30. aug. 2019

Noko grønt

Grønt er skjønt. Ikkje berre ute i naturen, men også på klede, interiør og smykke. Grøn er ein farge som har vakse på meg dei siste åra, og i Sverige fann eg to flotte ting som eg kjøpte med meg heim. Eg bruker ikkje smykke til vanleg på jobb og heller ikkje i stor grad utanom. Likevel synest jo også eg at det er stas å kunne pynte meg innimellom. Sjølv liker eg å støtte lokale handverkarar, og verken armbandet og øyredobbane er merkevare. Øyredobbane fann eg på Hornstull marknad og er laga av Madebyessmoo. Kjempekoseleg dame med dei mest fargerike smykka. Armbandet fann eg i Visby den fyrste dagen på Gotland, og eg klarte ikkje å la vere å tenkje på det. Så den dagen me skulle reise, stakk me innom butikken ein gong til og det blei med i kofferten. Vilma Velásquez lagar armband, øyredobbar og andre smykke av taguanøtta og fargar smykka med batikkfarge. Taguanøtta blei mykje brukt i smykkelaging før plasten tok over. Eg har brukt øyredobbane og armbandet fleire gongar allereie, og satsar på å bruke dei mykje i mange år framover.

29. aug. 2019

Og eit besøk på Katthult

I fjor var det Anne of Green Gables, i år Astrid Lindgren. Ikkje veldig vanskeleg å sjå kor desse bileta er frå, trur dei fleste av oss kjenner igjen trefigurane, eller kva?! Dagen etter at me besøkte Astrid Lindgrens Näs og Bullerbyn, var turen komme til Katthult. Rydda ut av campinghytta og køyrde berre i fem minutt før me var framme. Det var her i den lille bygda Gibberyd at dei fann den perfekte lokasjonen då dei skulle byrja å filme bøkene om Emil og alle dei andre i Katthult, Lønneberget. Ingen Ida i flaggstanga, men ein kunne nesten høyre "Eeeemiiiil!" medan me gjekk rundt på tunet. Spesielt kult var det å få sett snikkarbua; sjå det handverket, og så mange av dei!


Sidan slutten av 1800-talet er det den same familien som har eigd, og framleis eig, garden der filmane blei spelt inn. Lite visste dei at filmane kom til å bli så populære at turistane ønskja å besøke garden mange tiår etterpå. I hovudhuset, akkurat som i Bullerbyn, bur det folk, men resten av garden og tunet kan ein gå rundt på, titte, lese om bygga og om filmane og ein kan til og med få klappe dyr. Griseknoen var der (eg kan vel seie tre Griseknoar), flotte hestar og ein søt kanin.


Drängstugan er open for publikum og det er som å gå inn i ei anna tid. Rutete gardiner og den gamle lampa i taket, broderi på veggen, den gamle klokka og ei skjorte. Ei skjorte som Alfred antakeleg brukte. Og så måtte eg le litt då eg såg pølsefella i varggropen, ha, ha! Herleg detalj!


Handverk kunne me også sjå av alle dei gamle gjerda, akkurat som i Bullerbyn. Og dei raude husa og den gamle kjerra, dei har verkeleg laga det fint til og klart å halde det vedlike. Småland er eit nydeleg område, og eg er verkeleg svak for dei små husa, mange av dei måla raudt. Me drog ikkje innom Astrid Lindgrens värld midt i Vimmerby, men eg synest Näs, Bullerbyn og Katthult er tre kjempefine plassar å besøke for alle som har vakse opp med bøkene og filmane til Lindgren.

28. aug. 2019

Bullerbyn

Eller Bakkebygrenda som me seier på norsk. Medan me budde i den kule campinghytta, besøkte me Bullerbyn. "Alla vi barn i Bullerbyn", eg hugsar eg høyrde den norske lydboka mange, mange gongar då eg var lita. Filmane blei spelt inn på midten av 80-talet, og eg veit eg har sett dei på TV-skjermen på 90-talet. Barndomsminne dette her. Nordgården, Mellomgården og Sørgården ligg så fint på rekkje og rad. Bullerbyn heiter eigentleg Sevedstorp og er barndomsbygda til Astrid Lindgrens far. Idyllisk med dei små, raude husa, grøne hagar og flotte tre. Husa er privateigde, så ein får ikkje gå inn og sjå, men stas å besøke staden likevel. Gamle mjølkespann, liten kafé der eg titta litt ekstra på filmplakaten, gamle tregjerde og eit stort tre med hol i stammen. Eg fekk lyst til å prøve å krype inn, men skjønte til slutt at eg nok var litt for stor, tihi! Å bu på denne plassen, altså.

27. aug. 2019

Det nærmar seg ei ny årstid

Tenk at det byrjar å nærme seg haust. Slik er det jo kvart år, eg veit det og det bør ikkje komme som ei overrasking. Likevel gjer den det på ein eller annan måte. Med nærmare tretti gradar ute i dag er det framleis sommar og eg kunne godt ha hatt sommar ein månad til. Men okei, det er som det er, og om ikkje anna har eg haustfargane å sjå fram til. Dei har allereie byrja å vise seg, noko eg la merke til då han og eg gjekk ein liten tur i Sørmarka på laurdag. Syntest også at det var fint og koseleg å sjå det gamle paret på ein benk ikkje langt unna stien. Ei slik stund. Å sitje på ein benk med ein kjæraste, ein god ven, eit søsken, ein person ein er glad i, berre nye utsikta, prate alvor eller tulle, kanskje berre vere stille i kvarandre sitt selskap, i mine auge er det kvardagsmagi.

26. aug. 2019

Spilhammars camping

Sommaren er tilbake, i alle fall no i dag. Sola har stått høgt på himmelen, og eg har kost meg ute på balkongen med ei bok og to. Startar elles denne siste augustveka med eit blogginnlegg om Spilhammars camping i Mariannelund, ikkje langt unna Vimmerby. Me leigde bil i Stockholm som me hadde resten av ferien, og køyrde fyrst til Kolmården djurpark. Tok altfor mange bilete der, så eg får heller komme tilbake til den feriedagen noko seinare ;) Etter å ha vore der i mange timar, køyrde me til campingen, og der me budde me i ei slags tønnehytte. Som mannen min sa: "me har lagra oss sjølve på fat"! Kjempekoseleg, lite campinghytte med akkurat plass til to sengar, eit lite bord og ein bitteliten kjøkkenkrok. Det var ikkje innlagt vatn i hytta, men det var ikkje langt til felleskjøkkenet der me henta vatn i ein vatndunk. Laga oss god frukost inne i hytta begge morgonane, fekk vaska tøy inne på vaskerommet og berre tok det heilt med ro. Campingen ligg like ved eit lite vatn, og hadde det vore noko varmare i lufta, hadde eg garantert hoppa uti ;)


Knallblå himmel og piskande regn, dei dagane me var i Småland, opplevde me det meste på vêrfronten. Me køyrde langs skogar og ein veg som har namnet "Utflyktsvägen". Og det var jo nettopp det me var ute på: ute på utflukt og nye eventyr. Mellom Kolmården og Mariannelund byrja det plutseleg å bøtte ned, sånn ordentleg bøttande og piskande regn. Vindaugsviskarane gjekk i eitt. Ei lita stund var det som å køyre i ein grå gugge, sikta var dårleg og me høyrde nesten ingenting anna enn regnet. Heldigvis varte det ikkje så altfor lenge, og eg fekk fanga den stemninga rett etter uvêret på biletet over: sola som så vidt skin gjennom den mørke skya.


I nærleiken av campingen går det nokre fine turstiar gjennom skogen. Me hadde tatt med oss gode joggesko og skift med turklede, dimed blei det tur ute i skogen den eine kvelden. Kveldslyset mellom trea og ned på lyngen var så gyllen og varm. Å gå på ein sti gjennom ein slik skog. Lyngen og mosen låg tjukk overalt, og lukta av skog følgde oss heile vegen. Likte oss godt ved denne campingplassen som hadde greie fasilitetar i tillegg til ei knallfin plassering nær både vatn og skog.

25. aug. 2019

Blomar, bøker og ei bra helg!

Ser det blir litt sein sundagsliste i dag, men betre seint enn aldri. Fem dagar med morgonvakt på jobb er over, og helga har vore akkurat passe med både avslapping og noko sosiale aktivitetar. Litt rart å komme tilbake på jobb med vanlege skift, men ikkje vanlege arbeidsoppgåver sidan me har hatt stengt for vedlikehald. På onsdag er det derimot i gong igjen (eg har fri i morgon og tysdag, slik eg pleier etter å ha gått morgonskiftet). Besøk hos ein kollega etter jobb, fest hos ei veninne i går med quiz og mange fine folk, tandemdresin på Ålgårdbanen og sundagsmiddag heime på Sola – dette er veka kort oppsummert sånn utanom jobb. Veldig mykje gøy! Okei, over til sjølve lista:

✦ Christie-boka i august var Barneselskapet, og eg las den ut blant epletrea på Gula Hönan
✦ villblomar langs grøftekanten i nærområdet vårt
✦ blå hortensia ved naboblokka
✦ ein golden retriever og ein katt, to ordenlege fine og søte bestevenar
✦ gå tur i Sørmarka i går og byrje å sjå haustfargane dukke opp
✦ besøke ein kollega etter jobb på tysdag med kaffi og prat i hengestol i ei hagestue
✦ sjå ein episode av Poldark og byrje på ein ny sesong av Shetland på NRK Nett-TV
✦ finne plass til dei små suvenirane eg tok me heim frå Sverige (likte særskilt Gotlandssauen)
✦ tandemdresin på Ålgårdbanen i dag saman med han der fine
✦ koseleg meg sundagsmiddag og feriebileteframvisning heime på Sola
✦ sitje ute på balkongen no i ettermiddag med kvar vår kjekke bok i fanget
✦ tilbakeblikk på ein fargerik og koseleg kafé i Østbanehallen og eit kult kafégolv i Stockholm
✦ "Ett sanningens innlägg från torpet" – eit herleg Gotlandsinnlegg inne hos Emma
✦ boka har kanskje ikkje tolt tidas tann, men likevel litt artig å lese Casino Royale
✦ bursdags- og innflyttingsfest ute på Engøy hos ei barndomsveninne
✦ og når me snakkar om James Bond-boka: sjå kva sete eg fekk tildelt på Gotlandsferja ;)
✦ dovendyr er så himla søte og artige, for berre sjå på desse kule her
✦ setje av nokre dagar i haust der me reiser opp til svigers

24. aug. 2019

Fotografiska og Nobelmuseet

Førre gong me var i Stockholm, var det Djurgården som stod i fokus med Junibacken og Vasamuseet som to aktivitetar. Denne gongen hadde eg sett meg ut Fotografiska i tillegg til Millesgården. Museet har heile vegen fleire fotoutstillingar gåande, og me var der eit par timar, gjekk rundt og studerte bileta, tok det heile inn over oss. Den fyrste utstillinga me såg var "Memoria" av fotojournalisten James Nachtwey. Mange av bileta var sterke, frå krig og hungersnød, 9/11 og liknande situasjonar. Nokon av bileta var gav eit så stort inntrykk at tårene mine rann. Godt å etter kvart gå vidare til neste utstilling: "Light Within". Vincent Peters er ein kjent mote- og portrettfotograf som i denne utstillinga har møtt mange kjente personar og tatt forskjellige portrett av dei. Altså, lyssettinga, så vakker! Me såg også utstillinga "Sea of Artifacts" av Mandy Barker (veldig fascinerande sjølv om eg ikkje knipsa bilete) og "Vanishing Traces" av Scarlett Hooft Graafland med dei litt absurde motiva og den herlege fargebruken. 


Mannen min ønska å gå på Nobelmuseet (Nobel Prize Museum), og me sette av tid til å besøke det museet også. Museet ligg i finaste Gamla stan og er kanskje ikkje det aller største bygget for eit slikt museum. Ved noko av det som var utstilt blei det til at me gjekk litt i kø, men ikkje verre enn at det gjekk heilt greitt. Interessant å lese meir Alfred Nobels liv og arbeid, og Martin Luther King jr stod i fokus ved ein del av utsillinga. I ein form for skjener i taket gjekk det lappar hit og dit, lappar med bilete og tekst på av alle dei forskjellige personane som har vunne Nobelprisen opp gjennom åra, og då snakkar me om vinnarar i alle dei fem kategoriane – fred, fysikk, kjemi, medisin og litteratur – i tillegg til økonomiprisen til minne om Alfred Nobel som delast ut samstundes med dei andre prisane. Noko anna eg syntest var stilig inne på museet var at dei inni nokon monter hadde fått utstilt ein gjenstand relatert til ein vinnar og så stod det tekst om vinnaren og om denne gjenstanden. Eit lite eksperimentrom hadde dei også fått til, så her er det noko for ein kvar smak. To gode museum som eg absolutt anbefaler om du plutseleg er i Stockholm.