2. okt. 2026

Bookkeeper’s Place i beste Bakewell





Vel framme i Bakewell, fann me fram til Bookeeper's Place, leilegheita som me leigde dei dagane me var der. Rett og slett ei ypperleg leilegheit med akkurat det me trong, og så hadde den ein fin takterrasse og ei kul lampe rett ved lesestolen. Og namnet kunne eg i alle fall ikkje klage på.






Vår fyrste kveld i Bakewell var ein slik kveld der me handla inn litt mat og elles berre traska litt rundt i gatene. Sat på ein benk ved elva og såg på fuglelivet, las litt og sidan laga me middag. Sola skein godt også etter middagen, og me naut takterrasselivet. Bra kveld i beste Bakewell.

1. okt. 2026

Nøtteliten i arboretet 🐿





Rogaland arboret på denne tida av året er alltid like fint. Haustfargar, så klare som berre det, overalt. Raudt, oransje, brunt, gult og litt grønt innimellom. Treng ikkje noko meir enn eit slikt syn.






Turen me gjekk i helga blei ikkje så lang, det skal eg ærleg innrømme, men til gjengjeld var den vakker. Rogn i fleire forskjellige fargar og regndropar både på blomar og på blad. Medan me gjekk, kom det nokre regnskur, heldigvis fann me le under løvtrea då det bøtta ned som verst.







Små vatn og bekkar, arboretet har alt! Og på sjølvaste kjærleiksstien var det ein Nøtteliten som kom bort og nærmast helste på oss. Tihi, den lurte sikkert på om me hadde noko mat med oss, men den fann seg noko å ete medan me stod og såg på. For ein søtnos, ekornet var verdt turen aleine!