31. aug. 2022

Lys i mange fargar, LEGO og morgonslesestund på toget



Sånn ser dei fyrste dagane på Vitenfabrikken ut gjennom mobillinsa. Eg har vore der i halvanna veke no og kan berre seie at det er kjempekjekt. Saknar litt å sykle til jobb, men å starte dagen med ein liten togtur der eg får tid til å lese eit kapittel eller tre, eg klagar ikkje. Lesestund om morgonen = bra start på dagen = gullkant på kvardagen. Utstillingsvert er stillingsskildringa, med andre ord har eg ansvar for å sjå at alt ser fint og ryddig ut, fikse det eg kan fikse, få hjelp frå ein teknikar eller mekanikar viss eg ikkje får det til. Gå rundt og helse på publikum, engasjere dei og av og til sitje i resepsjonen. Når ein formidlar er borte, trør eg til og hjelper med aktivitetar, til dømes har eg hatt til saman seks klassar inne på LEGO-rommet der dei skulle byggje den mest solide brua. Artig! Diverse lys, inkludert UV-lys, har eg fått sett og utforska, og eg måtte smile av beskjeden som låg ved kaffikanna i går. Gleder meg til å bli endå betre kjent med alle folka, Vitenfabrikken og Jærmuseet.

30. aug. 2022

Minigolf og andre miniatyrar


Miniatyrfigurar frå filmar, me kunne nemleg gå inn i eit lite hus der dei hadde laga til små tablå  frå kjente filmar i miniytgåver. Ringenes herre er jo ein favoritt, klarer du å sjå kva andre filmar eg tok bilete av? Små kvardagsscener som me kunne sjå gjennom små vindauge i ei anna utstilling, ein eventyraktig figur i ein hage og eit minisykkelritt. Ein liten minigolfbane hadde dei også, og den testa me ut. Eg hugsar ikkje kven av oss som vann, meg eg klarte i alle fall ein hole-in-one ;)
 

Gatekunst av Banksy syntest eg var noko av det kulaste. Kanskje er det kanalbåtferie me skal ut på neste gong?! Fekk med meg mannen min på ein liten selfie foran slottet (tihi), og der såg me også den kongelege hestevogna. Til slutt eit par fargerike luftballongar. Babbacombe Model Village er verkeleg ein kul plass med detaljar overalt og noko å oppleve for alle og ein kvar.

29. aug. 2022

Babbacombe Model Village




På vår fyrste heile dag i Paignton, tok me toget inn til Torquay og sidan ein buss ut til Babbacombe. For der ute finn du ein modellandsby som er på heile 16 mål! Eg tenkjer eg lar bileta tale for seg sjølve, men gurimalla, så mange detaljar, forskjellige hus og scener overalt. Shakespeare-teateret The Globe og fleire små engelske landsbygder var noko av det fyrste som møtte oss.


Stonehenge, eit lite telt inspirert av The Great British Bake Off, slott, eit lite tog, Westburys kvite hest og kjendisvillaen. Ikkje så lett å sjå når ting blir så smått, men klarer du å finne Freddie Mercury, ABBA og Michael Jackson? Om du lurer: det kjem meir frå Englandsturen sakte, men sikkert – eg har framleis mykje eg ønskjer å vise dykk. Elles har det vore ein grei måndag med møter på jobb (måndagar held me stengt slik at me til dømes kan ha møter) og eg har gått rundt for meg sjølv for å bli betre kjent med bygget og utstillingane. No er det snart tid for litt lesing.

28. aug. 2022

Mange nye inntrykk og ei roleg helg




Kjenner at det er vanskeleg å oppsummere denne veka, det er ikkje kvar dag ein byrjar i ny jobb. På Vitenfabrikken er det så mykje å lære og utforske, i tillegg kjem sjølve opplæringa og det å bli kjent med nye folk. Men sjølv om det har vore mykje og eg kjente eg trong ei roleg helg, gleder eg meg til å ta fatt på ei ny veke. Ordentleg givande! Å lese på toget er allereie blitt "ei greie", ein super måte å starte dagen på. Her heime har det også blitt tid til lesing, har strikka litt kvar dag, handla lokale varer, nytt solskinet og prøvd å komme inn i nye kvardagsrutinar. Berre ta ein titt på alle punkta:
 
Patrick Modianos Søndager i august, eit ordentleg fortetta mysterium
sjå den artige, britiske komedien The Full Monty og ete heimelaga vegetarpizza
nytt album frå Markéta Irglová, ho har så vakker stemme, høyr LILA her
kaffe latte, ein croissant og boka Velkommen til Floras kafé
tilbakeblikk på golvet inne på teikneseriemuseet i Brussel  
den grønaste lyktestolpen i Stavanger sentrum
lese ute i seinsommarvarmen
tøft å gjenbruke glas på denne måten, og at det blir brukt på Michelin-restaurantar
fine svanefamilien ved Mosvatnet 
fleire folk enn det som er på biletet, men kjekt å handle lokale varer på gjennom REKO-ringen
magisk realisme med Eva Luna av Isabel Allende
vere med på å arrangere LEGO-brubyggarkonkurranse for nokre 8. klassingar
ordentleg bilturbok: The Summer Seekers av Sarah Morgan
lukteutstilling på Vitenfabrikken
"The Sound of Silence" i den åttande episoden av andre sesong av Only Murders in the Building
og sjå sesongfinalen av den same serien, ordentleg kosekomediekrim 
å, du berre må sjå desse flotte gardinene som Ingunn har hekla!
lese på toget på veg til og frå jobb
ei helg utan planar, berre mykje tid til lesing, strikking og avslapping
"Top 10 Best Modern Movie Musicals" – mellom anna er besteste Rent nemnd i denne lista
stort smil ved den nye jobben, og stilig å utforske lyset inne på planetariet 
syklist i soloppgang ved sjøen, sett frå togvindauget fyrste jobbdag

26. aug. 2022

Koselege Earlston

 
Fem dagar på den nye jobben, og det har vore fem kjekke dagar. Travle dagar, men likevel veldig gode dagar. Akkurat no prøver eg å lande og tenkte difor å ta dykk med tilbake til Earlston House Hotel, eit superkoseleg B&B i Paignton. Planen var å finne ein plass å bu midt i Torquay, men sidan me likevel skulle til eit par plassar utanfor byen, tenkte me at Paignton var vel så greitt sidan staden ligg midt mellom dei forskjellige tinga me ønskja å oppleve. Earlston er ein liten familiedriven B&B der me møtte kjempehyggele vertar og hadde eit stort og fint rom med alt me trong.
 



Friske og herlege fargar inne på frukostrommet, og ute i bakhagen hadde dei eit boblebad. Hi, hi, det visste me ikkje då me tinga overnattinga, så det var ei gledeleg overrasking. Dei fleste kveldane var varme, og me sat ute i bakhagen med kvar vår bok og slappa av ei god stund før me fann vegen til senga. Og så må me ikkje gløyme Dexter, den finaste hunden som kom og helste på med ein gong, som ville vise oss bamsen sin og som ville ha kos kvar kveld. Å, for ein søtnos! På grunn av hetebølga som ramma England, blei me buande ein dag ekstra på Earlston, ikkje heilt etter planen, men det var ikje verste plassen å bli stranda. For med fire heile dagar på Earlston, fann me ferieroa.

24. aug. 2022

Spasertur her om dagen


Grøn lunge rett i nærleiken av der me bur. Mosvatnet er der vår som vinter, både sommar og haust. Her om dagen gjekk eg ein runde rundt i eit halvhøgt tempo, men tok meg likevel tid til å stoppe opp. Sjå på den fine svanefamilien, blå himmel og like blått vatn, ein grøn allé med sollyset som skein gjennom alle blada, to nesten usynlege ender og ein minikanal. Å ha dette så å seie i nabolaget, eg klagar ikkje. Okei, eg skal ikkje påstå at eg går der veldig ofte, men å ha moglegheita til å gå ei lita løype når ein treng å lufte tankane, treng å strekke på beina, det er jaggu meg ganske greitt.

22. aug. 2022

Land og strand langs ei togrute


Mange inntrykk og mykje informasjon, fyrste dagen på Vitenfabrikken er over. Folka var kjempehyggelege og sjølv om det er mykje å halde styr på no i byrjinga, trur eg dette kjem til å bli kjekt og lærerikt. Tok både buss og tog i dag, ute var det sol og eg fekk lese nokre sider medan sola titta inn gjennom togvindauget. Bileta over er tatt gjennom togvindauget, berre eit anna togvindauge. For det var kyr og grøne enger ein augneblink og sidan båtar og langrunt elveløp då me tok tog mellom Newport og Newton Abbot (etter å ha vore i Hay-on-Wye). Spesielt toglandskap langt sør i England, på veg til Paignton og Torquay. På veg til krimdronning og feriero.

21. aug. 2022

Snart i gong med nye rutinar




Augustdagar som har gått i kvarandre, den eine dagen har berre glidd over i den andre. Fyrst slutta eg jo i svømmehallen, sidan var me tre veker på togtur, ein tur opp til svigers (også det med tog), ei draumehelg på hytta og mange fridagar. Med andre ord har det vore lite rutinar, og sjølv om eg grugleder meg veldig til å starte i den nye jobben i morgon, kjenner eg det skal bli bra med kvardag igjen. Eg er også spent på korleis det blir med ein lengre reiseveg enn det eg har hatt før – no blir det buss og tog – men satsar på å lese litt til og frå jobb. Det går seg vel til. Mykje lesing og strikking denne veka også, samstundes har me vore litt sosiale og hatt fuglebesøk av kulaste Zalo. Er han ikkje søt?! Som vanleg har eg ein god del å dele med dykk også denne sundagskvelden:
 
treffe nokre venar måndagskveld før dei skulle reise vidare, kjempekoseleg start på veka 
så herleg og nydeleg bok om bøker og kjærleik av Veronica Henry
Folio Societys utgåver av Agatha Christie-romanar – så mange stilige versjonar av bøkene hennar 
balkonglesing med lanterne og pledd om seinsommarkveldane 
ta fram trombonen og byrje å spele igjen, orkesterøvingene startar om berre ei dryg veke
høyre gjennom heile Chess på norsk-albumet på Spotify (og som sagt: eg kjenner trommisen!)
Only Murders in the Building på Disney+, artig komikrimserie
såg også nokre andre venar tysdagskveld då me var ein tur heime på Sola
speler sjeldan dataspel, men dette Mummispelet trur eg at eg må prøve når det kjem neste år 
kaffi og prat ein times tid med mamma og pappa tidlegare i dag
lufte tankane og bevege kroppen med ein liten tur i nærområdet då det var solskin i går
glimt frå ein ferie i Lofoten inne hos Et katteliv, berre sjå her og her, Ida har fanga så mykje fint
alltid litt stas når ein forfattar deler eit av mine bokbilete, denne gongen var det Mandy Baggot
sanne ord om brukte bøker, eit lite minne frå Greenway House
sommarstemning i den nyaste vloggen frå Jonna
Douglas Stuart har gjort det igjen med Unge Mungo, for ei rå og tøff oppvekstroman
å sjå eit piggsvin då me sykla heim frå byen måndagskveld
sjette episode av The Sandman, for ein rørande, nydeleg og samstundes kul episode
strikketid og litt lesing over ein kopp kaffi 
berre sjå denne bittelille katten som får bli med eit flott menneske heim
trur Zalo synest frukosten er dagens høgdepunkt ;)