31. jan. 2020

Mimrekveld

Årets fyrste månad er nesten, nesten over. 2020 er godt i gong, men i går kveld var det ein liten mimrekveld tilbake til fjoråret. Me tok nemleg fram minneglaset, det glaset der me i løpet av eitt år puttar lappar oppi, lappar som me har skrive ned forskjellige opplevingar og minne på. Laga oss te som me hadde i dei finaste krusa, tente stearinlys og fann fram bittelitt søtt å bite i. Dette er ein av årets koselegaste tradisjonar. Berre han og eg, alle minna, kjærleik, latter og glede. I tillegg er det ein kjempekjekk måte å oppsummere året på. Håper på like mange slike stunder i løpet av 2020.

29. jan. 2020

Ute i nærområdet ein flott januardag

Svane i einsam majestet. Ein sjarmerande og nysgjerrig katt. Silhuett av tre andre svaner, skugge av meg sjølv på graset. Eit krokete tre. Brune blad som blir gylne av sollyset. Turen eg gjekk rundt Vannassen på fredag var akkurat slik, verken meir eller mindre. Det gjorde så godt å kunne vere ute ei stund i vintersola, kjenne frisk luft og berre nyte ein slik flott vinterdag.

27. jan. 2020

Bønn for Tsjernobyl

Denne boka. Av og til er det vanskeleg å skildre det ein har lese, for ein sit igjen med så mange kjensler og like mange inntrykk. Slik har eg det no etter å ha lese Bønn for Tsjernobyl av Nobelprisvinnar Svetlana Aleksijevitsj. Ho vann prisen i 2015 "for hennes flerstemte forfatterskap, et monument over lidelse og mot i vår tid". Boka er den fyrste ut i mi eiga utfordring der eg skal lese ei bok i månaden av ein forfattar som har vunne Nobels litteraturpris. Opp gjennom åra er det nokså få kvinner som har vunne, og eg ønskjer å lese desse, få dei fram i lyset. Aleksijevitsj har intervjua fleire personar over mange år, personar som alle på kvar sine vis blei direkte råka av Tsjernobyl-katastrofen. Kvart kapittel er forma som ein monolog der forfattaren, altså intervjuaren, ikkje er til stades. Orda frå dei som snakkar slår hardt, dei blir ståande lenge. Eg trur det er vanskeleg å skjønne korleis det var å stå midt oppi det heile, uansett om du var brannmann eller bonde, barn eller vaksen. Dette er ei bok eg kjem til å hugse lenge, har du nyleg lese ei slik bok?

26. jan. 2020

Januarsol, mykje kaffi og fleire kvardagsgleder

Altså, gurimalla: Vidar Magnussen då han dirigerte "Imperial March" frå Star Wars i førre vekes Maestro var så himla, utruleg bra! Berre sjå denne herlege videosnutten! Vel, nok ein sundag er her, i morgon er det på'an igjen med morgonskiftet. Det beste med å ha kveldsskift, er at eg kan starte omtrent kvar dag med å lese i ei bok medan eg drikk kaffi, ofte den andre koppen for dagen. Ei av bøkene eg nettopp har lese, er The Murder of Roger Ackroyd, og eg må småhumre litt når eg les slike skildringar av Poirot: "The Intelligence Corps has proved a broken reed. Presumably the man has milk and vegetables and joints of meat and occasional whitings just like everybody else, but none of the people who make it their business to supply these things seem to have acquired any information. His name, apparently, is Mr. Porrott – a name which conveys an odd feeling of unreality. The one thing we do know about him is that he is interested in the growing of vegetable marrows." (s. 19). Nydeleg solnedgang og like nydeleg vintervêr, fleire copper kaffi, herleg humor på jobb og elles ei grei veke. Kvardagar kan vere ganske så fine. Ny vekesoppsummering: 

✦ har lese den fyrste boka i utfordringa #readchristie2020: The Murder of Roger Ackroyd
✦ rakk ikkje å knipse bilete, men fint å sjå tre rådyr då eg sykla til biblioteket tysdag ettermiddag
✦ ny video med Loulou og kvalpane hennar, så søte og nusselege
✦ blir aldri lei av å sjå ein slik nydeleg solnedgang over naboblokka
✦ kan hende eg har delt denne før for lenge sidan, men eg ler meg skakk av "Mallorcablusen"
✦ artig å sjå den same figuren som me såg på Solastranda på ein vegg i Gamle Stavanger
✦ førre vekes Maestro med songar frå bla. Kaptein Sabeltann og Harry Potter
✦ eit tiår med filmmusikk i ein fin medley
✦ kaffi i ein Mummikopp måndagsmorgon
✦ hjarte på ei trestamme
✦ "Crosswalk the Musical in Paris – Les Miserables" – like morosam som dei andre musikalane
✦ lese Bønn for Tsjernobyl som den fyrste boka i mi eiga Nobels litteraturprisufordring
✦ møte på eit sjarmtroll av ein katt her om dagen
✦ at Grace & Frankie er tilbake på skjermen
✦ kjempefin minimalistisk plakat inspirert av den rørande It's A Wonderful Life
✦ tommel opp for vintersola
✦ sollyset gjennom dei brune blada som fortsat heng på trea
✦ sundagsmorgon med kaffi i koppen og noko søtt attåt
✦ "When Norwegian TV Actually Appreciates Classical Music" – TwoSetViolin, altså :)
✦ sola over Mosvatnet då eg sykla heim onsdag etter jobb

24. jan. 2020

Nysgjerrig sjarmtroll ved Vannassen

Skulle setje meg til rette for å lese etter frukosten i dag, men det varte ikkje lenge. For sola skein inn gjennom vindauget og eg kjente at eg berre måtte komme meg ut ein tur. Å kjenne sola i andletet, det er ei like bra kjensle kvar einaste gong. Eg traska bort til Vannassen, og før eg hadde byrja på runden rundt, kom denne fine katten meg i møte. Å, ein ordentleg bartekatt som var nysgjerrig og som ønskte å leike. Tihi, rett og slett eit sjarmtroll! Eit koseleg møte på ein flott januarfredag.

22. jan. 2020

Vintersol langs ei sykkelrute

På veg heim i dag tok eg ein liten omveg slik at eg sykla langs Mosvatnet. Til vanleg syklar eg nemleg på den relativt nye sykkelstamvegen som går strake vegen rett til sentrum. Etter fleire timar som badevakt (me har ope heile dagen kvar onsdag) var det godt å komme ut i frisk luft. Då det attpåtil var sol, sykla eg heim med eit stort smil om munnen. På ei trestamme såg eg eit hjarte som var skore ut, antakeleg ein gong for lenge sidan. Det brune haustlauvet låg på bakken og fekk eit gyllent preg av sollyset. Endene svømte fredeleg ute på vatnet og sol titta fram bak trea. Vintersola!

20. jan. 2020

Ei stund om morgonen

Kaffi i koppen, denne dagen i eit av Mummikrusa våre. Det er framleis mørkt, eller i alle fall ikkje heilt lyst. Nærmare blåtime. Mannen min er allereie på jobb, eg har ikkje ete frukost enno. Berre sit her i sofaen litt, eg og kaffien. Eg og stilla. Tar fram lesebrettet og les vidare i ei bok eg har latt liggje ei stund, men som eg no er heilt oppslukt av. Slike morgonar set eg veldig stor pris på. Kanskje særskilt etter ei helg med full rulle og ein god del støy. Morgonstund i all si enkelheit.

19. jan. 2020

Travel jobbhelg og ein god del anna

Fyrste øving med orkesteret i 2020 og det same med kveldsskiftet. Alt i alt har det vore ei fin veke med herlege kollegaer og ein del lesing, men på fredag var me i Horten for å vere med på gravferda til ei tante av meg. Ho hadde vore sjuk over ei lengre tid, men det er likevel aldri noko kjekt. Det var no fint å treffe familie og slekt igjen, og så var det stas å ta nattoget til Oslo natt til fredag. I helga har det vore full rulle på jobb, for når vêret ute er kaldt og grått, kjem det mange som ønskjer å svømme inne hos oss. Byrjar seint i morgon, og det skal bli godt å sove ut littegrann. Gleder meg til å sjå Maestro om eit par straksar, så eg tenkjer eg berre deler sundagslista no med ein gong:

✦ nyaste boka til Robert Seethaler (mannen bak den finaste boka Et helt liv)
✦ å ha med ein kvalp og eit lam på eit omsorgssenter
✦ ete lunsjpizza i lag med ei god veninne etter at me hadde vore på keramikkutsal
✦ nattog til Oslo og så sitje på med eit nytt togsett frå Oslo S til Skoppum
✦ koseleg, lita avslutning på jobb i dag for ein av dei faste vikarane våre
✦ veldig mange fargerike og nydelege blomsterbukettar inne hos Et katteliv
smakte godt med frukost på Thon Hotel Opera etter å ha tatt nattoget
✦ og eg blei ganske fascinert av taket og veggen i resepsjonsområdet på nemnte hotell
✦ hi, hi, dachsen Loulou er berre så fin og kul
✦ prate litt med ein forfattar eg er fan av i løpet av jobbsundagen
✦ dagslyset ute tidlegare denne veka
✦ nytt prosjekt med orkesteret
✦ ein song av Jonna Jinton inspirert av "Into the Unknown" frå Frozen 2
✦ bokhaug og te i ein finfin kopp
✦ treng nok litt påfyll, men veldig kult med eit slikt minibibliotek som det på Skoppum stasjon
✦ sjå musikalfilmen Oliver! frå 1968
✦ "Bring Him Home" sunge av Luke Evans
✦ fargekombinasjonen på nokre puter hos Kremmerhuset
✦ litt treig (det er ei stund sidan eg las boka), men likte Two Steps Forward om ein pilegrimstur

17. jan. 2020

Abibliophobia

Liker å kunne starte dagen slik. Ein haug med bøker på bordet, eit fint krus og anten kaffi eller te i kruset. Vel å merke så les eg ikkje alle desse bøkene på ein gong, men det er noko med det å alltid ha ein lesehaug. For eg har "abibliophobia" – frykten for å ikkje ha noko å lese. Hi, hi! Og no når eg har kveldsskiftet, kan eg faktisk starte dagane slik. Berre meg og boka, eit eige univers.

15. jan. 2020

Litt kvardag

Kvardagstekst. Om eit par timar skal eg sykle av garde til jobb. Før den tid tenkjer eg det blir lesing i ei av bøkene eg held på med, eg kjem til å fortsetje litt på fotoboka med bilete frå Sverige og det er vel det eg rekk før eg må stikke. Me var på øving med orkesteret i går, den fyrste i dette året. Nytt prosjekt, nye notar. Ute regnar det, men det ser ut til å letne. Forresten, eg ser no på siste episode av Looking for Alaska. Las boka i fjor, og eg må seie at miniserien fangar stemninga, karakterane er akkurat slik eg såg dei for meg i hovudet då eg las og tematikken er aktuell. Elles lite nytt å skrive om, og det same gjeld bilete, så eg sleng med eit herleg, fargerikt og uklart eit frå nyttårsaftan.

13. jan. 2020

Ikkje berre mørke vinterdagar

Dagslys. Sol og blå himmel. I desse lange og mørke vintermånadane er dette veldig etterlengta. Gjorde godt å sjå ut av vindauget i formiddag, for ute var det lyst. Ikkje lenge etterpå traska eg ein tur til butikken, og eg stoppa opp ein liten augneblink utanfor blokka vår. Kjente sola treffe andletet, naut dagslyset, såg på skuggespelet på naboblokka. Ikkje noko måndagsblues denne veka.

12. jan. 2020

Fem tidlege morgonar

Kvardagen er her igjen, og det har vore ei veke med morgonskiftet på jobb måndag til fredag. Fri no i helga og byrjar ikkje på jobb før kveldsskiftet på onsdag. Sjølv om eg ikkje liker å stå opp halv seks (halv fem ein av dagane), har det gått greitt og veka har gått fort. Elles har eg lese litt kvar dag, me var på konsert på onsdag og i går var eg på besøk hos eit venepar i fleire timar. Det har sånn sett vore ei akkurat passe roleg veke, i mine auge i alle fall. Om ikkje så altfor lenge kjem me til å setje på Maestro på TV-en, for eit artig program. Før den tid er det på tide å dele vekas høgdepunkt:

✦ varmt og gyllent lys gjennom skogen ein av dagane på veg heim frå jobb
✦ så gøy å sjå på Maestro, me ler og me ler og me ler
✦ Loulou og dei seks kvalpane hennar – så innmari søte og fine
✦ Over horisonten av Jojo Moyes, ei bok med sterke kvinnekarakterar og ei bra historie
✦ tinge tur til Trondheim i samband med NM janitsjar
✦ byrje å sjå den sterke miniserien Chernobyl på HBO
✦ høyre "Kamilla og Sebastian" to gongar på radioen i løpet av dagane på jobb
✦ og songen "Superstar" frå Jesus Christ Superstar på P9 Retro i dag tidleg
✦ Cantus med songen "Vuelie", dette er ein slik song eg kan høyre om og om igjen
✦ frosten på bakken
✦ oppsummere fjorårets bokår
✦ dei beste opningsscenene i Christie-bøker
✦ kanskje ikkje julestemning, men ei lun vinterstemning i Gamle Stavanger
✦ kjekt at My Piece of Wood reposta innlegget som eg delte på Instagram
✦ kjempebra nyttårskonsert med SSO, artig konferansier og dyktige solistar og dirigent
✦ søt og akkurat passe romantisk bok: Josh & Hazel's Guide to Not Dating
✦ må småhumre litt av denne A Very Potter Musical-saka
✦ besøke eit venepar i går, med kaffi og noko attåt, mykje prat, latter og kulaste "Kortskalle"
✦ sjå den fine filmen Chariots of Fire med musikk av Vangelis

10. jan. 2020

Mitt bokår 2019 📚

For min del er det ikkje viktig kor mange bøker eg les, men må jo seie at det er litt stas at det faktisk blei hundre bøker i fjor. Det er bøker som er korte, andre lange og det er bøker frå alle sjangre. Som med årsoppsummeringa i tolv bilete, synest eg det er noko vanskeleg å prøve å oppsummere leseåret mitt i eit relativt kort blogginnlegg, for eg skulle så gjerne ha nemnt dei alle saman. Hi, hi. Men ingen tvil om det har vore bøker og kaffi kvar veke. I fjor laga eg ei utfordring til meg sjølv, nemleg å lese ein klassikar i månaden, og eg var med på #readchristie2019, med andre ord to leseutfordringar og dimed to slike bøker kvar månad. Det har vore artig å utfordre meg sjølv til å finne dei forskjellige bøkene kvar månad, og i år skal eg prøve å lese ei bok kvar månad av ein forfattar som har fått Nobels litteraturpris. I tillegg blir det #readchristie2020, for Agatha Christie sine bøker er alltid like spennande. Av dei eg las i fjor, var Endless Night, Og dermed var det ingen og Nemesis eit par av dei beste. Andre gode og spennande krimbøker eg las i fjor, er Trude Teiges Aldri tilgi, Terapeuten av Helene Flood og Silent Voices med Vera Stanhope i spissen.


Av klassikarane som eg las i fjor, må eg seie eg likte nesten aller beste barneboka Det suser i sivet av Kenneth Grahame; illustrasjonane i den utgåva var så fargerike og flotte. Eg les jo ein del YA-bøker og bøker som i mine auge er lettlesne, men som eg uansett slappar av med. I fjor var dette blant anna Wayward Son av Rainbow Rowell, Evvie Drake Starts Over av Linda Holmes og Den ene pluss en av Jojo Moyes.


Bøker som i fjor fekk meg til å grine fordi dei er sterke, rørande eller begge delar har det vore fleire av. Ein av dei siste eg las, Draumar betyr ingenting av Ane Barmen, var verkeleg ei slik bok. Språket og ikkje minst handlinga, sukk. PS: Jeg elsker deg-klubben av Cecelia Ahern, Dewey's Nine Lives av Vicki Myron og Bret Witter, Island Song av Madeleine Bunting og Eg får aldri sjå verda igjen av Ahmet Altan er andre bøker som eg ønskjer å nemne.



Ein av seriane eg las i fjor som eg verkeleg har kost meg med, er Korfu-trilogien, skriven av Gerald Durrell. Fyrste bok ut var My Family & Other Animals og bøkene fekk meg til å humre jamt og trutt. Eg måtte jo også smile og humre litt av slutten på Rosie-trilogien: The Rosie Result av Graeme Simsion og det same med Perler på en snor av P.I. Paris og Hyttebok frå helvete av Are Kalvø. Ha, ha, han skriv berre så himla artig!



Så klart treng ein ikkje å le for å kose seg med ei bok. Det er så mange bøker eg ønskjer å bli ein del av, dykke ned i det gitte universet og berre bli der. Harry Potter og fangen fra Azkaban er i alle fall ei univers eg ville likt å besøke. Fangirl og Carry On av Rainbow Rowell, The Bookish Life of Nina Hill av Abbi Waxman og dei to julebøkene av Mandy Baggot – One New York Christmas og One Christmas Star – er alle døme på herlege bøker.


Kvart år les eg bøker som overraskar meg positivt, og ei av står igjen som årets beste bok: Der krepsene synger av Delia Owens. Nydelege naturskildringar, eit mordmysterium og karakterar som sit igjen lenge etterpå. My Oxford Year av Julia Whelan overraska også positivt, for eg trudde den kom til å vere meir feelgood og chick-lit enn det den var. Rett og slett ei bok med ein del dybde samstundes som den var fin. Koke bjørn av Mikael Niemi skulle også vise seg å vere betre enn det eg hadde venta, ordentleg spennande og veldig bra skriven.



Tre bøker som eg gjerne kan lese om igjen: The Map of Us av Jules Preston (ei av dei fyrste bøkene eg las i fjor), The Kiss Quotient av Helen Hoang og ikkje minst Good Omens av Neil Gaiman og Terry Pratchett. Denne boka las han på engelsk og eg på norsk, samstundes. Miniserien såg me to gongar, og boka er heilt fantastisk. Les den!



Tove Janssons språk Sommerboken er så fint, så fint. Poetisk og melankolsk, det er noko heilt eige. To andre fine bøker The Chronicles of Avonlea og Further Chronicles of Avonlea av L. M. Montgomery (å, eg saknar Anne of Green Gables og PEI). Datteren, den siste boka Anne B. Ragde har skrive om Neshov-folket og Historien om Ásta av Jón Kalman Stefánsson må eg også få nemne her. Eg gleder meg til å ta fatt på mange fleire bøker i løpet av 2020, om det så er krim eller ein litteraturprisvinnar, ei ungdomsbok, kanskje ei diktsamling eller noko heilt anna. Nu kör vi!

8. jan. 2020

Eit lite stykke tre

På Etsy kan ein finne så mykje fint (dette veit eg at eg har sagt fleire gongar), og eg har nyleg funne ein ny favorittbutikk: My Piece of Wood. Nydelege smykke og øyredobbar laga av tre og som blir dekorert for hand. Sidan 350-kronersgrensa forsvinn 1. april (den er allereie borte når det gjeld mat og drikke), har eg tinga heim eit par av desse smykka no nyleg, og eg vil berre tipse om denne butikken. For her kan ein finne flotte gåve eller eit nytt smykke til deg sjølv. Smykka kjem i tillegg i ei fin innpakking og Hania legg alltid ein liten ekstra ting ved sidan av det du har kjøpt. Og viss noko skulle lure: dette er ikkje sponsa, eg berre synest slike små butikkar fortener å bli løfta fram.