31. des. 2020

#2020bestnine


Fire Agatha Christie-bøker og seks kaffikoppar, det er liten tvil om kva bilete som har blitt mest likt på Instagram i løpet av 2020. Nydeleg illustrasjon av Lisa Aisato i boka Livet, egostrikk x2 (ein genser strikka sjølv og ein kjøpt brukt), telefonkiosk som no er blitt bokbu og bunaden min. Andre kjekke saker som ikkje er med på desse bileta: mange, flotte gåturar, biltur i Noreg, Flor og Fjære, Chess på Folketeateret og jula heime. Trur ikkje eg vil seie så mykje meir om 2020, for me veit alle at det innimellom har vore tunge og grå dagar, eg satsar på at 2021 blir eit betre og mjukare år.

30. des. 2020

Dekka bord og julehygge


Juleduk, julekaker, julekaffi, julemiddag, julehygge. Eg har jo allereie lagt ut liknande bilete i sundagslista, men no er det 30. desember, jula er nesten over og eg tenkte å dele eit siste innlegg med restar frå årets jul. Stressfri jul med dei nærmaste, og på mange vis gjorde det godt etter eit år som tjuetjue. Verken her eller på Sola bakte me noko mykje særskilt i forkant av jula, men det blei nesten sju slag. Zalo fann sin favoritt, tihi. Noko anna som smakte godt var rotgrønsakene me hadde ved sidan av kalkunmiddagen her hos oss andre juledag. Me dekka som vanleg bordet med mormorserviset, så stas å kunne ta det i bruk når me får gjestar på besøk. Julemorgon starta eg med kaffi og strikking (etter ein god frukost), og det var såpass lyst at det gjekk an å ta eit bra bilete av fargen på garnnøstet. Å, eg elskar den fargen, ein slags kremete rustraud med hint av orange og kvitt. Jobba i går og i dag, og skal ein liten tur innom i morgon formiddag. God nestsiste kveld.

29. des. 2020

Ekte steinansikt



Strikking, lesing, Kahoot! og brettspel har vore hovudaktiviteta no i desse romjulsdagane. Ute har ikkje vêret vist seg frå si beste side, men fyrste juledag var det jaggu meg sol og opphald. Me åt ein god julefrukost, slappa av med bok og kaffi før me i halv eitt-tida fann fram gode klede og tursko og køyrde ut mot Vigdelstranda. På dei små dammane låg det eit tynt islag, vinterlyset var så vakkert og eg fann fargar både i blåsane ved elles grå veggar og det sennepsgule messinglavet.




Målet for turen – utanom om det å faktisk gå ein tur – var å finne steinansiktet. Gjekk langs stranda, over små berg, eit par myrete område og ut i ei steinur. Steinansiktet er verkeleg eit ekte steinansikt. Ansiktet ser nesten litt surt ut, som om det gryntar. Ein artig, liten attraksjon. Presten, den kvite og store steinen, var også kul å sjå på. Fleire av dei andre steinane hadde teikningar og mønstre som var stilige, dette er verkeleg ein kjekk plass for alle oss "steingalne". 

 


Lyset lang ute ved havet! Sjølv om me var der midt på dagen, byrja sola sakte å sige ned medan me traska tilbake til bilen. Oransje, gråblått, lilla og gyllent lys på himmelen, alle fargane på ein og same gong. Å få til ein slik tur heilt på tampen av eit innimellom tungt år, det gjorde godt ♥︎

28. des. 2020

To bøker og to vindaugspynt i desember



To siste julebøker og to fine ting i vindauget. Adventsstjerna har eg hatt i fleire år, og den gir eit så varmt og gyllent lys kvar einaste advent. Kanskje skal eg byrje å ha den oppe gjennom heile mørketida?! Glaspynten i kjøkkenvindauget har eg også rokke å bli veldig glad i etter at eg fann den i ein bruktbutikk for to eller tre år sidan. 25 dager til jul var for meg ei av dei beste julebøkene eg las gjennom årets jul, akkurat passe søt og rørande. Klokkerens evangelium av Heivoll er ei kalenderbok. Undrande og drøymande er den med stemningsfulle illustrasjonar i svart-kvitt av Børge Bredenbekk, ei bok der kvart kapittel får deg til å stoppe opp for å tygge på orda og setningane. Årets siste veke er her snart skriv me 2021. Eg har starta veka med ein ekstra fridag. Herleg å berre lese, strikke, høyre på musikk og sjå ein serie. Takksam for ein slik måndag.

27. des. 2020

Inga kvit jul, men likevel ei bra jul 🎁🎄





Lite som minner om kvit jul her hos oss: det bøttar ned, det er mørkt overalt og det er heile seks varmegradar ute. Men julaftan og fyrste juledag var det frost på bakken og sola stod høgt på himmelen, nesten som eit lite glimt av desember og kvit jul. Om ikkje anna har det vore mykje hygge desse dagane (og som du ser av bileta: ein haug med julebøker på lesebrettet), god mat, ein veldig bra gåtur ute, julemusikk og julekos på jobb. Fridag i morgon før det er jobb tysdag, onsdag og halve torsdag. I kveld blir det middag heime på Sola, sikkert med ein dose quiz og brettspel kjenner eg denne gjengen riktig ;) Tenkjer eg skal lese litt no, men fyrst vil eg oppsummere veka:

✦ slappe av og kose meg med Love Actually etter jobben på måndag
✦ spele Kahoot! over nettet i lag med eit søskenbarn og dei på Sjusjøen
✦ tihi, for ein ordentleg søt chinchilla
✦ juledagstur ute ved Vigdelstranda i lag med manne min og broren min
✦ herleg kanin som er nysgjerrig på pakkane under treet (eller kanskje juletreet i seg sjølv)
✦ liker godt Mandy Baggots julebøker, og stas å kunne "besøke" Notting Hill i ei av bøkene hennar
✦ Abbie sin IG-konto er alltid så inspirerande, og her skriv ho så fint om Anne of Green Gables
✦ måtte berre ta bilete av den flotte konfekteska og det søte julekortet me fekk på jobb
✦ "Adventskos" – for eit koseleg innlegg inne hos Et katteliv
✦ stelle i stand litt julekos på jobb bittelille julaftan
✦ ein liten "inside look" All Creatures Great and Small, og no ligg jo serien på NRK Nett-TV
✦ The Christmas Countdown og One Christmas in Paris, søte, fine bøker med mykje julestemning
✦ rørande kjærleikshistorie – "Å aldri glemme den som glapp" – på NRKs nettside
✦ teste ut eit nytt spel, nemleg "Decrypto", og det er jaggu meg artig
✦ komme i gong med ein ny genser (nydeleg farge), og strikke medan eg såg Tre nøtter til Askepott
✦ to nydelege og stemningsfulle tilbakeblikk på oktober inne hos Niina: her og her
✦ sjå ferdig Endeavour, så utruleg spennande sesongfinale
✦ ete graut på lille julaftan, akkurat slik det skal vere kvelden før kvelden
✦ noko anna rørande (og her rann tårene mine som aldri før): "O Helga Natt" i koronaens jul
✦ Zalo har vore heilt med kvar dag, til dømes når me har ete julekaker
✦ lage kalkunmiddag her hos oss i går
✦ NRKs julekalender Stjernestøv starta treigt, men den blei betre og betre, og eg likte slutten

25. des. 2020

Julekvelden



Julekvelden 2020. Eller julemorgon aller fyrst. Me starta heime i leilegheita vår der me stod opp seint, ordna ein god frukost som me åt i lag med broremann rett rundt ti, og sidan sette eg meg til rette for å sjå Askepott få prinsen dette året også. Koste meg med ein lussekatt, god kaffi og strikketøy, akkurat slik ein julemorgon skal sjå ut. Utpå ettermiddagen pakka me klede i ein bag, fann fram julegåvene og fekk på oss finstasen, for det var nemleg på tide å køyre til Sola, heim til mamma og pappa. Julemiddagen smakte ypperleg, og til dessert var det som vanleg riskrem.

 

Zalo fann sin favoritt blant julekakene, og det var tydeleg at denne ville han gjerne ha meir av ;) Han var heilt i hundre, noko han er også i dag, og han var med på å opne alle julegåvene. Nydeleg, heimestrikka cardigan, rundpinnesett, te og kaffi, bok og nuperelleøyredobbar var noko av det fine eg fekk. Me avslutta kvelden med quiz, og eg trur eg snakkar for alle når eg seier at me hadde ein flott julaftan trass endra planar. I dag har me lese, eg har strikka, nokon av oss har gått tur, me har ete god mat og spelt eit nytt spel. Veldig fint med eit par rolege juledagar saman med familien.

24. des. 2020

Sommarleg julehelsing ☀️⛄️


Store smil blant alle dei fargerike blomane ute på Flor & Fjære. Ein magisk augustkveld som me ser tilbake på som eit av årets høgdepunkt. Årets julekortbilete er sommarleg med alle moglege fargar, akkurat det me treng etter ein lang og noko mørk haust. Lite snø i Stavanger, men sola skin som aldri før, eg har nettopp sett Tre nøtter til Askepott og no er det Reisen til julestjernen medan eg strikkar og drikk litt kaffi. Med denne lille teksten vil eg få ønskje alle ei riktig god og lun jul ♥︎

23. des. 2020

"Same procedure..."



Juletrepynt, graut, julekaker og ein gul fugl som er kul. Det er same pynten, den same maten, dei same folka som i fjor. Eller som miss Sophie seier: "Same procedure as every year, James.". Me skulle ha feira jula Sjusjøen, men kansellerte den planen og feirar heime på Sola, akkurat som i fjor. Eg trur me kjem til å få det fint og finne roa sjølv om ting ikkje gjekk heilt etter planen (noko som gjeld for mange i år). No er i alle fall treet pynta, grauten er eten opp, me har spelt julemusikk og smakt på julekaker, pakkane er på plass under treet og i morgon er det jaggu meg julaftan. 

21. des. 2020

Juletrepynt på eit kalendertre



Juletreet vårt som eigentleg er meint som ein adventskalender. Eg har ikkje kjøpt noko særskilt med julepynt i år, men eit par småting til å hengje på dette lille "treet" har eg funne. "Noel/noël" er det franske ordet for "jul", og det lille broderiet fann eg på denne Etsybutikken. Raudstrupen i ull klarte eg ikkje å gå forbi då me stakk innom butikken All verdas gåver og bruksting på Nesflaten den siste dagen av bilturen vår i sommar. Og det lysegrøne keramikktreet fann me i ein liten butikk i Valdres. På Etsy finst det så mykje fint, berre synd at det generelt er blitt dyrare med dei nye tollreglane. Men, men. Eg fann nemleg også desse to flate trejulekulene der: den fyrste med "All I Want for Christmas is You" frå denne butikken og HP-pynten fann eg her. Til slutt kunne eg ikkje motstå det søte reinsdyret på ei julekule frå Søstrene Grene. Eit slags minijuletre i stova vår.

20. des. 2020

Litt av kvart inn mot jul



Berre eit par dagar igjen på jobb og så er det jul. Tviler på at det blir kvit jul her i byen, men julestemninga er nesten heilt på plass, me har ein akkurat passe julepynta heim og eg er framleis ikkje lei julemusikken ;) Har du julestemninga på plass?! Feire tolv år i lag, starte dei aller fleste dagane med kaffi og bok, ein episode av Stjernestøv kvar dag og greie dagar på jobb er ei av dei siste vekene i 2020 ganske så kort oppsummert. Eg har bytta vakt i morgon, så sjølv om eg har jobba helg, blir det grytidleg opp. Det er difor snart leggjetid, og vekas høgdepunkt finn rett under:

✦ juleboka A Wedding in December av Sarah Morgan med latter, tårer, forviklingar og glede
✦ å høyre songen "Six Ribbons" på radioen, og det attpåtil på årsdagen vår
✦ dette innlegget om at det plutseleg blei desember (via Et katteliv)
✦ fargerikt hus midt mellom to blokkar midt i byen
✦ søte og sjarmerande dyr som også vil vere med på julefeiringa
✦ adventsstjerna vår lyser så varmt og gyllent i vintermørket
✦ koselig å få eit lite bilete av høna Silje som altså to kollegaer har kalla opp etter meg
✦ kreativ måte å stå på rullebrett på, må berre smile stort av dette påfunnet
✦ lune morgonar med kaffi i koppen og adventsstaka i vindauget
✦ kulaste undergangen i byen
✦ spele litt "LetraMix" i lag med min betre halvdel og broremann etter middagen i kveld
✦ og Jonna tar dei mest magiske bileta, sjekk ut nettbutikken hennar her
✦ den siste boka i samband med #readchristie2020 blei Remembered Death (Sparkling Cyanide)
✦ kanskje me skal få til eit besøk til Magma Geopark neste år
✦ juleraude tulipanar på jobb
✦ "Top 10 Movie Soundtracks That Will Make You Cry" – fordi filmmusikk ♥︎
✦ stikke innom frisøren og få i stand julesveisen
✦ fin, liten og nusseleg katt som liker å bli klappa
✦ at "Home for Christmas" med Maria Mena endeleg er ute på norsk: "Jula hjemme"
✦ bokklubbmøte over nettet med finaste gjengen