30. nov. 2020

Twiggygenseren






Og her ser du heile genseren. Som alltid på denne tida av året, er det ikkje lett å fange fargane ordentleg sidan det er såpass mørkt, men bileta ute representerer den nydelege grønfargen ganske bra. Genseren har ein enkelt struktur som eg fall for med ein gong eg såg oppskrifta inne på Pickles si nettside, og halsen som er akkurat passe høg er prikken over i-en. I byrjinga gjekk det noko treigt å strikke, men etter kvart då eg fekk tak på raglanaukingane og såg at det byrja å likne ein genser, då var det gjort! Kjempegøy å endeleg strikke ein genser, og denne kjem garantert til å blt ein favoritt i klesskapet! Her om dagen kom det meir garn i posten, for som eg nemnde i går: eg har allereie plukka ut ein ny genser som eg ønskjer å strikke, nemleg ein tjukkare variant av Twiggy :)

29. nov. 2020

Regn på ruta, kaffi i ein Mummikopp, sollys og sniktitt på ein genser



Seint i november. Ikkje i morgon, men dagen etter det, er desember her. Og i dag er det jaggu meg fyrste sundag i advent. Kor blei dette rare året eigentleg av?! Det aller kjekkaste denne veka var vel å strikke ferdig den grøne Twiggy-genseren. Eg blei så nøgd, og så var det gøy å strikke eit større prosjekt! Veit allereie kva neste prosjekt skal bli. Medan eg gjorde ferdig genseren, såg eg eit par episodar av Murdoch Mysteries. Hi, hi, den serien er så artig! Fridagar med mykje lesing og strikking, kveldsvakt på jobb med stort sett greie badegjestar og endå ei veke med veldig skiftande vêr og temperatur, både godt på plussida og så vidt på minussida. Kort fortalt mi veke, meir her:

✦ fint å lese Tove Jansson-boka Sent i november (og sjekk ut koppen, bokmerket og englespelet)
✦ sniktitt på genseren som no er ferdigstrikka
✦ sjå her, Ida: 2020-versjonen av All Creatures Great & Small kjem på NRK Nett-TV i romjula
✦ sitje inne med ei god bok og titte ut av stovevindauget på alle regndropane
✦ "Now We Are Free" frå Gladiator med cellisten Hauser
✦ hyggelege ord frå ein kunde som meinte eg burde hatt ein bukett som takk for hjelpa
✦ Bailey og den søte katten er verkeleg blitt gode vener
✦ småhumre av Eides språksjov
✦ og skrattle av Taskmaster
✦ eventyrlysten katt som er med ut på mange forskjellige oppdagingsferder
✦ sollyset inn i stova, perfekt start på helga
✦ musikknotar på ei trapp i konserthuset
✦ skal absolutt besøke det gamle biblioteket ved Oslo katedralskole ein dag
✦ kalenderboka Adventsstjernen med aktuelle tema og nydelege illustrasjonar
✦ byrje å spele julemusikk over høgtalarane på jobb
✦ mannen min som stod klar med middag og tente lys etter jobben i dag
✦ novemberdagar hos Jonna i Grundtjärn
✦ starte veka med ein akkurat passe morgontur
✦ har ikkje sett The Greatest Showman, men det finst så mange fine versjonar av denne songen
✦ regndropane på ein eviggrøn plante ved Amfi Madla
✦ "Takknemlighet" – god mat, godt selskap og finaste pusen
✦ hente ei god bok på biblioteket og prate med dei fine folka der
godt med taco i går, og mannen min, broremann og eg spelte kulaste "Takenoko" etterpå

27. nov. 2020

Ein slik formiddag ✨


Kvar formiddag eg kan starte med ei bok i fanget medan sollyset tittar inn og seier "hei, hei". Attpåtil på ein fredag slik at sjølv om eg skal på jobb i kveld, i morgon og på sundag, rekk eg å kjenne på helgekjensla. Batteria blir lada, smilet kjem fram og alt i alt er det ein bra dag.

25. nov. 2020

På sporet av lesegleda



Om ikkje anna har 2020 vore eit supert leseår for min del. Foreløpig er det berre ei bok eg har lagt frå meg, og mange av bøkene eg har lese i år har blitt nye favorittar. Tremarnock-serien er ein slik favoritt: eg har lese den fyrste og no nyleg den andre – The Cornish Guest House – og serien er heilt perfekt engelsk med sin småbysjarm, te, fine karakterar, litt drama og varm og lun humor. Og så var det Knytta til hytta av Magnus Helgerud. Som eg har småhumra gjennom heile boka, berre høyr her: "Furupanel med kvister, selvfølgelig. Et grønnbrunt middagsservise fra 1970-tallet ble installert i kjøkkenskapene. Som var av typen lys furu, med kvister. Gamle vin- og konjakkglass ble plassert i et lite barskap, av furu, med kvister, inne i stua. En haug med gamle Agatha Christie-bøker, kjøpt på posesalg ved Porsgrunn folkebibliotek, ble plassert i bokhylla sammen med et gammelt Monopol-spill. En bokhylle av lyst furutre, med kvister." (s. 32). Små avsnitt om alt frå "Monopol"-reglar, campinglivet kontra hyttelivet, om tradisjonar, påskefjellet og alt som høyrer hyttelivet til. Å, koselege, vakre, humoristiske, fine, triste, spennande bøker. Lesing, altså 

23. nov. 2020

Morgontur



Morgon. Måndagsmorgon og ei ny veke. Fri sidan kveldsskiftet ikkje byrjar før onsdag. Medan min betre halvdel har forelesning over nettet, finn eg fram yttertøy og joggesko. Er ute av døra rett rundt ni. Frisk morgonluft i andletet. Eg vaknar litt etter litt. Regnet heng framleis på blada og på ei lita rose. Blåfargen frå hortensiaen eg går forbi er lyseblå og heilt nydeleg. Stoppar opp ved eit steingjerde for å nyte siste rest av haustfargane på eit lite tre. Morgonstund ute i nærområdet.


Lyset ute, ikkje heilt dag, men ikkje soloppgang. Noko midt i mellom. Sauar på ein grasflekk med Ullandhaugtårnet i bakgrunnen. Ein raudstrupe som flyg forbi meg så fort, så fort. Den har ikkje tid til å stå stille. Kristtornen med sine raude bær. I ein grøftekant ligg det fleire runde, flotte, fargerike steinar i ein haug. Grøftekantsglede. Snart er eg heime igjen, og der ventar frukost og kaffien.

22. nov. 2020

Vestlandsvêr, roleg helg og ein liten sosial kveld

Vestlandsvêret no om hausten, eller eigentleg heile året. I løpet av denne veka har me hatt alt frå sol og blå himmel, snø eit minutt og regn i eit anna, vind som har blåst meg nesten over ende då eg sykla til jobb, og temperaturen har vore frå ein grad til godt over ti gradar. Me har rett og slett hatt litt av alle årstider på ei og same veke. Ha, ha, av og til kjennest det ut som om eg berre skriv om vêret ;) Kjipt å stå opp halv fem to morgonar og halv seks dei tre andre jobbdagane, men det har stort sett vore bra dagar då eg fyrst var komme fram til svømmehallen. På fredag var me ute på restaurant og så på ein liten julerevy i lag med eit venepar, og det gjorde så himla godt å kunne få til ei lita sosial greie midt i denne rare tida og mørke novemberdagar. Roleg helg med mykje lesing og strikking, akkurat slik eg liker det. Avsluttar veka med favorittprogram på skjermen og dette:

✦ å, som eg har storkost meg med Hollowpox, den tredje boka i Nevermoor-serien
✦ to årstider på ein og same dag: både haustfargar og snø
✦ heimelaga latte, seier aldri nei til det på ein sundagsettermiddag
✦ hihi, finaste Mira som prøver å hjelpe til med husarbeidet
✦ ete ein knallgod middag på Spiseriet i lag med eit venepar
✦ og etterpå få latterkrampe av Tønes og Ingvar Hovlands "Kor skal dokke vær hen på julafto?"
✦ kongen med sin humor og sine kloke tankar, Kongen forteller var ei kjempefin leseoppleving
✦ bokhandlerprisen til Tore Renbergs Tollak til Ingeborg
✦ og same dagen høyre Renberg snakke om boka over nettet i #bokklubbmedmarteogmalin
✦ blir aldri lei songen "The Sound of Silence", her i ein a capella-versjon med VOCES8
✦ klassikaren Pollyanna frå 1960 på Disney+
✦ svømme 1000 meter og dykke etter øvingsdokka
✦ ein artig katt som alltid hoppar over den same plassen på golvet
✦ sjølv om Nabovarsel av Lindell ikkje fall heil i smak, var det kjekt å lese om nye karakterar
✦ endeleg er Eides språksjov i gong igjen, og i går var sjølvaste Øystein Sunde gjest
✦ "Fuglemannen og havet" – ein sårvakker artikkel om ein mann og eit hus ute på Røst
✦ tenne lys i Mummi-englespelet
✦ må berre smile når eg ser denne fuglen som er ordentleg god til å steppe
✦ favoritte i ein finfin kopp og strikketøyet i fanget
✦ til slutt: kose meg med Eventyrlig oppussing

20. nov. 2020

Framleis haust ute i skogen



Snø og hagl i den eine augeblinken, sol og blå himmel i den andre. Vêret var kjemperart her i Stavanger i går, det er sikkert og visst. Heldigvis er det ikkje full vinter enno, haustfargane ser eg overalt. Mindre enn i oktober, likevel såpass mykje at eg stadig må stoppe for å berre sjå meg ordentleg omkring. Tok ein liten spasertur i Vålandsparken førre laurdag. Gylne blad på trea, brune blad i fleng på bakken og novemberlyset. Og ser du auget på den eine trestammen? Hi, hi, eg syntest at det var artig! Sånn går no dagane her, no er det helg etter fem tidlege morgonar. 

18. nov. 2020

Den engelske landsbygda




Av og til saknar eg Canada og Prince Edward Island litt ekstra. Eg saknar Interrail-turen me var på for tre år sidan. Å sjå ein musikal på Broadway, å stikke innom Katthult i finaste Småland, vere ei veke på Gotland. Trur ikkje eg er aleine når eg seier at eg har sakna det å reise i løpet av desse rare månadane. 2020, altså. Eg meiner ikkje at ein må reise langt for å utforske, oppdage, ha ein bra ferie; me hadde det kanonbra på biltur i Noreg i sommar. Men det er noko eige med det å ha moglegheita til å reise av garde, ta ein ferie ein heilt annan stad, oppleve nye plassar.



Etter å ha sett fleire sesongar av den originale All Creatures Great & Small og sidan den fyrste sesongen av den nye serien, kjenner eg at eg saknar England litt ekstra. Planen for årets sommarferie var jo å ta båten til Danmark og sidan tog til England. Eg skulle endeleg sjå Agatha Christies The Mousetrap og sett ein eller fem andre musikalar. Me skulle ta toget ut til den engelske landsbygda, kanskje leige ein bil slik som sist. Besøke gamle ruinar, slappe av i ein stor og frodig hage, bu på koselege vertshus, drikke te og ete scones. Kanskje komme oss til Glenfinnan Viaduct i Skottland for å sjå den spesielle brua kjent frå HP-filmane. Om ikkje no, så snart. Me skulle til slutt ha vore på konsert med Eagles i lag med mamma, pappa og broren min før me saman skulle fly heim. Hell i uhell var det berre sistnemnde som var bestilt, men planane var der. Finaste England med all din sjarm, eg saknar deg. Kanskje neste år, kanskje om to år. Ei reise eg drøymer om.

16. nov. 2020

Å sykle ein annan veg til jobb



To ganger tre haustbilete. Tre forskjellige plassar, to bilete kvar plass. Sykla ein litt annan veg til jobb ein av dagane førre veke, berre fordi. For variasjonen sin del. For sollyset sin del. For å sjå etter haustfargar. Midtvegs i november, men framleis er det blad på nokre av trea ute, framleis kan ein sjå friske fargar over store delar av byen. Sola lyste slik at dei gule og brune blada blei endå meir gylne, smilet i andletet mitt var stort. For no når det blir tidleg mørkt, når regnet plutseleg dett ned ute og når vinden er sur, kjenner eg at energien er låg. Haustdvale. Då tar eg til meg alt eg kan av solskin og lyse dagar, alt av haustfargar og den gleda det gir i å sykle ein annan veg til jobb.

15. nov. 2020

Nok ei lang og bra sundagsliste

Hellu, hellu. Ny sundagsliste kjem snart, og denne veka har det verkeleg vore mange små kvardagsgleder som har lyst opp grå dagar. Altså, alle dagane har ikkje vore grå, tvert i mot, men som eg har sagt så mange gongar før er no hausten slik den er: både lys og mørk om kvarandre. Når eg ikkje har vore på jobb, har eg lese mykje, strikka nesten like mykje, høyrt på filmmusikk og klassisk musikk, og eg har slukt miniserien Hollywood. Trass litt mange eksplisitte scener og ei noko alternativ røynd (fortid), er den fascinerande og tar opp korleis det var filmbransjen i etterkrigstida med raseskilje, maktmisbruk, kor vanskeleg det var å vise kjærleik for dei homofile og generelt ein tøff bransje. Eg har også vore ein snartur ute i skogen og fått unnagjort eit par julegåver. Blir ikkje så mykje sosialt for tida sidan også me er med på dugnaden og avgrensar kor mange me treff kvar veke. Rart, eg innrømmer det, men me skal komme oss gjennom dette også sjølv om det akkurat no er tungt. Korleis har du hatt det denne veka? Mange fine punkt kjem no:

✦ måndagsmorgon med eit godt ullpledd, bra bok og ein liten sjokoladebit
✦ lese Mennesket er en stor fasan i verden av Herta Müller som novembers litteraturprisvinnar
✦ søtaste fuglen som har eit heilt spesielt venskap med eit menneske
✦ sundagskaffi med noko attåt her hos oss i lag med mamma, pappa og broremann
✦ mange søte og nusselege raude pandaer i ein og same video
✦ solstrålar som trefte eit tre med gule haustblad rett ved jobben
✦ sykle ein annan veg til jobb – fint å sjå andre gater, rett og slett eit lita kvardagsglede
✦ seier aldri nei til ein kopp med god, heimelaga latte 
✦ høyre på The Line, det nye albumet til bandet Kalandra
✦ herleg å trekke frisk luft på ein liten gåtur i Vålandsparken i går
✦ soloppgang over byen
✦ Christie-boka N eller M med Tommy og Tuppence i spissen
✦ stilig å sjå han trommisen eg kjenner spele i veg under ein av songane i Chess
✦ Les Misérables in Concert: The 25th Anniversary på Netflix
✦ raudt gull både på trea og på bakken
✦ morgonsola over svømmehallen
✦ "Shallow" i ein fin celloversjon spelt av Luka Sulic
✦ sluke miniserien Hollywood
✦ sollyset inn i stova, og denne gongen trefte det trefiguren og Wes Anderson-boka
✦ to haustlege blogginnlegg inne hos Niina (her og her)
✦ blir varm om hjartet når eg ser eit fint skilt som det eg såg midt i byen her om dagen