30. nov. 2018

Koselege Cawood

God fredag, alle saman! Eg tenkte å innleie helga med dei siste bileta frå Yorkshire. Den siste heile dagen vår var me som nemnt ein tur innom Selby, og etterpå berre traska me rundt i Cawood, rett i nabolaget der me budde. Tok ein kaffi og eit kakestykke på deling på koselege The Pickled Postie.


Me hadde ingen spesiell plan anna enn å spasere, ta det med ro og berre nyte den siste dagen av ferien vår. Synest det er så sjarmerande med alle murhusa rundt om på den engelske landsbygda. Den smale brua inn til Cawood, dei like smale gatene og ser du forresten heksa på døra?


Diggar den grøne fasaden, både dørene og grønfargen på dei glatte mursteinane. Sola skein og eg fekk fanga nokre av dei fine solstrålane på bileta. Midt blant all murstein og dei lyse betonghusa, såg eg eit lilla hus. Kanskje ikkje dei store shoppingmoglegheitene eller den største byen (eller landsbygda), men det er jaggu meg koseleg i Cawood. Og ikkje er det lang til York heller.


På veg tilbake til Cawood Castle, traff me på ein finfin katt rett omtrent rett utanfor døra. Den traska rundt og skulle på ein måte vise oss vegen rundt og bak slottet. Tok ein liten selfie foran slottet med kofferten rett ved oss. For etter kvart var det på tide å køyre av garde til York. Fin togstasjon å reise frå. Me reiste med toget til Manchester flyplass og overnatt på eit hotell i nærleiken. Flyet gjekk tidleg dagen etterpå, og ein kjempeflott og avslappande ferie var over.

29. nov. 2018

Morgonfrost

Kjempekjekk kveld med Madla-gjengen i går. Tapas, kake, kaffi og mykje prat og latter. Og i dag var det plutseleg teambuilding med bowling og ein liten quiz på planen. Morosamt! På veg til jobben på tysdag, hadde eg med meg kameraet i sekken. Visste at det kom til å vere kaldt med mykje frost, og eg ønskja å fange det på film. Rosa himmel som gav eit varmt skjær på den blåkvite frosten. Frosten på steinane, på mosen, på blada på bakken. På slike dagar er det verkeleg flott å sykle til jobb.


Før eg kom meg inn på kontoret, stoppa eg opp rett utanfor senteret. For også ute i beda hadde frosten slått til. Vel å merke er eg ikkje særskilt glad i vinteren, men det er likevel noko ved alle dei fire årstider som er fine. Å kunne stoppe opp og titte nærmare på frosten, på alle dei bittesmå krystallane, høyre det knitre under skoen for kvart skritt ein tar. Vinteren er nesten her.

28. nov. 2018

Siste onsdag i november, snart er desember her

Hei, hei! Blir berre eit kort innlegg her i dag, for fyrst er det seinvakta på jobb og etterpå blir det jule avslutning med dei nærmaste kollegaene mine. Tenk, om berre eit par dagar skriv me desember. Eg hugsar enno kor spent eg var då mai nærma seg og eg skulle flyge over Atlanterhavet for å besøke mannen min i Canada. Kor blei eigentleg dette året av? Akkurat det seier me vel nesten kvart år når desember er nær, men eg synest verkeleg det har gått fort i år. Har du også den kjensla? Men, men. Kan heller tenkje på kor fint det har vore om morgonane med rosa himmel og rim på bakken. Førre veke hadde det berre så vidt byrja med eit hint av frost på graset og på blada. No har det vore nesten heilt kvitt ute. Får vise bilete av det seinare, for no er det av garde til jobb.

26. nov. 2018

Både gult og blomstrete

Som de sikkert har fått med dykk, blei kameraet mitt øydelagt då me var i York i september. Svigerfar sende av garde eit spegelreflekskamera som eg altså kunne få, og det er eg takksam for. Har fått tatt det i bruk ein del allereie; bileta rett over er tatt med det kameraet. Men i lengre tid har eg tenkt at det hadde vore greitt med eit mindre kamera som er enklare å ha med på småturar. Såg meg ut ein spegellaus modell, nemleg OM-D E-M5 II frå Olympus. Fann endeleg modellen bruk på finn.no, og så langt er eg nøgd. Eg har mykje å lære enno, noko som gjeld for begge kameraa, men det er no gøy å prøve seg fram. Likte derimot ikkje den heilt vanlege, sorte kamerastroppen som følgde med, så då leita eg litt på Etsy og fann denne fine frå denne butikken. Gult er kult!

25. nov. 2018

Over tjue punkt på denne sundagslista

Ny sundag, ny liste. Etter å ha hatt "stilleveke" førre veke, er eg meir bevisst på når og korleis eg bruker sosiale medium. Synest det gjekk greitt å vere ei veke nesten utan og denne veka har eg klart å fortsetje med å bruke det mindre. Eg har brukt mykje tid på å lese, og når eg les, senker eg skuldrene, eg koser meg og slappar av. Inne i eit anna univers. Mannen min lurte på om eg ikkje skal skrive meir om bøkene eg les, og det er eit godt spørsmål. Sjølv skriv eg jo litt om dei på Instagram, og eg skal innrømme det at nokre bøker les eg, koser meg med dei der og då, men ikkje så mykje meir. Då har eg heller ikkje så mykje å skrive om dei. Men legg gjerne igjen ein kommentar viss du skulle ønskje å lese littegrann meir om bøkene eg les. Eller titt innom IG-kontoen min. Kjekke dagar på jobb, fantastisk haustvêr og solskin omtrent kvar morgon, ny hårsveis og snart konsert med orkesteret. Er visst mykje på lista denne veka, sjekk den ut:

✦ starte veka med å hjelpe ein kunde som takka og bukka og blei himla glad for hjelpa
✦ Vi skulle vært løver, ei god ungdomsbok om identitet, mobbing og om å tore å vere seg sjølv
✦ skrive og publisere ein artikkel på Sølvberget om Anne of Green Gables
✦ fargerik eføy på ein husveg langs jobbvegen min
✦ kaldt, men likevel fint vêr med sol i andletet dei aller fleste dagane
✦ krimboka Kastanjemannen fall i smak
✦ teasertraileren til The Lion King – trur denne kan bli bra
✦ Beatrice som skriv om forbruk og Black Friday
✦ vel å merke førre sundag, men musikalen Pippin var kul og eg har høyrt mykje på songane
✦ den sjuande boka om Joona Linna – eg likte drivet, men ikkje absolutt alle scenane
✦ sykle forbi køa på Madlaveien klokka halv sju etter seinvakta
✦ kattungen Maya er jo berre verdas søtaste
✦ fekk ikkje tatt bilete, men koseleg å sjå fem-seks rådyr på marka på veg til jobb
✦ vakker keramikk i denne nettbutikken, funne via Hjartesmil
✦ sjå Fantastic Beasts and Where to Find Them for tredje gong
✦ frosten på nokre lilla blomar
✦ morgonlyset gjennom takvindauga på jobb
✦ så mange artige bilete og ikkje minst biletetekstar i dette innlegget hos Et katteliv
✦ fortsetje med å fikse på julegåver og fotoboka frå Canada
✦ 70-talsgenseren som eg arva etter svigermor, diggar framleis det flotte mønsteret
✦ alltid like stort smil når eg har fått klippa håret

23. nov. 2018

Byens lys over vatnet

Førre fredag såg det slik ut her i nærområdet. Eg hadde hatt seinvakta på jobb og sykla som vanleg om Mosvatnet. Før eg var komme meg heilt heim, stoppa eg opp ved vatnet. Viste jo eit av bileta i sundagslista, men eg tok i tillegg desse tre. Stod der ei lita stund og berre titta. Lysa frå husa og lyktestolpane på den andre sida, den mørkeblå himmelen med eit skjær av rosa. Så vakkert og nydeleg! På sundag skal me ha konsert med orkesteret, så det blir øving både i morgon og på sundag før sjølve konserten. Ei ordentleg orkesterhelg med andre ord. I kveld derimot skal me berre ta det med ro, sjå ein film, lese i ei bok og fikse litt på fotoboka. God helg til dykk alle saman!

22. nov. 2018

Puslespel på detaljnivå

Det er ikkje kvar dag me set oss ned og bruker tid på å leggje puslespel, men det er jo eigentleg ein superhyggeleg og koseleg aktivitet; dette vil me gjere meir av. I fjor, då me var på besøk i Harry Potter-studioet, var dette det einaste eg kjøpte med meg. I alle fall nesten, trur eg tok med meg ein pin og eit postkort i tillegg ;) Så mange detaljar å sjå på, og me koste oss då me la det.


Klarer du å sjå Humlesnurr på kontoret sitt på det øvste biletet? Kanskje ikkje så lett, men han er der, altså. Eg lovar! Hogwarts Express, trylleformlar, husnamna, matsalen, skulelogoen og endå fleire detaljar. Tøft! Tips til fleire kjekke og kule puslespel blir motteke med takk :)

21. nov. 2018

November med og utan haustfargar

Er ikkje mange veker sidan det såg slik ut: gule blad på trea. Farge som skaper hauststemning, som gir eit gyllent lys og ein liten gullkant på kvardagen. Den knallblå benken rett ved treet som lager kontrast til det varme. Fargar som saman lyser opp. Eit gledeleg syn på veg til og frå jobb.


No ser det slik ut. Med eitt så mykje kaldare, eg synest til og med benken ser meir sliten ut. Eg veit me skal gjennom vinteren, men eg gleder meg allereie til våren kjem. Til den dagen når dei vakre snøklokkene byrjar å poppe opp, dagen det framleis er lyst når eg kjem heim frå jobb, når det igjen blir grønt på trea. Men om ikkje lenge er det desember og jul med mykje varme og hygge.

19. nov. 2018

Alltid bøker

Bokmerkerotta mi, den kulaste rotta hekla av pantertante. Eg har brukt den mykje sidan eg fekk den i bursdagsgåve for nokre år sidan og den var ein god ven førre veke. For det blei mykje lesing. Plutseleg kjem alle bøkene eg har venta på samstundes, og eg veit nesten ikkje kor eg skal starte. Men gøy er det, jo, eg skal ikkje klage! Så godt å verkeleg kjenne på lesegleda, setje av tid til lesing, prioritere det i staden for å bruke mykje tid på dataen og sosiale medium. Såg jo litt på film og seriar også, i tillegg til å bruke tida mi på fotobok, eg skal innrømme det. Eg fortset med å finne fram ei god bok og forsvinne inn i den, akkurat slik eg har gjort med ei krimbok i dag. For meg betyr bøker og lesing mykje, det har det alltid gjort. Eg slappar av når eg les, får energi. Bøkene har gitt meg så mykje opp gjennom åra, gitt meg opplevingar eg aldri ville vore forutan.

18. nov. 2018

Tilbake etter ei roleg veke

Ei veke utan sosiale medium. I alle fall nesten, har vore innom eit par gongar på grunn av jobben. Men eg har brukt mesteparten av tida mi på å lese, fikse nokre julegåver, leggje ferdig eit puslespel, planleggje oppussing av badet (for no skal me gjere det) og berre nyte det å ikkje vere pålogga. Trur ikkje me tenkjer over det til vanleg, men mange av oss er jo på heile vegen; mobilen er me oss overalt og det er så lett å "berre" sjekke IG eller sjå om det har skjedd noko på mailen eller Facebook. Konklusjon: eg tar gjerne ei slik veke fleire gongar. Hadde jobblaurdag i går, så ei litt punktert helg har det blitt, men så lenge eg kan setje meg ned med ei bok i nokre timar, er eg nøgd. Akkurat sit me og ser på den fjerde episoden av Lykkeland. Spennande! Ny liste rett under:

✦ sykle ein annan veg til jobb der eg såg eit flott, fargerikt stakittgjerde
✦ stelle i stand eit par julegåver
✦ møte på eit par fine kjenningar på veg heim frå jobb
✦ at eg seinare i kveld skal vere med ei veninne ut for å sjå musikalen Pippin
✦ tar tid å plukke ut bilete, men denne veka kom eg ordentleg i gong med Canada-fotoboka
✦ å ha ei slik seter som den Synne viser fram i dette blogginnlegget, ein plass der tida står stille
✦ bruke tida mi på å lese mykje og kose meg med kaffi ved sidan av
✦ lyset ved og i Mosvatnet då eg sykla heim frå seinvakta på fredag
✦ interiøret på Café Express NB Sørensen inne på Kilden
✦ og på den kaféen sitje ei lita stund, kose meg med ein latte og bok
✦ Ida har funne fram bilete med inspirasjon til dei vakraste heimebiblioteka :)
✦ sjå vidare på Babylon Berlin og nokre gode filmar no i helga
✦ og så Stavanger-serien Lykkeland på NRK Nett-TV
✦ plukke opp ei fin fagbok for barn på jobb (klarer du å sjå kva bok det er?!)
✦ pusle ferdig HP-puslespelet – no gjeld det berre å finne eit nytt eit som me kan leggje
✦ sjå på brosjyrar og snart vere klar til å kjøpe materiale til å pusse opp badet
✦ vite at eg har mange bra bøker i lesehaugen som berre ventar på å bli lesne

16. nov. 2018

For slik er det på hytta


Tenne opp ild i omnen. Om morgonen og om kvelden. Midt på dagen også. Når det er haust og vinter og me er oppe på hytta, er det akkurat slik det er. For me har ikkje anna varme der oppe, bortsett frå ein liten gassomn som me set på med ein gong me kjem dit for å komme i gong. Eg låg lenge foran omnen no då me var der sist, for eg trong å få varmen i meg. Og så er det koseleg. Sjå litt på ilden, kjenne at det varmar, høyre knitringa. Ein peis eller omn gir ei heilt eiga stemning.



Eg har jo allereie nemnt det, men me var rett og slett superheldige med haustvêret den helga, den siste i oktober. Stod ei stund nede ved vatnet den eine dagen, berre titta utover, kjente at sola varma i andletet, høyrde fuglane kvitre og kjente at det var godt å slippe unna byens kjas og mas ei langhelg. Ikkje misforstå, me trivst her i byen, men eg trur me alle har godt av å forandre miljø i ny og ne, komme oss bort frå det som distraherer oss og berre vere omgitt av naturen.

15. nov. 2018

Svipptur innom Selby

To månadar sidan me var i England, nærmare bestemt i Yorkshire. På vår siste heile feriedag, drog me inn til Selby. Cawood ligg i kommunen Selby og det er Selby som er den nærmaste byen. Me hadde ingen konkret plan anna enn at me ville sjå oss litt omkring. Det koselege marknadshjørnet, ei gammal husrekkje i flotte fargar, murbygg og kyrkjer, ein grøn park og postkontoret med Royal Mail-logoen. Kanskje ikkje så mykje, men engelsk var det. Akkurat som å sjå Postmann Pat.