30. sep. 2015

Tre loppemarknadar på ein og same dag :)

Sjølv om me heller ikkje denne gongen fann noko då me var rundt og farta på loppemarknadar, tok eg nokre bilete. Det er jo alltid så mykje moro og rart å sjå: morosame figurar, kjekke bøker som får fram barndomsminne, fine glas og vasar, gryter med retromønster og gamle LP-plater. Tenk kor mykje rart ein kunne ha samla på om ein kjøpte alt berre frå bruktbutikkar og loppemarknadar!

29. sep. 2015

Eit dikt i ei avis

Mannen min les vekeavisa Dag og Tid, og den kjem i postkassa vår kvar fredag. Eg kan ikkje påstå at eg les den særskilt aktivt. Likevel så eg gleder meg til den nokså vanskelege quizen som han les høgt ved frukostbordet i helgene sjølv om me ikkje kan halvparten av svara :) Og innimellom så er det også noko eg interesserer meg for eller synest er morosamt, slik som Arne Hjeltnes si spalte "Innsida". Byrja å lese diktet "Loppis" her om dagen, og eg enda med å lese det høgt. For det er jo akkurat slik det er, og Hjeltnes treff verkeleg spikaren på hovudet! Med roser på bordet, kaffikoppen i handa og avisa framføre oss, er dette sånn som gjer morgonen litt ekstra fin!

28. sep. 2015

Fargegaten og Det lille hjørnet

På laurdag var me som nemnt ein tur nedom byen for å levere og låne bøker på biblioteket etter fyrst å ha vært på ein loppemarknad. Då me fyrst var i byen, blei det ein tur innom Fargegaten som altså er 10 år i år. Me har ennå til gode å utforske alle dei fine små butikkane og kaféane som ligg i akkurat den gata, men litt fekk me i alle fall sett då me var der no på laurdag. Den finaste kjolebutikken Syvende Himmel ligg her, og eg måtte jo innom for å sjå om ikkje noko anna ;) Elles var gata pynta med ballongar og fine banner, det var gratis popkorn og sukkerspinn å få og så klart var det jo kjekt å berre gå rundt å sjå på alle dei spreke, sterke, kule fargane og livet i gata.



Me "måtte" jo innom ein av dei mange fine og koselege kaféane som ligg i Fargegata og denne gongen fall valet på Det lille hjørnet. Det fyrste som møtte oss var den kjekke helsinga rett foran inngangsdøra. Og inne var det fullt av polaroidbilete, fine bjørkestammer på veggen, kaffien var knallgod og det er alltid hyggeleg med koselege helsingar på små lappar :) Her kjem me att!



Sjølv om sukkerspinnet mest var meint for dei minste barna, fekk me litt me også. Lenge sidan sist, og det heldt med ein pinne på deling ;) Og så var det vidare til den neste loppemarknaden!

27. sep. 2015

Kafébesøk og fleire loppemarknadar

Fredagskvelden jobba eg, og det same har eg i heile dag. I går derimot var me ute på farten, både på loppemarknader, ein tur innom biblioteket og me stakk også innom Fargegata (eller Øvre Holmegate som den eigentleg heiter). Rett og slett ein veldig fin laurdag! Sånn elles har det vore ei veke med skule og veiledning i tillegg til orkester og middagsbesøk. Ei ganske normal, men fin veke om ein ser bort frå ei lita forkjøling. Heldigvis er eg mykje betre, så eg skal ikkje klage :) Neste veke kjem til å gå fort, og snart er me på veg til sol og varme. Fyrst ei fin, lita sundagsliste:

✦ høyre Tønes-songen "Yatzy" på kafé i Fargegata
✦ fyrste del i dokumentarserien om Jonna
✦ vere ein tur innom Fargegata for å feire at den er 10 år
✦ at me om berre fem dagar reiser til Ski før me så reiser til Rhodos om akkurat ei veke
✦ "Kitten Wakes Up, And Makes My Day" – så herleg!
✦ tre loppmarknader på ein og same dag
✦ dette er meg når eg les bøker ;)
✦ mannen min fann noko fint til meg på Haustmarknaden på Tou Scene medan eg var på jobb
✦ å le høgt av denne Harry Potter-referansen
✦ alltid kjekt å lese ein artikkel om gjenbruk
✦ så mange kule bokbutikkar å besøke rundt om i verda
✦ komme heim til god og varm risgraut
✦ utruleg fint skjørt frå Zara
✦ det faktum at eg byrjar å skjønne kva retning masteroppgåva tar
✦ søte, små "brøl" frå ein løveunge og ein babyelefant, begge hos cuteoverload.com
✦ middagsbesøk av mamma og pappa

25. sep. 2015

Blomar, blad og greiner

Til månadens tema i Monthly Makers, som altså har vore natur, hadde eg lyst til å prøve ut fleire ting. Leita litt rundt på nettet og på Pinterest, og til slutt var det to prosjekt eg enda ut med. Det fyrste var å presse blomar og nokre blad for etterpå å lime dei på små sirklar laga av tørka leire. Ein kan til dømes lage uro av dei eller hengje dei på juletreet, slik Maureen har gjort. Eit enkelt og veldig dekorativt prosjekt. Fann blomar og blad ute i nærområdet og medan dei tørka, skar eg ut sirklar av lufttørkande leire eg. Då alt var blitt tørt, var det fram med decoupagelimen, og etter det tok det ikkje lang tid før det heile var ferdig. Kanskje eg berre skal lage ein heil haug?! ;)



Det andre prosjektet som eg ville gjere, hadde eg hatt liggjande lenge på Pinterest, nemleg ein enkel, hengjande bileteramme av drivved. Her blei det ikkje drivved, men heller fine, tørre greiner som eg fann på nokre av våre gåturar. Mannen min hjalp meg med å bore små  hòl i greinene før eg pussa dei litt med sandpapir. Det verste med heile prosjektet var å træ trådane gjennom hòla og få det heile til å vere sånn nokolunde beint. Hang det heile opp med ein augekrok på døra inn til gjesterommet. Dei fleste bileta hang jo på døra frå før, så hang dei berre opp på ny igjen med nokre små klesklyper :) Heilt til slutt hang eg opp tre av dei seks pynteblomane nedst på ramma. Eit utruleg kjekt prosjekt å lage, og eg synest at resultatet blei ei tøff, morosam og annleis bileteramme!

24. sep. 2015

Middagsbesøk midt i veka

Mamma og pappa har nettopp vore innom ein tur på middagsbesøk. Sjølv om me bur i nabokommunar, ser me ikkje kvarandre kvar einaste veke. Difor er det litt ekstra stas å invitere dei på middag sånn i ny og ne, eller at me et middag heime på Sola :) I dag var det altså me som stod for middagen, og det blei laksekaker med ris, salat og yoghurtdressing som tilbehør. Kjekt å lage mat når det kan lagast med Kenwoodmaskinen som me fekk til bryllaupet ;) Håper middagen fall i smak i alle fall. Mamma hadde med heimelaga blåbær- og limefromasj, ein spenstig dessert ved sidan av kaffien! Elles såg me i fotoboka frå Reykjavik- og New York-turen, prata om Rhodos (dei var der for berre nokre veker sidan) og om oppussing. Takk for eit fint besøk begge to!

23. sep. 2015

Fine Lundsneset :)

Sidan me allereie hadde vore ute av huset ei stund då me på sundag tok bussen ut til Hundvåg og Lundsneset, tok det ikkje lang tid før me måtte ta oss ein rast. Me sette oss ned på ein stein i fjøra, tok fram sitjeunderlag, litt kaffi og grove vaflar med syltetøy. Ein fin start på turen i heilt herleg vêr!



Gjekk litt langs fjøra, titta etter slipte glasbrot og kjente på lukta av tang og tare.





Før me gjekk vidare, fann me fram barnet i oss og kasta "flyndre", eller "fiskesprett" som det også blir kalla. Ingen av oss gjorde det så veldig bra, men min betre halvdel klarte å kaste ein stein som spretta fire gongar. Me får rett og slett øve litt på det der, så gjer me det kanskje betre neste gong.




Turstien på Lundsneset går både langs kysten og inn i skogen. Vidare på vår lille ferd såg me nokre artige og stilige kunstverk, og så er det så fint no når haustfargane verkeleg byrjar å vise seg :)


Gaukesyra låg tett i tett, grønt på grønt, inne i skogen, og snart kjem det til å vere ein haug med bjørnebær klare til plukking. Om nokre veker får me vel komme tilbake med eit spann og eit lokk.


Til slutt stoppa me opp for å sjå på steingardane og sauane som beita på det eine jordet. Drakk litt meir kaffi og var begge einige om at på Lundsneset er det endå meir å sjå, fleire små stiar å gå, akkurat som i Sørmarka. Gjekk bort til busshaldeplassen og tok bussen gratis heilt heim :)