9. aug. 2023

Ettermiddag i Joensuu

 
Framme i Joensuu rett rundt klokka tre. Me fann hotellet, sjekka inn, la frå oss bagasjen og hadde eigentleg planlagt å stikke rett bort til Norra Karelen museum. Det viste seg at dei hadde langope om onsdagane, og då blei det eit kafébesøk og litt shopping fyrst i Taitokortteli, eit lite kvartal der ein kan sjå på og kjøpe flott brukskunst. I ein butikk såg eg garn i alle fargar og det var her me kjøpte den søtaste ugkleklokka. Stilig med den gamle sykkelen, og motorsagene som du ser, er ikkje ekte: dei er faktisk hekla! Smakte ypperleg med ein god kopp cappuccino og noko attåt.





Norra Karelen museum er eit kulturhistorisk museum som viser fram den karelske kulturen, fortel deira historie. Interessant å lære meir om dette området som har vore både finsk og russisk, som i andre verdskrig fyrst tilhøyrde det eine landet og sidan det andre. Og så tilbake igjen, karelarane blei vist bort frå heim og land. Vondt å lese om alt det mista, men kjekt å sjå folkedrakter, instrument og gamle kart, generelt bli betre kjent med Norra Karelen som område og den karelske kulturen.  




Utpå kvelden gjekk me ein tur i parken, titta opp på fine Joensuu kyrkje og slappa av med bok, byutsikt og ein drink på ein koseleg båtbar. Middagen åt me ute hos Mihailin Taverna, og det blei ein enkel, men sabla god gresk rett. Ordentleg gøy å berre stikke til ein by halvvegs på sparket, mest på grunn av togturen, og samstundes like byen såpass godt. Takk for oss, Joensuu!

Legg igjen ein fin tanke