31. okt. 2014

Brukskunstmesse i Åsenhallen

I år som i fjor (og mange år før det) var det brukskunstmesse, PWC-messa, i Åsenhallen i dag. Litt rart å måtte ta bussen dit; til vanleg går eg jo ned til Åsenhallen på tre minutt ;) Tok bussen dit i halv tolv-tida etter å ha gjort eit lite ærend på Panduro Hobby i byen. Traff på nokre kjentfolk, og elles gjekk eg berre rundt, titta på alt det fine, såg på smånissar som likna på dei mormor hadde framme kvar jul, og eg fann noko smått å ha med heim. Mykje som eg gjerne skulle ha kjøpt, men eg får heller ønskje meg noko til jul. Var innom skulen ein tur i går på forelesning, og det var interessante og engasjerande timar :) I morgon er det korpskonkurransen Siddis Brass, og då må eg jo bort til Bjergsted for å høyre på Agder Brass. Det skal bli kjekt å sjå den gjengen igjen!

29. okt. 2014

Eit "nytt" sofabord

Endeleg! I går fekk me på plass sofabordet vårt etter å ha fiksa ein god del på det. Bordet er kanskje ikkje det finaste og er kanskje ikkje akkurat den stilen me vil ha. Men – det er stort, to "etasjar" og med det praktisk. I staden for å kjøpe eit heilt nytt sofabord (for det har gått nok pengar til andre ting, som spisebord og -stolar, ny sofa, måling, gardiner osb.), så har me pussa, grunna og måla. Og eg trur rett og slett me seier oss nøgde med det i denne omgang. Kanskje blir det eit nytt bord neste år eller om to år?! Har ikkje tenkt så langt, men ved å bruke målinga me allereie hadde i hus, har me ikkje betalt noko særkilt for å oppgradere bordet anna enn i tid. Glaset i midten blei frosta (ikkje lett å få det jamt...) med ein spray slik at det faktisk kan liggje litt rot i den nedste etasjen utan at det gjer noko ;) Pussinga og grunninga gjorde eg jo i sommar, men det er fyrst dei siste vekene at eg har tid til å måle to strok, froste glaset og måle trekantane. Bordet blei kjøpt brukt på finn.no då me flytta til Kristiansand i 2010, noko de kan sjå på det fyrste biletet. Merket er Gangsø og liknar veldig på dette. Så får me sjå kor lenge me kjem til å ha det, men enn så lenge fungerer det veldig bra. Tenk så lite som skal til med litt tolmod, måling og kreativitet :)

28. okt. 2014

Med Poirot i spissen

Haust er regn og grå dagar, men også fargerike tre og herleg luft. Haust er stearinlys og ein kopp med te eller ein kjekk serie og kaffi. Men den er også god og spennande bok når det blæs som verst ute. Akkurat no er i gong med den nye boka om Cato Isaksen, Brudekisten, som Unni Lindell har skrive. Krim er lett å lese ved sidan av all pensumlitteraturen. Så førre veke las eg ut ein annan krimbok, nemleg Monogram-mordene av Sophie Hannah. Ei ny bok med Poirot som hovudperson, skrive av ein anna forfattar enn Agatha Christie, kan det bli bra? Der er det nok vanskeleg å bli einige, men eg må seie at boka overraska meg positivt. Før eg byrja å lese den, tenkte eg at uansett kor "bra/dårlig" boka, ville eg gje den ein sjanse. For Poirot er jo ein av mine favorittar innan krim, så ei ny historie ville eg ikkje gå glipp av. Og Hannah hadde jo spurt Christie sine etterkommarar om lov til å skrive boka, noko eg tar for å vere ei tillitserklæring. Det er nok av personar å halde styr på og nok av "falske" leietrådar, akkurat som det skal vere i ein Poirot-roman, så der har Hannah klart seg ganske så bra i mine auge. Eg-personen i denne boka er ikkje kaptein Hastings (men han blir no nemnt), men ein Edward Catchpool frå Scotland Yard. Sjølv om det er litt uvant, er dette eit veldig pluss til forfattaren, for med dette grepet viser ho at ho ikkje er Christie og at dette er hennar eigen roman sjølv om Poirot er hovudpersonen. Ein merkar at språket ikkje er heilt det same utan at ein heilt klarer å setje ord på det. Men om ein ser bort frå det, så er det ein underhaldande roman med mange av dei trekka ein kjenner frå ein klassisk Poirot-roman: mange personar, samlinga i eit rom mot slutten, Poirot sine "grå celler" og små detaljar. Eg koste meg veldig og klarte omtrent ikkje å leggje den frå meg! Og les gjerne denne meldinga frå dn.no.

26. okt. 2014

Roser, opera og loppemarknad

Om ikkje mange timane er det av garde til Sandnes for å spele nok ein konsert med orkesteret. Sjølv om me må telje hundreogørten taktar, så er det som nemnt kjekt å spele, og ekstra kjekt å spele noko anna enn det eg har gjort før, nemleg operamusikk. Tenk at det å høyre "Humming Chorus" frå Madame Butterfly er som å høyre "Bring Him Home" frå Les Misérables. Kan nok sjå for meg at den eine har henta inspirasjon frå den andre, ja ;) Einaste er at ein får songane på hjernen. Snart er det november, og eg skjønner det ikkje. Hausten har gått så innmari fort, nesten litt for fort om ein spør meg. Men slik er det berre. Fine ting å dele har eg no denne sundagen også:

✦ kjøpe roser til kjærasten på veg heim frå skulen ein dag
✦ lese ferdig Monogram-mordene, ein ny bok med Poirot i spissen (forfattaren Sophie Hannah spurde etterkommarane etter Agatha Christie om å skrive ei bok med Poirot som houvdperson, noko ho fekk lov til. Så klart ikkje det same, men likevel ei spennande bok)
✦ for ein Harry Potter-fan som meg, er dette og særskilt dette veldig kjekt å finne
✦ gå på loppemarknad og finne den perfekte bordlampa for berre trettifem kroner
✦ å lese korleis det har gått med denne fjortenåringen
✦ som vanleg finne glede i søte dyr som denne morosame skjelpadda, ein herleg babyelefant og desse rare pygmésjøhestane
✦ spele fyrste konserten med orkesteret
✦ vere inne på loppemarknader når det regnar ute, sjå på "juleavdelinga" og elles berre vandre rundt og sjå på alt det rare
✦ høyre ein av mine favorittsongar, "Into The West", i ein ny og fin versjon
✦ gjere om kjøkkenbordet til eit kontorbord

25. okt. 2014

Frå kjøkkenbord til ein stilig pult


Det lille kjøkkenbordet me hadde då me budde i Kr.sand, det med ein raud- og kvitrutete duk på, var byrja å bli så slitt at anten var det rett på "dynga" eller så måtte me prøve å fikse det på eit vis. Som de ser på bileta, hadde målinga byrja å flasse, så det var ikkje fint lenger. Her i leilegheita har me ikkje plass til eit kjøkkenbord på kjøkkenet, me et ved spisebordet vårt som står i stova. Men pulten som me hadde i Kr.sand, er for stor (og nesten øydelagt) til å ha her, og med det passar jo kjøkkenbordet perfekt som ein liten pult, eit kontorbord, inne på fleirbruksrommet. Måtte jo som sagt fikse på det, og då var det fram med The New York Times, eit kart me kjøpte på turen vår i sommar, pensel og decoupagelim. Og vips – etter ein dryg time såg bordet så utruleg mykje betre ut. Kjem til å bli kjekt å kunne sitje ved det bordet, sjå litt på kartet og avisutklippa og så klart skrive oppgåve eller andre skulerelaterte saker. I kveld skal me ha operakonsert med orkesteret og det blir det også i morgon kveld. Mange taktar å telje, men det er jo likevel kjekt å spele altså ;)

23. okt. 2014

Kuriositetar

Inspirert av dette innlegget, vil eg her lage ei lita liste. Ei liste med nokre av mine sære trekk, for eg trur nok me alle er litt rare og sære på ein eller annan måte. Sånn før eg viser lista mi, så er det eigentleg ikkje så mykje nytt å fortelje. Det går i skule (ikkje forelesning, men har jo likevel pensum som må lesast), han jobbar og så er det ein del øvingar med orkesteret denne veka fordi me skal ha konsert både laurdag og sundag. Og så fiksar me litt rundt i heimen. Under finn de lista mi:

✦ eg er ikkje noko A-menneske, så om morgonen når eg ikkje vil stå opp, gøymer eg meg under dyna til han kjem og seier at no er det på tide å stå opp
✦ når eg tar bussen til nye stadar eller er i ein ny by eller eit nytt land, får eg ein uforklarleg, og ein nesten ubeskriveleg, utforskartrong; eg vil sjå alle gatene, alle dei små stikkvegane no, no med ein gong
✦ pledd bruker eg like mykje om sommaren som om vinteren, ikkje fordi eg er kald, men fordi det for meg er ordentleg hygge
✦ den songen eg oftast får på hjernen, sånn heilt utan vidare, er temaet frå Indiana Jones-filmane, komponert av John Williams
✦ TV-serien Heartbeat er nok ein av mine absolutte guilty pleasure (eg storkoser meg når eg sit i sofaen med den serien på skjermen)
min førre mobiltelefon hadde eg i nesten fem år før den "konka" heilt, og den eg har no har eg hatt i godt over fire – så når det gjeld telefonar og anna elektroniske duppedingsar, bruker eg dei så lenge det lar seg gjere
✦ når håret mitt når skuldrene mine, klagar eg over det kvar dag, eg trivst rett og slett ikkje noko særskilt med (det eg kallar) langt hår (eg hadde relativt langt hår i ein periode i tenåra. Men når ein ikkje liker å gå med håret i hale i meir enn to timar, er ikkje langt hår noko praktisk. Og utan fall i håret heller ikkje særskilt fint, i alle fall ikkje på meg)
✦ eg er veldig, veldig glad i krim, både å lese krimromanar og se på krimseriar (britisk krim er best), og Agatha Christie er vel favoritten. Trur eg har lese alle Poirot-bøkene minst to gongar
✦ om ein tenkjer på ordet "lettrørt", så har du meg i eit nøtteskal. Eg græt av filmar og av songar ("Into the West" med Annie Lennox fekk meg alltid til å gråte dei fyrste gongane eg høyrde den). Eg græt når eg les ein trist/kjekk/rørande artikkel i avisa, tårene mine kjem rett og slett veldig fort
✦ nysa mine høyrer ut som nokre små pip, og til slutt....
✦ eg elskar musikalar!

21. okt. 2014

Så mykje rart å sjå

Før me drog av garde til Trondheim, søkte eg litt rundt på nettet for å finne brukt- og vintagebutikkar i byen. Skreiv ned nokre adresser slik at eg hadde noko å gå etter. Eg er blitt meir og meir glad i å finne ting, anten klede, glasbolle, pyntegjenstand eller liknande, i bruktbutikkar, så når me då skulle til ein annan by, måtte eg jo nytte sjansen. Ikkje alltid at eg finn noko, men det er jo likevel så innmari kjekt og artig å berre gå rundt og sjå. Og sjå og sjå. For det er no uansett ikkje alt eg har råd til i slike butikkar, så då får eg nøye meg med å "vindusshoppe". Eg skreiv ned ein tre-fire butikkar, og to av dei, Tante Isabel og Sirkulus, fann me og stakk difor innom. Å vere inne hos Tante Isabel var som å vere inne i eit lite dokkehus. Neida, det var ikkje fullt så lite, men det var litt trangt der, ja. Lavt under taket, ting og klede overalt, og min betre halvdel sa at han blei nesten svimmel ;) Me fann nokre fine pyntestoff som eg skal sy puter av og også ein stilig, retro tallerken. Litt større inne på Sirkulus og også her fann eg noko som eg skal bruke som duk eller pute. På vår tur rundt om i byen, dukka det plutseleg opp enno ein butikk, og du kan tru at den var stor. Antikvitetshuset Tordenskjold trur eg det var. Gamle brudekjolar, vaser og glas i alle slags moglege fargar, gamle, gamle møblar og så mykje, mykje meir. Her trur eg at ein må bruke ein heil dag skal ein få sjå alt som er å sjå, så her vil eg definitivt tilbake ein eller annan gong.

20. okt. 2014

Mormors stue og marknad på torget

Etter å ha vore hos gullsmeden i godt over ein time på fredag, var det godt å finne ein koseleg plass der me kunne ete lunsj og drikke ein kopp med kaffi. Valet fall på Mormors stue, og her sat me i fred og ro med god mat og drikke. Atmosfæren var varm og god, og interiøret frå eit heilt anna tiår, ja, til og med anna hundreår. Og for ein adresse ;) Tok oss ein tur til byen også på laurdag, og då snubla me som sagt over bondens marknad. Her hadde dei mykje godt og artige namn, som "Fyllekuler" på eit sjokoladeprodukt og "Med svin på skogen" (som då altså er namnet på ein bedrift). Me kjøpte med oss nokre gåver før me tok bussen tilbake dit me budde heile helga.

19. okt. 2014

Heime igjen etter fin langhelg

No er me komme heim til Stavanger etter ei kjempekjekk, fin og hyggeleg helg i Trondheim. Sit i sofaen vår og slappar av med det artige programmet Alt for Norge. Helga i Trondheim trur eg gjorde godt for oss, berre ta det med ro, senke skuldrene, kose oss med fine folk. Det har rett og slett vore nokre travle veker med så innmari mykje med tanke på leilegheita (og også jobb/skule), så det å kunne dra til ein annan plass, om enn berre for nokre dagar, var ganske etterlengta. I morgon er det på'an igjen med ei ny veke, og den blir travel i og med at det blir mykje øving med orkesteret før konsert til helga. Har ei lita liste med mange fine gleder i veka som snart er over:

✦ langhelg i Trondheim der me fekk tid til å treffe vener, slekt og ha god tid til kvarandre
✦ sjarmtroll som denne katten og denne
✦ gå rundt i både små og store bruktbutikkar, så innmari fine og spennande, berre sjå, ta inn alle inntrykk og finne nokre fine skattar
✦ nydelege innlegg om bryllaup som denne om ein kjole til berre tohundre kroner (og den er ganske så fin også) og denne med så ordentleg fantastiske bilete
✦ gå tur i nydeleg haustvêr berre nokre rimar før me tok flyet heim til Sola/Stavanger
✦ le av videoar, den eine med den "ukjente" Ylvisbroren, den andre med ein veldig kosete og musikkinteressert katt
✦ det faktum at leilegheita byrjar å sjå ut som ein skikkeleg heim
✦ finne gifteringar
✦ herleg å lese ei historie som denne; eg drog i alle fall ordentleg på smilebandet
✦ plutseleg "snuble over" bondens marknad på torget i Trondheim med både fine garnnøste, grønsaker, sjokolade, syltetøy og mykje anna fint og godt
✦ alle fargane ute i naturen, dei gjer meg så glad

18. okt. 2014

Ute på tur i bartebyen

Er berre ein kjapp tur innom for å vise de bokre bilete frå finaste Trondheim. Her har det vore nokre dagar med herleg haustvêr, kafébesøk, veninnetreff, litt shopping, både nytt og brukt og me har berre vandra rundt i Midtbyen og tatt det heilt med ro. Og så har me funne gifteringar i kvitt gull hos Gullsmed Aas. Sat der i godt over ein time i går med ei kjempehyggeleg og serviceinnstilt dame, så eg trur me kjem til å bli kjempenøgde! Var ute på restaurant med, og etterpå heime hos, ei av mine beste veninner i går, noko som var ordentleg kjekt, både det å treffe ho og med det ha mange timar foran oss med prating, og også det å kunne sjå kor ho bur :) I kveld blir det bort til Byåsen for å treffe nokre vener av kjærasten min, og så er det "heimatt" i morgon ettermiddag.

16. okt. 2014

Langhelg til Trondheim

På veg til posten og butikken i går, tok eg med meg kameraet i håp om å finne fine tre med herlege fargar. I og med at det er oktober og hausten er godt i gong, var det ikkje særskilt vanskeleg å finne det eg var på jakt etter. Sola varma også, så det var berre herleg å vere ute ein tur. No er det ikkje lenge til me reiser til Trondheim for å besøke vener og litt slekt.  Kofferten er pakka, og om nokre timar sit eg på bussen på veg til flyplassen. Han kjem med eit seinare fly. Skal bli herleg med ei langhelg i ein annan by, ta det med ro, sjå oss litt omkring i bartebyen og berre ha det fint!