Viser innlegg med etiketten canada. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten canada. Vis alle innlegg

21. mai 2024

Liten bit av hjartet 🇨🇦




Til meg frå mannen min då eg hadde bursdag førre månad. Ikkje ofte eg ønskjer meg smykke, men akkurat dette er eit eg allereie set pris på. Inne hos Spirrevipp kan ein tinge heim såkalla kartsmykke. Her finn ein små omriss av plassar som Kristiansand, Liverpool og Sola, kanskje eit omriss av Noreg eller av verda, moglegheitene er mange. I tillegg til dei smykka som allereie ligg i nettbutikken, kan ein spørje om dei kan lage eit kartsmykke av ein stad som betyr noko spesielt. For meg er ein slik stad finaste Prince Edward Island, øya som stal ein bit av hjartet mitt for ganske nøyaktig seks år sidan. Øya med dei raude klippene, nasjonalparken Greenwich, superkoseleg vertshus midt i Charlottetown, fargerike hus og ikkje minst vakraste Green Gables. Plassen som Montgomery skildrar så nydeleg i Anne-bøkene. Ei øy eg ber med meg både inni og utanpå.

4. juli 2022

The Landscapes of Anne of Green Gables 📗💚




Bøker i sofaen, bøker på nattbordet, bøker i bokhylla. Nokre bøker blir ståande lenge i hylla før eg les dei. Ikkje fordi eg ikkje vil lese dei, men fordi eg ikkje vil dei skal ta slutt. The Landscapes of Anne of Green Gables av Catherine Reid er ei slik bok. Eg såg den då me var i Canada for dryge fire år sidan og sa ganske raskt til mannen min at den boka ville eg ha. Eit par veker etterpå hadde me bryllaupsdag og han hadde kjøpt boka i ein butikk utan at eg hadde sett det. Nyleg blei saknaden etter Canada og aller finaste Prince Edward Island veldig stor, og dimed fann eg fram boka som ei trøyst. Og boka skuffa ikkje! Berre omslaget i seg sjølv, både med og utan det lause omslaget, er himla vakkert. Me finn utdrag frå Anne of Green Gables-bøkene og dagbøkene til Montgomery, og saman med fantastiske bilete og fakta om øya, er dette ei kjempeflott mimre- og landskapsbok.
 

"And I could once more enjoy the cold pure beauty of the landscape... The snow crackled and snapped under the runners. The sky faded out but the strip of yellow along the west got brighter and fierier, as if all the stray gleams of light were concentrating in one spot, and the long running curves of the distinctness and bare birches hung their slender boughs against the cold with the very perfection of grade." (s. 222, opprinneleg frå The Selected Journals of L. M. Montgomery, vol 1). Og jada, eg ser at boksidene med fyrtårna er med to gongar, men det gjer ingenting: fyrtårn er veldig typisk ute på PEI. Alle dei fine orda som skildrar landskapet, og bileta som gong på gong viser øya akkurat slik eg hugsar den, eg drøymde meg vekk ei stund medan side for side blei snudd

24. sep. 2020

Torsdagsbøker

Bøkene om Anne Shirley, eller Anne of Green Gables-bøkene om du skulle lure, vil alltid vere med meg som ei kjempefin leseoppleving. Det er noko med språket til Montgomery, måten ho skildra tankane til Anne på, dei magiske skildringane av landskapet ute på den vakraste øya og ikkje minst karakterane ho skapte. Serien om Emily of New Moon, ein trilogi, er ikkje heilt det same, men eg koser meg veldig likevel. For eg ser fleire likskapar mellom desse seriane og eg kan aldri få nok av Prince Edward Island. Tidlegare i år las eg Sløve hester, den fyrste boka i spionserien om Jackson Lamb og resten av gjengen ved Slough House. Nyleg las eg ut bok nr. to, Døde løver, og sjølv om den fyrste boka var best, likte eg å lese vidare og ser allereie fram til den neste i serien. Ute bøttar det ned og eg koser meg inne med ei ny bok. Om ikkje så lenge er det kveldsvakta på jobb.

1. sep. 2020

Kake med hint av Canada

Av og til saknar eg Moncton, Prince Edward Island og Nova Scotia litt meir enn vanleg. Før me drog heim frå Canada, kjøpte me ei lita flaske med lønnesirup på ein marknad. Den lille flaska blei fort tom, og då var det jo litt artig at professoren som mannen min samarbeider med, hadde med seg to større flasker då han var her på ein konferanse i fjor. Me har framleis ein del igjen, og sidan eg sakna Canada litt ekstra no, fann eg ut ag eg skulle bake ei kake med lønnesirup som ingrediens. I går skulle me ha eit møte på jobben, og eg tok med kaka dit. Fann denne oppskrifta på ei kake inne på detsoteliv.no, og lagte ein halvpart utan valnøtter sidan eg var usikker på om alle på møtet kunne ete desse nøttene. Kaka blei veldig god, i alle fall synest eg det, tihi! Å, Anne of Green Gables, PEI og fyrtårna der ute. Mitt hjarte bankar litt ekstra for den øya, den minste provinsen i Canada.

11. des. 2019

Tilbake til Avonlea og den finaste øya

Innimellom saknar eg Canada litt ekstra, særskilt Avonlea og Green Gables. Eg veit at dei stadane fyrst og fremst er fiktive, men å ute på Prince Edward Island kan ein jo besøke Green Gables-huset på Green Gables Heritage Site. På denne måten blir det på eit vis ekte likevel. I bokhylla vår i stova har eg heile Anne-serien ståande. Las ferdig serien i fjor, og sjølv om eg saknar Montgomery sitt univers, er det i mine auge litt tidleg å lese heile serien på ny. Men heldigvis har eg fleire bøker av same forfattar i bokhylla, og to av dei har eg nettopp lese ferdig: Chronicles of Avonlea og Further Chronicles of Avonlea. Dette er to novellesamlingar der me møter det same persongalleriet; av og til dukkar Anne opp, men for det meste møter me mange nye karakterar. Og skildringane til Montgomery er like nydelege: "The sunlight crept over the pillow, lighting up the sweet old face and silver hair, and stealing downward to the faded red roses on her breast. Smiling and peaceful and happy lay Aunty Nan, for she had fallen on the sleep that knows no earthy wakening, while little Joscelyn sang." (s. 81 frå Chronicles of Avonlea). Å lese desse bøkene...eg blir dratt rett inn i universet, eg kan sjå den finaste øya og det koselege huset. Ein plass eg alltid vil ha med meg.

20. mai 2019

På denne tida i fjor

Ingen "throwback thursday", men heller ein "throwback monday". Eg ønskjer nemleg å starte denne veka med eit lite tilbakeblikk på noko av det me opplevde i Canada på denne tida i fjor. Nova Scotia, Anne of Green Gables, Hopewell Rocks og lesing på campus er eit par av høgdepunkta. Å, eg kjenner eg saknar Canada akkurat no. Prince Edward Island med dei høge klippene og den raude jorda, alle dei vakre fyrtårna ute ved havgapet, utforske nye plassar. Mimring på ein måndag.

13. mai 2019

Bokdykk til ei canadisk øy

Saknar å lese om Anne og Gilbert, om venane deira, Marilla og Matthew. Berre det å dykke ned i Montgomerys verd ved Avonlea ute på Prince Edward Island, eller endå betre, vere der ute. For på denne tida er det jo nøyaktig eitt år sidan me besøkte øya og Green Gables. Heldigvis har eg framleis nokre bøker skrive av Montgomery på lur. Held for tida på med å lese eit par noveller i Chronicles of Avonlea. Tar meg god tid, og eg kjem nok ikkje til å lese alle bøkene i år. Kanskje kjem eg til å bla i The Landscapes of Anne of Green Gables i sommar når saknet blir for stort. Eg hadde eigentleg tenkt å lese den i fjor sommar, men så ønskte eg å spare den litt til. Uansett, det vil alltid vere viktig for min del å ha ein lesehaug slik at eg veit eg aldri går tom for bøker. Ein gong ein bibliofil, alltid ein bibliofil ;) Nytt skift på onsdag, og med to fridagar blir det ein del lesing.

17. apr. 2019

Tre fotobøker frå tre minnerike reiser

Rett før eg byrja i ny jobb, gjorde eg ferdig tre fotobøker, ein for kvar av reisene me var på i fjor. Inga stor overrasking at den som måtte ha flest ekstrasider, var den med alle bileta frå nesten fire veker i Canada. Og tenk, det er jaggu meg nesten eit år sidan me var der borte! Den der tida, altså. Som vanleg laga eg bøkene på Fotoknudsen, og eg passa på å tinge dei då det var tilbod (for der er det faktisk ganske mykje å spare). Eg har ofte laga bøkene godt og vel eitt år etter sjølve reisa, for TTT – ting tar tid – og eg er difor supernøgd no sidan eg fekk unnagjort tre på ein gong, alle før det har gått eitt år. Når eg ser i bokhylla, har det blitt nokre slike bøker opp gjennom åra.


Tommel opp for kvaliteten og storleiken på bøkene, like bra som alltid. Eg lagte ei bok frå Canada, ei frå bilturen vår i Noreg og ei frå veka vår i Yorkshire. I år blir det ikkje like mykje reising, men me har sett av ei veke i august til å kunne ta ein liten ferie, så får me sjå kor ferda går.

24. okt. 2018

Rilla-my-Rilla

"I'm so glad I live in a world where there are Octobers" (Anne i den fyrste boka). Så rart, vemodig og fint å vere ferdig med Anne of Green Gables-serien. Rilla of Ingleside er den åttande og siste i serien. I boka får me vite meir om yngstebarnet til Anne og Gilbert, Rilla og korleis ho og familien opplever fyrste verdskrig. Sjølv om den handlar mest om Rilla og dei andre barna, koste eg meg også med å lese denne boka. Eg har lese dei åtte bøkene i serien kronologisk, altså etter kva alder Anne er i bøkene, og ikkje etter kva år dei blei gitt ut. Heldigvis har eg framleis til gode å lese The Blythes Are Quoted, Chronicles of Avonlea og Further Chronicles of Avonlea, alle bøker der mange av karakterane er med vidare i små forteljingar, men i mindre grad enn dei åtte eg allereie har lese. Og så har eg The Landscapes of Anne of Green Gables og så klart filmane med Megan Follows i hovudrolla, filmane som for meg starta det heile. Fann nokre fine og herlege sitat i den siste boka:

"[...] Father says she looked him into love with her years ago in Avonlea school and I can well believe it – though I have heard a weird tale of her banging him over the head with a slate at the very beginning of their acquaintance." (s. 136).

"The station agent had heard the story of Dog Monday. He knew now who the returned soldier was. Dog Monday's long vigil was ended. Jem Blythe had come home." (s. 435). 

"Beyond was the sea in a radiance that glowed and shimmered, to the left the moonlit crests and hollows of the sand-dunes, to the right the rocky shore with its inky shadows and its crystalline coves." (s. 43). 

Ikkje akkurat no, med ein gong, men dette er ein serie eg gjerne les fleire gongar. I alle fall dei fyrste i serien, for det er nok dei eg har likt aller, aller best. Filmane har eg ståande i bokhylla, akkurat som med bøkene. Dei kan eg kose meg med på mørke haustdagar. Eller kanskje i jula :)

31. juli 2018

Irishtown Nature Park

Ein tur i skog og mark gjer alltid like godt. Før me leverte frå oss leigebilen den siste gongen i Canada, køyrde me bort til Irishtown Nature Park. Om nokon skulle vere i tvil, er dette frå Moncton i New Brunswick og ikkje frå Dublin i Irland, men namnet på parken er det same. Og apropos namn: eg måtte ta bilete av det eine skiltet, for namnet på dei forskjellige turane synest eg var festlige, til dømes "Bunny Hop" og "Dragonfly". Fargerike fuglehus og små, søte bruer såg me, men ingen store og brune bjørnar; me blei nemleg advart mot dei før me traska inn i parken.


Me gjekk kanskje ikkje den lengste turen, men det er jo ikkje det som betyr aller mest. For me kom oss ut, og det var herleg å berre vandre rundt blant grøne tre, blant mose og små pyttar. Blant grøn skogbotn, på ein lang og rak sti. Kjenne den friske lufta i andletet, lukta av skog og bark. Høyre tretoppane suse, fuglane kvitre. Sitje på ein benk, leggje hovudet inntil den finaste eg veit.

25. juli 2018

Langs ei strand i Bouctouche

La dune de Bouctouche. No byrjar me å nærma oss slutten på Canada-turen (her på bloggen om du lurer, er jo ei stund sidan eg kom heim...). Den siste gongen me leigde bil, køyrde me ut til byen Bouctouche. Me skulle ganske langt ut, heilt ut til Irving natursenter. Der har dei som hovudmål å ta vare på naturen og sanddynene som er eit av få slike område ved Canadas austkyst som framleis er i god stand. Promenaden er på ein snau kilometer, men sjølve sanddynene strekk seg omtrent ei heil mil. Kvar gong det er ein liten eller stor storm der ute, endrar landskapet seg. Dei har også mått fikse på promenadens treverk ein del gongar når stormen har vore på sitt verste.


Vanskeleg å ta bilete av kor lang promenade på stranda eigentleg er, men det er kanskje litt enklare å sjå på videoen. Mykje vind også der, akkurat som då me var ute på Greenwich. Vind er visst ei greie der borte ;) Sjølve senteret var stengt då me var innom, men, men. Me var rett og slett for tidleg ute sidan sommarsesongen ikkje hadde byrja ordentleg på ein del av turistplassane. Synest no likevel det var litt spennande og kult å gå der, langt ute ved havgapet. Måtte berre ta eit lite bilete frå bilen medan me køyrde over denne lille brua. Ikkje at det var så veldig spesielt, men det var no ein artig konstruksjon av ei bru. Alt me fekk oppleve i løpet av dei vekene eg var der borte.

12. juli 2018

Flo ved Hopewell Rocks

Sjekk ut forskjellen! Dagen etter at me såg Hopewell Rocks ved lavvatn, drog me tilbake for å sjå høgvatnet. Ein får ikkje lov til å gå lengre ned enn eit par nivå på platået (som ein kan skimte så vidt på biletet rett over), for når det er flo, står vatnet faktisk opp til platåets bein. Det som går an, er å padle med kajakk bort til steinane. Ein kan til og med padle mellom dei, gjennom hola. Vel å merke kan ein berre gjere det om sommaren, og me var litt for tidleg ute. Reknar difor med at dei me såg padle, var profesjonelle folk og ikkje turistar. Fekk også til eit sjølvknips foran steinane.


Stilig syn, ingen tvil om det. Og som eg skreiv i går – eg blei ganske fascinert og den kjensla sit igjen enno. På ruta bort til platået, finst det fleire utkikksplassar, så på veg tilbake stoppa me ved nokre av dei. Stod der og berre såg. For eit landskap, for ein natur. Så vakkert og storslått.