29. juni 2018

Sjømat ute ved North Rustico

Fredag er her, og det blir kveldsvakt på meg før me skal ha eit venepar på besøk. Skal ikkje klage på ein slik start på helga. Eg skal heller ikkje klage på dei siste timane me hadde ute på Prince Edward Island. Etter å ha vore ei stund på Green Gables Heritage Place, drog me til North Rustico, berre ein køyretur på rundt ti minutt (tok den ytre vegen, heilt ute ved kysten, så me brukte kanskje litt lengre tid). Me tenkte å ete varm lunsj på Blue Mussel Café etter ei anbefaling frå ei av dei ansatte ved campinghyttene der me overnatta. Ein flott, liten restaurant med mykje bra sjømat. Han åt pannesteikt hyse og eg åt ein fiskeburgar. Så fint med alt sollyset som fann vegen inn gjennom alle vindauga. Maten var god og stemninga likeså, omtrent på dagen då dei opna for sesongen.


Byrja ikkje på heimturen med ein gong, men tok oss ein minirast ikkje langt frå hamna der kaféen låg. Beundra eit stort hus i raudt og kvitt og syntest tårnet kunne likne litt på Mummihuset. Langs sjøen gjekk me eit lite stykke på den pene promenaden, naut det fine vêret og kunne godt ha tenkt med ein slik liten og søt paviljong ute foran blokka vår. Den raude jorda heilt nede ved sjøen, nesten som ei lita strand i ein heilt anna farge enn vanleg. Med desse bileta seier eg "god helg" :)

28. juni 2018

Torsdag i sola ute på balkongen

Ein slik dag. Kvardagsglede de luxe. Ingen jobb i dag, men skal dit både i morgon og på laurdag og det gjer difor godt med ein fridag. Særskilt ute i sola på balkongen. Med ei god bok i fanget og frukt og kesam i ei skål til lunsj. Bar aldri ned utemøbla i fjor, me kom aldri så langt og sommaren var ikkje noko å skryte av. I år derimot, i alle fall i dag, og så klart kryssar me fingrane for at me får fleire slike dagar. Å kunne sitje ute i sola, slappe av, endeleg ha han ved sidan av meg igjen.

27. juni 2018

Green Gables-huset

Siste stopp på Anne-turen vår kjem her; det er allereie over ein månad sidan me var der. Etter å ha gått Haunted Wood Trail på området der besteforeldra til Montgomery budde, gjekk turen vidare til Green Gables Heritage Place. Berre tvers over vegen i Cavendish. Huset som inspirerte Montgomery då ho skildra plassen Bjørkely, er godt tatt vare på og restaurert slik at det verkeleg er som å trå inn i ei heilt anna tidsepoke, den epoken ein les om i bøkene. Huset er så flott i kvitt og grønt. Likeså med det kvite og grøne tapetet som møtte oss med ein gong me gjekk inn i huset. Sukk, alle detaljane, altså. Skatollet, parafinlampa og kjøkkenreiskapa, tekoppen og tekanna.


Rundt om i huset var det guidar som ein kunne spørje om ein lurte på noko om tidsepoken, det spesifikke rommet ein såg på eller generelt om Anne. Eg synest det var litt trangt med både oss turistar og tre-fire guidar i eit såpass lite hus, men det funka no på eit vis likevel. I mine auge var det no aller mest stas å berre gå rundt å sjå, memorere alt og nyte det å vere der. I Green Gables-huset. Lyset inn på Anne sitt rom var nydeleg og eg fekk lyst til å kunne bu der nokre dagar. Vaskefat og gammal sofa, hatten, stokken og vesten til Matthew og rommet til Marilla. Måtte jo ta ein liten tur på stien Lover's Lane, og ute i skogen såg me denne lille finingen som åt ei nøtt.


Som foran Anne-museet, blei det litt tid for posering. Hi, hi, viktig det der ;) Blondegardinene og den grøne fargen rundt vindauga, eg innrømmer at eg er svak for sånt. Også denne dagen var me superheldige med vêret og huset verkeleg skein der det stod ute på det lille tunet. Grøne tre og grønt gras overalt. Og hestekjerra stod på tunet, akkurat slik den gjorde for hundre år sidan.

25. juni 2018

Fin bukett til den finaste som er heime igjen

Endeleg. No er han fine heime igjen. Skal ikkje skrive så mykje her i kveld, ville berre stikke innom for å seie "hei" og for å seie at eg er glad og veldig nøgd med å ha mannen min heime igjen. Kjøpte med meg ein fin liten bukket med blomar som han fekk, og i går bakte eg kake, for det er ikkje kvar dag han kjem heim etter tre månadar utanlands. Og så hadde han funne ein liten svart bjørn som han tok med heim frå Canada. Ganske søt, den bjørnen :) Ein kjempefin start på denne veka!

24. juni 2018

Tre små bilete mot slutten av juni

Få bilete i denne vekas sundagsliste. Ikkje fordi det ikkje har skjedd så mykje, men heller nettopp fordi det har skjedd ein del. Har ikkje med meg kameraet eller mobilen til ein kvar tid, og når då tida for det meste har gått med til å jobbe, seier vel det sitt. Likevel – desse tre bileta viser godt kva eg har heldt på med etter jobb: bok, te (og kaffi) og Downton Abbey. For når mannen er borte, er det ikkje sånn det er?! ;) Blei jobb frå måndag til laurdag, så det har gått i eitt. Men kjekt å vere ordentleg i gong igjen etter ferien (for det har tatt litt tid å lande). Tenk at juni snart er over, eg skjønner jo ikkje kor mai blei av ein gong. Før ei ny veke byrjar, finn de mi veke 25 i punkta under:

✦ i morgon kjem den finaste heim igjen og alle hjartar gleder seg
✦ boka All the Bright Places, god YA-bok om psykisk helse og sorg blant to ungdommar
✦ sjå Friends der dei i ein episode nemner Nova Scotia
✦ og i eit par episodar etterpå: Michael Flatley og Lord of the Dance
✦ "8 of The World's Most Unique Libraries" – sjekk ut nr. 1 på lista, eg visste ikkje om bokbåten
✦ at det ser ut til å bli sol og varmare vêr no denne veka som kjem
✦ finne fleire bøker på jobb, så no bør eg ha nok å lese på gjennom sommaren
✦ setje av tid til å lese og drikke ein kopp med te etter arbeidstid
✦ lesekampanjen Sommarles og alle dei herlege kommentarane lesarane legg igjen om bøkene
✦ lite kurs i det nye biblioteksystemet midt i veka
✦ diggar Crosswalk the Musical (om nokon var i tvil) og A. L. Webber Classics er den nyaste
✦ kaffidate med ei god veninne etter jobb på fredag, alltid ein bra måte å starte helga på
✦ ny Instagram-konto, for berre sjekk ut den søte katten Norah
✦ høyre på musikken frå musikalen Anne & Gilbert
✦ atter ein gong sykle til jobben på ein laurdag medan fuglane kvitra som aldri før
✦ eit ordentleg gledeleg gjensyn med alle folka på Downton Abbey

22. juni 2018

Fargerikt bybilete

Gatekunst. Når eg ser slike fargerike måleri på veggen, stoppar eg opp nokre ekstra sekund. Kjenner eg blir ekstra glad. Stavanger har mange, og det hender stadig vekk at eg oppdagar nokre nye. Nye i mine auge, i alle fall :) I Moncton fekk dei i fjor tretten slike veggmåleri, blant anna den blå fuglen (blue jay), havmannen og også den store på studentblokka på campus. Fuglen er laga av Étien, den gamle, fargerike mannen av Kevin Ledo og havmannen er laga av WD. Litt usikker når det gjeld dei to andre, men diggar uansett at ein slik kunst kan vere så allmenn, så tilgjengeleg. Så mykje fargar, stilige motiv, raude ballongar, midt i sentrum. God og fargerik fredag, alle saman!

20. juni 2018

Covered bridges

Slike bruer er visst ei greie i New Brunswick. Covered bridges kallar dei det, på norsk seier me vel overbygde bruer. I gamle dagar bygde dei bruene av tre, og ved å bygge eit slikt tak over, blei dei meir stabile. Den siste gongen me leide bil for å komme oss rundt i provinsen, fann me to slike bruer, ei nær Shediac og ei nær Hillsborough. Brua Joshua Gallant, ofte berre kalla Shediac River, er perfekt til fisking. Ein kan til og med stå på brua og fiske ut frå eit lite vindauge. Og så er det litt tøft med graffitien og skriblinga på veggane. Ute var det knallblå himmel og grøne og raude tre, eit lite stykke ekte New Brunswick. Brua nær Hillsborough, Hartley Steeves (Weldon Creek), var kanskje ikkje fullt så pen, men uansett stas å ha sett, ikkje berre ein, men to slike bruer.

18. juni 2018

Ei heil veke med denne grøne krabaten

Han er ikkje så enkel å fange på film – anten er det kveld og mørkt når han er ute på vift eller så er han i full fart. Og her begge delar. Etter å ha hatt Zalo på besøk her ei heil veke, blei det veldig stille då han blei henta i går. Rart det der, korleis ein plutseleg blir vand til å ha ein slik raring rundt seg. Ikkje berre raring, han er jo ein fining også :) Og apropos fining: vil få gratulere med dagen til mannen min i Canada! Hipp, hipp hurra! Gleder meg sånn til å få deg heim igjen! Lang dag på jobb i dag med vakt både på Madla og nede i byen, men då blei det ein god og effektiv start på veka :)

17. juni 2018

Ute med jobben og besøk av ein pratsom kompis

Inga overrasking viss eg seier at denne veka har det vore mykje jobb. Blir endå litt meir i veka som kjem, men då kjem den til å gå litt ekstra fort. Berre ei veke og ein dag igjen. Til han er heime. Skal bli så innmari fint. Innimellom dagane på jobb har eg lese, sett nokre episodar av Downton Abbey, truffe både vener og kollegaer etter jobb og lese litt om kveldane. I dag står husarbeid og lesing på planen, ein heilt grei sundag etter mi meining. Og så tenkte eg at eg skulle vere tidleg ute med lista i dag, for då har eg resten av dagen og kvelden til å gjere andre ting enn å sitje foran dataen:

✦ veit ikkje om eg er einig i at filmen er komedie, men likte veldig godt A Street Cat Named Bob
✦ god middag, god dessert og godt selskap då eg var ute med nokre av kolleagene mine på torsdag
✦ synest desse spøkelsa i keramikk er litt artige
✦ sjå nok eit togprogram på NRK, denne gongen med Julie Walters
✦ ha Zalo her ei heil veke med kvitring, eller skal eg seie prating?! ;)
✦ ete på Matmagasinet den nemnde kvelden
✦ diggar jo det meste som er HP-relatert: "Top 10 Unforgettable Ron & Hermione Moments"
✦ og så denne lista med små hint i HP-bøkene
✦ vel å merke ikkje denne sundagen, men førre sundag: gøy å spele "Fantasi" med familien
✦ få til betre merking av bildebokkassene på jobb og generelt produktive dagar
✦ tårene byrjar å renne berre eg ser traileren – eg snakkar om den nye Dumbo-filmen
✦ sykle til jobb i går, for som førre laurdag var det fint vêr og lite trafikk
✦ berre ei veke og ein dag igjen til mannen min er tilbake i byen
✦ 23 flotte bryllaupsbilete av kjendisar frå "gamle dagar"
✦ å lese ut boka Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai (og kaffi så klart)
✦ besøke ei av mine beste veninner på fredag, rett før helga tok til for fullt

16. juni 2018

Ruinar og ein heimsøkt sti i Cavendish

Raud jord og grøn mark. Forglemmegei langs vegkanten. Sukk. Prince Edward Island er vakkert. Skulle gjerne hatt ei veke til ute på øya. På vår siste dag, før me køyrde tilbake til Moncton, var det eit par stadar me skulle besøke. Me starta med to Anne-plassar rett ved campinghytta der me overnatta dei to siste nettene. Den fyrste var L. M. Montgomery's Cavendish National Historic Site. Langt namn, men kort fortalt er det eigedommen der huset til besteforeldra stod. Lucy budde der gjennom oppveksten, og staden betydde difor mykje for ho også etter at ho flytta derifrå.


På området kunne ein stoppe opp ved fleire små skilt og lese sitat frå Montgomerys dagbøker (eller kanskje var det brev til vener og kjente). Slike detaljar gir ei fin ramme rundt ein stad som denne. Huset som dei, altså ho og besteforeldra budde i, står ikkje lenger. No er det berre ruinar igjen. Men det er eit eller anna ved å sjå ein ruin, så vemodig og fint på same tid. Og så måtte eg jo setje meg ned og posere på favorittbenken, under favorittreet, der Lucy ofte sat og fann inspirasjon.


Gammalt, men likevel eit flott gjerde, ute på den vårgrøne enga blant alle dei gule blomane. Sukk. Endå ein gong. Trur nok eg er betatt av P.E.I. Eller, det er vel ingen tvil. "Haunted Wood Trail" blir nemnt i bøkene om Anne, og eg synest difor det var ekstra kult å gå den lille stien frå det eine området, over vegen og bort til Anne of Green Gables Heritage Place, det fjerde og siste stoppet på Anne-turen vår. Gjennom skogen, på ein liten sti, over ei gammal trebru.