30. mai 2022

Ullbryllaup ♥

Bok og strikketøy i fanget, kaffikopp nummer to for dagen. Foreløpig skin sola, akkurat slik den gjorde for sju år sidan. Tenk det, i dag er det sju år sidan du og eg sa "ja". Eg veit at det ikkje har vore like enkelt å leve med meg i desse rare koronaåra, men det er då det er litt ekstra fint å sjå tilbake på ein dag med store smil, strålande sol, fine folk og kjærleik. Og eg vil du skal vite at eg er takksam for at du er her. At du alltid har ein klem å gi, prøver å trøyste, at du kvar dag vel meg slik du gjorde for sju år sidan. Slik eg kvar dag vel deg. Takk for at akkurat du er vimsen min, eg elskar deg

29. mai 2022

Pastelltonar både her og der


Travel helg med mange badegjestar – på fredag då me opna klokka tre var det nærmare 180 personar inne i hallen i løpet av ein time! Mykje støy og innimellom må me gi beskjed til dei som ikkje oppfører seg, men likevel er det veldig gøy å sjå at det er så mange som vil komme og svømme (eller bade) hos oss. Særskilt etter to år med lite aktivitet. Ein fridag midt i veka var veldig greitt, og eg las og strikka mykje. Gjorde det i byrjinga av veka også då eg hadde turnusfri, for det er noko med å lade batteria når eg kan. Det same med å starte kvar morgon, også før jobben no i helga, med å lese og drikke ein ekstra kopp med god kaffi. Medan eg har strikka, har eg kost meg med Grantchester, og det var kjekt med orkesterøving på tysdag. Før eg tar kvelden, må eg berre få gratulere mamma og pappa som feirar rubinbryllaup i dag – glad i dykk! Sundagsliste med mykje bra rett under:

gøy å lese The Duchess of Bloomsbury Street, oppfølgjaren til 84, Charing Cross Road
her er dagen då den bittelille skjønnaste pusen blei redda, og sjå her kor glad den er no
bli hekta på den britiske krimserien Grantchester (britane kan det der med å lage krimseriar)
og sjå Kit Connor, ei av hovudrollene i Heartstopper, i ein episode av nettopp Grantchester
starte kvar dag med lesing og ein kopp kaffi
byrje å sjå Harry Palmer (eller The Ipcress File) i lag med han der fine
fascinerande "reisevideo": 100 forskjellige reisesnuttar laga med animasjon
klagar ikkje på å ha heimelaga is til dessert
bileta til Niina er like stemningsfulle i kvart innlegg ho postar
ha nokre fredagsmakronar i pastellfargar på lur
artig med ein sau som var nysgjerrig på nokre knalloransje sko
rosa konfetti på bakken
kontrasten mellom den raude stolen og ein enkel kopp med kaffi
trur Marble Sweater kjem til å bli ordentleg stilig
filmplakat midt i Sandnes sentrum, som eg elskar Cinema Paradiso
smiler av å sjå gamle Hollywood-stjerner som dansar til "Wake Me Up Before You Go-Go"
fredagsbukett på jobb i herlege pastelltonar
Susan Abulhawas Morgen i Jenin er ei tøff og samstundes god bok om krigen i Palestina
Synnes flotte og kjekke helgetur til London, herleg med litt reiseinspo
vegetartaco og kultfilmen Labyrinth med David Bowie
prate med ein badegjest som opprinneleg er frå Newfoundland aust i Canada, ikkje langt frå PEI

27. mai 2022

Blomar på trea, blomar på bakken og blomar i ei bok

 
På trea om våren. Når alt byrjar å spire langs bakken, kjem det jaggu meg vakre blomar høgare oppe også. Kameraet går varmt fordi eg gong på gong prøver å fange lyset, fargane, vinden som raslar mellom blomane, sjølve vårmagien. Ikkje berre berre, bileta yter ikkje røynda rettferd. Men eg prøver likevel, år etter år. Stoppa opp litt ekstra på veg til jobb ein av dagane for å ta opp ein video. Våren, altså! No ligg blomane som eit tynt, mjukt teppe av konfetti på bakken. Vårens rosa gull.
 
 
"Hvorfor dras man mot bøker slik man dras mot mennesker? Hvorfor tiltrekkes vi av bokomslag slik vi tiltrekkes av et blikk, en stemme som virker kjent, en stemme som får oss til å velge en annen vei, som får oss til å heve blikket, som tiltrekker seg oppmerksomheten vår og kanskje endrer livet vårt?" (side 73)
 
"I hjertet ditt vil det alltid være en plass til Alexandre, kjæresten din i andre klasse.
Du kommer aldri til å gifte deg med noen.
Du vil alltid være Léonine Toussaint. Frøken. Du kommer aldri til å like noe annet enn arme riddere, omelett, pommes frites, makaroni, pannekaker, fiskepinner, marengs i vaniljesaus og pisket krem. I stedet vil du vokse opp i den kjærligheten jeg alltid kommer til å ha til deg. Du vil vokse opp et annet sted, i Middelhavet, i Sashas hage, i verdens hvisken, i en fugls flyktige svev, i grålysningen, i skumringen, gjennom en ung jente jeg tilfeldigvis møter, i et tres bladverk, i en kvinnes bønn, i en manns tårer, i skinnet fra et stearinlys. Du vil bli gjenfødt, senere, en vakker dag, som en blomst eller en liten gutt, født av en annen mor, du kommer til å befinne deg overalt hvor jeg hviler blikket. Uansett hvor hjertet mitt befinner seg, vil ditt fortsette å slå." (s. 303)
 
"Jeg lukker igjen Irènes dagbok med tungt hjerte. Slik man lukker igjen en roman man har forelsket seg i. En roman som har blitt en venn man har vondt for å legge fra seg fordi man vil ha den i nærheten, for hånden." (s. 444)
 
Å vanne blomster om kvelden av Valérie Perrin er ei av bøkene eg nyleg har lese. Kor skal eg starte?! Eg må innrømme at eg brukte litt på å komme inn i den, men så blei eg bergtatt. Beste ordet eg kjem på er sårvakker, neste tøff og også vond om sorg, om å velje livet, om gravlundvaktaren Violette som lev eit stille liv i ein landsby i Bourgogne. Ho ber på ei sorg og eit sakn som me bit for bit får ta del i, ei historie blir nøsta opp og romanen sit igjen lenge. Sitata over viser nokre av dei vakre ord og vendingane som eg la ekstra merke til, setningar som får ein til å føle noko. Litteraturens kraft.

25. mai 2022

Lilla genser, som ein draum til vinteren




Altfor tjukk genser for varme sommardagar, men eg klarte ikkje å vente med å starte på Marble Sweater. Berre sjå på den høge og mjuke halsen! Og kjekt med eit prosjekt på tjukke pinnar. Det lillasjatterte garnet som blandar seg med det kvite, tjukke garnet – når det etter kvart kjem kalde og vindfulle dagar, kjem denne til å bli varm og god å ha på. Ein ordentleg kosegenser i herlege fargar!

23. mai 2022

Piknik i arboretet




Ute i skogen i går. Temperatur etter vår smak, verken for varmt eller for kaldt. Me fekk med oss broremann og køyrde ut til Rogaland Arboret i halv elleve-tida. Tidlegare har me gått mest langs grusvegane og sett på alle dei vakre blomane, i går byrja me derimot turen med å gå inn i skogen. Og me blei der for det meste av vår lille tur. Gjekk høgare og høgare, kjente dufta av skog, høyrde fuglane kvitre, naut synet av sola som stadig titta fram gjennom på skogbotnen. Ein plass var det bygd ein sykkelrampe, ein anna plass stod det ein svartttrost og nærmast poserte for oss.
 
 
Himmelen var lyseblå, og sola fekk alt det grøne på trea til å lyse ekstra, lysegrønt overalt. Å, at det går an å bli så glad av solskin og vårlege fargar! Snurrande grein rundt ei trestamme og ein veg med namn Via Bella. Vandre rundt her, ha god tid, vårvêret på sitt beste, ein veldig fin sundagstur.
 



For fleire år sidan var me med på å rydde loftet i blokka vår. Me fann eit flott piknikteppe som ingen visste kven eigde, og sidan ingen sakna det, sa eg at me kunne ta det. Må nok innrømme at me ikkje har brukt det før, men ute på ein av dei knallgrøne plenane i arboretet, fekk me endeleg innvigd teppet. På Brustadbua hadde me kjøpt gode rundstykke og litt bakverk til kaffien, me hadde pakka ned pålegg i ein liten kjølebag og kjøpt ein sprudlande god, sprudlande fruktdrikk frå Balholm. Kanskje ikkje så fint med pappkoppar til drikka, men "man tager hvad man haver". Kaffien hadde me no i ordentlege turkoppar, og maten smakte veldig godt. Sat rett ved eit lite vatn der bjørka hang grøn og flott. Arboretet er eit vakkert område, og me koste oss og slappa av på det rutete teppet.

22. mai 2022

Stort smil i bunad og mykje bra vêr




Kan ikkje seie noko anna enn at me har vore superheldige med vêret denne veka! Bittelitt regn har det dotte ned frå himmelen, men det er nesten ikkje noko å nemne. Ser det skal bli mykje regn i veka som kjem, så eg er veldig glad for at me har fått vore ein del ute. Tidlege morgonar har det også blitt, slapp no unna den supertidlege sidan det då var 17. mai og fridag. Me hadde ein kjempefin dag med både avslapping og nokre timar i lag med kjekke folk. Eg har fått strikka eit par omgangar kvar dag, lese i gode bøker og såg nyleg ferdig sesong to av All Creatures Great and Small. Hadde spart dei to siste sidan eg ikkje ville at det skulle vere ferdig – heldigvis har eg framleis bøker eg kan lese som Herriot i si tid skreiv, bøker som serien er basert på. I går var ein superroleg dag medan me i dag var ute og gjekk og sidan hadde piknik. Kjempekoseleg! Over til resten av denne veka:
 
liker godt å lese Elizabeth Strouts bøker, og den nyaste boka hennar Åh, William! er også bra
rørande frieri og julestemning i dei to siste episodane av All Creatures Great and Small
ny vlog frå Jonna og den nydelege plassen Grundtjärn
starte 17. mai med ein god kopp kaffi og lesing
pasta carbonara utpå kvelden på tysdag
golden retrieveren Bailey som er litt forfjamsa når ein liten kvalp stel senga hans
heimelaga laurdagspizza og den kulaste komedien Some Like it Hot frå 1959
sykle ein omveg på veg heim frå jobb på fredag i strålande solskin
stilig å ta med forskjellige bilete og besøke diverse innspelingsplassar frå Heartstopper
ha på bunaden på nasjonaldagen!
lese ute på balkongen, får alltid ei ro av ei stund med ei god bok ute i sola
bittelille Gabby som prøver seg på sine fyrste hopp
sundagstur i Rogaland arboret med både skog, fuglesong og blomar
piknik etter å ha gått ein liten runde i arboretet
opningsnummeret frå Tony Awards 2019 med James Corden i spissen 
havrekjeks, heimelaga kaffe latte og ei koseleg bok
knallgrøne tre overalt
programmet 70 år med Edinburgh Military Tattoo som eg såg på 17. mai
kvite, mjuke dottar langs grøftekanten på veg til jobb
framleis eit par rosa blomar på trea
fascinerande å sjå "hestane" i teaterstykket War Horse
mangopai som verkeleg fall i smak!
mannen min fekk ein flott bukett på jobb førre helg, og den passa ypperleg som 17. maibukett

20. mai 2022

Gul kake, grønt gras og eit flagg i raudt, kvitt og blått 🇳🇴





For ei knallgod mangokake! Eller mangopai som den heiter i oppskrifta frå Det søte liv. Eg laga kaka etter jobb på måndag, og så pynta me den tysdag før me skulle bort til venane våre. Vår 17. mai starta med ein god frukost, kaffi og lesing og sidan korpsmusikk, både rett utanfor blokka og på TV-en (gardemusikken). Etter rolege timar, var det på med finstasen. Som vanleg blei det tid til fotografering, like gøy kvart år å svinge med bunadsskjørtet! Koseleg var det også at ein tilfeldig turgåar spurde om han skulle ta eit bilete av oss to, er jo ikkje så ofte at me er så fint pynta!
 


Litt over tolv traska me bort til veneparet som atter ein gong hadde invitert ein fin gjeng til å feire dagen i lag. Det blei jo ikkje feiring der i fjor på grunn av pandemien, men dei fleste føregåande åra er det hos dei me har vore. Kjekt å vere sosial og det var mykje artig prat. Og så mykje god mat og kake (eg digga foccaciaen!), verkeleg noko for ein kvar smak. Verka som om mangokaka fall i smak, og mannen min fekk mykje skryt då han dagen etter hadde med kakerestar på jobben ;)




Heimehekla 17. mai-pynt, herleg detalj som i alle fall eg likte ekstra godt. Som for to år sidan, blei det eit par rundar med (det me kallar) plendart. Me lo høgt, for det var vel ingen av oss som var noko særskilt gode, men moro var det lell. Før klokka var fem, traska me heim igjen, glade og nøgde etter ein akkurat passeleg feiring. Lot det gå eit par timar før me åt heimelaga pasta carbonara til middag – det er visst blitt vår syttandemaimiddag. Morgonskift = tidleg til sengs etter ein bra dag.

18. mai 2022

Strikketid langs togskjenene


Fridag i går, og me hadde ein kjempefin 17. mai-feiring; tenkjer det kjem nokre bilete på fredag. Etter å ha vore hos fine folk og feira ein del av dagen der, var det heilt greitt å slappe av med ei god bok her heime, og etter kvart tok eg fram strikketøyet. For strikking er verkeleg blitt min hobby nummer to. No er komme noko lengre på genseren enn det som kjem fram på bileta, men det var på togturen til Oslo eg verkeleg kom i gong med dette bondeblå prosjektet. Ein rett, ein vrang. Ein rett, ein vrang medan landskapet fauk forbi. Ro i kroppen. Ekte strikketid langs togskjenene.

16. mai 2022

Skinande fargar




Overalt kor eg går, ser eg blomar og grøne vekstar. Løvetann og markblomar langs grøftekanten, grøne blad på trea eg passerer medan eg syklar og fargerike blomar i alle slags variantar i den botaniske hagen. Å sykle til jobb ti over seks i dag tidleg var ikkje så ille med ei sol som allereie stod relativt høgt på himmelen. Og det ser ut til å bli like strålande i morgon, på sjølvaste 17. mai. Våren som kjem, år etter år, ei lysare tid der fargane får skine. Sykle utan skjerf og hanskar, kjenne dagane som blir lengre og lengre, sitje ute på balkongen i sola og lese ei bok og alle blomane – små ting som alle lyser opp kvardagen. Måndagen er snart over, og eg tar vare på desse små stundene.

15. mai 2022

Utekafé, krimdronning og blomar i fleng


Heisann, hoppsann. Om ikkje så mange timar er det ut av senga og av garde til jobb; eg byrjar nemleg på morgonskiftet i morgon. Kjenner eg har vore litt sliten etter kveldsskiftet, og det har vore godt å ikkje ha altfor mange planar. Men bøker og strikking blir det alltid litt av, og eg var ute ein tur for å få unna nokre ærend på torsdag. I går hadde me ein effektiv handletur før me køyrde ut til Hundvåg for å vere med på 1-årsfeiringa av kafédrifta og planteutsalet på Heddas gård. I dag var me ein snartur oppom Ullandhaugtårnet. Kjøpte ein vaffel i kaféen og sat ute på ein benk i nokre minutt og berre naut sola og utsikta. Han der fine sa at det kjentest ut som om det var sommar, og eg kunne ikkje vore meir einig! Følgde med på ESC-finalen i går, så mange rare songar, sceneshow og kostymar, eit sirkus! No må eg avslutte, senga ventar. Sjekk ut alt det fine frå denne maiveka:
 
gleder meg kvar månad til å lese ei av Christies bøker, og denne gongen blei det Den åpne graven
korpsmusikk utanfor blokka då eit av skulekorpsa øvde til 17. mai
strikke medan eg las om Shetland (siste del av reisereportasjen eg tidlegare har nemnt)
og apropos Shetland: såg ferdig den nyaste sesongen av krimserien Shetland denne veka
tilbakeblikk på ei hyttepåske inne hos Et katteliv – her var det mykje hygge og koseleg stemning
fem flotte porselenskupp i ein nydeleg mosegrøn farge
strikke endå meir og ete heimelaga is medan me såg den andre ESC-semifinalen
rørt til tårer av gardens versjon av "Bruremarsj fra Lødingen" (minne om vår eigen bryllaupsdag)
laurdagsmorgon med dagens andre kaffikopp, ein liten sjokoladebit og ei bra bok
tihi, småhumrar litt av desse Friends-tabbane
Maisie gjer magiske bøker endå meir magiske ved å teikne på sidekantane av bøkene
høyre på ein av songane frå In the Heights medan me vaska ute i svømmehallen
tulipanar i den botaniske hagen
små, høge "god morgon"-mjau frå den søtaste, lille katten 
rosa blomar på trea overalt kor eg går
laurdagstaco og gjensyn med den herlege musikalkomedien On the Town frå 1949 
stikke innom Heddas gård for ein prat med fine folk, kaffi og ei stykke knallgod suksesskake
indigofarga, stilig bil og blomar i omtrent same farge
kjekt å lese ein akkurat passe søt romantisk komedie, nemleg Lease on Love av Falon Ballard
nyte ein vaffel oppe ved Ullandhaugtårnet medan sola varma andleta våre