30. apr. 2019

Tre bøker som ventar på å bli lesne

Kom nettopp heim frå ein bibliotekstur, og om halvannan time er det jobb. På biblioteket venta det tre bøker på meg, tre nokså forskjellige bøker. Så får me sjå kva bok eg les fyrst, eg har ikkje heilt bestemt meg enno. I morgon er det 1. mai, og neste jobbskift for min del er ikkje før måndag. Ordentleg langhelg med andre ord (til vanleg er kveldsskiftet onsdag til onsdag og så torsdag-sundag fri før dagskiftet byrjar måndag). Inga orkersterøving på meg i dag sidan eg jobbar kveld, men slik er det berre. Ikkje så mykje anna nytt, ønskja berre å titte innom på denne tysdagen.

29. apr. 2019

Fjellvatnet ved hytta

Ny måndag. Akkurat ei veke sidan me drog ned frå hytta. Som så mange andre, var me superheldige med vêret i påska, og Moslivatnet fekk verkeleg vist seg frå si beste side. Då me kom opp dit fredagskveld, fekk me oppleve eit gyllent lys over fjelltoppane og ned på vatnet. Nokon var ute og rodde i ein robåt. Seinare på kvelden stod månen høgt på himmelen, så stor og kvit. Måndag formiddag, rett før me drog, måtte eg berre dra fram nettbrettet – det var lettare tilgjengeleg enn kameraet – og ta to bilete. Solstrålar og blå himmel, det er verkeleg nydeleg der oppe på fjellet.

28. apr. 2019

Aprilveke med fridagar, jobb og ei triveleg helg

2. påskedag, ein fridag, tre dagar med kveldsvakt og så ei helg med fine folk. Rett og slett ei veke med både det eine og det andre. No i helga hadde eg som nemnt planar, og det var å vere med på ei utdrikkingslag for ei av mine beste veninner. Kjempekoseleg helg som starta med ein god frukost, deretter turnaktivitetar på hennar gamle ungdomsskule, lunsj på ein kafé og til slutt morosamme aktivitetar og overnatting på ei koseleg hytte ute på Høle. Før kveldsvaktene har eg fått tid til å lese mykje og titta litt på påskekrimmen som framleis ligg ute på NRK Nett-TV. Okei, trur ikkje eg skal sitje her foran skjermen og skrive så mykje meir no i kveld. Avsluttar med desse fine punkta:

den smarte, sexy, herlege boka The Kiss Quotient
✦ utdrikkingslaget for ei god veninne med blant anna mange ballongar og turning i ein gymsal
✦ ser så koseleg og fredeleg ut å kunne overnatte på ein støyl som denne
✦ sitje ute på balkongen andre påskedag med ei god bok i fanget og sola i andletet
✦ sjå to ørn høgte oppe på himmelen då me var på veg ned frå hytta
✦ to kjekke blogginnlegg inne hos Ida: mange bøker i høve Verdas bokdag og fine bruktfunn
✦ kvite blomar på eit tre, både ved ei fotballbane og ved Vannassen
✦ Te Vaka med "We Know The Way" frå Disney-filmen Moana, diggar musikken frå den filmen
✦ bil i solnedgang på Forus
✦ og ein busstur i solnedgang
✦ kjempetøff kontorlampe i ein finfin grøn farge inne hos Synne
✦ hente ny bruktmobil på posten sidan min gamle tok kvelden for to helger sidan
✦ "Sweet April" – flotte stemningsbilete som Niina har tatt i løpet av april
✦ kjekt å endeleg vere i gong med ordentlege skift og rulleringar på jobben
✦ sjå eit par episodar av den britiske krimserien Vera på NRK Nett-TV
✦ elleve utruleg flotte togturar rundt om i verda – så mange gode reiseforslag
✦ orkesterøving med nytt repertoar
✦ alltid slike søte kattungar
✦ og desse fire nusselege geitekillingane
✦ å lese Undsets store gjennombrotsroman Jenny som bokklassikaren i april

26. apr. 2019

Kvite og vårlege blomar på eit tre

Før orkesterøvinga på tysdag, gjekk me ein tur rundt Vannassen i tillegg til å gå bort til Kilden etterpå. Ved Vannassen fann eg dette vakre treet som eg berre måtte ta nokre bilete av. Altså, eg har nok sagt det før, men igjen: våren, du er så fin! Dagane på jobb har gått unna i ein fei. Sidan eg har kveldsskift, skulle eg eigentleg ha jobba helg, men i helga har eg planar som blei bestemt ei stund før eg fekk skiftplanen. Difor jobba eg to ekstra dagar i påska, og då seier eg berre "god helg".

24. apr. 2019

Ti bilete frå ein påskehyttetur

Quiz og Påskelabyrinten. Begge to er tradisjonar hos oss i påska. Quiz er vel alltid noko me drar fram når me er på hytta når eg tenkjer meg om, men radioprogrammet er den eine gongen i året.


Til mammas bursdag fekk ho to ugleknaggar og ein ugleskål av oss i tillegg til eit gåvekort på teateret. Knaggane er allereie på plass på kjøkkenveggen, og eg synest dei er kjempestilige. Fann dei på butikken Godt Gjort midt i byen, ein butikk som blir drifta av elevar ved Bergeland vgs., og det er også dei som lager tinga. Ugleskåla, som akkurat i påska blei gjort om til ein blomsterpotte, fann eg på den alltid fine brukskunstbutikken Siv Andersen Keramikk & Billedkunst.


Så klart spelte me spel om kvelden, denne gongen blei det "UNO" og "Alias". Mykje lått og løye!


Kva er påske utan ein god krim eller to?! Vel, god og god krim, eg veit nemleg ikkje om eg blei heilt overtydd over Gullburet, den nyaste boka til Läckberg. Men då var det bra at Christie-boka The Mysterious Affair at Styles fall i smak. Okei, eg har vel lese den før for ein god del år sidan, og eg har sett episoden med David Suchet nokre gongar på TV-skjermen, men bra er den framleis. Boka er også valet mitt for #readchristie19 i april, og dimed kan eg huke av for "an early work".


Kaffi i hyttekruset og eit lite påskeegg ein morgon etter god hyttefrukost. Om fredagskvelden då me kom opp til hytta, fekk me servert god fruktsalat med litt vaniljesaus. Ordentleg påskekos!

23. apr. 2019

På hyttetur med ein pelskledd og ein fjørkledd kompis

Balto, mellomdpuddelen til beste pantertante, var me oss opp på hytta no i påska. Veldig koseleg å treffe Balto og tanta mi igjen. Eg er jo meir kattemenneske enn hundemenneske, men Balto er ein herleg hund med dei skjønnaste krøllane, og det er kanskje inga overrasking at han blir kalla "Krøllebølle" i ny og ne. Lufteturar blei det ein del av, og innimellom stod Balto vakthund og gav oss ein liten beskjed viss det gjekk nokon forbi hytta vår. Takk for besøket, finingar!


Zalo var også med på hyttetur. Trur han var litt ekstra glad då Balto og tanta mi reiste etter frukosten på sundag, for då kunne han endeleg få lufte vingane sine, fly meir fritt. Å lande på eit hovud er framleis ein slager og appelsin likeså. Undulatar skal ikkje ha for mykje av sitrusfruktar, så han fekk berre ein liten smak. Hi, hi! Ein kompis med pels og ein med fjør, begge to like fine.

22. apr. 2019

Strikking frå ei svunnen tid

Fine dagar på hytta, vêret har vore upåklageleg og selskapet likeså. No er me tilbake i leilegheita, og det er snart på tide å ta fatt på kvardagen igjen. Eg har faktisk ein ekstra fridag, for skiftet mitt byrjar ikkje før onsdag. Klagar ikkje på det ;) Mamma har fått låne nokre gamle strikkehefte av ei veninne, og me sat og titta gjennom dei no då me var på hytta.  Forsidene er jo heilt herlege, til dømes den med kattane og Hjertegarnets strikkebog ved Fru Garn og Frk. Strik. Og namna på nokre av oppskrifta: "Kathlen Stuarts jersey" og "Gymnasiastjakken". Hi, hi, for ei herleg stil! Oppskrift på Selbuvantar og -vottar fann eg også. Strikking frå ei anna tid, frå gamle dagar.

21. apr. 2019

Sollyset i påska

Sollyset på veggen i oppgangen vår. Og sollyset ved eit tre rett ved ei av naboblokkene om kvelden på veg heim frå jobb. Eit anna tre med rosa blomar, også det på veg heim frå jobb. Slike tre er like fine kvar vår. Fyrste påskedag er her, og eg har langhelg. I løpet av veka har eg for det meste jobba, men det har også blitt tid til litt påskekrim, quiz og påskeegg (og reknar med det har blitt meir påskekrim og quiz i helga; blogginnlegget er publisert på førehand). Og så klart Påskelabyrinten. Synest det var stas då det i ein av episodane var referert til både Stompa og verdas finaste film Cinema Paradiso. Dette radioprogrammet er ein ordentleg påsketradisjon her i heimen.

19. apr. 2019

Påskestemning på jobb

Påskeegg og gule tulipanar. Slik har det sett ut på jobb inne på ansattkjøkkenet. Me har alle fått kvart vårt påskeegg og så var det ei som jobbar i same bygget som kom med desse tulipanane til oss. For når det er ope kvar dag i heile påska, er dette slike små gleder som ein blir litt ekstra glad av, som i alle fall for min del får fram smilet sjølv om ein kanskje er litt trøtt etter ein lang dag ved bassenget. Men no i kveld reiser me opp til hytta, så ein liten påskeferie blir det på oss også. Vil få ønskje alle ei fortsatt fin påske på hytta, i byen, ved sjøen, på fjellet, i utlandet eller heime :)

18. apr. 2019

Lita bursdagshelsing til finaste mamma!

Hipp, hipp hurra! Ei lita bursdagshelsing til mamma som blir tretti gongar to i dag! I helga hadde me ei bursdagsfeiring, og det blei ein hyggeleg og kjekk kveld. Bordkorta hadde eg laga, mamma stod for blomsterdekorasjonane, og til saman blei det eit akkurat passe bursdagsdekka bord.


Fruktsalat og moccafromasj, gåvebordet, kake og kaffi, quiz, eit par leikar og kappløp med racerbilar. Mykje lått og løye, kakene var gode og praten gjekk i eitt. Mamma, eg håper du får ein flott dag oppe på hytta! Du er den besteste mammaen og me er alle glade i deg! Bursdagsklem!