Viser innlegg med etiketten hygge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hygge. Vis alle innlegg

14. juli 2026

Nesten-ferie i hagen


Hagelivet i det siste. Fuglane kvitrar, humlene svirrar rundt og sola skin som aldri før. Sjølv om det ikkje er ferie heilt enno, har me ete ein is i hagen på ein kvardag – det er ikkje kvar dag det er slikt sommarvêr i byen. Og det heilt utan vind! Litt kaffi i kruset, fleire sider i ei god bok, kvardagsluksus.

1. juli 2026

Der det skjer 🦜



Sjølv om han kanskje ikkje er i like full fart som tidlegare, vil Zalo vere med der det skjer. Som vanleg. Han har vore her hos oss no den siste veka, og der han dei fyrste dagane var litt daff og veldig roleg, har han no vore ute og floge og å sitje på hovudet er framleis "heilt konge" (rakk ikkje å ta bilete, for plutseleg var han på vingane). Artig å høyre at han liksom syng til radioen og pratar med oss, men det aller kjekkaste er når han kan slenge ned eggeskalet frå toppen av buret. Eg trur han kunne blitt verdsmeistar i eggeskalkasting! Tihi, når han gjer det, er han ein fin, liten raring!

29. juni 2026

Bursdagspiknik





Attpåtil i ein botanisk hage. Inkludert i Morgenleveringa som kom på døra laurdagsmorgon, var det ein ordentleg bollebonanza (jepp, pakka heiter det). I staden for å ete bollane inne, fann me fram piknikteppet og -korga og sykla det lille stykket til den botaniske hagen rett ved universitetet. 
 





Las nokre sider i kvar vår bok etter å ha ete. Kaffi måtte me jo så klart ha, ingen piknik utan, eller kva?! Og så er det kjekt å bruke kule våre turkoppar av emalje. Me sat der ikkje så lenge som me ønska sidan det kom eit brudepar med fotograf som ville ta bilete i det området me sat. Ja, ja, det var no uansett ein veldig fin utflukt der me slappa av blant alle dei vakre, fargerike blomane.

22. juni 2026

Under ei gammal hengjebjørk






Trerettars middag på Kronen Gaard, sånn omtrent på denne tida av året. For i år som i fjor og åra før det, tok me turen ut til Vatne i går for å ete ein god sundagsmiddag i eit lokale med historisk sus. Like koseleg kvart år å feire bryllaupsdagen vår der ute i lag med familien, ofte i samband med ein bursdag eller to. Denne gongen hadde eg gulrotsuppe til forrett, sursteik til middag og crème brûlée til dessert (joda, det freista med supergode sjokoladefondanten, men eg ville prøve noko anna i år, og den skuffa ikkje). Valde den friske eple- og rabarbrajuice frå Lyngnes gård på Randaberg, 







Blikket mitt fell på blondegardinene, tapetet og alle tinga med ei historie. Slik vil det nok alltid vere, det er noko med stilen der ute som gjer at det er både fint og koseleg å vere der. Nokre bilete under hengjebjørka er obligatorisk, både for dei som vil og dei som ikkje er fullt så gira. Ha, ha, om ikkje anna blir det artige bilete av slikt. Vintagekjolen frå Canada fekk lufta seg, den er innmari stilig, både i fargane, fasongen og mønsteret. Og så er den eit kjært minne frå ei reise eg aldri gløymer.

9. juni 2026

Tid for scones i vår eigen hage



Framleis litt rart at me har ein hage som berre er vår. Det har ikkje vore den varmaste våren, så mykje hagetid har det ikkje blitt til no. Heller ikkje i dag, for regnet verkeleg plaska ned store delar av dagen. Men etter orkesterøvinga på laurdag, sat me ei lita stund ute og senka skuldrene. Heimelaga scones med heimelaga sitronkrem, kaffi, kvar vår bok og ein liten dæsj med oreoiskake. Så må me nok beise plattingen på sikt og kanskje også terrassen, men pyttsann.

28. mai 2026

Hobbitar også i år





Eventyrleg overnatting! Også i år fann me ut at me ville ta ein liten tur til Randøy i Hjelmeland for å overnatte i hobbithytta. Me forelska oss i den i fjor, og det var eit kjært gjensyn då me kom dit sundag ettermiddag. Utruleg stilig plass med både dome, tønnehytte, tipi med meir!





Treng ikkje alltid å gjere så mykje for å kose oss på tur, og det einaste me sånn sett gjorde av aktivitetar var å spele boule og lese. Tihi, eg hadde med meg tre bøker slik for å ha litt å velje mellom – det er aldri godt å vite kva humør ein er i når ein fyrst skal setje seg til rette med ei bok i fanget, slik er det å vere ein bokelskar ;) Koseleg kveldsstemning inne og ute, lyse kveldar om våren.
 





Etter ein enkel frukost måndagsmorgon, tok me kaffien på senga. Fann verkeleg roa der me satt og naut kaffien, las side etter side i kvar vår bok og berre høyrde på stilla. Elskar alle detaljane frå Ringenes herre-universet, til dømes skiltet som heng på gjerdet rett ved hytta (det var der ikkje i fjor). Å kunne unne oss ei lita glampingoppleving i ny og ne...me kjem gjerne tilbake!

19. mai 2026

17. mai i huset 🇳🇴




Så var det kanskje ikkje den størte feiringa av nasjonaldagen i år, men det gjorde oss eigentleg ingenting. Fint å ha ein roleg morgon der me høyrde korpset spele i gatene i nabolaget, bruke lang tid på frukosten, sjå og høyre Hans Majestet Kongens Garde på NRKs direktesending og etter kvart pynte oss. Ute titta sola fram, og me tok nokre bilete av oss sjølve i finstasen. Like stas kvart år å kunne ta fram bunaden, den mormor sydde til sitt eige bryllaup for dryge sytti år sidan. 





Litt etter litt dekte me bordet, kokte kaffi og gjorde i stand til kaffibesøk. Dei me pleier å vere hos på 17. mai held på med noko røyrarbeid og det var difor ikkje aktuelt at dei skulle stelle i stand noko i år. Me inviterte dei og ei anna veninne av oss hit på scones, heimelaga sitronkrem, oreiskake, kaffi og quiz, og det var superkoselege timar i hyggeleg lag! Og ja, det er den faste frukostquiengjengen som var her om nokon skulle lure på kvifor eg nemnde quiz ;) Utpå kvelden var det av med finstasen og fram med god og enkel pasta carbonara. Over og ut frå vår fyrste 17. mai i huset!

13. mai 2026

Blomar ute på Jæren






Blomar, grønsaker, prat, latter, kake og kaffi i lag med to finingar som fyrst var mine kollegaar, sidan venar og no både venar og kollegaar igjen – tenk at me no jobbar i lag igjen, fem år sidan førre gong. På laurdag var det tid for den årlege gartneritradisjonen eg har i lag med desse to personane. I år som i fjor var me innom både Horpestad plantesalg og Wiig gartneri. Gøy å sjå Littbonde-merket hos Horpestad, og dei hadde også laga til eit nydeleg 17. mai-bord. Å, dei blå delfiniumblomane, like vakre kvar gong (eg hadde dei jo mellom anna i brudebuketten min). Og sidan me no har hage, handla eg både blomar og grønsaker, så får me sjå om dei kjem til å vakse i hagen vår. Synest toalettdøra på Wiig gartneri er veldig treffande. Me tok oss ei lita pause i kaféen der me naut både god kaffi og kake. Takk for kjekke timar i lag med dykk, dette er ein tradisjon eg set veldig pris på!