30. apr. 2021

Halde hender i ein ny by

Saknar å vere sosial utan å tenkje avstand. Saknar å spele med orkesteret. Kunne gå på ein konsert, sjå ein film på kino eller syngje med på ein musikal. Eg saknar å kunne la vere å tenkje på "meteren", eg er lei av å gå med munnbind og øydeleggje hendene mine med all den handspriten og vaskinga som me gjer dag ut og dag inn. Det er trist å sjå på eit tomt basseng, å ikkje møte kundar i billettluka, å ikkje ha ein meir vanleg kvardag.

Saknar å utforske nye plassar, nye byar, nye land. Eller, det treng ikkje å vere eit nytt land, eg kunne godt ha utforske gatene i Trondheim, Røros eller ein annan norsk by eller stad. Draumen er å kunne toge til Storbritannia, besøke Agatha Christie-museum i Torquay og vidare besøke Skottland. Med tog. Eller sjå meir av Sverige. Kanskje dra til Finland, der har eg ikkje vore før. 

Nyleg har eg kost meg med å sjå mimreserien til Michael Palin i lag med mannen min, og eg har reist til nye plassar på denne måten. Men når tårene kjem av å sjå dette programmet, skjønner eg at no har det gått langt. Joda, eg blir fort rørt, noko som også gjaldt dette programmet, men tårene kom også fordi eg saknar å kunne utforske og oppdage ein annan plass. La kvardag vere kvardag og berre drøyme oss bort. Det er eit privilegium å kunne halde avstand og eg veit at me har det godt her i landet om ein samanliknar med andre. Eg veit det. Men likevel.

Eg saknar å halde hender i ein ny by.

28. apr. 2021

Nokre kvardagssetningar

Stikk berre innom for å seie eit lite "hei". Endå ei veke med strenge restriksjonar, så det er lite nytt å melde frå denne kanten. Sat ei stund ute på balkongen las i ei god bok etter jobben i dag, og etter middag blei det ein bra dugnad ute med burettslaget. Fargerike blomar inne i stova, særskilt dei gule ranunklane, lyser opp heimen medan dei blå perlehyacintane rett utanfor ytterdøra får meg til å smile kvar gong eg går inn eller ut døra. Kva har lyst opp din kvardag i det siste?

26. apr. 2021

Strikketopp i ein dus grønfarge


Strikking er blitt den nye hobbyen, i tillegg til lesing og eit par kjekke seriar. Ordentleg gøy å sjå genseren eller toppen vekse seg større litt etter litt. Filippatoppen såg eg på eit bilete på Instagram (må vel innrømme at eg finn mykje fint der), og eg tenkte at denne toppen skulle bli neste strikkeprosjekt. Som sagt, så gjort. Kjøpte garn hos Garnkilden, og det blei Line frå Sandnes Garn i fargen "støvet lys grønn". Kjem ikkje så godt fram på biletet, men det er splitt i sidene og toppen er noko lengre bak enn foran. Eg fekk ikkje maskeantalet til å stemme, og storleik M enda opp med å bli altfor stor til meg, både i lengda og i breidda. Mykje frustrasjon! Hadde det ikkje vore for mamma som hjelpte meg med å rekkje opp fleire omgangar, hadde dette blitt ein topp eg ikkje kom til å bruke. For at den skulle sitje endå betre, sydde eg den inn i sidene. Alt i alt – sjølv om eg ikkje er hundre prosent nøgd, er eg ei erfaring rikare og eg kjem no til å bruke toppen innimellom.

25. apr. 2021

Koseleg mord og stille dagar på jobb



Kan ikkje seie anna enn at det er rolege dagar på jobb for tida. Greitt å ha god tid og leggje opp dagen litt meir sjølv, men gurimalla, det er keisamt i lengda utan publikum og vanleg aktivitet i hallen. Men sola har i alle fall titta fram dei aller fleste dagane denne veka, og sjølv med noko vind, har det gått an å sitje ute på balkongen og lese. Kva anna har eg gjort denne veka? Ikkje så veldig mykje, akkurat slik det har vore ei god stund no. Treff nesten ikkje folk, me får foreløpig ikkje spele med orkesteret, kino og konsertar er sett på vent, du skjønner teikninga. Som eg håper at me etter kvart kan sjå lyset i enden av tunnelen. Gode bøker, nytt prosjekt på strikkepinnane, sol og kjekke seriar på skjermen har gjort veka noko mjukare. Og så klart Kompani Lauritzen i lag med laurdagsgjengen ;) Skal ta fram ei av bøkene og lese litt no, tenkjer eg. Kjekke ting desse dagane:

✦ heimelaga latte og "koseleg-mord-boka" Torsdagsmordklubben (heilt herlege karakterar)
✦ oppdage Zoyes spilleliste på NRK Nett-TV 
✦ og at dei i den tredje episoden song kulaste "Superstar"
✦ mange søte og artige geiter på ein og same plass
✦ blå perlehyasinter og gule påskeliljer rett utanfor ytterdøra vår
✦ må berre tipse om The Durrells som no ligg ute på NRK Nett-TV – for ein herleg serie!
✦ sitje ute på balkongen med ei bra bok i fanget, blir aldri lei slike dagar
✦ svømme 800 meter og gjere eit par dykk i bassenget
✦ "Top 10 Best Opening Scenes in Disney Movies" – inga overrasking kva film som er nr. 1 ;)
✦ sykle til jobben no i helga i strålande solskin
✦ lese fire underfundige noveller av Tove Jansson
✦ Ida som har samla på fine "hjertesmil", slike innlegg varmar
✦ selfien er frå sundagsturen førre veke, men blir glad av sjå på det også denne veka
✦ bra laurdagskveld etter timar på jobb
✦ april- og påskestemning inne hos Niina
✦ bokleg bokmerke og eit fint trykk
✦ Synne treff spikaren på hovudet om korleis formen er midt i denne pandemien
✦ skuggespel frå ildtoppen då sola skein inn i stova ein dag
✦ kose oss med den siste episoden av Michael Palins mimreserie, for ein mann og for nokre turar!
✦ kjøpe garn og starte på eit nytt strikkeprosjekt
✦ "Song from a Secret Garden", her i ein celloversjon av Hauser
✦ fargerike fredagsmakronar og god kaffi brygga på nykverna bønner

23. apr. 2021

Stokkaturen



















Stokkaturen var turmålet vårt då vêret var på sitt aller beste på sundag. Sjølv om me innimellom har traska nokre av stiane og vegane tidlegare, er dei 52 kvardagsturane i kommunen ein ypperleg sjanse til å utforske nye område, noko me også gjorde denne gongen. Store og små ender svømte rundt i Stokkavatnet, mørkerosa blomar i eit bed, stjerne på eit (jule)tre og gåsungar på greinene. Å, det er så godt å sjå alt som spirer og gror ute no, tenk at det snødde for berre to veker sidan. 

 

Kvitveis ute i skogen og påskeliljer langs grøftekanten, det er rett og slett så mykje å sjå rundt oss viss me berre stoppar opp, tar oss tid til å sjå. Ein sommarfugl dukka opp rett foran auga mine, berre sjå kor fin den var! "Jeg velger meg april", skreiv Bjørnson ein gong. Eg skjønner kvifor. 

 



Og så blomane på trea, det må jo vere noko av det aller vakraste med denne årstida. Me traska langs (for oss) nye gater, rundt to forskjellige fotballstadion og rundt ein del av Stokkavatnet. Ved vatnet fann me ein kjempefin plass på steinar som var varma opp av sola, og der tok me ein rast. Godt selskap, solskin og termoskaffi i ein emaljekopp med Mummimotiv. Sundagsturlykke.

21. apr. 2021

Green Gables og Pemberley



Ein kan aldri ha for mange bokmerke! På Instagram var det nokon som tipsa om kontoen til Yasmin og butikken hennar på Etsy. For ein dryg månad sidan tinga eg heim eit bokmerke der Elizabeth og Darcy frå Pride & Prejudice er portrettert og eit lite trykk sjølvaste Anne Shirley, inspirert av TV-serien Anne with an E. Bokmerket er allereie tatt i bruk, og trykket fortener ei fin ramme slik at det får skine. Kall meg gjerne ein bok- og filmnerd, for det er akkurat det eg er ;)

20. apr. 2021

Denne plassen ♥︎


Blikkstille vatn. Berre oss, fuglane og ein svakt, susande vind. Kveldssola over fjellet. Ein liten stemningsrapport frå ein av kveldane i påska. Tenk å få vere på ein så nydeleg plass som denne!

19. apr. 2021

Påskefjellet



Frimåndag med knallblå himmel, nytt prosjekt på strikkepinnane og lesing ute på balkongen. Eg klagar ikkje, det har vore ein god start på veka. Kan heller ikkje klage på dagane me hadde på hytta i påska. Isen låg som eit tynt teppe på vatnet då me stod opp laurdagsmorgon, og ein skimt av sollyset på toppane gjorde det endå finare. Sjølv om tåka låg tjukt ein av dagane, er utsikta frå hytta og utover vatnet alltid eit syn som gjer meg roleg. Låge skuldre og lyden av ein susande vind.

 


Solnedgang med tåke og solnedgang utan tåke – to magiske kveldar. Lyset blir dusare med tåke, nesten litt trolsk og mystisk. Den siste kvelden der oppe fekk me oppleve ein solnedgang som farga Moslifjellet i ein oransjerosa farge. Slike kveldar som dette, langt unna byens kjas og mas... ♥︎

18. apr. 2021

Morgonskift, kaffi i fleng og herleg vårvêr



Vel, det har vore tidlege morgonar, men det flotte vårvêret har vege opp for det å stå opp halv fem eller halv seks. Og fuglane som syng høgt når eg syklar til jobb, lyset ute og alle bøkene eg har kost meg med i helga. Kjekke folk på jobb gjer også kvardagen noko betre, for eg må berre innrømme at endå ei nedstenging var ikkje det me håpte på no. Det er eigentleg ikkje så mykje meir å skrive om denne veka; dagane har foke av garde og plutseleg er det måndag om nokre få timar. Ein god sundag har det i alle fall vore med lesing både ute og inne, kjempefin tur på Stokka, god middag og noko kjekt å sjå på skjermen. Skal nyte finvêret i morgon, men aller fyrst ei liste frå denne veka:

✦ bøker om bøker alle tiders og The Paper & Hearts Society har eit herleg mangfold og viktige tema
✦ lese ute på balkongen fleire av dagane denne veka, heilt magisk!
✦ "Om stjärnögonblick – stunder av förundran" – Wildas skildring av fine og viktige augneblink
✦ stilige øyredobbar frå @fargerikhekling
✦ hente fleire bøker på biblioteket
✦ lyset inn i svømmehallen ein av morgonane
✦ strikke ferdig toppen og sjå at den blei faktisk ok (bilet får komme seinare)
✦ gamle og heilt nydelege utgåver av bøkene i Anne of Green Gables-serien
✦ kvardagsmagi rett utanfor balkongdøra: lillsarosablå solnedgang over naboblokka
✦ kaffi i ein finfin Mummikopp då me var ute og gjekk ein bra tur i dag 
✦ 60 operasongarar som syng på eit kjøpesenter, det er rett og slett kjempetøft
svømme 800 meter i bassenget midt i veka
✦ blomar på trea
✦ for ein søtnos, nemleg ein bitteliten kanin
✦ byrje å sjå 90-talsserien Road to Avonlea – som eg saknar PEI!
✦ hestehov langs grøftekanten når eg syklar til og frå jobb
✦ høyre "Carrickfergus" på radioen (eg kan enno hugse at eg grein fyrste gongen eg høyrde songen)
✦ sjå meir av Michael Palins mimreprogram, tenk på alt det han har fått oppleve
✦ spele "Ticket to Ride", ete heimelaga pizza og kose oss med Kompani Lauritzen
✦ å møte ein kjempefin katt då eg var ute og gjekk ein liten tur
✦ Ann Cleeves skriv så bra, og det er kjekt å vere i gong med bøkene om Shetland og Jimmy Perez

16. apr. 2021

Fargerik hekling i postkassa

Fargar på ein fredag. Tungt med endå strengare restriksjonar her på Nord-Jæren, og då er det litt ekstra fint å kunne titte på desse kule og fargesterke greiene som nyleg kom i posten. Eg kom over kontoen @fargerikhekling på Instagram og fann ut at ho sel små ting som har hekla på denne Eplabutikken. Å, bestemorsruteøyredobbane er stilige og dei raude julestjernene blir perfekte som juletrepynt. Langhelg ventar og det er meldt godvêr – eg trur det blir ei helg etter min smak!

15. apr. 2021

Med ein fugl som er lur på hyttetur




Du er no ein liten raring, Zalo. Ein heilt eigen vilje har du, og du skal som regel vere sosial og snakkesalig på dine premissar. Men gurimalla, så artig du er! Å vere med oss når me et frukost var alle tiders, og physalis blei i løpet av påska ein ny favoritt. Det er framleis pappa som er bestevenen din og de er så fine når de sit der og pratar i lag. Kvar gong eg tar fram kameraet for å prøve å ta bilete av deg, kjem du fykande, set deg på handa mi og vil heller vere bak kameraet enn foran. Okei, så er det kanskje litt mykje når du pip det høgaste du kan, men den søte, lille kvitringa di når du ser ut til å vere veldig glad og nøgd – den er herleg å høyre på. For ein kjekk hyttetur med deg!

14. apr. 2021

Sjølvaste krimdronninga og ein Bookerprisvinnar


Agatha Christie sine bøker – eg storkoser meg med kvar og ei bok eg les som ho har skrive. Mord er ingen sak er den Christie-boka eg har lese no i april når temaet er ei historie med handling før andre verdskrig. Fleire av Christie-bøkene har eg lese før eller sett på TV, og dimed hugsar eg kven mordaren er. Det gjorde eg denne gongen, for i TV-serien om miss Marple (den nye, ikkje TV-filmane frå 80-talet) er Mord er ingen sak ein av episodane sjølv om Marple ikkje er med i boka. Motivet var no ikkje heilt det same, og uansett er det alltid spennande å sjå korleis det heile blir nøsta opp litt etter litt. Å vere med i #readchristie2021 er ei sann glede kvar månad!



"Leek sluttet å pakke. Han satte seg ned på ett kne slik at han så opp på Shuggie. Leppene beveget seg lydløst, nesten Som om han ikke visste hvor han skulle begynne. «Ikke gjør samme feilen som meg. Hu kommer aldri til å bli bedre. Når tida er inne, må du dra. Den eneste du kan redde, er deg sjøl.»" (s. 377). Skotsk-amerikanaren Douglas Stuart har skrive Shuggie Bain, ein roman som treff hardt, som er sår, vakker, tøff, innimellom optimistisk og alt på ein gong. Boka handlar om Shuggie som veks opp i Glasgow på åtti-talet der arbeidsløysa er høg. Faren stikk av, mora slit med alkoholmisbruk og dei to eldre søskena ser han mindre og mindre. Sjølv slit Shuggie med å finne seg til rette, han vil så gjerne at mora han er så glad i skal bli betre, at kvardagen skal bli mjukare. Her om dagen fekk eg høyre Stuart prate om boka i eit nettarrangement i regi av Litteraturhuset i Bergen, noko som var både stas og interessant. Ein oppvekstroman der orda kjem til å sitje i lenge, og eg skjønner godt kvifor Stuart vann Bookerprisen i fjor for denne romanen.