål då mannen min, broremann og eg kom oss ut på ein herleg gåtur. Sola strålte og temperaturen var grei (me måtte ha på oss ull, for det var no framleis litt småkaldt ute). Å, eg var nærmast euforisk, for det var berre heilt utruleg herleg å endeleg komme oss ut på ein lang tur i frisk luft! På ein benk såg me ein liten figur som eg syntest var malplassert samstundes som den var litt artig. Ein del av turen gjekk langs kysten, og det var noko vakkert og litt rørande å stå på avstand, sjå havet og 22. juli-minnesmerket i strålande sol.


Langs grøftekanten og små bed fekk eg auge på både dei nydelegaste snøklokkene, men også dei litt større klosterklokkene. Pelsen til den katten på steinen såg så mjuk og god ut, og det lille, gule huset er som tatt ut frå ein skjærgardsommardag. Og høyr berre kor høgt fuglande kvitra!









Sauane låg i sola og slappa av. Me hadde det også bra, og solstrålane skein gjennom dei enn så lenge nakne trea. Og ein finfin utsikt, både for oss og for måka som sat på den mosekledde steinen.

20. feb. 2023

Le otto montagne




"Det fine med innsjøer i fjellet er at du ikke venter å se dem på veien opp, dersom du ikke på forhånd vet at de er der, og du ser dem ikke før du tar et siste skritt og trår over kanten, og der, rett for øynene dine, åpenbarer det med ett et helt nytt landskap." (s. 71)
 
"Han sa det slik: Sommeren sletter minnene på samme måte som den smelter snøen, mens isbreen er snøen fra fjerne vintre; den er et vinterlig minne som ikke vil bli glemt. Først nå forsto jeg hva det var han snakket om." (s. 149)

I 2021 las eg boka De åtte fjellene av Paolo Cognetti. Eg brukte tid på å lese den, ikkje fordi den var dårleg, men fordi eg ønska å fordøye alle dei vakre og harde naturskildringane. Dei stille orda om oppvekst og venskap, kva fjellet gjer med deg som menneske. Og no går den på kino. Filmen har fått gode meldingar i fleire aviser (til dømes her og her), og i går stakk eg til byen for å sjå den på filmlerretet. Å kunne sjå dei høge fjella og det ville landskapet, få oppleve venskapet mellom Pietro og Bruno, musikken, cinematografien, ein film som sakte tar deg med på ein oppvekst og eit liv høgt oppe i dei italienske alpane. Det var på ein måte som å lese boka på ny samstundes som det var ei ny oppleving. Du må ha tid for å sjå filmen, den varer ei stund, men for ein fin, sårvakker film.

19. feb. 2023

Bokklubbmøte, sosial fredagskveld og litt vårleg stemning





Ikkje det finaste vêret no i kveld, men det gjer ikkje så mykje sidan me fekk ein heilt nydeleg vinterlaurdag i går. Eller, vinter og vinter, med snøklokkene og graset som byrjar å bli grønare, skulle ein nesten tru at det allereie er vår. Temperaturen viser likevel at det er vinter, så det blir enno ull på meg når eg er på veg til jobb. På jobb har det stort sett vore vanlege dagar, og eg har også hjelpt til med å pakke ut og prise nye varer. Fredagskveld i lag med eit venepar, veldig hyggeleg. God og lang tur i går, og utpå kvelden blei det taco og Disney-film. Avslappa sundag med mykje lesing og litt strikking, sett nokre episodar av Jonathan Creek og eg fekk også sett ein veldig fin film på kino. Tja, det var vel eigentleg det, har ikkje så mykje meir å tilføye anna enn alt det du ser under:
 
toglesing medan landskapet fyk forbi ute, takksam for den tida kvar morgon og kvar ettermiddag 
Til jord skal du bli av Anders Totland var ein liten fest å lese
fargerike øyredobbar frå to Etsy-butikkar
Yoda på LEGO-veggen på jobb
tihi, ein liten, "farleg" kattepus (meir skjønn enn det den er farleg)
treffe på ei veninne på jobb og slå av ein liten prat
vårleg stemning i kaleidoskopet på Abelloftet
lage middag i lag med eit venepar, kaffi og kake og mykje prat med desse venane våre fredagskveld
sjå Go-Ahead-reklamen både på Aftenbladet og på Aftenposten
Susanna Clarks Piranesi var ei heilt eiga og unik leseoppleving
og veldig kjekt å diskutere den boka på måndagens bokklubbmøte
flott vêr og ålreite sauar langs Austbøturen i går
snartur ned til byen i dag for å sjå De åtte fjellene på kino
"Blomsteråret 2022" – du berre må sjå alle dei fine blomebukettane inne hos Et katteliv
blå himmel og grønt gras i Sandnes
snøklokkene!
strikketid og Jonathan Creek på TV-skjermen
hjartevarme fakta om Fred Rogers (Mister Roger's Neighbourhood)
ettermiddagssola i Langgata på veg heim frå jobb
fuglane som syng høgt i kor om morgonen (på veg til bussen)
kanskje ikkje ein ørn, men Zalo er definitivt kongen på haugen ;)

17. feb. 2023

Øyrepyntnytt






Sjekk ut desse utruleg stilige øyredobbane! Etter fleire år med jobbuniform der ein kunne risikere å måtte hoppe ut i klorvatn, er det no gøy å pynte meg litt med fargerike øyredobbar i fleire kule design. Etsy er ei stor inspirasjonskjelde, og alle desse tre para har eg funne der. To av dei, dei på det øvste biletet, kjem frå Maya's Atelier. Eg diggar fargekombinasjonane og marmoreffekten, og øyredobbane er kjempelette å ha på sidan dei er laga av polymerleire. Fann også eit par frå Land of Jewellery, litt meir nøytral i fargane, men likevel ordentleg kule. Har allereie brukt øyredobbane på jobb, og eg gleder meg til å bruke dei endå meir. Litt ekstra blingbling på ein fredagskveld.

15. feb. 2023

Vakkert syn langs jobbvegen min





Traska den vanlege vegen då eg gjekk frå togstasjonen til jobben. Plutseleg såg eg dei, fleire små, kvite blomar. Snøklokkene. Kvart år er det desse eg ventar på, for då veit eg at det går mot vår.






Stoppa ikkje opp for å ta bilete på veg til jobb, men tok meg heller litt ekstra god tid då eg skulle gå frå jobben og ned til stasjonen. År etter år blir eg like glad, eg blir varm om hjartet når eg ser snøklokkene poppe opp. I grøftekanten, på ein grasplen, i eit lite bed. Eg ventar og ventar. Dagane blir lysare, eg ventar litt til, og plutseleg får eg auge på dei. For meg det aller vakraste vårteiknet ♥︎

13. feb. 2023

Gladfargar!




Fargespelet i den genseren eg strikkar no, eg blir berre meir og meir glad i det! Oppskrifta på Lun genser kjem frå Pickles og er strikka i ein tråd herleg sennepsgul Merino Tweed frå nettopp Pickles og ein tråd kvit, tynn mohair med ein dæsj av gult, brunt og rosaraudt frå Unikt Garn. Saman blir desse fargane ein herleg kombinasjon, og eg må rett og slett smile kvar gong eg tar fram strikketøyet.

12. feb. 2023

Togturreklame




God kveld i stuggu. Kva har du gjort i helga? Me har sett ein film på kino og ein film her heime. Lese har me også, og no i kveld blei det middag heime på Sola. God middag, og me hadde med oss ei knallgod kake som me kjøpte frå Ryfylke bakeri på REKO-ringen på torsdag – det fortente mamma no på morsdagen! På torsdag kunne ein lese Go-Ahead-reklamen på VG, og eg synest sjølv det heile blei ganske bra :) Nokre rolege dagar på jobb, ein travel dag og sidan fri frå jobben på fredagen sidan me skulle spele DKS-konsertar i lag med orkesteret. Rart med det, helga går liksom litt for fort, om berre nokre timar er ei ny veke i gong. Ganske mange kjekke punkt frå denne veka, berre sjå:
 
artig å lese Tommy og Tuppence-boka Mannen som var nr. 16 av Agatha Christie 
vente-på-bussen-på-veg-heim-frå-jobb-ein-februarkveld-utsikt
kaffi i ein Mummi-kopp og litt lesetid mellom konsertane
annonsørinnhaldet frå Go-Ahead på vg.no – både kjekt og stas å sjå resultatet
morsdagskake og brettspelet "Bezzerwizzer" (ordvarianten) heime på Sola no i kveld
tihi, litt artig at LEGO-fotballbana passa ypperleg til boka Only When It's Us av Chloe Liese
Strikkefeber har så mange flotte fargar i garnet Fat Mohair
stearinlys og lesestund om kveldane
fin, rosemåla stol hos Heddas gård som no har opna innekafé inne på låven
morosam musikkparodi med Markus Nerby og Gustav Nilsen
kino for å sjå The Banshees of Inisherin, for ein sær, morosam og bra film med nydeleg landskap!
og det var sol ute, så det gjorde godt å sykle ned til byen
ettermiddagssol på togperrongen
høyre på det nyaste albumet til Markéta Irglová
slappe av med ein Great Canal Journeys-episode – sjekk ut kule Barton Swing Aqueduct
vinterdagar kan utan tvil vere supervakre, frå Annas blogg Ei blå stugu
fredag med tre skulekonsertar i lag med orkesteret 
strikke vidare på det eine strikkeprosjektet
isdans frå OL 2018 med musikk frå Moulin Rouge – Tessa Virtue og Scott Moir er så elegante
eigentleg førre sundag: musikalkonsert med Jannike Kruse og Espen Grjotheim
når sistnemnde song "Pity the Child" frå Chess, eg fekk gåsehud!
blir aldri lei av å sjå ein solnedgang medan eg sit på toget på veg heim frå jobb

10. feb. 2023

Artig med LEGO





Alt det stilige publikum bygg når dei stikk innom LEGO-rommet på jobb. Minions frå Despicable Me er jo alltid morosamme, og folk er så herleg fantasifulle når dei bygg med dei flate brikkene på veggen. Ei fotballbane og eit lite sjakkbrett er andre motiv som eg har blitt glad av å sjå kvar gong eg er i tredje etasje. Ikkje at eg kan kalle meg ein storfan av LEGO, men eg må jo seie at det er ganske kult å ha eit heilt rom fullt av alle desse fargerike brikkene i fleire fargar, fasongar og storleikar. For vår del var det ein litt annleis fredag: ingen av oss var på jobb, men derimot i ein sal på ein skule i Sandes i lag med orkesteret. Tre skulekonsertar i samband med DKS – den kulturelle skolesekken. Tre slike konsertar på rad tar på, samstundes var det kjekt å starte helga med orkestermusikk.