30. jan. 2015

Knallgod middagsrett og ein kjekk genser

Heimekontor for oss begge i dag. Ein heilt grei måte å starte helga på. Veka har vore alt frå skule til heimeøving på instrumenta (sidan det ikkje var øving for oss denne veka), frå sykling i regnet på onsdag til ordentleg kveldstur i går då det var opphald og temperaturen var berre herleg. Vil eigentleg berre dele eit par kvardagsbilete med dykk, sånn no rett før helga. På sundag hadde me ein knallgod vegetarrett, nemleg ein vegetarlasagne. Den blei så vellukka at me garantert kjem til å lage og ete den fleire gongar. Og så hadde eg på meg ein skikkeleg retrogenser tidlegare denne veka. Så innmari kjekt å bruke noko med litt sjel, noko som ikkje er frå ein av kjedebutikkane :)

28. jan. 2015

Kjekt å sjå

Med det fryktelege regnvêret som er ute no, er det kjekt å kunne ta ein titt på denne miniorkidéen som står på eit av skapa som utgjer TV-møbelet vårt (okei, veggfargen ser litt forskjellig ut på bileta, men det er same veggen, berre i forskjellig lys og forskjellige dagar...). Orkidéen fekk eg av ei veldig god veninne hausten 2011, trur det var i september, då ho var på besøk hos oss i Kr.sand. Det vil seie at blomen er omtrent tre og eit halvt år. At den blomar igjen, år etter år, er ganske utruleg; dei andre orkidéane me har hatt, har bloma berre ein eller to gongar før det var heilt slutt. Sidan denne fine, lille miniblomen blomar gong på gong, er den blitt eit kjærkomme syn her hos oss :)

26. jan. 2015

Brooklyn Botanic Garden

Startar også denne måndagen med eit lite tilbakeblikk frå turen vår. Denne gongen frå New York, nærmare bestemt Brooklyn Botanic Garden. Det var vår fjerde heile dag i byen, og me starta dagen med å ta toget til Tkts Brooklyn (sal av rabatterte Broadwaybillettar) for å sjekke ut prisane og kva musikalar som gjekk. Etterpå skulle me ta toget tilbake igjen, for sjølv om me budde i Brooklyn, kunne det vere langt mellom ein plass til ein annan (det er vel generelt lange avstandar). Toget kom ikkje, så me måtte "fikse og trikse" for å komme oss til Prospect Park og vidare til den botaniske hagen. Dei hadde flytta inngangen til hagen pga. vegarbeid, så me sleit lenge og vel før me endeleg kom på rett spor. Og eg kan enno hugse kor varmt det var den dagen og kor klamme me blei av å gå og gå og gå i den varme lufta. Men me fann fram til slutt, og i hagen var det så utruleg mykje fargar, mange gode dufter, og me fekk eit lite avbrekk frå storbyens kjas og mas.

25. jan. 2015

Kaffi på skulen og restaurantbesøk i byen

Berre mobilbilete i dag, men det får duge for denne gong. Helgene går så altfor fort, og då er det ikkje alltid at kameraet heng rundt halsen på meg ;) Veka har vore veldig fin med ein god del gåturar (må jo nytte sjansen medan det var fint vêr), litt skule og pensumlesing, ordentleg date på fredag og elles ei roleg helg. I morgon er det nok ein gong på'an igjen, og snart skriv me februar allereie. Om dryge fire måndar giftar me oss! Vel, ei sundagsliste eller mange før den tid:

✦ få gratis kaffi på skulen ein tidleg onsdagsmorgon
✦ utruleg fine fargar på desse garnnøsta, eit kjempefint bidrag i månadens Monthly Makers og 25 fantastiske måleri av Rob Gonsalves
✦ kose meg med klippe, lime og måle (sjå førre blogginnlegg)
✦ herlege koalar, ein skjønn, liten kattunge og ei rotte som hatar brokkoli
✦ gå til byen hand i hand, ete på tyrkisk restaurant og til slutt sjå The Imitation Game på kino
✦ dei skjønnaste geitene og sauen: herher og her
✦ finne to bukser på sal; det er nemleg ikkje ofte at det skjer
✦ "Att våga följa sitt hjärta" – trur me alle treng å lese denne teksten som set i gong ein tankeprosess (i alle fall for min del då eg las den her om dagen)
✦ å kunne gå heim frå skulen i raud kåpe, hanskar, panneband og solbriller, berre nyte sola og det utruleg fine vintervêret (og det tok ikkje meir enn ein halvtime)
✦ kjempefine loppemarknadfunn hos Sandra, og denne artikkelen om å finne vinterutstyr nettopp på loppemarknader
✦ orkidé som blomar her i heimen
✦ så artig å sjå utviklinga på NRK sine nettsider frå 1995 og fram til idag, og denne boktilrådinga
✦ desse filmusikkdansane frå "Mitt dansecrew", og denne herlege songen
✦ setje oss ned og sjå dei fyrste episodane av Kampen om tungtvannet
✦ Harry Potter-fan som eg er, måtte eg le høgt av denne

24. jan. 2015

Papirprosjekt

Monthly Makers. "Kva er det for noko?", seier du kanskje då. Kort fortalt er det tolv svenske bloggarar som har gått saman om å kvar månad presentere eit tema som legg opp til at ein skal lage noko, skape noko. For kvar månad vil det vere eit nytt tema og ein ny bloggar som er "vert" for månadens tema. I januar er det Un vélo som er vert, og temaet er "papper", altså papir. Det må ikkje vere eit prosjekt med kun papir, men "med papper som utgångspunkt och/eller inspiration". Eg er ikkje den flinkaste viss eg berre skulle brukt papir i prosjektet mitt, til dømes origami, men eg er god på decoupage (slik som då eg gjorde dette prosjektet). For at det skulle koste minst mogleg, ville eg prøvde å ta utgangspunkt i papir og utstyr eg allereie hadde her heime. Litt vanskeleg å finne inspirasjon no i vintertida, så det tok litt tid før eg fann ut kva eg ville lage. Men etter eit søk på nettet på korleis ein best mogleg kan bruke opp papirrestar, fann eg fram til dette prosjektet. Eg leita fram papirrestar, reiv ut fine mønstre frå gamle magasin, fann fram måling, blyant og decoupagelim. Kjøpte eit lerret på Clas Ohlson for 59 kroner, og så var det berre til å setje i gong. Valde å halde meg til litt mørke fargar og ikkje så fullt så sterke som eksempelet eg brukte som utgangspunkt. Grunnen til det er at det då lettare å plassere biletet inn saman med dei andre som me har på gjesterommet, bilete som allereie er fulle av fargar og motiv. Men stilen passar rett inn, så eg trur det blir veldig bra når me får hengt det opp :) Fyrst teikna eg omrisset med blyant før eg så tok saksa fatt og klippa ut mange blad og ein fugl. Deretter limte eg papirbitane på med decoupagelim, og dagen etterpå måla eg det som skulle målast. Eg brukte ikkje fikseringsspray eller meir decoupagelim for å beskytte lerretet (biletet), men om ein vil sikra seg, så kan det vere smart. Resultatet er eg i alle fall nøgd med, og det tok ikkje lang tid heller. Eit perfekt prosjekt over to kveldar når ein får lyst til det. Dette er mitt bidrag i januartemaet av Monthly Makers.

23. jan. 2015

Frå 1 til 10

Inspirert av denne lista hos Sandra (og ei liknande liste hos Hjartesmil), vil eg i dag dele mi eiga "1-2-3-liste". Kjekt å kunne dele ei litt anna type liste enn kun sundagslistene mine. Ikkje berre fordi det er gøy, men eg blir jo utfordra til å tenkje, til å skrive ned punkt for punkt fine ting og andre fakta som eg til vanleg ikkje tenkjer så mykje på. Og med dette seier eg rett og slett "god helg".

1 fint sitat
(på nynorsk:) "Kvardagar er dei flottaste. Dei er fulle av eventyr" (Anne-Cath.Vestly). Mange flotte sitat å velje mellom, men eg synest dette er så sant og så fint, og det er attpåtil på norsk.

2 fine saker i det siste
- kjempefint vêr slik at ein kan gå lange turar, både til/frå skulen, ned til byen og i skogområde
- at me faktisk fekk til å reise til Oslo for å sjå Billy Elliot og i same slengen besøke nevø, nieser og foreldra deira

3 program eller filmar som skremte meg då eg var lita
✦ Muppetshow sin versjon av A Christmas Carol (Scrooge var så himla skummel)
✦ Hufsa og Hattifnattane frå Mummitroll-universet
✦ Ursula i Den lille Havfruen

4 kompliment som eg har tenkt å gi til nokon på internett, men aldri har sagt
- hos sitrende.net, som Tiril står bak, kan eg sitje og berre drøyme meg heilt vekk fordi bileta er dei vakraste eg har sett
- Ina, som skriv på mewkid.net, har den mest fargerike bloggen eg veit om, og eg blir så glad kvar gong eg tittar innom
- den beste innan strikking, og som eg ser opp til nettopp for det, er Birgitte
- hos Ingvild, finn eg nokre av dei finaste heimesydde kleda og skjønne kvardagsbilete

5 utanlandske bloggar som alle burde følgje
✦ Girl with Curves - fordi formfulle kvinner også kan gå i stilige klede
✦ A Beautiful Mess - fordi her finn ein så himla mykje inspirasjon (mat, DIY, interiør, kvardag)
✦ Hej Regina - fordi den er så full av enkel, men stilfull og utruleg fin kreativitet
✦ Bleubird - fordi bileta av barna, dyra og alt det andre er fantastisk
✦ Emily Dahl - fordi ho har den finaste dachsen og "bloggjulkalenderen"

6 saker eg misliker
- paprika
- at rosa og blått fortsett er jente- og gutefargar, for sjølv om me er komme eit stykke på veg, er me ikkje der enno. Kan me ikkje bli kvitt det stempelet ein gong for alle?!
- å stå opp tidleg
- snø (sjølv om det er fint akkurat på julaftan og litt i romjula)
- at dei fleste av mine gode vener bor i andre byar, ja, til og med i andre land
- kroppspresset som me stadig blir utsette for

7 duppedingsar eller fine ting eg ønsker meg akkurat no
✦ ein slik minipult
✦ ullkuleteppe til stova vår
✦ vegglampe som denne, denne eller denne
✦ ei veggklokke frå Society6
 kameralinse, eller fleire, til speilrefleksen (må berre setje meg inn i kva eg treng...)
✦ vintagekjole; einaste problemet er at det er litt fullt i skapet
✦ Billy Elliot - The Musical Live

8 saker eg vil (og skal) gjere i år
- gifte meg med verdas finaste
- vere endå meir kreativ
- få til å vere meir med dei fine veninnene mine når dei er i byen
- reise, til London, Hellas eller ein heilt annan stad
- bade meir i sjøen og i vatn når sommaren kjem
- vere ein god kjærast og, om berre nokre månader, kone
- kjøpe albumet til Laurence Fox som kjem ut i løpet av våren
- lese meir (og då snakkar eg om bøker som ikkje står på pensum)

9 av mine beste TV-seriar (vanskeleg å plukke ut berre ni, men eg har i alle fall prøvd)
✦ Agatha Christie's Poirot - den beste av dei alle (og ingen slår britisk krim)
✦ Glee - min absolutte "guilty pleasure" når det gjeld TV-seriar; så mykje herleg dans og musikk
✦ White Collar - lett dramakomedie med ein dæsj spenning (fantastisk humor)
✦ Heartbeat  - fordi 60-talet er herleg, og karakterane er like herlege
✦ Downton Abbey - så gjennomført med kostyma, bra skodespel og interessante karakterar
✦ Rizzoli & Isles - krim, av typen amerikansk, med to fine og herlege hovudroller
✦ Black Books - britisk, svart humor på sitt beste
✦ Parenthood - smil og tårer i ein og same serie, ein serie om ein stor familie (og alle dei rundt)
✦ Pushing Daisies - må berre sjåast!

10 tilfeldige fakta om meg
- eg liker å spele såkalla "escape games"
- kvar gong eg les siste Harry Potter-boka, eller ser den siste filmen, så byrjar tårene mine å renne, eg hikstar og vil ikkje at forteljinga skal vere ferdig
- min favorittbamse, Dumbo, bur her hos oss og ikkje gøymt i eit skap hos mine foreldre
- i åttande klasse, frå september til april, las eg ca.22 000 sider i samband med ein lesekonkurranse, så jepp, eg er ein ordentleg lesehest
- eg har knokke ei tå pga. eit kumlokk, ei hand pga. ein fotball og eg har hange fast i ei flaggstang då eg skulle vere Super Mario
- risgraut er noko av det beste som finst
- det er snart femten år sidan eg byrja å spele trombone, og omtrent ni år sidan eg kjøpte mitt eige instrument, den trombonen eg speler på den dag i dag
- eg har kyssa ein sjiraff
- då me var i New York i fjor, snubla me over innspelinga av White Collar
- har fire heimestrikka luer i skapet (ei som er hans og tre som er mine)

21. jan. 2015

Minisykkel

Nettopp komme heim frå dagens andre tur. For når vegen heim frå skulen i rask gange tok ein halvtime, vil i alle fall eg kalle det for ein tur ;) Har vore fint vêr dei siste dagane, så både gåturen heim frå skulen og tur med kjærasten etter middagen i dag var ordentleg herleg. Og så er det jo godt å komme inn i varmen igjen og kjenne at ein har roser i kinna. på laurdag var me som sagt på årets fyrste loppemarknad, og då fann me denne lille, rare sykkelen. Det er rett og slett ein salt- og peparbøssehaldar (og kanskje også for tannstikkarar?!), men hos oss kjem den til å stå i bokhylla i stova som pynt. Berre fordi. Me er ikkje sikre på om me liker sjølve salt- og peparbøssene, så dei blir moglegvis bytta ut med noko heilt anna etter kvart. Men for no så får dei stå. Sykkelen med "bagasjebrettet" er i alle fall ein artig detalj blant alle bøkene, filmane, bileta og pyntegjenstandar.

19. jan. 2015

Godbitar frå Reykjavik

Innimellom, når dagane går i eitt og eg ikkje heilt veit kor eg skal starte, tar eg meg i å tenkje tilbake på reisen vår til Reykjavik og NY i fjor. Å kunne reise bort, oppleve så utruleg mykje, gjere nye ting og ikkje tenkje på skule, er ei kjensle som verkeleg er god å kjenne på i ny og ne. Eg veit at me nettopp har hatt juleferie, at me så vidt er i gong med eit nytt år, men det må jo vere lov til å ta ein pust i bakken og smile av alt det fine me opplevde (og det blir jo opplevingar i fleng også i år med bryllaup og Vinjerock av dei som er plotta inn i kalenderen). I dag vil eg dele nokre fleire bilete frå dei få dagane me var i Reykjavik. Eg har allereie delt desse bileta, desse og desse. Ovanfor kan de sjå endå fleire godbitar: 1. ei lita borg som kunne vore med i Ringenes Herre, 2. kaffi på kjøpesenteret Smáralind, 3. fersk tomatsuppe på ein tomatplantasje, 4. geysir, 5. Gullfossen, 6. reklame for videoutleige, 7. og 8. Hallgrímskirkja, 9. meg i The Blue Lagoon, 10. finaste luftballongen (me kjøpte ein mini grøn- og kvitstripete) og 11. nokre gongar er islandsk ganske enkelt å forstå. Så kjem det nok eit innlegg eller tre med fleire bilete frå New York etter kvart ;)

18. jan. 2015

Blomar, loppemarkand og bryllaupsplanlegging

I går "raida" me AMFI Madla for å finne nokre bukse og andre klede, og me var også på årets fyrste loppemarknad i Ynglingehallen berre ein liten sykkeltur unna. I dag har me fått gjort litt husarbeid, og etter kvart kom mamma og pappa og henta oss. Me var så alle fire rundt på ein liten køyretur for å sjå litt på eventuelle fotolokalitetar til bryllaupet. Etterpå blei det god middag heime på Sola og endå meir bryllaupsnakk og -planlegging. Vekas sundagsliste ser slik ut:

✦ kjøpe blomar til heimen på ein måndag
✦ for ein nydeleg og stilig utsjånad på desse utgåvene av Harry Potter-bøkene, og sjå alle desse Mummi-tinga
✦ datekveld midt i veka med latter og glede då me las høgt frå lappane i minneglaset
✦ "Take on Me" i førre vekes episode av Glee
✦ ja takk til meir av slike byttedagar
✦ lese nokre sider i den fjerde Harry Potter-boka kvar kveld i senga før me sløkker lyset
✦ to veldig godt skrivne innlegg; eit om mobbing og eit om skilsmisse
✦ årets fyrste loppemarknad (før Fifty Shades of Grey, så var det Shades of Gray, hi,hi)
✦ høyre på all den herlege musikken frå musikalen Billy Elliot 
✦ "On Changing Dreams" hos A Beautiful Mess og "En liten guide till inspirationen" hos Sandra
✦ å snart vere ferdig med den strikka puffen eg har halde på med sidan i haust
✦ herleg versjon av "Let It Go" og denne rare lyden for "ja" nord i Sverige
✦ vere i gong med begge skuleemna for dette semesteret
✦ ein liten "winter wonderland"-video hos Hjartesmil og "sommerdrømmer på vinteren" hos Ina
✦ ete sundagsmiddag på Sola med Dronning Maud-fromasj til dessert
✦ så mykje fint interiør og fine fargar, og tenk å bu i dette lille huset

16. jan. 2015

Sniktitt på invitasjonane

Her får de ein liten sniktitt på bryllaupsinvitasjonane våre. Me har laga dei sjølv, og eg må få seie at me blei veldig nøgde (er det ein av oss som er glad i blått mon tru?!). Det har vore ein del fram og tilbake, men sluttresultatet blei noko eg håper gjestene kan bli glade for å få i posten. Neste veke er forhåpentleg dei fleste sendt og på veg til kjente og kjære. Dagen nærmar seg med stormskritt!

15. jan. 2015

Kjekke, fine, gode og morosame minne frå 2014

Når eit nytt år er i gong, er det veldig deilig å byrje på nytt med blanke ark og ordentleg pågangsmot. Samstundes er det noko med å kunne mimre tilbake på alt det fine, kjekke, morosame og gode som skjedde året før. Så klart vil det ofte ha skjedd ting som ikkje er fullt så fine eller kjekke, men likevel. For tredje året på rad har me i løpet av 2014 skrive hendingar og andre saker ned på små lappar og putta de i minneglaset vårt (som eg har skrive om før her). I går byrja me å plukke ut nokre av desse lappane, lese dei høgt, le eller smile av minna, og til slutt la me dei oppi eit nytt glas merka "2014". Kjempefin måte å oppsummere fjoråret på (og i fjor skjedde det mykje), og veldig koseleg og fint å ha ein liten datekveld midt i veka. Har enno nokre lappar igjen med forskjellige fine minne :) Håper, og trur, at 2015 blir nok eit år med mange fine opplevingar!

14. jan. 2015

Nokre fargerike blomar til heimen

På veg heim frå skulen på måndag, då eg var innom butikken for å handle inn til veka, såg eg desse blomane. Jaggu var dei ikkje på tilbod, så dei blei rett og slett med meg heim i ein pose på sykkelstyret. Er ikkje så ofte at me kjøper blomar, men det piffar jo opp litt i heimen :) Og ved sidan av Wes Anderson-boka eg gav til min betre halvdel til jul, blei dei ganske så fine. I dag hadde eg forelesning i det andre emnet som eg tar dette semesteret, nemleg saktekster. Kjekke folk i klassen også i dette emnet. Kjøttkaker til middag, tur og bryllaupsplanlegging utpå kvelden :)