31. mai 2020

Pinsehelg i all si prakt

Trass ein kjip dag midt i veka, har dei andre dagane vore bra med godt vêr og ei ordentleg langhelg. Me har feira fem år som ektepar, innimellom har eg ledd og hatt det ganske artig på jobb i lag med kjekke kollegaer, i går gjekk han fine og eg ein herleg tur i nabokommunen og eg har fått lese i fleire timar i løpet av helga. Eg skal med andre ord ikkje klage. Og sidan det er andre pinsedag i morgon, har eg endå ein dag der eg kan slappe av med ei bok i fanget. Eg tenkjer eg gjer det enkel i dag med å ikkje skrive noko særskilt meir her, men heller la sundagslista tale for veka mi, den siste i mai:

✦ køyre ut til middag Kronen Gaard for å feire bryllaupsdagen vår
C. B. Strike, serien basert på Robert Galbraiths krimbøker (aka J. K. Rowling)
✦ sola på den blå himmelen då eg sykla til jobb
✦ sjå eit rådyr som sprang over ei lita mark
✦ ta ein titt på denne IG-kontoen der Alicia held på å lage eit Mummihus i miniatyr
✦ boka Den norske kaffesjela, herleg bok der ein får vite alt om norske kaffitradisjonar
✦ få beskjed om at me skal tilbake til svømmehallen igjen denne veka som kjem
✦ sykle til byen igjen, har ikkje sykla den vegen på over ein månad
✦ Mariells ærlege tekst om det å drive ein mindre bedrift
✦ illustrasjonane til Jess er så lune og fine (sjekk også ut den kulaste puta)
✦ vakre blomar frå mamma og pappa
✦ iskake og heimelaga latte etter å ha vore ute og gått tur i fjellet
✦ Olivia Colman som les eit nytt kapittel frå den fryste HP-boka
✦ Martin Sheen i Grace and Frankie, diggar rolla hans, til dømes i episode åtte i sesong seks
✦ treffe på ei veninne i sentrum, heilt uventa og veldig koseleg
✦ sitje ute på balkongen med ei god bok i fanget etter jobb
✦ Hauser og Petrit Çeku med "Concierto de Aranjuez"
✦ ungdomsboka The Perks of Being a Wallflower
✦ gå laurdagstur opp til Dalevatnet og ein lengre veg på vei ned i det fantastiske vårvêret
✦ fem minutts lesepause i sola medan eg venta på å bli henta etter enda grasklippejobb
✦ tilbakeblikk på Coco i lag med søskena sine, dei er så søte alle saman
✦ solstrålar gjennom eit tre
✦ bade ute i Dalevatnet

30. mai 2020

På denne dagen...for fem år sidan ♥︎

Me vinn kanskje ikkje prisen for "mest fotogene par" (det andre biletet), men kva gjer vel det?! Ingenting! Du får meg til å le kvar dag, du får meg ned på jorda når tankane går i spinn. I lag med deg kjenner eg meg heil, kjenner meg elska. Og som Trygve Skaug skriv i diktsamlinga Ikke slipp

Som poet 
burde jeg sikkert ty til
en metafor nå
men okei drit i det
jeg elsker deg

Enkelt og greitt, det er akkurat slik det er. Gratulerer med trebryllaup, finaste deg. Eg elskar deg ♥︎

29. mai 2020

Roleg stund ved eit vatn


Fredag, feriedag og fred i sjela. For i går var ein litt kjip dag på jobb, medan det i dag er mykje lettare. Det er fredag, eg har tatt ut ein feriedag slik at eg får langhelg (det er jo fri på måndag), og tidlegare i dag fekk me vite at me skal tilbake i hallen igjen på tysdag. Så klart med visse atterhald og ikkje svømming for publikum heilt enno, men det byrjar i alle fall å skje noko. Ro i kropp og sinn får eg også når me er på hytta. Førre helg var ikkje vêret på topp, noko som ikkje plaga oss sidan me koste oss inne med brettspel, quiz, latter og prat. Men då me var oppe for ein dryg månad sidan, var det om kvelden heilt blikkstille  – ein kunne spegle seg i vatnet. Fred og ro og fuglekvitter.

27. mai 2020

Søte lam ute på Jørpelandsholmen

Heldigvis var det litt opphald ute laurdagsformiddag, og me tenkte at me kunne gå ein liten spasertur, mest for å kjenne frisk luft. Sidan me likevel måtte ned til butikken fordi me mangla noko til middagen, fann me ut at me skulle gå over til Jørpelandsholmen som ligg ikkje langt unna butikken. Ein må gå over ei lita bru for å komme til holmen, og på holmen kan ein velje å gå ein liten tur på grusstien, ein kan spele frisbeegolf eller kanskje ein heller vil å setje seg ned og grille på ein av dei mange, flotte rasteplassane som dei har laga til. Me måtte stoppe opp eit par plassar sjølv om turen ikkje var lang, for sjå kor fine trea er akkurat no, med høge fjell i bakgrunnen.


Høgdepunktet var så klart denne gjengen: mange sauar og alle dei søte lamma deira. Dei går fritt rundt på holmen og finst i alle moglege fargar. Hoppande glade, eit lam med bandittmaske rundt auga (så søøøt då det stod der og berre titta på meg) og eit anna som berre var ein dott full av kvit og brun ull. Tihi, artig å helse på alle desse søte ullkrabatane, den eine finare enn den andre!

26. mai 2020

Fine folk på hyttetur

"Bezzerwizzer", heimelaga pavlova, fine folk, smil og latter. Mykje prat og kaffi, litt lesing innimellom og lys i den nye parafinlampa, den som me kjøpte på Gotland. Å, saknar den øya med alle sine keramikkbutikkar, vertshuset Gula Hönan, finaste Visby og nydeleg natur. Oppe på hytta førre helg, var ikkje vêret det aller beste, men me hadde det no fint lell. For som alltid er det ei eiga stemning der, me slappar av på ein heilt annan måte enn i kvardagen, langt der oppe ved vatnet og fjella omkring oss. Kjempekoseleg å vere på hyttetur i lag med veneparet vårt, og sidan dei skal gifte seg om ikkje så altfor lenge, blei det jo litt bryllaupsprat og -planlegging, tihi! Gårsdagen på jobb og dagen i dag har eigentleg vore greie, og eg satsar på at det gjeld resten av veka også.

25. mai 2020

Små, grå dunnøste ute ved kysten

Sju små, søte svaneungar. Torsdag førre veke var jo ein fridag, og med det flotte vårvêret som dukka opp i løpet av dagen, berre måtte me ta oss ein tur ut. Me kom oss til Hafrsfjord, nærmare bestemt ute på Hestnes og Revheimsvågen, i lag med broremann. Svanefamilien hadde fått heile sju ungar, og gurimalla, så himla nusselege dei er! Så klart passa me på å ikkje gå for nært ;) Ein annan plass der me traska, kom det ein fin gråkvit katt gåande mot oss. Den ville veldig gjerne helse på oss og laga dei finaste lydane. Ute på graset fann me fleire løvetann (sånn etter at dei er gule), og slik som ein ofte gjer, blåste me på dei og såg frøa fly av garde. Ut i lufta, i det fri.


Knallraud jakke mot steinveggen. Ha, ha, ikkje alltid like lett å posere når vinden kjem i fjeset og ein blir knipsa akkurat i det ein skal kaste på hovudet for å få bort håret! Broremann smilte han også. Grøne blad mot det mursteinsraude taket, det er slike kontrastar eg legg merke til. Heilt ute ved vatnet såg eg nokre lilla blomar, og eg sette meg på huk for å ta eit bilete av dei og havet.

24. mai 2020

Opp og ned og til slutt ein hyttetur

Litt som førre veke, har desse dagane vore opp og ned som ei berg-og-dal-bane. For det er ikkje like enkelt heile vegen å halde motivasjonen oppe når alt er så usikkert. Men me avslutta veka på hytta i lag med eit venepar, og det var kjempekjekt! På tysdag fekk eg med meg livesendinga "20 år for en barndom uten vold og overgrep", for i år er det tjue år sidan Stine Sofies stiftelse blei stifta. Livesendinga med musikk, intervju og helsingar var rørande, fin og viktig. Eg har høyrt endå ei kapittel frå den fyrste HP-boka, og Stephen Fry er berre fantastisk å høyre på, særskilt når han skal vere Hagrid! Sol, frisk luft og små gåturar hjelper på humøret, og eg har ledd mykje og samstundes senka skuldrene oppe på hytta. Vêret var ikkje det beste oppe på fjellet, men me har likevel hatt det kjempeartig med brettspel, god mat, liten tur blant lamma på Jørpelandsholmen, mykje prat og vel så mykje latter. Las mykje i dag tidleg medan det var tjukk tåke og regnet bøtta ned ute. Magisk start på sundagen. Måtte til slutt køyre heim, og no er det på tide å oppsummere veka:

✦ sjølv om Liket i biblioteket ikkje er Christies beste, har eg kost meg med nok ei Miss Marple-bok
✦ starte veka med ein bosstømmerunde rundt Stokkavatnet der me såg søte lam og fine sauar
✦ nydeleg cellomusikk frå Hauser, og du får høyre blant anna "Benedictus" og "Nessun Dorma"
✦ lese i fleire timar i strekk
✦ finne ein Legomann i ein busk som me skulle klippe
✦ sjå filmen Despicable Me 3 – å, den søtaste geita og alle dei kule minions
✦ tenkjer at den nye serien The Great ser skikkeleg kul ut
✦ makrellskyer ein maidag
✦ fjerde kapittel av den fyrste HP-boka, og det er er Stephen Fry som les
✦ hyttetur med dei finaste folka
✦ søte svaneungar og vind i håret då me torsdag var ute ved Hafrsfjord
✦ Synne skriv om ein båtkortesje på årets 17. mai
✦ følgje direktesendinga til Stine Sofies stiftelse tysdagskveld
✦ bryllaupsplanlegging i lag med ho som har spurt meg om å vere forlovar
✦ piknik med Loulou og Coco
✦ lese diktsamlinga Utsikt med et sandkorn som denne månadens litteraturprisvinnar
✦ å måtte stoppe på veg heim frå jobb for å ta eit lite bilete av dei der rosa blomane på eit tre
✦ bittesmå kaninungar, ein golden retriever og ein undulat – for ein herleg gjeng
✦ quiz på hytta med lys frå den lille parafinlampa som me kjøpte på Gotland i fjor
✦ kaffi i krus som matchar den prikkete duken på jobb (og høyrselsvern til grasklippinga)

22. mai 2020

#altblirbra

Raude hjarte, fargerike regnbogar, einhyrning og ord som #vistårsammen og#altblirbra. Eg ser dei fleire plassar i byen og rund Mosvatne. Ved Vannassen er det nokon som har laga til eit eige koronatre, og det varmar å sjå at oppi alt det surrealistiske finst det noko fint. Endene svømte fredfullt i vatnet, akkurat som før. For dei er framleis alt bra. For oss kjem det til å bli bra.

20. mai 2020

Gjennom ein djup tunnel

Ryfylketunnelen opna 30. desember i fjor. Tunnelen bind Ryfylke saman med Stavanger, og tunnelen er ein del av Ryfastprosjektet. Ein tunnel som er 14,4 kilometer og som er verdas lengste og djupaste. Akkurat som i Lærdalstunnelen, har dei laga til ein fjellhall med lys i for å halde på merksemda og konsenstrasjonen til sjåførane. Stilig! Og lysinstallasjonane på tunnelveggen minner meg litt om Tron-filmane. Elskar forresten den blåfargen, men det kom vel ikkje som ei bombe ;)