31. jan. 2018

Skogsgrønt

Rundt Vannassen her om dagen. Litt for tidleg å seie at det byrjar å bli grønt og at våren er på veg, men likevel. Eg byrja plutseleg å leggje merke til alt det skogsgrøne då me traska rundt vatnet. Mosen på treet og mosen på bakken, grøne barnåler og grøn eføy (eller var det kanskje kristtorn?!). Den skogsgrøne fargen, den som berre er der, men som kan lyse opp eit grått og kjedeleg landskap.

30. jan. 2018

Urframføring

"Sammen og alene". Det heiter musikkspelet som orkesteret skal framføre musikk til no fyrstkommande fredag. Me skal ha tre skulekonsertar på dagtid og ein open konsert på kvelden. Spennande opplegg, både fordi det er ei urframføring og fordi det er ein ganske annan type konsert enn det me pleier å spele. Det er ein tekst om ein klasse, om tihøyrsel og om mobbing. Teksten blir lesen av ein forteljar medan me speler små satsar med musikk som er komponert spesielt til teksten. Er du i nærleiken på fredag, ta turen innom Vågensalen i Sandnes kl.18.

29. jan. 2018

Endå fleire sekskantar

Ein eller annan gong i fjor byrja eg å hekle sekskantar som etter kvart skulle bli ein løpar. Og det er framleis planen, men det har tatt tid og eg må innrømme at eg har prioritert å lese om kveldane i staden for å hekle. Men no er eg i gong igjen. Ferdig med den siste lappen, må berre feste trådane fyrst. Etter det skal eg stryke lappane og sy eller hekle dei saman. Kjekt å ha noko handarbeid å halde på med, og det skal bli endå kjekkare å sjå korleis løparen blir til slutt. God start på veka, ikkje berre med heklinga, men også sidan det var gøy å sykle til jobb no når sykkelen er fiksa!

28. jan. 2018

Variert og fin veke

Musikal og bok, snø og regn, litt sol innimellom, buss til jobb den eine dagen og med beina fatt den andre. Ei variert veke som har vore fin. Det beste er at eg har fått lese ein god del kvar dag, og nokre dagar faktisk ganske mykje. Senker skuldrene på ein heilt eigen måte når eg les. Ei herleg kjensle! Nokre vener har me fått truffe i løpet av veka og elles har me hatt ei roleg helg med husarbeid, meir lesing, fransk og nokre koppar med kaffi. Akkurat passe, særskilt sidan det blir orkesterkonsert neste helg. Er snart klar til å byrje på ei ny veke, men fyrst blir det ei bok i fanget og sundagsliste:

✦ knallraud kåpe mot den kvite snøen
✦ 15 vakre kjærleikssitat frå Harry Potter-serien (og då snakkar me om bøkene, altså)
✦ bitteliten sundagstur rundt Vannassen der svanene var ivrige på å dykke
✦ å ha ein så stor og sikker bokhylle som denne
✦ finfin laurdagsmorgon med presskannekaffi og ein sjokoladebit
✦ besøke ei av mine beste veninner etter jobb på fredag
✦ blogginnlegget inne hos Jonna med ein fin videosnutt med ulike klipp frå januar
✦ sterkt og rørande om ei dagbok og om kjærleik under andre verdskrig
✦ framleis setje av tid til å øve på fransk, litt kvar kveld
✦ gå til jobb i herleg vêr midt i veka
✦ få tilbake sykkelen etter ein reperasjon
✦ "7 Musicals You Didn't Know Were Based on Books" – for eg elskar jo musikalar
✦ og apropos musikalar: me såg Billy Elliot i Sandnes på torsdag, så no har eg songane på hjernen
✦ oppdage ein vakker vindaugspost på veg til jobben
✦ god debutroman frå ein lokal forfattar: Jannikeevangeliet av Marjam Idriss
✦ filmen La Famille Bélier, ein kjempeherleg dramakomedie på fransk
✦ slappe av med ei bok og latte på ein kafé før jobbmøte
✦ Breiavatnet bada i januarsola
✦ lese ferdig den såre og rå ungdomsboka History is all you left me

27. jan. 2018

Morgonstund i helga

Presskannekaffi, ein sjokoladebit og bok. Morgonstund i heimen, berre eit par timar sidan. For ein helgemorgon er den beste. Og presskanna passar jo perfekt til løparen på sofabordet ;) Elles har me fått støvsugd heile leilegheita, handla for helga og rydda litt, så resten av dagen blir roleg med lesing av bok, meir kaffi, ein film og heimelaga pizza utpå kvelden. Akkurat slik me liker det.

26. jan. 2018

Breiavatnet i januarsola

Gjekk til jobb i går, og i dag var det jaggu meg endå betre vêr. Godt etter nokre regntunge og grå dagar. Eg hadde vakt ved hovudbiblioteket både i går og i dag, og når eg har vakt der, går eg ofte forbi Breiavatnet. I dag var ikkje noko unntak, på ein positiv måte. Sola skein, det var så lyst og fint og nokre hadde stoppa opp for å mate endene. Godt å kjenne at det går mot lysare tider, at det ikkje lenger er mørkt klokka halv fire-fire. Trur ikkje me har nokre planar for helga, men det er eigentleg heilt okei. Berre lese, øve på fransk, kanskje gå ein liten tur viss vêret er bra. Riktig god helg!

24. jan. 2018

Lite snø, mykje regn

Snøen er nesten heilt borte, det ligg berre nokre kvite flekkar igjen der snøen var tjukk eller der nokon hadde laga ein snømann. Ute regnar det. Ordentleg. Regn er som snø; det er kjipt på nokre område, men fint på andre. Regndropar på vindauget er noko av det fine med regnvêr, det er nesten magisk å sitje i sofaen og sjå på dropane som sakte, men sikkert renn lengre og lengre ned. Lys frå lyktestolpar som på eit vis speglar seg i regndropane. Og så er regn ei god orsaking til å sitje inne med ei bok i fanget. Berre nokre strøtankar frå meg; snart er det av garde til seinvakta på jobb.

22. jan. 2018

Mosvatnet ein vinterkvit sundag

Den klare og friske vinterlufta. Fargane som med eitt blir så sterkt kontrastert mot den kvite snøen. Alt blir så lyst sjølv om me framleis er i januar der dagane ofte er mørke og grå. For slik såg det ut rundt Mosvatnet i går. Ikkje den lengste sundagsturen, men akk, så godt det gjorde likevel.


Ganske tydeleg at isen er usikker, både med eit "Isen er usikker"-skilt og med store sprekkar i sjølve isen. Men det er likevel eit eller anna ved det å sjå at vatnet har frose, at det er kaldt, friskt og ordentleg vinter. Duene slappa av oppe på ein stein og såg ut som dei hadde det veldig fint.


To bilete med mobilkameraet blei det også. Litt anna eksponering, så her kom den himmelblå fargen verkeleg til sin rett. Ein sundagstur i det ein trygt kan kalle "Winter Wonderland".

21. jan. 2018

Kvitt landskap og gylne solstrålar

Snø, kaffi, bøker og solstrålar. Veka mi i korte trekk. Snøen byrja å lave ned på tysdag og den ligg framleis sidan det lava ned heile fredagen også. Det var faktisk såpass at det var snøkaos då eg skulle heim frå jobb fredag kveld. Bussen måtte stoppe midt i ein bakke, og eg enda opp med å gå ut, jogge ned bakken, forbi bilkøen og heim. Eg var nok litt av eit syn der eg jogga medan alt det kvite fauk rundt på alle kantar. Me har også sette av tid til å komme oss vidare med fransken, og det har vore vanlege, men kjekke jobbdagar. Måndag er snart her og det betyr ei ny veke. Håper veka og helga di har vore akkurat slik du ønskja dei skulle vere. Under er mi oppsummering av veke tre:

✦ sola som titta inn gjennom balkongdøra og laga skuggar på stoveveggen
✦ "Den nye læreren ble redningen for Elise" – fint, sårt og rørande i NRK-serien #dusåmeg
✦ liten sundagstur rundt Mosvatnet i det herlege vinterlandskapet
✦ femten av tjue riktige på quizen i Dag og Tid (og eit av spørsmåla var om Anne of Green Gables)
✦ ein gjeng med små, søte kattungar
✦ sjå tre og buskar kledd i snø medan eg venta på bussen, morgonen var så lys og flott
✦ og endå eit snøbilete då det lava ned på veg heim frå seinvakta den same dagen
✦ hekle medan me såg på filmen The Trip to Spain i går kveld
✦ tommel opp og så tøft å sy ein eigen ballkjole av IKEA-posar
✦ sjå ferdig den franske filmen Taxi og høyre på podcasten Coffee Break French
✦ heimelaga latte og bok etter sundagsturen
✦ Stockholm om vinteren er vakker
✦ ein kopp med presskannekaffi og solstrålar slår aldri feil
✦ kattar som skal til å byrje på Hogwarts ;)
✦ solstrålane var også velkomne då eg sat og las i den besteste lesekroken på Sølvberget
✦ berre ein liten snutt, men får veldig lyst til å reise med tog i eit vinterlandskap no med ein gong
✦ småhumre medan eg las Norske stiler av Lars Saabye Christensen
✦ blogge om dei beste bøkene eg las i fjor

19. jan. 2018

Lesing i den blå time

Kaffi og bok, bok og kaffi. Ikkje så viktig kva som kjem fyrst, men å starte dagen på denne måten, er alltid like fint. Lesing i den blå time før eg skal på jobb om nokre timar. For slik startar eg denne fredagen, slappar av med ei god bok og ein varm kopp med kaffi medan det framleis er blått ute.

17. jan. 2018

Vintermorgon

På veg heim frå orkesterøvinga i går, byrja det å lave ned. Snøen låg som eit kvitt teppe i dag tidleg. Det var endå eit snev av det blå mørket då eg skulle av garde til jobb, ei roleg morgonstemning. Kontrasten var stor til korleis vêret var på måndag; då var det jo omtrent haust ute med regn sidelengs og vind som ulte verre enn verst. Plutseleg blei det vinter. Sånn på ordentleg.

15. jan. 2018

Mitt bokår 2017 📚

I fjor fortsette eg å lese mykje, og det har vore herleg å kjenne at lesegleda fortsett er til stades. Det enda opp med meir eller mindre 92 bøker og det må eg kunne vere nøgd med. Ikkje for det; det er ikkje eit mål å lese flest mogleg bøker, men det viser at eg liker å lese og at eg har funne mange bra bøker som har fenga meg. Då året starta, var det berre ei leseutfordring eg ville vere med på, og det var denne. Eg har ikkje tenkt noko særskilt meir på den, for eg har funne ut at det som fungerer best for meg er å lese det eg vil når eg vil, ikkje la meg styre av kva som er populært eller ei leseutfordring. Men det fungerer kanskje betre for andre. Likevel: eg kan huke av på omtrent halvparten på den utfordringa, blant anna ei bok som var skriven for over hundre år sidan (Anne of Green Gables og Dr. Jekyll og Mr. Hyde) og ei bok som tar plass i min by (Skada gods).


Trur ikkje det blir nokre leseutfordringar på meg i år, i alle fall ikkje i stor skala. Nok om det, blogginnlegget skal eigentleg handle om bøker eg las i fjor ;) Men kor skal eg byrje?! Eg hugsar jo så klart veldig godt dei siste bøkene eg las, men å skulle prøve å oppsummere eit heilt i bokår – vel, eg skal forsøke. Rom av Emma Donoghue var ei av dei fyrste eg las i fjor, ei historie som framleis sit igjen. Og morosame The Rosie Effect av Graeme Simsion gjorde at eg småhumra medan eg las den.


Fram mot bokdagen 23. april, las eg ein liten haug med metabøker der 84, Charing Cross Road: To bokelskeres brevveksling av Helene Hanff er den eg nok likte best. I tillegg til mykje krim, har eg også lese ein del bøker som i alle fall syntest var rørande:  Jeg er her av Clélie Avit, Når vi møtes igjen av Kristin Harmel og Wonder av R.J. Palacio. Den siste er nettopp blitt filmatisert, så kanskje den bør vere den neste på lista over filmar eg skal sjå?!


Ei av bøkene som overraska mest i fjor, var Jordfast, debutromanen til Graham Norton. Koseleg krim (om det går an å seie det slik) på sitt beste. Den trettende fortellingen av Diane Setterfield overraska også. Boka har eg hatt ståande i bokhylla mi i mange år, eg veit faktisk ikkje når eg fekk den heller, og av ein eller annan grunn har den aldri blitt lesen. Ikkje før i fjor. Spennande, mystisk og bra skrive. Norske gleder av Ragnar Hovland overraska også positivt.



Bøker som eg verkeleg har kost meg med er blant anna Anne fra Bjørkely av Lucy M. Montgomery. Mot slutten av året las eg også originalutgåva Anne of Green Gables. Sanne gleder av Lars Saabye Christensen, Skada gods av Tore Renberg (sjølv om eg ikkje har lese dei to fyrste i tillegg til at boka er over femhundre sider), Vokteren av tapte ting av Ruth Hogan og Royal Wedding av Meg Cabot er fire andre bøker som eg har smilt av og som har lyst på ein grå dag eller to.


I forfjor stod boka Et helt liv igjen som ei av dei beste bøkene. Robert Seethaler har gjort det igjen med Tobakkshandleren. Seethaler har eit språk som gjer at eg berre vil lese meir og meir. Andre bøker som også har forfattarar som skriv veldig godt er Nøtteskall av Ian McEwan og Kjærleikens ferjereiser av Edvard Hoem. Nokre andre bøker eg gjerne vil nemne, er bøkene som gjorde eit sterkt inntrykk. Tung tids tale av Olaug Nilssen, Ta hand om deg av Lars Ove Seljestad og En gatekatt ved navn Bob av James Bowen. Og dette var mitt bokår 2017 i korte trekk :)

14. jan. 2018

Mange gode kvardagsgleder

Andre sundag i januar, den andre sundagen i 2018, er snart over. Sjølv om veka starta med ein grå og litt kjip måndag, tok den seg opp og det har vore nokre bra dagar med ein del lesing, spelekveld, kaffi (og te), fransk, fine dagar på jobb og ikkje minst ein akkurat passe roleg sundag. Ei ganske vanleg veke utan for mykje stress eller krumspring, og eg synest det er greitt med slike veker innimellom også. For det er kvardagar det er flest av, så det hadde vore dumt å ikkje ha vore nøgd med at det er slik det er. Mange av bileta mine på Instagram er merka med emneknaggen #kvardagsglede nettopp fordi det er mykje glede i kvardagen om ein berre tenkjer etter. Berre nokre små tankar sånn seint på sundagskvelden. No er det på tide å dele sundagslista:

✦ sjå Little Women og Cold Feet (Kalde føtter) på NRK Nett-TV
✦ dette er akkurat slik eg har det når eg les ei god bok
✦ få høyre at nokre vener av oss blei foreldre på måndag
✦ "Dropp svada!" – ei god kronikk om kvifor det er viktig å skrive korrekt, tydeleg og bra norsk
✦ kjekt å dekke på med mormorserviset og dei nye, kule bordbrikkene som mamma har laga
✦ og grunnen til fin borddeking: middagsbesøk og spelekveld med kjekke folk
✦ Alicia har publisert eit blogginnlegg med alle hennar bidrag i Monthly Makers
✦ stilig skilt på dialekt midt i sentrum
✦ sortere bokbileta mine på Instagram med emneknaggen #siljeles
✦ kjenner iveren etter å rydde og ordne når eg ser denne planen inne hos Anna María
✦ ein av favoritteane mine i favorittkoppen på ein elles grå dag
✦ "Folkehøgskolen ga meg et pusteår etter videregående" – tommel opp for folkehøgskulene
✦ Maggie Smith i den herlege filmen Lady in the Van
✦ skrive ned nokre planar i den fine kalenderen (og ein liten bit sjokolade)
✦ fyrste øving med orkesteret i det nye året
✦ Duolingo og den franske actionkomedien Taxi
✦ det er ikkje Agatha Christie, men likevel stas å følgje Poirot på eit nytt mysterium

12. jan. 2018

Nokre fine ord på ein fredag

Medan eg har seinvakta på jobb (og laurdagsvakt i morgon), ønskjer eg å dele nokre små ord som ein bra start på helga. Eg har nok vist desse før sidan dei har stått framme både då me budde i Kr.sand og dei dryge tre åra me har budd her i byen. For eg synest dei er så fine. God helg, finingar!

11. jan. 2018

Vakker stemme, like vakker musikk

Når eg skal høyre på roleg og avslappande musikk, har eg ei liste på Spotify med songar som i mine auge passar inn i den sjangeren. Utanom den eine spelelista, har eg også nokre eigne lister som inneheld berre eit album eller ein artist. For det er nokre eg stadig vender tilbake til. Enya er ei av dei. Med songar som Book of Days, Echoes in Rain og May it Be er Enya ein artist eg ofte høyrer på. Når eg skal lese, når eg vil lukke auga og slappe av etter ein arbeidsdag, når eg vil roe ned tempoet. Caribbean Blue er ein av dei songane eg har høyrt mest på opp gjennom oppveksten (for mamma er også glad i Enya), og eg hugsar enno at eg såg denne musikkvideoen på ein VHS ein gong. No i kveld skal eg ta fram ei god bok, roleg musikk og berre ta det heilt med ro.

10. jan. 2018

Årets fyrste skogstur

Kaldt og vakkert. Varm sol i andletet. Slik var vår fyrste skogstur i år då me var ute i Sørmarka på laurdag. Frosten lå på blada og mosen som små snøkrystallar, og det var eit nydeleg syn som fascinerte oss begge to. Kan kvar dag i januar vere slik? Då byrjar eg kanskje å like vinteren.


Lufta var klar, og det gjekk an å sjå over til Ryfylke utan noko problem. Himmelen var blå, me såg endå meir av den fine frosten og eg fekk til og med overtalt mannen min til å vere med på ein selfie ;) Sola laga lange skuggar og eit gyllent lys inn i skogen. Super skogstur tidleg i januar!