21. aug. 2023

Fleire vestlandsvegar

 

Rett før sommaren starta, las eg Halvor Folgerøs Vestlandsvegar. Å lese om korleis dei laga vegar som Ørnevegen i Geiranger, Tokagjelet og Måbødalen, det var rett og slett spennande. Fleire av vegane har vore rasutsette og farlege og er no erstatta med nyare og betre vegar. Andre kan ein framleis oppleve, som Trollstigen. Vestlandsvegar kom ut i 2021, og i fjor kom Fleire vestlandsvegar. For det er sikkert, det er nok av spektakulære vegar langs Vestlandet å ta av. Like spennande å lese om (nettopp) Trollstigen, Dollarvegen her i distriktet, eit anna kapittel om Sognefjellsvegen og eg fekk bli betre kjent med Lærdal og Vindhellavegen. Fleire av vegane har tatt liv, og det er tøft å lese om desse skjebnane. Samstundes er fleire av vegane meisterverk, og desse to bøkene får verkeleg vist fram mange av desse svingete, stilige, farlege og fascinerande vegane.

Legg igjen ein fin tanke