31. mai 2023

Å reise langsamt


Mellom vest og aust og tilbake igjen med toget to gongar denne månaden. Utanfor togvindauget har landskapet foke forbi, det same har tankane. Små vatn og berg, blomar og ugras mellom jernbaneskjenene, kvitveis i fleng i skogholtet, lyseblå himmel. Seinare ein kveldshimmel med eit dust og nydeleg lys. Tidlegare på dagen forbi flate Jæren med gule blomar på engene.


Bøkene er alltid med meg, aldri ein togtur utan. Bøker i fleirtal, eg kan jo ikkje risikere å gå tom for lesestoff. Fekk også strikka eit par omgangar på den eine genseren eg held på med. Sauane sprang og lamma hoppa rundt i det grøne graset. I Drammen såg eg plutseleg eit bygg full av fargerik graffitti, og på heimevegen knipsa eg eit bilete av ein raud robåt som låg på land i det noko grå vårvêret. For den sundagen var litt trist og grå. Samstundes, å reise langsamt, låge skuldrer.

30. mai 2023

God som gull ♥


Eller eigentleg burde eg vel sagt god som bronse, men det høyrest ikkje like bra ut ;) For i år er det bronsebryllaup, åtte år du og eg. Ein dag eg alltid ser tilbake på med eit smil og varme. Og når eg ser på deg, kjem smilet og eg kjenner varmen. Med deg kjenner eg meg trygg, kjenner eg meg elska. Du er her kvar dag for meg, både dei dagane når tårene renn for ingenting og dei dagane der latteren sit laust. At du står ved mi side kvar dag, det er eg takksam for. Å halde handa di, kjenne at du er nær, vite at du kvar dag vel meg slik eg kvar dag vel deg. Du er god som gull, og eg elskar deg ♥

29. mai 2023

Kjensle av ferie

 
Måndagen heime. Han har hatt litt heimekontor inne på gjesterommet medan eg har lese, strikka og redigert bilete. I morgon blir det trøkk med to klassar på DKS-formidling og sidan orkesterøving på kvelden. Kunne hatt fri eit par dagar til, samstundes er det alltid litt godt å komme i gong med kvardagen igjen. Om ikkje anna var det ei kjensle av ferie for halvanna veke sidan då syttande mai var midt i veka, himmelspretten på torsdag, ein feriefredag og resten av helga på hytta. Stod opp seint, slappa av med strikking, lesing, quiz, koste med Balto og spelte artige spel med familien. Fuglekvitter og blikkstille vatn, solnedgang over fjelltoppen. Slike plassar, alltid balsam for sjela.

28. mai 2023

Stykkevis og delt




Korleis har di veke vore? Mi har vore stykkevis og delt med tre dagar på jobb, ei natt på toget, ein dag i Åsgårdstrand saman med familie på pappa si side, ein dag på toget og helga heime. Vanskeleg å lande etter fleire travle helger med både kjekke og ikkje fullt så kjekke ting, så eg skal ærleg innrømme at det har gjort godt å gjere så lite som mogleg akkurat denne helga. Og så er det frimåndag i morgon – eg klagar ikkje. På veg heim på fredag, blei det mykje lesing på toget, og med ei roleg helg, har eg hatt godt tid til å strikke. Handlerunde i går, sundagstur i dag. Eigentleg ikkje så mykje anna å skrive sånn på tampen av denne maiveka. Som vanleg kjem det ei oppsummering:
 
etter sundagsfrukosten: meir kaffi, eg las i ei bok og han i avisa 
kanskje ikkje Henrys beste, men The Beach Hut var no ei grei leseoppleving
og etter sundagsturen: fortsetje å strikke på Collett Sweateren (vanskeleg å fange fargen ordentleg)
fjorårets mai, alltid så stemningsfulle bilete inne hos Niina
ete wok på ein restaurant i Sandnes før tysdagens orkesterøving
at natta på toget ikkje var så ille; me sov begge to heilt greitt, og så blei det jo ein god frukost
skjønne kattungar som helser på ein like skjønn kanin
å framleis sjå nokre rosa blometre
gå sundagstur i lag med broremann og min betre halvdel
alle fargane i hagen til Anna
Finlay Donovan Is Killing It av Elle Cosimano var ei kjempeartig kosekrimbok
knallgod laurdagspizza og sjå ferdig den aller kulaste filmen 3 Idiots
kjekt at den offisielle Agatha Christie-kontoen på Instagram delte mitt bokbilete
apropos Agatha Christie: Ingunn fekk nyleg ein haug med gamle Christie-bøker, så herleg retro 
trass trist høve, var det koseleg å treffe slekta igjen då me sa eit siste farvel til onkelen min
snart byrjar iskaffi-sesongen
litt av ein bil (inkludert fargen) på ein bil me såg på ein bensinstasjon på veg til Åsgårdstrand
lesetid på toget på veg heim fredag 
mykje flott, norsk porselen i ein bruktbutikk
Hauser som speler musikk frå The Phantom of the Opera
gravemaskin høgt oppe på eit bygg som dei held på å rive ved Vågen vgs, eit fascinerande syn
andre plassar fann eg dei rosa blomane tett i tett på bakken, som eit pastellteppe

26. mai 2023

Torsdag full av tårer og smil




Nattoget til Oslo onsdagskveld, kom fram til hovudstaden halv åtte om morgonen i går. Broremann tok det same toget, og alle tre dusja og åt ein knallgod frukost på Thon Hotel Opera. Sidan sat me på med mamma og pappa frå Oslo til Åsgårdstrand. Dagen i går var både tung og fin, ein dag fylt med tårer og mange gode minne. Den dryge timen i kyrkja var den tyngste, samstundes fekk me høyre nydeleg musikk og like nydelege ord frå dei som stod han nærmast. Alle har kanskje eit søskenbarn på Gjøvik, men alle burde også hatt ein onkel i Åsgårdstrand. Minnesamveret var på Grand Hotel Åsgårdstrand, med stilige detaljar og ei flott utsikt ut mot ein del av Oslofjorden. Fleire gode timar i lag med familien der me lo og grein litt, prata og titta på gamle bilete på eit større lerret. Ein ettermiddag full av varme og kjærleik. På Skoppum stasjon såg eg ei lita minibokhylle, alltid like glad når eg ser slike byttebuer. Overnatta på eit litt rimeleg hotell i Oslo, og åt dagens frukost på ein koseleg kafé. Og halv ti var det toget heim. Takksam for denne lille turen sjølv om høvet var trist.

24. mai 2023

Bra turfølgje ute på ein liten holme




Måka som sat vakt ved brua før me gjekk over, blomane på trea og ein hund som var heilt med i ein del av turfølgjet. Finaste krøllebølle! Sjøen som skvulpa inn mot holmen og den eine anda som svømte i einsam majestet. Jørpelandsholmen ein dag i mai, det var ganske så fint, det.




Skuggane blant mosen og trea, og ikkje minst søte lam i spraglete fargar; dei store er jo kule dei også. Ein kan jo ikkje anna enn å bli sjarmert av slike søtnosar! Etter å ha gått runden rundt holmen – det er ikkje snakk om ein lang tur – slappa me av i sola med knallgod is frå Skafferiet!

23. mai 2023

Slike dagar på hytta




Hygge på hytta. Stearinlys om kveldane og ein fin blome i ei mugge keramikkmugge frå Figgjo. Motivet heiter Nordfjord, og eg fann den, ei tekanne og eit flott fat i same serie på ein bruktbutikk tidlegare i år. Mamma fekk dei til bursdagen, og det blei jo ganske så stilig med den mugga som ein blomevase. Ein kveld spelte me "UNO" og ein annan kveld blei det "Alias", begge delar like artig. Jordbær og kakerestar til dessert blei det også. Litt kos må ein ha når ein er på hytta ;)


Moslivatnet, om dagen og om kveldane. Det blikkstille vatnet, fuglane som kvitrar. Lyset over fjellet.


Lesing i morgonsola inne, lesing i solskinet ute. Balto ville vere med der ting skjedde og var med oss både då me slappa av inne og då me gjekk tur ute. Kaffi frå favorittkoppen må eg alltid ha når me er der oppe, det slår aldri feil. Slike dagar på hytta, med sol, bøker og ein finfin gjeng, takksam.

22. mai 2023

Lodden igelkott




Fyrst og fremst: nei, me samlar ikkje på piggsvinting. På hylla over TV-en har me likevel tre stykke. Tihi! Må berre framheve den som er hekla, for eg synest handarbeidet er kjempeflott! Den er laga av Serines heklerier, og den går så godt i lag med piggsvinet i betong som me kjøpte då me var på Gotland sommaren for nesten fire år sidan. Igelkott, som dei heiter på svensk. Søte er dei, alle tre.

21. mai 2023

Miniferie midt i mai











I og med at me tok fri på fredag, i tillegg til fri både onsdag og torsdag, har desse fem dagane ikkje berre vore ei langhelg – det har nesten vore som ein miniferie! Etter førre helg med både kjekke ting og ikkje fullt så kjekke ting, trur eg me begge trong å berre ta det heilt med ro. To dagar på jobb, to dagar heime og i helga har me vore på hytta i lag med resten av familien. Kan ikkje klage, for det var ei draumehelg, i alle fall i går og i dag med solskin frå me stod til seint utpå kvelden! Gjekk ein liten tur i finvêret i går, elles mykje lesing og strikking, spelt artige spel og tatt livet med ro. Både Balto og Zalo var med oss, så det var innimellom ganske livat. Sundagen er nesten over, ei liste er på veg:
 
annleis og gøy å lese Unfinished Portrait av Agatha Christie under pseudonymet Mary Westmacott
oreoiskaka blei kjempegod (om eg får seie det sjølv, tihi)
å bruke bunaden på 17. mai, alltid like kjekt og for eit flott plagg! 
mykje lese- og strikketid på hytta
to små elefantar som leikar i lag
blå himmel og rosa blomar på eit tre
nyte sola ute på hytteterrassen
kveldslyset over Moslivatnet 
akkurat passe feiring av nasjonaldagen i lag med ein fin gjeng
pianississimo-utfordringa til TwoSetViolin, småhumra høgt då me såg denne
alle dei rosa blometrea som står på rekkje og rad rett ved Vitenfabrikken
hjarteagurk i salaten, kjøpt på Wiig Gartneri
stearinlys om kvelden og blomar i ei mugge frå Figgjo (i mønsteret Nordfjord) 
avslutte dei to kveldane på hytta med quiz
lesestund om morgonen på hytta med sola som titta inn 
å, som eg gleder meg til å sjå den nyaste Wes Anderson-filmen: Asteroid City
sjå eit par episodar av Mysteria i Brokenwood, den er både morosam, teit og spennande
litt stas at teikneseriemuseet i Brussel delte det eine biletet mitt på Instagram
synest Delilah Green Doesn't Care var ei herleg bok, og digg å kombinere lesing med strikking
sterke fargar langs grøftekanten

19. mai 2023

🌸🌸🌸


I tillegg til snøklokkene, trur eg dei rosa blomane på trea er det aller finaste med våren. Snøklokkene kjem alltid tidleg, medan trea blomar fyrst i slutten av april og godt inn i mai. Rett ved jobb er det fleire slike tre, og av og til når eg går rundt i utstillinga inne, tittar eg ut og nyt det vårlege synet.
 





For vår del har me fri i dag, noko eg trur mange rundt om i landet har; dette er jo ein veldig inneklemt dag ;) Inneklemt dag, eit litt artig uttrykk. Neste arbeidsveke blir også kort sidan me skal austover i bisetjinga til onkelen min. Tårene kjem til å renne, men det er no slik det er. Ser eg eit slikt blometre, skal eg stoppe opp og berre la tankane fare. Eg skal berre stå der og titte opp på alle blomane, kjenne eg blir litt ekstra varm om hjartet, at eit syn som dette kan hjelpe på ein lei dag.