31. aug. 2018

Fredagsmorgon før jobb

Som førre fredag er det seinvakta på jobben i dag. Godt å kunne starte helga noko roleg med litt ekstra kaffi (så klart), hekletøy og bok. Har blitt ein del av dette i det siste, men det er slike små ting som gir meg ro og glede i kvardagen. Ei stund der ein berre senker skuldrene. Akkurat no held eg på å hekle bomullspads, meir om det kjem nok om litt her på bloggen. Blir ein jobblaurdag også i morgon, men elles få planar. Ønskjer deg og dine ei helg akkurat slik de sjølv vil den skal vere!

30. aug. 2018

Ein luftig gondoltur


Tenkte det kunne vere kult å vise dykk ein liten video frå gondolturen i Loen. Bratt oppover, tåkete på toppen, ein gondol på veg ned. Grønne fjellsider og norsk natur på sitt beste. Her har det vore ein grei torsdag med vakt i byen. Må halde tunga beint i munnen no med alle dei forskjellige endringane i det nye systemet, og alt er nok ikkje på plass enno, men bank i bordet – dei fleste som treng hjelp er tålmodige og takkar no uansett for god service. Og snart er det atter ei ny helg.

29. aug. 2018

Loen Skylift

Og så bar det oppover. Sjølve turen opp var ikkje så ille som frykta – eg hadde nemleg ein idé om at vogna kom til å gynge meir, at eg kom til å få ei kjensle av sjøsjuke. Det var eigentleg berre kult! På veg opp låg det framleis nokre dottar med tåke, men vel oppe fekk me no sjå litt av utsikta i alle fall.


Ei lita stund var me verkeleg dypt inne i tåkeheimen, for når ein sit på benken, kan ein til vanleg sjå utsikta ned til vatnet, sjå dei høge fjella rett fram. No var det berre grått i grått. Men det var ei oppleving det også, å vite at ein stod høgt der oppe, langt oppe på fjellet, utan å sjå noko særskilt meir enn grått. Omringa av tåke. Ikkje så enkelt å ta bilete inne i vogna, men ein får kanskje likevel eit inntrykk av kor bratt det er. Og så den eine vogna på veg opp over fjellkanten.


Utsikta er slåande, for me fekk sjå den utan all tåka etter kvart. Det var skikkelig tøft å stå ute på platået og berre stirre utover. Blågrønt vatn, vestlandske fjell, den norske naturen. Magisk!


Når ein er oppe på Hoven, er det visstnok mange turmoglegheitar. Ein kan til og med klatre opp i staden for å ta gondolen, dei kallar det Via Ferrata Loen (i lag med noko som kan rettleie og guide så klart). Såg at nokon hadde sett opp ein lavo, og hadde me hatt betre tid eller visst dette finfine turterrenget på førehand, trur eg nok me hadde tatt på oss fjellskoa og tatt oss ein tur i området. Me må rett og slett setje av ei heil veke til slike opplevingar og turar neste gong ;)


Veit ikkje kor lenge me var oppe på fjellet i Loen, men til slutt tok me gondolen ned og fortsette på bilturen i retning Flåm. Eg er klar over at eg har sagt det mange gongar, men sukk, Noreg er flott. Å køyre langs små vatn eller eit stort vatn, fell og dalar, bak ein traktor med ei ku i bagasjen. Tihi. Sidan det var tre år sidan førre gong me køyrde gjennom Lærdalstunnelen, var det heilt greitt å køyre den no. For eg synest den er lang og keisam, men så klart – den gjer vegen kortare og dei tre lyshallane er jo litt stilige. Nokre flotte fotoobjekt er dei i alle fall. Kom fram til Flåm i seks-tida.

27. aug. 2018

Måndag og litt meir om heimturen frå nord-vest til sør-vest

Hei, hei! Har måndagen din vore bra? Den har det for min del sjølv om eg måtte sykle med fullt regntøy og takle fleire utfordringar i samband med det nye biblioteksystemet. Vel, eg har framleis ein del å vise frå siste del av bilturen vår tidleg denne månaden (tenk, august er jo snart over). På veg frå Sjøholt til Stavanger (med ei overnatting i Flåm), stoppa me ved ei gammal bru for å strekke på beina og for å lese kart. Bok er viktig også når ein sit i bilen og ved ei ferjekai såg eg plutseleg "Russ 88" på fjellveggen. Er ikkje sikkert at inskripsjonen er så gammal, men litt artig å sjå likevel.


Både mamma og pappa og eit venepar av oss hadde tidlegare i sommar vore innom Loen Skylift, ei gondolbane som opna i fjor. Loen ligg i Nordfjord i Stryn kommune. Ut frå det dei hadde fortalt oss, var det ei kanonkul oppleving, så me ville også prøve. Men då me nærma oss Loen, låg tåka tjukk oppe på fjellet, og me køyrde forbi. Likevel klarte me ikkje å leggje frå oss tanken heilt og me merka at tåka var litt fram og tilbake, med andre ord ikkje så ille som frykta. Difor snudde me; var heldigvis ikkje komme så langt unna parkeringa ved gondolen. Kjøpte billettar og venta på at den eine av to vognar skulle komme ned frå fjellet. Medan me stod der og venta, titta me opp, så bratt og høgt, kjente det kitla i magen. Kva var det me hadde "rota" oss borti no?! Fortsetjing følgjer.

26. aug. 2018

Travelt på jobb, men alltid tid til å lese gode bøker

Travle dagar på jobb, for med eit nytt biblioteksystem, kjem det mange spørmål og utfordringar, både for kundane og for oss ansatte. Ein lærer noko nytt så lenge ein lever ;) På tysdag var det sesongens fyrste øving med orkesteret og eg trur det kjem til å bli ein bra konsert i slutten av september. Han fine og eg har sett av tid om kveldane til å lese og på onsdag åt me middag ute. Små saker som set ein gullkant på kvardagen. Fekk besøk av ei god veninne på torsdag og har hatt ein akkurat passe sundag med litt husarbeid, hekling, tur rundt Mosvatnet og lesing. Snart klart til å ta fatt på måndag og ei ny veke, men fyrst blir det meir lesing og ei lita vekesoppsummering:

✦ vakkert språk og Islandsk bydgeliv i Sommerlys, og så kommer natten
✦ alltid stas å sykle forbi bilkøa langs Madlavegen
✦ liten snutt frå "Bruremarsj fra Lødingen" på Norsk Militær Tattoo på NRK – det var nemleg den eg gjekk inn til i kyrkja då me blei vigde
✦ og frå same programmet: "Chevaliers de Sangreal" av Hans Zimmer (frå Da Vinci-koden)
✦ ete middag midt i veka hos Jordbærpikene
✦ godt å komme oss ut i solskinet med ein tur rundt Mosvatnet i dag
✦ Gudrun Sjödén-kjolen med kult mønster og herlege jordfargar
 eplemost og plommer frå Hardanger, for "Me skulle plukka plommer i Hardanger" ;)
✦ har kanskje delt denne før, men tar gjerne ein tur med toget på ein av desse vakre turane
✦ okei, det var førre sundag, men alltid gøy å treffe Zalo igjen
✦ gøy å vere i gong med orkesterøvingar igjen
✦ ei finfin liste om lesing inne hos Ida
✦ fekk IKEA-katalogen førre veke, og det er jo litt artig å titte i den
✦ "Norske barn har lest over en million bøker i sommer" – om lesekampanjen Sommarles
✦ tebesøk av ei god veninne då eg hadde fri på torsdagen
✦ sykle til jobb i går, for det er så mykje meir stille og rolegare på vegane i helga
✦ lita bok som gjer eit stor inntrykk med det ømme, vakre språket: Barnet av Kjersti A. Skomsvold

25. aug. 2018

Eit syn eg aldri blir lei ⛰

At dagane og vekene går så fort. Altfor fort. Allereie på dagen to veker sidan me vinka farvel til denne utsikta. For sjølv om eg trivst best nær ein større by, er det noko heilt spesielt med den utsikta ein finn når ein er heime hos svigers, utsikta frå barndomsheimen til mannen min. Dei høge fjella, alt det grøne, den solnedgangen som alltid er like nydeleg. Sommar på Sunnmøre.


Regn på vindaugsruta. Grå tåke ved fjella. Kaffi i ein kopp. Fredagen før me drog heim, var det ganske så grått ute, men me koste oss inne med noko varmt å drikke, lesing, rett og slett ferie. Jeremias var også i lag me oss innimellom, kanskje særskilt den dagen sidan det regna så mykje.

24. aug. 2018

Bok i fanget medan det pøser ned ute

Skiftande ute i dag; akkurat no regnar det. Hadde seinvakta på jobb, er heime no. Koser meg med ei bok medan det dett ned ute. Har gått med denne Gudrun Sjödén-kjolen på jobb, noko som alltid gjer meg glad. Diggar fasongen og mønsteret. No er det Beat for beat. Ein heilt grei fredagskveld.

23. aug. 2018

Beste kaféen på Sunnmøre

Torsdagsfri sidan eg skal ha vakt i helga. Slappar av med ei bok og kaffi og tar eit tilbakeblikk på torsdag for to veker sidan. Mellom turen til Langevåg og kaffi på Trankokeriet Antikk, blei det som nemnt lunsj og eit kakestykke på stamkaféen vår når me er på Sunnmøre, nemleg hos Tante Bruun. God mat, herleg atmosfære og ikkje minst diggar eg møblane, lampene og dei andre små (og store) detaljane. Som skjenken, den gamle kofferten, lysekrona og dei retrogule glasa saman med dei vanlege. Ingen løyndom at eg liker møblar frå sekstitalet og generelt loppis og gjenbruk.


Blings, aka brødskive, med tomat, avokado, mozzarella, salat og balsamicoeddik. Veldig god! Før me bestemte oss for å dele eit kakestykke, gjekk eg litt rundt og titta på resten av kaféen. Kunne neste ha budd der: den gamle sofaen i rokokkostil, den turkise sofaen med rutete mønster, fargekombinasjonane. Prøver å få til eit besøk der kvar gong me er der; ikkje alltid det går, men som oftast går det. Koseleg å ha ein slik plass å komme tilbake til, gong etter gong, år etter år.


Kaka var også god, ingen tvil om det! Nok eit koseleg besøk hos Tante Bruun var over og me byrja å traske bort til bilen. Så stilig arkitektur i Ålesund sentrum. Då byen brann ned i 1904, blei det bestemt at dei skulle bygge den opp igjen i Jugendstil (eller art nouveau). Så annleis enn mange andre byar i landet. Skyene byrja å bli mørkare og mørkare og me kom oss til slutt inn i bilen.

22. aug. 2018

Vakker himmel og fine dyr i nærområdet vårt

Fysj, i dag har det verkeleg vore grått og trist ute. Ikkje sånn "å, så koseleg med litt regn slik at eg kan sitje inne og lese medan eg høyrer på regnet", men meir sånn "skal det aldri slutte å plaske ned sidelengs?!". Når ein i tillegg nesten ikkje kjem seg heim frå jobb med bussen på grunn av bompengeaksjon, vel, då er det nok. Okei, nok sutring. Det har elles vore ein bra dag med mykje nytt på jobb, for i dag var fyrste heile dag med nytt biblioteksystem. Mykje å lære og mange spørsmål frå kundane, men det kjem til å bli bra. Noko som i alle fall var veldig bra, var vêret på sundag. Himmelen var lyseblå med nokre kvite skydottar, temperaturen var akkurat passe. Gjekk opp den brattaste bakken, opp mot Ullandhaugtårnet og garden som ligg rett nedanfor tårnet.



Måtte helse på dyra oppe ved garden. Både sauane og grisane var ute og dei ville alle bli klappa. Så koseleg å sjå at dei med glede kjem bort for å få kontakt, det er tydeleg at dei er vande med folk. Og grisane som lager dei kulaste lydane. Tihi! Legg ved ein liten video slik som førre gongen, for eg synest det er gøy å variere litt her på bloggen med nokre videosnuttar innimellom.

20. aug. 2018

Kyrkjetorget (som vanleg) og Trankokeriet Antikk

Alltid like stas å ta turen innom bruktbutikken Kyrkjetorget når me er heime hos svigers. Denne gongen fann eg eit lita skål å ha med heim, men hadde me hatt plass i bilen (og forsåvidt i eit av romma her heime), hadde skjenken på det andre biletet garantert blitt med. Den er rett og slett superfin, særskilt med mønsteret på glaset! Og alle putane med gamle mønster og retro fargar. Hi, hi, me er nok ikkje heilt der at heimen vår skal fyllast med mange slike puter, men dei er no litt kule å sjå på. Berre for å ha sagt det ;) Eit fat med gule felt fanga også blikket mitt, for gult er kult.


Ein annan plass kor me også fann mykje gammalt og fint, var på Trankokeriet Antikk. Etter å ha vore ute på Langevåg og Devoldfabrikken, køyrde me inn til Ålesund sentrum. Åt lunsj hos besteste Tante Bruun før me fann vegen til antikkbutikken. Mykje krimskrams og mykje som var nydeleg. All slags keramikkfigurar (ikkje heilt vår stil) og gamle, grøne flasker i vindauget (litt meir vår stil). Flaskene stod der så ekstra fint medan dagslyset skein inn gjennom dei. Sånt skaper stemning.


Kaffien der, nærmare bestemt cappuccinoen, var knallgod. Vil påstå at den var verdt besøket i seg sjølv! Me gjekk tomhendte heim, men det tyder jo berre at me har det aller meste me treng. Likevel, alle detaljane. Gamle kjeks- og kakeboksar opp under taket og muggar med dei vakraste mønstera. Glas i alle slags fargar. Tar gjerne turen innom begge butikkane ved neste Sunnmørstur.