Viser innlegg med etiketten mat og drikke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat og drikke. Vis alle innlegg

2. sep. 2026

Jordeple



Artig å sjå at under ti setjepotetar kan bli til så mange middagsklare potetar. Fyrst fekk me nokre agurkar, dimed ein heil haug med tomatar (og enno kjem det fleire), og i dag innhausta me desse Nansen-potetane. Både gøy og fascinerande å sjå kva me kan få til i vår eigen, lille hage.

27. aug. 2026

Hagesalat





Agurkar og tomatar rett frå vår eigen hage. Det er ikkje fyrste gongen me prøver å dyrke akkurat dette, men det er ein del år sidan sist, og då hadde me det "berre" i stova og litt ute på balkongen. No har me dyrka det ute på terrassen (agurkane stod ei god stund inne før me sette dei ut) og i pallekarmar. Agurkane har me ikkje meir av, men tomatane derimot, dei er det framleis mykje av. Ordentleg gøy å kunne gå ut i hagen, plukke både det eine og det andre og sidan lage gode salatar.

13. aug. 2026

Moro når Zalo også vil ha sundagsmiddag




Skal ikkje klage på sundagsmiddagen heime på Sola. Me fekk servert ein god grateng, og til dessert hadde me tatt med oss ein pavlova. Nam! Litt kaffi attåt blei det også i tillegg til mykje prat og latter, særskilt då me prøvde oss på ein ny variant av "UNO". I ein spelbutikk i Nederland kjøpte me "UNO Liars". Ha, ha, det kan eg berre seie med ein gong – det er ikkje alle som har like mykje pokerfjes ;)




Ler litt av Zalo, for så klart skulle han også ha middag. Han er ikkje i full fyr og flamme kvar gong, men denne sundagen var han heilt med. Det var heilt tydeleg at dette var ein middag heilt etter hans nebb. Tihi, han er jaggu meg ein kul, gul og grøn krabat som gjer akkurat det han sjølv vil.

29. juni 2026

Bursdagspiknik





Attpåtil i ein botanisk hage. Inkludert i Morgenleveringa som kom på døra laurdagsmorgon, var det ein ordentleg bollebonanza (jepp, pakka heiter det). I staden for å ete bollane inne, fann me fram piknikteppet og -korga og sykla det lille stykket til den botaniske hagen rett ved universitetet. 
 





Las nokre sider i kvar vår bok etter å ha ete. Kaffi måtte me jo så klart ha, ingen piknik utan, eller kva?! Og så er det kjekt å bruke kule våre turkoppar av emalje. Me sat der ikkje så lenge som me ønska sidan det kom eit brudepar med fotograf som ville ta bilete i det området me sat. Ja, ja, det var no uansett ein veldig fin utflukt der me slappa av blant alle dei vakre, fargerike blomane.

22. juni 2026

Under ei gammal hengjebjørk






Trerettars middag på Kronen Gaard, sånn omtrent på denne tida av året. For i år som i fjor og åra før det, tok me turen ut til Vatne i går for å ete ein god sundagsmiddag i eit lokale med historisk sus. Like koseleg kvart år å feire bryllaupsdagen vår der ute i lag med familien, ofte i samband med ein bursdag eller to. Denne gongen hadde eg gulrotsuppe til forrett, sursteik til middag og crème brûlée til dessert (joda, det freista med supergode sjokoladefondanten, men eg ville prøve noko anna i år, og den skuffa ikkje). Valde den friske eple- og rabarbrajuice frå Lyngnes gård på Randaberg, 







Blikket mitt fell på blondegardinene, tapetet og alle tinga med ei historie. Slik vil det nok alltid vere, det er noko med stilen der ute som gjer at det er både fint og koseleg å vere der. Nokre bilete under hengjebjørka er obligatorisk, både for dei som vil og dei som ikkje er fullt så gira. Ha, ha, om ikkje anna blir det artige bilete av slikt. Vintagekjolen frå Canada fekk lufta seg, den er innmari stilig, både i fargane, fasongen og mønsteret. Og så er den eit kjært minne frå ei reise eg aldri gløymer.

18. juni 2026

Gardsbutikken er open!






Og der var butikken open! Kjempegøy å vere med på opninga av Littbonde-butikken på tysdag. Superstolt av all jobben den gode gjengen har gjort til siste sekund, og like stolt over gutta som har hatt dette som ein draum ei god stund: ein liten gardsbutikk i byen. Varaordføraren var med på opninga, pressen var der og ikkje minst kom det mange kundar som alle ville sjå butikken og handle fine gåver og lokale matvarer. Eg vil påstå at her er det noko for ein kvar smak.
 





Kleppes mikrobakeri leverer knallgode surdeigsbrød og andre bakevarer, frå Chewy's finn ein cookies som får ein til å sikle, hudkrem frå Symre, fine bivokslys frå Bolstadøyri, kaffi og diverse krydder står stabla i hyllene, og så kan ein også finne søte og koselege interiørartiklar. Så neste gong du er i Stavanger sentrum, må du ta deg ein tur innom Littbonde i Pedersgata 57.

9. juni 2026

Tid for scones i vår eigen hage



Framleis litt rart at me har ein hage som berre er vår. Det har ikkje vore den varmaste våren, så mykje hagetid har det ikkje blitt til no. Heller ikkje i dag, for regnet verkeleg plaska ned store delar av dagen. Men etter orkesterøvinga på laurdag, sat me ei lita stund ute og senka skuldrene. Heimelaga scones med heimelaga sitronkrem, kaffi, kvar vår bok og ein liten dæsj med oreoiskake. Så må me nok beise plattingen på sikt og kanskje også terrassen, men pyttsann.

1. juni 2026

Morgonlevering



Bryllaupsdagsfrukost på døra. Mannen min hadde nemleg tinga heim morgonlevering med blomar, og til frukost laurdagsmorgon blei det rundstykke, god juice og kake. Sistnemnde hadde me jo etter frukosten sjølve, for då venta det meir kaffi og ei god bok. Litt luksus må ein ha på ein slik dag!

19. mai 2026

17. mai i huset 🇳🇴




Så var det kanskje ikkje den størte feiringa av nasjonaldagen i år, men det gjorde oss eigentleg ingenting. Fint å ha ein roleg morgon der me høyrde korpset spele i gatene i nabolaget, bruke lang tid på frukosten, sjå og høyre Hans Majestet Kongens Garde på NRKs direktesending og etter kvart pynte oss. Ute titta sola fram, og me tok nokre bilete av oss sjølve i finstasen. Like stas kvart år å kunne ta fram bunaden, den mormor sydde til sitt eige bryllaup for dryge sytti år sidan. 





Litt etter litt dekte me bordet, kokte kaffi og gjorde i stand til kaffibesøk. Dei me pleier å vere hos på 17. mai held på med noko røyrarbeid og det var difor ikkje aktuelt at dei skulle stelle i stand noko i år. Me inviterte dei og ei anna veninne av oss hit på scones, heimelaga sitronkrem, oreiskake, kaffi og quiz, og det var superkoselege timar i hyggeleg lag! Og ja, det er den faste frukostquiengjengen som var her om nokon skulle lure på kvifor eg nemnde quiz ;) Utpå kvelden var det av med finstasen og fram med god og enkel pasta carbonara. Over og ut frå vår fyrste 17. mai i huset!