6. aug. 2023

Byrjinga av den siste sommarmånaden



 
Siste julidag starta me på Sjøholt og avslutta her i Stavanger. Tre (nesten) kontinuerlege veker på reise, og det har tatt litt tid å lande. Sånn ordentleg, lande i ein ny månad. Eg veit jo heller ikkje heilt kva som skjer vidare til hausten når det gjeld jobb, med andre ord er ting generelt litt i "lausa loftå". Men det har no likevel vore ei fin veke der mykje av tida har gått til lesing og strikking. Besøk av kulaste Zalo, pakka ut av kofferten og rydda leilegheita, vore ein tur nede i sentrum, kino og sjøbading. Snart er det vel på tide å finne senga. Eller, kanskje ei lita lesestund fyrst:
 
sitje ute på balkongen og lese
boka Harold Frys utrolige pilegrimsfred var rett og slett nydeleg (og eg blei som vanleg rørt)
utsikta frå bilvindauget då me køyrde heim på måndag – Vestlandet, altså
lese Two Steps Onward, oppfølgjaren til den kjekke Two Steps Forward
solnedgangen måndagskveld
ganske artig å sjå Indiana Jones and the Dial of Destiny på kino
Zalo er ein ganske gul og kul krabat, og innimellom er han ganske i farta 
teste matretten chicken piccata, inspirert av den dei laga i TV-serien The Bear
sjå den aller siste episoden av Happy Valley, verdig avslutning på ein superbra britisk krimserie! 
komme i gong med strikkinga igjen
kjekt å lese om desse tenåringane som starta eit fotballag til Norway Cup berre for å spele for gøy
litt vanskeleg å sjå tittelen på boka, men Safe for Summer av M. Baggot var passe sommarlesing
og apropos Indiana Jones: sjekk ut dette stilige "lysmåleriet" 
tilbakeblikk på lesing ute i hagen hos svigers (med fine fjell og ein like fin sommarkjole)
Vestlandsnatur!
snøklokker er noko av det finaste, og denne tatoveringa er berre nydeleg!
digg å teste ut badstue ved Hinnastranda i går
og det var kjempeherleg badetemperatur i sjøen
ein god kopp cappuccino og With You Forever, bok nr. fire i serien om Bergman-søskena
fniser godt av denne lille dansen som Crowley gjer foran Aziraphale i ein Good Omens-episode
for jepp, no er me i gong med andre sesong av Good Omens, og det er ordentleg gøy!

Legg igjen ein fin tanke