30. nov. 2022

Petter Kanin og venane hans

Siste stopp i Windermere før me drog tilbake til Kendal, var museet The World of Beatrix Potter. Verkar namnet kjent? Beatrix Potter var skaparen av Petter Kanin (Peter Rabbit på engelsk) og fleire andre kjente figurar, til dømes grevlingen Tommy Brock frå historia The Tale of Mr. Tod.




Til saman skreiv ho skreiv tretti barnebøker, og eg kan vel eigentleg ikkje hugse å ha lese desse – for meg er det barne-TV-serien på nittitalet som gjer at eg veit kven Petter Kanin og venane hans er. Songen "Perfect Day" med Miriam Stockley var introen til kvar episode, og Niahm Cusack spelte Beatrix Potter (artig at Cusack var med i dei fyrste sesongane av Heartbeat). Sjølve introen var med ekte menneske og dyr før det sidan gjekk over til animasjon. Gode barndomsminne. Museet er fullt av levande detaljar, og det var kjekt å bli litt betre kjent med mellom anna Mrs. Tiggy-winkle, ekornet Nutkin, Jemima Puddle-duck, som forresten flaug nær taket, og fleire andre finingar.




I 1905 kjøpte Beatrix Potter Hill Top Farm i Near Sawry i Lake District. Opp gjennom åra kjøpte ho fleire gardar for å bevare naturen og landskapet i Lake District og ho var også saueoppdrettar. Ei flott og interessant utstilling som no gjer at eg vil lese bøkene og utforske hennar forfattarskap

28. nov. 2022

Ettermiddagshimmel



Fleire små foredrag og omvisingar på jobb i dag sidan me hadde personalsamling. Når me har slike samlingar, blir alle frå heile Jærmuseet invitert, og det er kjekt å treffe dei kollegaene som jobbar ved andre anlegg. Ein okei start på veka sjølv om det ikkje var ein mjuk solnedgang som den eg såg frå togvindauget førre veke. For den var mjuk, lyset låg som eit teppe på himmelen. Oransje, rosa, eit hint av lilla og blått. Alle fargane i ei herleg blanding, på veg heim frå jobb ein seinhaustkveld.

27. nov. 2022

Med trombonen på Abelloftet




Joda, litt regn har det vore – eg hadde til dømes fullt regntøy på meg på veg til jobben på fredag og i dag har det vore ein ordentleg innesundag – men fleire av dei andre dagane denne veka har det vore mjuke morgonar med frisk luft i andletet og solnedgangar i pastellfargar. Trombonen var med meg på jobb på måndag slik at eg kunne øve litt kvar dag; eg skulle nemleg spele julemusikk i samband med den såkalla Stjernedagen på torsdag. Kjente det i leppene at eg hadde spelt ein del då eg var ferdig, men samstundes var det både gøy og koseleg. Helga har vore relativt roleg. Var ein snartur innom sentrum i går medan me i dag berre har vore heime. Pynta litt til jul (jaggu meg er det fyrste sundag i advent i dag), lese, fiksa ein genser og generelt ordna i heimen. Novemberveka mi:
 
trur Black Beauty av Anna Sewell må vere ein dei vakraste klassikarane eg har lese
demontere LEGO og høyre på musikken frå musikalen Så som i himmelen
blir glad av å sjå denne rosa fuglen som gjerne vil vere med på det mennesket gjer 
liten sitronterte og knallgod cappuccino på ein kafé
hente bøker på biblioteket og høyre eit lite korps spele julesongar midt i sentrum
vinterlysa midt i Langgata 
"Taperen som vant folkets hjerter" – femti år sidan Fleksnes dukka opp på norske TV-skjermar
ganske rosa himmel ein dag då eg gjekk forbi Sandnes kirke på veg til jobb
tøff lesing: Elven som skiller 
13 bruktbutikkar på Jæren
togtur heim med ein himmel som var farga oransjerosa
høyre Holsts "Jupiter" på jobb, for snart opnar me ei astronomiustilling
pastellfarga skyer på veg heim frå jobb
fint å sjå den nyaste vloggen som Jonna nettopp la ut
kult med bittesmå stjernepannekaker laga med pannekakerobotane som me har på jobb
ha med trombonen på jobb og spele julemusikk (måtte jo så klart ha på meg ei nisselue)
må småhumre av denne dansescena frå The Umbrella Academy med musikk frå Footlose
byrje å pynte til jul og høyre på julemusikk
laurdagstaco og filmen The Muppet Christmas Carol med Michael Caine i rolla som Scrooge
"Carol of the Bells/Wayfaring Stranger" – to songar i ein flott kombinasjon
alle dei flotte stjernene barnehagane hadde laga til oss på Vitenfabrikken
Blair Fells The Sign for Home om døvblinde Arlo er ei verkeleg ei ny favorittbok

25. nov. 2022

Små knutar i ei ramme




Julemusikk på trombonen på jobb i går for nærmare tre hundre barnehagebarn fordelt på fem grupper. Puh, veldig gøy, men eg kjenner eg blei sliten og det er godt det er fredag og helg ;) Fekk lyst til å vise det knallfine nuperellebiletet som eg kjøpte på Solamessen. Inne på soverommet vårt har det heile vegen vore ein krok midt på veggen som me aldri har gjort noko med. Då eg såg dette biletet i ein herleg, mosegrøn farge, sa eg til mannen min at dette kjøper me! Tihi, han hadde ikkje noko val. Eg skal innrømme at det er tanta mi som har laga nuperellebiletet, men om du lurer, så kjøpte eg det fyrst og fremst fordi eg synest det er vakkert og det passa heilt ypperleg til fargane på veggen vår. Å ha eit slikt unikt bilete på veggen, laga av mange små knutar, ordentleg flott og stilig!

24. nov. 2022

Windermere




Båt- og dyrelivet ved Bowness-on-Windermere. Tok toget frå Kendal til Windermere, gjekk til Bowness-on-Windermere, byen ved innsjøen, og vidare båt til Ambleside. Der såg me dei romerske ruinane, åt lunsj og tok oss også tid til å drikke kaffi og ete eit lite kakestykke kvar. Smakte godt!




Skyene var grå og utpå dagen byrja det å regne. Likevel var det fint å sitje under eit tak på ein båt og sjå på landskapet rundt innsjøen. Grøne heier, flotte hus og små slott, ein båttur ute på vatnet.

23. nov. 2022

Ved romerske ruinar




Ikkje berre fekk me sjå ein borgruin då me var i Kendal: me tok også turen til Windermere, Englands største innsjø og båt til Ambleside. Litt utanfor Ambleside sentrum ligg det ruinar etter eit romersk fort datert til det fyrste eller andre hundreåret. Var ikkje like mykje å sjå som Kendal Castle, men litt stilig å vandre rundt på eit jorde der det for mange hundre år sidan var romarar som heldt til. Blåklokkene fanga blikket mitt der dei stod og vaia i vinden ved dei gamle ruinane.

21. nov. 2022

Krøllebølle og ekorn i Melsheia


Ull frå topp til tå, lue, hansker og ei god jakke. I helga var det minusgradar ute, men sola skein og det var ein lys og flott novemberlaurdag. Me passa Balto sidan tanta mi var med på ein julemarknad, og saman med broremann drog me ut til Melsheia. Koseleg å gå tur med Balto, bli endå betre kjent med han, og sjølv om me ikkje gjekk den lengste turen, var det herleg å berre vere ute.


For kven kan klage når sola varmar andletet og tittar fram mellom trea med sitt gylne lys?! Å, ein skogstur på ein dag som laurdag, var akkurat det eg trong. Sollyset gav meg energi, kjente det i heile kroppen. Lukta av skogen, roa på stien, ein kopp kaffi på ein benk og hyggeleg selskap.




På veg tilbake til parkeringa, såg me plutseleg eit par ekorn. Var så kule og søte der dei sat og åt nokre frø, og fleire fuglar var der også. Finfin avslutning på vår novembertur i Melsheia.

20. nov. 2022

Togkrim om bord på toget og fargesprakande himmel





Soloppgangar og solnedgangar. Travle, men kjekke dagar på jobb, dilla på eit musikalalbum (gjett kva album?!) og ei helg med solskin, krøllebøllepassing og julemarknad. Eg skjønner ikkje heilt kor denne veka blei av, kjennest som om det nettopp var måndag! Ute har det vore kaldt, men det har også resultert i ein fargesprakande himmel både tidleg og seint. Bøkene eg held på med, har eg verkeleg kost meg med, både på toget og her heime, og eg byrjar å bli ferdig med ein av genserane eg har strikka på ei stund. Kjenner at hovudet ikkje alltid har vore heilt med, likevel, til å vere ei novemberveke har desse dagane vore fulle av flotte ting. Og her kjem dei på rekkje og rad:

lese ut 4.50 fra Paddington på toget, miss Marple er ein så skjønn, skarp og herleg karakter
stjerneklar himmel fredagsmorgon, nydeleg å sjå opp på himmelen medan eg venta på bussen
"Top 10 Animated Movies with the Best Scores" – ingen over og ingen ved sidan av nummer 1!
soloppgang over Sandnes ein av dagane eg gjekk frå togstasjonen og til Vitenfabrikken
og ekte Disney-himmel over hustaka på kveldstid den same dagen
små haustblad på eit tre rett ved Sandnes kirke
setje på TwoSetViolins Mendelssohn-konsert i lag med Singapore Symphony Orchestra
lilla kjole og haustlauvet på bakken
alt det kule folk bygg på LEGO-veggen vår
høyre på Så som i himmelen-albumet nesten ein gong om dagen 
Ingebjørg Bratlands versjonar av "From a Distance" og "Luka" – ho har ei så vakker stemme
i kaleidoskopet denne veka: ein liten togtur
skjønnaste pusen Haru er innimellom ganske pratsom
kanskje ikkje den beste frå Jojo Moyes, men Hestekunstneren var ganske så rørande
italiensk avfelling på ein pastellmjuk draum
mykje flott og stilig å sjå då me var på julemarknad i dag på Varatun gård
oktoberbilete frå i fjor inne hos Niina – hauststemninga er til å ta og kjenne på
spennande bok frå Karin Fossum: Natteløperen 
nøgd med min kongeblå Easy Basic Tee
kjekt å vere med på Girl Tech Fest
herleg tur i Melsheia i lag med mannen min, broren min og finaste Balto
varmt sollys over takterrassen på jobb

18. nov. 2022

Hjarte på ein LEGO-vegg




Fredag og som regel er det ganske roleg på jobb. Men ikkje i dag, for det var planleggingsdag på fleire av skulane i området i dag og då var det mange som tok turen innom. Travelt og samstundes veldig kjekt, så varierte dagar der eg lærer noko nytt kvar dag. Noko av det som stadig gleder meg, er alt det flotte alle små og store bygg på LEGO-veggen vår. Alle dei kule figurane, som Mario Bros og Minions, ei stor bølge og ein regnboge. Eg blir varm om hjartet når eg ser regnbogehjartet og andre ulike hjarteflagg som viser mangfald. All kreativiteten og toleransen, det gjer meg oppriktig glad.

17. nov. 2022

Kongeblått er alltid rått!


Er det noko som lurer på kva min absolutte favorittfarge er? På laurdag hadde eg på meg ein kongeblå kjole, og det kan eg berre seie: eg har meir enn eitt plagg i klesskapet mitt i den fargen! Tihi ;) I sommar strikka eg ein enkel T-skjorte. Fann veldig fort ut at eg likte oppskrifta og var nøgd med korleis sluttresultatet blei, og dimed ville eg strikke ein til, denne gongen i favorittfargen. Garnet er Tykk Line frå Sandnes Garn, eit herleg blandingsgarn i bomull, lin og viskose. Ute har det vore sur vind i dei siste dagane, så det hadde vore kaldt å ha på meg berre denne T-skjorta no – bileta er altså tatt litt tidlegare i haust då det var varmare i vêret og null vind. Men uansett vêr, eg blei ordentleg nøgd med denne også, ein sval og god topp i den flottaste av alle fargar.