Men dette var dagen i går. Eller, eigentleg kva dag som helst der eg har litt ekstra tid om morgonen. Kaffi og ei bok. Kanskje to. Eller ei tredje bok. Slike stunder tar eg med meg vidare gjennom dagen. Å ha god tid om morgonen kjem eg til å ha mindre av når eg byttar jobb om eit par veker. Eg kjem til å sakne kollegaane mine, alle bøkene eg får sjå kvar dag og slike rolege morgonar. Men eg kjem til å jobbe meir normale tider, måndag til fredag og ikkje kveldar eller helger – eg trur det kjem til å gjere godt. Så får eg nyte dei seine morgonane no medan eg kan, og så klart helgemorgane
Viser innlegg med etiketten tankar og skribleri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tankar og skribleri. Vis alle innlegg
18. mars 2026
For no, slike morgonar
Men dette var dagen i går. Eller, eigentleg kva dag som helst der eg har litt ekstra tid om morgonen. Kaffi og ei bok. Kanskje to. Eller ei tredje bok. Slike stunder tar eg med meg vidare gjennom dagen. Å ha god tid om morgonen kjem eg til å ha mindre av når eg byttar jobb om eit par veker. Eg kjem til å sakne kollegaane mine, alle bøkene eg får sjå kvar dag og slike rolege morgonar. Men eg kjem til å jobbe meir normale tider, måndag til fredag og ikkje kveldar eller helger – eg trur det kjem til å gjere godt. Så får eg nyte dei seine morgonane no medan eg kan, og så klart helgemorgane
Merkelapp
bøker,
kvardag,
tankar og skribleri
12. mars 2026
Rett utanfor terrassedøra
Ruskar godt i veggane. Ute både regnar og blåser det ganske heftig no i kveld. Me sit her og går gjennom førehandsvisninga for bustadannonsen for leilegheita vår. Snart er den heilt klar til å seljast. Om berre nokre minutt, tenkjer eg å ta fram ei god bok og slappe av med den. Prøve å stenge ut lyden av vindkasta. Snøklokkene vaiar nok der ute, men det er fint å vite at me faktisk har desse blomane ved hekken i hagen vår. Det aller vakraste vårteiknet berre rett utanfor terrassedøra.
Merkelapp
kvardag,
tankar og skribleri
19. feb. 2026
Lengt
Glimt av snøklokker for halvanna veke sidan. Så ingenting. Snø fall på laurdag, snø fall i går. Med lyn og torden. Sola titta fram, og i morgon er det meldt vind og sludd. Eg veit ikkje, eg berre håper dei ligg der enno. Under snøen, snart klare på å titta fram på ordentleg. For vinteren har vore kaldare i år enn dei føregåande åra. På ein måte er det fint å ha vintervinter, ikkje berre sur vind og våt slaps, men mars byrjar å nærme seg og eg vil sjå dei søte, små blomane som alltid pleier å vise seg no. Kryssar fingrane for at den tida er her snart. Lengtar etter vår. Vår, du kjære, vakre vår.
Merkelapp
kvardag,
tankar og skribleri
18. des. 2025
Klare solstrålar
Mellom Sjøholt og Trondheim i oktober. Store delar av køyreturen var full av regn, regn og atter regn, men ein plass langs vegen skein det opp. Solstrålane lyste sterkt og klart gjennom skyene, verkeleg eit syn. Nesten som eit måleri. For sjølv om me berre fekk sjå det for ei lita stund, var det rein himmelmagi. Solstrålar eg finn fram i minnet på slike regntunge dagar som no.
Merkelapp
foto,
tankar og skribleri
1. des. 2025
Rosatonar høgt der oppe
Fuglane som fauk over ein himmel i brann i dag tidleg. Sjølv om eg sat i sofaen med ei god bok og naut kaffien, måtte eg ut på terrassen før klokka var ni. Sukk, det har vore fleire slike morgonar i det siste, og når eg gjennom dei små stovevindauga ser at det byrjar å lysne ute, reiser eg meg opp og går bort til terrassevindauga. Står der og tittar ut. Til slutt tar eg på meg ei jakke og nokre sandalar, kameraet over skuldera og går ut for å beundre fargespelet høgt der oppe på himmelen.
Merkelapp
foto,
kvardag,
tankar og skribleri
7. nov. 2025
Dagens morgonhimmel
Før jobb i dag, ein morgonhimmel fyrst rosalilla og etter kvart gyllen oransje. Kanskje ikkje den fyrste soloppgangen sett frå vår nye heim, men like fullt den fyrste soloppgangen eg verkeleg har fått med meg etter at me flytta. Eg sat i stova og skulle hente meg meir kaffi då eg fekk auge på morgonhimmelen gjennom det eine stovevindauget. Tok på meg sko og jakke, gjekk ut på terrassen og sat der eit par minutt medan eg drakk kaffi. Ikkje lenge, men nok til å kjenne ein form for morgonro. Slike stunder er gull verde, særskilt no om hausten når dagane kan vere grå. Å gå ut på terrassen og sjå opp på morgonhimmelen full av fargar, berre vere utan å tenkje på så mykje anna.
Merkelapp
foto,
kvardag,
tankar og skribleri
29. sep. 2025
Balkongmagi
"It was a September evening and all the gaps and clearings in the woods were brimmed up with ruby sunset light." (Anne of Green Gables, L. M. Montgomery). Kanskje ikkje i dag, heller ikkje kvar dag, men september har vore slike kveldar. Magisk lys over naboblokka, solnedgangar som gjorde at eg berre måtte stå ute på balkongen ei stund for å nyte synet, eit par stunder med lesebrettet i fanget og lanterner på bordet. Ein siste haust og september med dette som utsikt, litt rart å tenkje på.
Merkelapp
foto,
kvardag,
tankar og skribleri
26. aug. 2025
Pausestunder
Pust i bakken. Ein pause. Å gå ein liten tur ved Mosvatnet, ta fram lesebrettet og lese nokre sider. Sundagslesing ute på balkongen medan det framleis er sommar. Litt is og kaffi attåt. Strikketid inne om kveldane. Høyre på roleg musikk. Sende ei melding til ei god veninne. Vekene etter ferien har på ein måte vore travle, og med huskjøp på toppen, kjenner eg at eg slit med å senke skuldrene.
Spasertur rundt Vannassen her om dagen. Kjem til å sakne å sitje der med ei bok i fanget, for når me etter kvart flyttar, er ikkje dette vatnet like tilgjengeleg. Forhåpentleg finn eg ein ny plass som kan vere ein stad der eg kan sitje og berre la tankane fare. La sidene fyke av garde. Ikkje bokstaveleg altså, men som i at eg les side etter side fordi boka er så bra. Fordi eg treng å lese, treng å ta ein pause. Eg prøver å ta vare på alle desse små stundene no når eg føler eg ikkje heng heilt med.
Merkelapp
bøker,
kvardag,
tankar og skribleri,
tur
19. mai 2025
Som små bukettar
låg blomane på ein stein,
løvetennene rett ved.
Lilla og gult
langs vegen der eg traska.
Eg stoppa opp og smilte.
Ein annan plass
engkarsen tett i tett.
Som mange små bukettar.
Merkelapp
kvardag,
tankar og skribleri
17. des. 2024
Brunt er lunt
Mosvatnet 16. desember 2024. Nei, brunt er ikkje min favorittfarge, men på ein måte er det ein lun farge, i sterk kontrast til dei sterke haustfargane. Gjekk til seinvakta på jobb i går, det brune lauvet låg langs stien, og hadde det vore varmare (og eg hadde hatt betre tid), kunne eg glatt ha tatt meg ein paue på benken. Berre sitje der eit par minutt og la føtene kvile og tankane vandre av garde.
Merkelapp
kvardag,
tankar og skribleri,
tur
8. nov. 2024
Lyspunkt nett no
Sikkert nokon som tenkjer at det er for mange bilete av haustfargane her på bloggen no. Men for meg kan det ikkje bli for mykje av dei fargerike blada, all konfettien (eller lauvet) som ligg på bakken og lyser opp. Eg treng det, alt som kan gjere kvardagen mjukare. For november kjem alltid med meir enn ein grå dag, og det å vakne opp til valnyheitene på onsdagsmorgon, det var ikkje ei god kjensle. At eit lite tre rundt Mosvatnet framleis held på sine knallraude blad, at ei bjørk lyser både gult og grønt og at eit anna tre står der med sin varme, gylne farge – alt dette får meg til å senke skuldrene.
Merkelapp
kvardag,
tankar og skribleri
31. jan. 2024
Turtankar
Dropane renn nedover vindauget, ute regnar det. Lengre nord i landet er det meldt ekstremvêr, så regn på ruta og ruskevêr er ikkje det eg skal klage på. Og berre i går var det mjukt kveldslys over naboblokka. Måtte ta ein liten videosnutt i same slengen då eg fyrst stod ute på balkongen. Det øvste biletet er frå fredagens kveldshimmel. Utsikta ser eg jo omtrent kvar dag, men ein himmel full av forskjellige fargar, eit lys som dansar før det blir ordentleg skumring, eg blir ikkje lei. I morgon er det fyrste offisielle dag i ny jobb. Eg er spent. Nokre av dagane må eg jobbe kveld, og eg veit ikkje om eg er hundre prosent klar for det. Men eg antar det går seg til. Kanskje kan eg gå til jobb dei dagane vêret er bra. Eg vil så gjerne utforske nye stiar, gå vegar eg ikkje har gått før, eller ikkje gått på lenge. Eg lengtar etter våren når dagane er lengre og me kan utforske nye plassar i lag i helgene. I alle fall dei helgene eg ikkje jobbar. Gå hand i hand, stoppe opp for å ta eit bilete, gå raskt for å kjenne pulsen stige, nyte det å vere ute i vårlufta. Og etter kvart alt det grøne om sommaren og sidan alle haustfargane. For det er ikkje berre kveldshimmelen som tel sjølv om det nett no kan sjå sånn ut.
Merkelapp
foto,
kvardag,
tankar og skribleri
26. jan. 2024
🕊🎶
30. desember 2022. Tankar om ein song på årets nest siste dag. For eit drygt år sidan skreiv eg ned nokre ord om "Benedictus" av Karl Jenkins. At eg fyrste gong høyrde den på julekonsert med Ole Edvard Antonsen på trompet i konserthuset. At eg har fleire versjonar av den på julesonglista mi, og fleire av versjonane også er på lista mi over rolege songar. Songar eg ofte speler medan eg sit og les. Berre i dag dukka songen opp to gongar i løpet av ganske kort tid. Kvar gong den kjem, kjenner eg at skuldrene blir låge. Ro. Stille. Når regnet piplar ned ute, ein dag er grå og ting er kjipt, kan likevel "Benedictus" få det heile til å sjå lysare ut. Karl Jenkins forklarer her kvifor songen kjennest så vakker og mektig ut på same tid. Komponisten skreiv songen som ein del av messa The Armed Man – A Mass for Peace, ei messe dedisert til offera under Kosovo-krigen på 90-talet. Med alt som skjer i verda no, er heile verket enno aktuelt. Av og til set eg på heile messa og høyrer meg gjennom det dramatiske, det triste, det rolege, det håpefulle. Melodisk håp om ei betre verd. Ein melodi eg kan høyre om og om igjen, i mine øyre som balsam for sjela. Vakker harmoni, uansett tid og stad.
Merkelapp
musikk,
tankar og skribleri
5. jan. 2024
Stjerna i vindauget
Fredag og tolvte dag jul. Trettande dag jul er snart her, og det er på tide å ta ned julepynten for denne gong. I vindauget heng framleis adventsstjerna, den eg har hatt med meg frå rommet på Sola via åra våre i Kristiansand til leilegheita her i Stavanger. Stjerna som skin med sitt varme lys på dei mørke og kalde dagane. I blåtimen eller seinare. Eller tidlegare viss det er om morgonen. Det er ei lys i mørketida. Både bokstaveleg tala og i overført tyding. Fordi den får meg i ei stemning der eg finn roa, der eg kan setje meg ned i sofaen, høyre på roleg musikk og verkeleg dykke ned i ei bok.
Merkelapp
tankar og skribleri
4. okt. 2023
Regntankar
Regn og sol, sol og regn om kvarandre. Både i går og i dag er det akkurat slik vêret har vore her i Stavanger. Gjekk ein minitur i går, og på veg heim skulle eg innom butikken for å handle. Jaggu meg datt regnet ned som berre det då eg gjekk ut av butikken, og eg likna litt på ein drukna katt då eg var vel heime, ha, ha! I tillegg høyrde me godt lyden av regnet som fossa ned på taket då me var på øvinga i går kveld. Lyst og grått om kvarandre, hausten i eit nøtteskal. Og så regnet på ruta, dropane som renn lengre og lengre ned til dei til slutt er borte. Den gule glaskula lyser opp sjølv i gråvêr.
Merkelapp
kvardag,
tankar og skribleri
7. juni 2023
Så blå, så blå
Kjenner framleis eg er trøytt i auga etter å lese ferdig ei bok der dei siste sidene var rørande. Tårene mine rann. Ser litt på ein av dei siste Great Canal Journeys-episodane, og det er vemodig å sjå på. Mimring og ein siste tur, å følgje Tim og Pru, demensen hennar og kjærleiken dei har for kvarandre. Å halde saman, i tjukt og tynt. Halde hender på kjente stadar og på nye plassar. Eg vil halde handa til mannen min, halde handa hans medan me traskar på nye stiar. Kanskje tittar me ned og får auge på grøftekantsblomar, eller kanskje tittar me opp og får auge på ein himmel så blå som aldri før. Blå og med mjuke, kvite dottar som berre ligg der og flyt. Eller kanskje dei flyr. Like fri som fuglen. Dagar med ein slik himmel. Som gjer at eg må stoppe opp på veg frå jobb. Så blå, så blå.
Merkelapp
foto,
tankar og skribleri
5. juni 2023
Togaugneblink
Ute på bøljan blå. Måndag og ny veke starta med båttur i lag med heile Jærmuseet. Flott tur sjølv om det var noko kaldt og eg for det meste sat inne og prata saman med nokon av dei andre kollegaene mine. Mai månad var det lengre turar langs bakken eg fann glede i. Den siste lange togturen var jo i eit trist høve, men ein tur langs Sørlandsbanen gir meg låge skuldrer. For det er eit eller anna ved det å ha tid til å berre sjå på landskapet rulle forbi utanfor vindauget. Fyke forbi, forandre seg over tid. Lese i ei god bok, drøyme meg vekk ein liten augneblink. Ta fram strikketøyet og strikke nokre omgangar før eg nok ein gong tittar ut togvindauget. Kanskje får eg auge på nokre søte lam ute på ei eng, ein foss som brusar ein annan stad. Flate Jæren, grøne tre, våren langs togskjenene.
Merkelapp
reise,
tankar og skribleri
31. mai 2023
Å reise langsamt


Mellom vest og aust og tilbake igjen med toget to gongar denne månaden. Utanfor togvindauget har landskapet foke forbi, det same har tankane. Små vatn og berg, blomar og ugras mellom jernbaneskjenene, kvitveis i fleng i skogholtet, lyseblå himmel. Seinare ein kveldshimmel med eit dust og nydeleg lys. Tidlegare på dagen forbi flate Jæren med gule blomar på engene.

Bøkene er alltid med meg, aldri ein togtur utan. Bøker i fleirtal, eg kan jo ikkje risikere å gå tom for lesestoff. Fekk også strikka eit par omgangar på den eine genseren eg held på med. Sauane sprang og lamma hoppa rundt i det grøne graset. I Drammen såg eg plutseleg eit bygg full av fargerik graffitti, og på heimevegen knipsa eg eit bilete av ein raud robåt som låg på land i det noko grå vårvêret. For den sundagen var litt trist og grå. Samstundes, å reise langsamt, låge skuldrer.
Merkelapp
reise,
tankar og skribleri
13. jan. 2023
Helgeord
Stearinlys på bordet og ei bok i fanget. Min fredagskveld, og eg klagar ikkje. I bakgrunnen høyrer eg på Enya, kjenner helgeroa dett på. Nyleg såg eg ein filmtrailer for ein film som er basert på ei av mine favorittbøker som eg las i 2021. Den må eg få med meg på kino. Solnedgangen medan eg venta på toget heim i går, var fargerik og nydeleg. Skyene var farga oransje, rosa, grått og gult om kvarandre. Dei siste dagane har det regna mykje, så ein slik ettermiddag var litt ekstra fint.
Merkelapp
foto,
kvardag,
tankar og skribleri
Abonner på:
Innlegg (Atom)





