31. aug. 2015

På ordentleg bærtur

På fredag var me ute og gjekk ein liten tur, og då gjekk me forbi ganske så mange bringebærbuskar. Me bestemte oss for å ta den same ruta i går, og me hadde med oss eit yoghurtspann slik at me kunne plukke bringebær i fleng. Mange av bæra var små og ikkje alle var like fine, så det blei "berre" eit halvt spann. Men gøy var det jo :) På vegen traff me nokre kule esel, og me var også ein tur oppe i Ullandhaugtårnet for å sjå på utsikta, dele ein vaffel og kose oss med kvar vår kaffi. Til slutt vende me nasen heimover, og før me kom oss inn døra, såg me desse fine sommarfuglane :)

30. aug. 2015

Katt, hund og piggsvinungar

Siste helga i august er så godt som over, og hausten nærmar seg for fullt. Ein kan merke det både ved at vinden blir kaldare, kvelden blir kortare og me tenner stearinlys mykje meir no enn for berre ein månad sidan. Skulen har byrja og som nemnt er det orkester igjen på tysdag. Skal bli greitt å komme i gong med litt meir rutinar enn det det har vore i sommar, men eg må jo innrømme at eg gleder meg til ferien vår i oktober :) Vel. Håper alle har hatt ei fin helg! Her kjem sundagslista mi:

✦ at me har tinga tur til Rhodos i byrjinga av oktober :)
✦ Mariell, som skriv bloggen hjartesmil, har denne veka delt bilete frå sitt eige bryllaup – her, her og her – og det er berre så vakkert!
✦ sjå ein episode av Heartbeat (sesong tre)
✦ lage stearinlyshaldarar av lufttørkande leire
✦ ein stor hund og ein liten katt :)
✦ finaste teksten om en "skaparbästis" hos Jessica
✦ sykle forbi bassengkonserten på Gamlingen. På tysdag skal dei byrje å rive...
✦ plukke bringebær i eit yoghurtspann
✦ ein fin artikkel om bassengkonserten
✦ "Kommunenes kulturhus sultefôrer kulturen" – ein tekst som verkeleg er verd å lese
✦ at Alt for Norge er i gong igjen
✦ å tenkje på at me har vore mann og kone i tre månadar i dag
✦ sjekk ut denne katten som tek vare på små piggsvinungar
✦ i samband med turen til Rhodos, blir det ein tur innom våre niesar og vår nevø, og me skal sjå musikalen Mary Poppins Folketeateret
✦ den herlege TV-serien Father Brown
✦ nystekt brød til frukost

Eitt kvartal

Og plutseleg var det gått tre månadar allereie. Tre månadar, eller eitt kvartal, som ektepar. Har så mange bilete, minne og tankar eg gjerne vil dele, men det er ikkje alltid like lett å plukke ut bilete eller skrive ned nokre ord om ein dag som kjennest ut som ein draum. Men to bilete har eg klart å finne fram, begge tatt av fotografen vår. Det øvste var eit av bileta me brukte i takkekortet :) Eg er så takksam for å få vere kona di, og at du er mannen min. Oss to, "du och jag, Alfred" 

29. aug. 2015

Lita laurdagshelsing

Roleg laurdag med ein liten sykkeltur for å handle mat og nokre småærend. Filmen Summer Stock med Judy Garland og Gene Kelly er blitt sett. Me har også sett i reisemagasin og drukke kaffi. Det må vere lov til å drøyme litt når det regnar ute og hausten er på veg. Eller, ikkje berre drøyme. For det blir ein tur på oss til Rhodos i oktober! Trur det blir bra! Berre ei lita helsing herifrå :)

27. aug. 2015

Fram med instrumentet

Sidan byrjinga av mars har det vore lite orkesterspeling på oss. Det er to ganske forskjellige ting å spele med i eit korps og spele med eit symfoniorkester. Den største forskjellen for oss som er messingblåsarar, er at i ein del av prosjekta med orkesteret er det ikkje stemme til oss og me blir permittert. På den måten saknar å spele i korps, men eg kan ikkje seie at eg saknar å vere med i konkurransar. Me skulle eigentleg vere med å spele ut mai månad med orkesteret, men i og med at konserten måtte flytte frå fyrste helga i juni til siste helga i mai, mao. til vår bryllaupshelg, blei det ikkje noko meir speling på oss før no. På tysdag er det nemleg fyrste øving for sesongen. I løpet av hausten blir det i alle fall Sibelius-konsert og "Nøtteknekkeren" av Tsjajkovskij. Eg gleder meg allereie, men det betyr også at trombonen må meir fram i lyset enn det den har vore i det siste ;)

25. aug. 2015

Små og store tekstilprosjekt

Tekstil er jo så mykje: det kan vere garn, gardinstoff, møbelstoff, sengetøy og klede. Lista er lang. Temaet for denne månaden av Monthly Makers har vore tekstil. Eg har tatt utgangspunkt i prosjekt eg har hatt på planen, men ikkje komme i gong med. I tillegg har eg for det mest brukt tekstil som eg har hatt liggjande her i heimen. Den eine skuffa i kommoden på gjesterommet er fylt med diverse restestoff frå gardinar og frå Stoff & Stil, så her var det berre til å ta ein djupdykk. Prosjekt 1 og 2 er små prosjekt som eg fann ut at eg ville få unnagjort, nemleg å lage små album av bryllaupskorta våre og ei klokke til gjesterommet. Me fekk jo ein haug med kort og det var vanskeleg å samle alle i eitt album. Difor blei det tre der to av dei blei dekorert med stoffbitar frå prosjektet eg gjorde i mai. Idéen til å lage eit bryllaupskortalbum fann eg her, men å dekorere dei med stoff var noko eg fann på sjølv. Eit enkelt prosjekt som også har ei veldig praktisk side, nemleg å samle alle korta på ein stad. Neste prosjekt har eg sett ulike variantar av, så me (eg fekk nemleg litt hjelp av mannen med å plukke ut bilete og hengje dei opp) enda me å berre gjere akkurat slik me sjølv trudde ville bli best. Eg målte opp ein sirkel med passar på noko papp, klipte den ut og limte på noko stileg stoff som eg hadde liggjande i stoffskuffa. Urverket er kjøpt på Clas Ohlson og bileta er som tidlegare nemnt frå Polabora. Så enkelt samstundes som det blei utruleg bra og fint! Det tredje og siste prosjektet kom eg berre i gong med, eg blei diverre ikkje ferdig. Men det er og dette prosjektet som er det største, for å knyte ei baderomsmatte av gamle handdukar er ikkje berre berre. Handdukane har ikkje vore mykje brukt, men dei har blitt misfarga i vask og er ikkje særskilt fine lenger. I staden for å hive dei rett i søpla, var det fram med saksa og sklisikkert underlag. Har lenge tenkt på å gjere denne idéen, som eg fann på Pinterest, og no har eg nok å halde på med utover hausten. Desse prosjekta utgjer mitt bidrag i Monthly Makers denne månaden.

24. aug. 2015

Enkle stearinlyshaldarar av leire

Etter at marstemaet av Monthly Makers var over, har eg hatt ein god del av den lufttørkande leira igjen i skapet. Eitt kilo høyrest ikkje så mykje ut, men når ein for det meste lager småting, så er eitt kilo meir enn nok. Eg synest jo ofte det er kjekt å ha noko handarbeid eller andre kreative arbeid i sving, og desse telyshaldarane har eg lenge hatt lyst til å lage. Her om dagen var mannen på fotballkamp og eg hadde nokre timar for meg sjølv, og då var det berre å setje i gong. Det som tar lengst tid er å vente på at leira skal tørke, noko som vil seie godt over 24 timar (24 timar = berre ytst. Jo tjukkare klump, jo fleire dagar til alt har tørka). Laga fyrst ein haldar, og i dag laga eg ein til. Den fyrste er no pussa ferdig og forma blei ganske grei. Ein bør jo vere forsiktig med stearinlys, så sjølv om det står at produktet ikkje er brannfarleg, kan det vere greitt å heller bruke batteridrivne lys. Ikkje fullt så fint, men det gjer nytta :) Så får eg sjå om eg kanskje kjem til å måle nokre av sidene på den eine eller på begge lyshaldarane. Og framgangsmåten finn ein her hos Emma.

23. aug. 2015

Makronar, te og mykje anna bra

Om to dagar er det fyrste forelesning, så denne veka har vore den siste med sommarferie. Og for ei veke det har vore! Me har hatt sol omtrent kvar dag og det har vore heilt herleg og fantastisk :) Sitje ute på balkongen og berre nyte det fine vêret. Når eg ser på sundagslista denne veka, ser eg at det er ganske mange punkt. Og om eg får seie det sjølv så er det ganske mange bra punkt, både av små kvardagsgleder og av ting å lese og sjå rundt på verdsveven. Så her er det berre til å lese i veg:

✦ sol, sol og meir sol
✦ denne fine lista hos Ida med favorittar innan klassisk musikk (mange av mine favorittar er med)
✦ kjøpe eit brukt, men fint sofabord via finn.no
små lam er alltid søte, ein bitteliten kattunge som prøver å gjere som mora (heilt utruleg skjønn) og den søtaste koalaen
✦ bruke den nye Kenwood-maskinen til å lage knallgode lakseburgarar
✦ "6 superkoselige kafeer i Stavanger"
✦ gå kveldsturar i shorts og T-skjorte
✦ om det å vere introvert av SuperMarie, og ein viktig tekst om det å ete mindre kjøt
✦ endeleg kunne bruke den nye bikintoppen og faktisk få litt solskilje
✦ "Jeg var jenta som kunne alle triksene for å slippe unna gym på skolen" – stå på, Hilde! :)
✦ ete middag ute på balkongen i halv sju-tida på kvelden
✦ herleg kjærleikshistorie, og dette korte, men så utruleg fine blogginlegget av Sandra
✦ makronar og te som sundagsdessert
✦ kjekt med interiørinspirasjon: her og her
✦ "100 Years of Fashion in 2 Minutes" og denne morosame Game of Thrones-videoen
✦ høyre på "Time" med Tom Waits
✦ tenk å ha knallgule bryllaupssko (langt nede på sida); så innmari tøft

21. aug. 2015

Fredagshygge

Håper alle har ein fin start på helga! Her hos oss er det litt kaffi, den siste filmen i Ringenes Herre-trilogien og stearinlys i lyshuset frå Kähler. Det fine og stemningsfulle lyshuset me fekk frå eit av venepara våre i høve bryllaupet. Små kvardagsgleder, og for meg ordentleg fredagshygge :)

19. aug. 2015

Noko blått


Øyredobbane til bryllaupet hadde eg jo funne lenge før datoen var sett. Eg elskar jo alt det kongeblå, så då eg fann desse på etsy.com, berre måtte eg ha dei ;) Sleit lenge med å finne eit smykke som kunne matche øyredobbane. Plutseleg såg eg desse glasperlene, heilt like som dei i øyredobbane, og då eg også fann desse til å ha dei oppi, var saka avgjort. Tenk så mykje fint ein kan finne via Etsy :) Fekk limt ei perle i perlekappa og den blei så lik øyredobbane som det går an når dei ikkje er kjøpt i den same butikken. Når det gjeldt pynt eller slør i håret, fann eg ein del inspirasjon på Pinterest. Eg ville ha det enkelt og var ganske sikker på at eg ikkje ville ha slør. Og så har eg sjeldan håret i hale, så eit kriterium var at håret skulle vere mest mogleg laust. Har lenge synst at ein hårbøyle med bladmønster på kunne vere noko, og ein slik fann eg også på, jepp, Etsy. Etter kvart som dagen nærma seg, byrja eg å sjå på det som blir kalla "birdcage veil", eit lite slør som ein har berre rundt ein del av hovudet. Eg skulle i så fall ikkje ha mykje, men fekk lyst til å prøve å sy eit lite eit sjølv og sjå korleis det kunne passe med hårbøylen. Kjøpte litt netting her, og då eg fekk nettingen i posten, følgde det faktisk med instruks på korleis ein kunne sy sitt eige slør (må berre skyte inn her at det øvste og det nedste biletet er fotografert av Julie Vold). På sjølve dagen, festa me, forlovaren min og eg, nettingen med fliseklemmer og mykje hårspray etter å ha krølla håret og fått på plass hårbøylen. Dei kongeblå detaljane stod i stil til skoa mine og buketten, og mannen hadde kongeblått tørkle og sløyfe. For meg gjorde desse detaljane antrekket komplett :)

18. aug. 2015

Inne på gjesterommet

Sidan me hadde bil i helga, var me som nemnt ute på nokre ærend. I og for seg var det ingenting som hasta, men me har lenge sett etter ein liten kommode som står i stil med den andre me har inne på gjesterommet, som kunne ta over for den me hadde der inne (den me brukte som TV-benk då me budde i Kr.sand, og her i fjor). Me har også sett etter ein litt høg og smal kommodesak til kontorhjørnet, og på laurdag då me var ute med bilen, fann me faktisk begge delar. Til kontorhjørnet fann me ei passeleg lita sak på IKEA. Den grøne, lille kommoden kjøpte me brukt for 250 kronar på NMS Gjenbruk. Med på kjøpet fekk me eit stort speil i same farge. Me får sjå kva me gjer med det, for akkurat no er det rommet passe fullt slik det er. Skal jo gå an å bruke rommet ;)

17. aug. 2015

Ei fin, lita bok ein måndag i august

Vil berre innleie veka med ei lite boktips, nemleg den enkle, men utruleg fine og herlege Minneboken – norsk nostalgi. Boka er illustrert med så utruleg fine illustrasjonar av Mona Stenseth Larsen og dei små, herlege tekstane er skrivne av Selma Lønning Aarø. Sjå berre på illustrasjonen av Kjeft og teksten som høyrer til. Eg drar på smilebandet og småhumrar litt. Og med ein kopp med nytrakta kaffi i den andre handa, er dette ein veldig fin måte å starte veka på :)

16. aug. 2015

Mykje fint å dele i ei sundagsliste

Nok ei veke er over om nokre timar, og i morgon er det offisiell opning av skuleåret (sjølv så har eg ikkje forelesning før neste tirsdag). Helga har vore roleg med ein del ærend i går og ein liten gåtur i tillegg til husarbeid i heimen i dag. Med ein god del på planen i dag, alt frå det å hengje opp gardiner på gjesterommet til å skru saman ein liten kommode, blei det berre ein kort gåtur denne sundagen. Men me kom oss i alle fall ut :) Har funne mykje bra og fint på verdsveven i løpet av veka som eg gjerne vil dele denne sundagen. Og som vanleg er det også nokre punkt om kvardagsgleder:

✦ finne den perfekte retrokommoden til gjesterommet på ein bruktbutikk i nærområdet
✦ når eg les dette, får eg lyst til å reise til Praha med ein gong :)
✦ ta bussen til Sandnes for å gå innom ein pop-up vintagebutikk
✦ å få tårar i augene av denne fine kjærleiksteksten, og så må de sjå denne fine bryllaupsvideoen, begge hos Emily Dahl
✦ hengje opp gardiner, få på plass eit oppbevaringsmøbel i kontorhjørnet og generelt litt rydding
✦ "Stilig uten stil" – ein boligartikkel i Stavanger Aftenblad, og om ikkje så mykje som i den heimen, så har me det litt slik her hos oss (og sjekk ut den gule lampa)
✦ få lyst til å tapetesere soverommet, for finare tapet (meir her) skal ein leite lenge etter
✦ grille ute på grillplattingen på plenen med nokre av dei andre frå blokka vår
✦ desse kule illustrasjonane og utruleg fine scenar frå forskjellige filmar
✦ kunne sitje ute på balkongen i shorts og bikintopp
✦ alltid like kjekt å lese slike små innlegg frå Harry Potter-universet
✦ mimre tilbake til den utruleg kjekke turen vår i fjor med fotoboka som kom i posten
✦ fine og søte saker hos cuteoverload: kjempeskjønne dyr hos Edgar's Mission, denne lodne og fine katten, herlege elefantar og dette møtet mellom Bambi og Trampe
✦ skrive og poste takkekort

14. aug. 2015

Allereie eitt år som huseigarar!

I dag er det akkurat eitt år sidan me kjøpte vår eiga leilegheit! Sjølv om det endå, etter eitt år, er nokre gardiner som manglar, og måling og litt "småpjus" som bør bli gjort, så kjennest det no ut som heime. Dette er vår heim! No har me også kjøpt nokre stolar til å ha ute på balkongen, og det er så herleg å sitje ute i sola og skrive takkekort, lese i ei bok eller bla i den nye IKEA-katalogen. Okei, det manglar kanskje nokre blomar i ei kasse og også eit litt større bord der ute, men det kjem seg. Det er i alle fall kjekt å kunne bruke utearealet når finvêret er her, og det gjeld også den fine grillplattingen på fellesplenen. Med det finvêret som var her i dag, blei det faktisk litt felles grilling på plattingen :) Når det det gjeld romma inne, er det nok stova vår, med mykje fargar og all slags moglege greier i bokhyllene, som er favorittrommet mine auge ;) Og det var eigentleg det eg ville seie. At det har gått eitt år sidan me blei huseigarar. At me på eitt år har skapt vår fine heim!