30. nov. 2023

Dagens spasertur




30. november. Den aller siste haustsdagen. Trass ei forkjøling som framleis sit i, berre måtte eg ein tur ut før lunsj. Kjenne solstrålane treffe andletet, likeså med den friske lufta, gå nye stiar og frosten som glitra. Takksam og varm om hjartet når hausten er slik, og ikkje berre mørke og gråvêr.

29. nov. 2023

Å fange solstrålar

Enkelt er det ikkje, å fange ein solstråle. Men eg prøver likevel. For novembersola, altså.

27. nov. 2023

Englespel og varme lys




Varmt lys i den kalde mørketida. Ute er det to minus, relativt kaldt til Stavanger å vere. Men sola skein høgt på himmelen tidlegare i dag, den siste måndagen i november. Månaden har vore lysare og mjukare enn den pleier, men kveldane blir likevel fortarte mørklagde. Eg finn fram ei god bok, lager meg ein kopp med te og tenner lys. Telys i det finaste englespelet med forskjellige Mummi-karakterar, fascinerande å sjå det spinne rundt og rundt og rundt og rundt. Lys i lyshaldaren som heng ved balkongdøra og så klart gylne strålar frå lyshuset. Kvardagskveld med ro og hygge.

26. nov. 2023

Forkjøla på tampen av hausten




Mektig lei av å vere forkjøla no, ja. Heldigvis kjenner eg meg ikkje sjuk, men tett nase og hoste er likevel ikkje noko særskilt gøy. Nok om det, veka har vore meir novemberaktig om ein tenkjer på vêret enn dei føregåande vekene, det skal eg ærleg innrømme. Bøker, kaffi, små turar då sola skein og overnatting av krøllebølle heva dagane betrakteleg. På tysdag var det øving med grovmessinggruppa i orkesteret, trur kammermusikkonserten om ei veke blir bra. Og då er det faktisk desember. "Hei, hå, nå er det jul igjen". I alle fall nesten. Eg har ikkje så mykje meir på hjartet no anna enn å dele slik som har vore kjekt, fint eller bra dei siste dagane:
 
bøker om bøker er alltid like gøy å lese: The Messy Lives of Book People av Phaedra Patrick
regn på ruta midt i veka gjorde ikkje så mykje sidan eg hadde gode bøker som venta på meg
for nokre søte og fotogene sauar med krone på hovudet 
søte er også Bami og Dami, to små sjarmtroll som får meg til å smile gong på gong
å, den der kule sauen oppe ved Ullandhaug økologiske gård!
gyllent hautslys ved nærbutikken
gjensyn med Snømonsteret og songen "Into the Uknown" frå sesong 2 av Maskorama
gjenlese Eleanor & Park av Rainbow Rowell
filmen The Secret of Kells vil eg verkeleg anbefale (i lag med Song of the Sea)
altså, å måle eit motiv frå Pride and Prejudice på gamle boksider – dette er vakkert! 
øve litt i lag med mannen min på UiS
Ali Hazelwoods nyaste bok, Love, Theoretically, synest eg var kjempekjekk
"Fine ting i november" – ei fin, lita liste inne hos Ei blå stugu
laurdagskjensla: etter ei lita utflukt, var det kaffi, bok og noko attåt
skjønner godt alle dei gode meldingane og Bokhandlerprisen til Lovrenski med Da vi var yngre
gøy at eg er litt med i denne togjulereklamen frå Go-Ahead
sundagsformiddag med strikketøy og krøllebøllekos
stikke innom Ullandhaug gårdsbutikk to av dagane denne veka 
framleis litt haustfargar på trea i nærområdet
"Telefonkiosken fyller 90 år" – artig lesing om dei raude telefonkioskane
blå himmel ein dag ved Mosvatnet
gule, fine haustblad på bakken

24. nov. 2023

Novemberfargar




Ordentleg "blås-bort-dagen" i dag. Samstundes skin sola, og det gjer godt med dagslys etter to ganske grå dagar. At det faktisk framleis er haustfargar å finne ute, gjer også godt, eg smiler litt for meg sjølv medan eg traskar rundt. Og joda, eg veit at det har blitt ein ganske stor haug med slike haustfargebileteinnlegg, men fargar i kvardagen er viktig for meg. Når hausten elles ofte er kald og grå, tar eg vare på alle slike små fine augneblink. Om kveldane tenner me stearinlys og set oss godt til rette med kvar vår bok. Høyrer på roleg musikk.  Og snart er det desember.

23. nov. 2023

Dyrebesøk på Ullandhaug


Dyra på Ullandhaug, alltid like søte. Me var ein snartur oppom Ullandhaugtårnet og den økologiske garden på tysdag, herleg å komme oss på ein liten luftetur. Ved garden var det ein snakkesalig sau som ville helse på oss. Fyrst låg den berre roleg på marka og titta på oss, men den blei for nysgjerrig til å berre liggje stille. Okei, så trudde den sikkert at me hadde med oss mat og kanskje meinte sauen at den blei litt snytt. Uansett var det eit koseleg møte, og som alltid: "sauer er ålreite dyr".




Sa også "hei" til gjæsene og endene, og så var det eit par andre sauar rett ved som me stoppa opp for å helse på. Dei var ikkje like interesserte som den fyrste sauen, men sjå på det snille andletet! Før me kom oss heim, kjøpte me med oss nokre knallgode rundstykke frå Ullandhaug gårdsbutikk.

22. nov. 2023

Keltiske folkemytar





Av og til kjem ein over ei bok eller ein film som lenge ettet at den er ferdig, sit i kroppen, i tankane, i hjartet. Song of the Sea er ein slik film. Animasjonen, søskenkjærleiken, det mystiske og ikkje minst musikken – ikkje eit auge var tørt då den byrja å nærme seg slutten (når til og med mannen min merka det i augekroken...). Musikken av Bruno Coulais og Kíla har me begge høyrd om og om igjen no i det siste. Tomm Moore har regissert tre filmar i det han har kalla "Irish Folklore Trilogy", og foreløpig har me sett Song of the Sea frå 2014 og The Secret of Kells frå 2009. The Secret of Kells var kanskje ikkje like vakker, men spennande var den, inspirert av Kellsboka og med ein like unik animasjon og bra musikk som Song of the Sea. No manglar me berre å sjå Wolfwalkers frå 2020.

20. nov. 2023

Snart bøttings, men ikkje i dag


Bøttevêret kjem visst på onsdag skal ein tru vêrmeldinga. Må jo difor nytte sjansen til å komme meg ut på små turar no medan eg kan. Altså, me bur i Stavanger og er sånn sett vande med regnvêr og har så klart både gode regnklede og støvlar. Men det er ikkje det same å gå ute når det bøttar ned sidelengs. Surt, kaldt og vått... nei, då sit eg heller inne med ei god bok og noko varmt i koppen. Likevel, eg er veldig takksam for å ha Mosvatnet rett i nærleiken. Enkelt å berre ta på seg ytterklede og gå bort, anten rundt heile vatnet eller delar av det. Finaste turfølgjet, svanene som slappar av på graset, ei måke som følgjer med frå ein stein og novembersola. Innimellom oppdagar eg framleis fargerike blad på nokre av trea, og eg smiler stort av slike små kvardagsgleder. Husarbeid har det også blitt tid til, det same med lesinga (tihi, eg har tjuvstarta på julebøker). Berre litt måndagsnytt.

19. nov. 2023

Spaserturar og alltid bok+kaffi




Sjølv om forestillingsperioden var over for akkurat ei veke sidan, har eg hatt mange av songane frå Czardasfyrstinnen på hjernen også denne veka. Men det skjer ganske ofte etter ei slik forestilling eller ein orkesterkonsert. Småforkjøla med hoste har me begge to hatt i hus, meir plagsomt enn ordentleg sjuke. Kva anna? Fleire av dagane har sola skine og eg har komme meg ut på små, herlege spaserturar, anten i nærområdet eller til byen for å levere og låne bøker. Gode lesestunder, hengje med på jobbmarknaden, pønske ut eit par julegåver og i går var me innom Varatun gård der dei hadde julemarknad. Flott brukskunst, lokal mat og god stemning. I dag har me tatt det ganske med ro her heime med god kaffi, bok og roleg musikk. No blir det lesetid, kos deg med oppsummeringa:
 
bok nr. to om Matthew Venn, The Heron's Cry, slukte eg like fort som den fyrste boka i serien 
heimelaga laurdagspizza og ein artig film i går kveld
Bami og Dami fortset å vere to heilt nusselege sjarmtroll, berre sjå her og her – eg smeltar heilt!
knallgule blad, framleis litt haustfargar igjen ute
Beth O'Learys nyaste bok, The Wake-up Call, var kanskje litt for lang, men eg likte den likevel
TwoSetViolin som speler "I Dovregubbens hall" i songens rette element
tihi, den grøne døra inn til ein del av Vålandstårnet, den er liksom så liten og søt
som i fjor: den automatiserte miniatyrjuleverkstaden på Varatun gård er superstilig
kjekke intervju med Nicholas Ralph, Samuel West og Callum Woodhouse om Den nye dyrlegen
krimboka Farvel, Farah Diba av Fossum, ein psykologisk thriller der spenninga ligg i skuggane
hente gode og lokale varer på REKO-ringen
Aslak Maurstad som dansa med krykker til musikken frå Forrest Gump – så vakker dans!
om kvensk i dikstamlinga Tanker om et tapt språk av Marie Konstanse Skogstad
frost på bakken 
fascinerande å sjå desse unge handballspelarane leike seg til mål
Hotel Victoria frå 1900, eit nydeleg bygg, og tenk at det huste byens fyrste kino då den opna i 1905
gull på trea mot ein blå himmel, eit slikt syn i november, det gjer så godt 
alltid like søtt når ein stor hund og ein liten katt blir venar 
sjå vidare på Kompani Lauritzen: Tropp 2, for ein gjeng!
kjenner meg veldig igjen i denne forskinga, nemleg at ein blir stressa og uvel av feil grammatikk
ein spraglete katt som sprang rett foran meg på ein liten gåtur
sundagsmorgon etter frukost: dagens andre kopp med kaffi, kvar vår bok og eit favoritteppe

17. nov. 2023

Formiddagsfrost


Medan me sat inne i stova i går ettermiddag med kvar vår bok i fanget, byrja det å snø. Fint å sjå på frå vinduaget, mange mjuke, kvite dottar som fall ned frå himmelen, men som ein ikkje-så-veldig.glad-i-snø-person, synest eg det var litt tidleg. Heilt greitt at den ikkje la seg og at det berre var eit par spor igjen av den ute i dag. Frosten som har lege på bakken om morgonane derimot – den er velkommen. Fleire av dei siste dagane har eg vore ute på ein spasertur relativt tidleg, og når solskinet treff dei visne blada og graset på bakken, fulle av frost, då smiler eg litt ekstra. Lufta er tørr og kald, sola varmar og eg er takksam for ein kvar slik tur utan slaps, mykje vind og mørke skyer.

16. nov. 2023

Norlis Antikvariat






Lukta av gamle bøker, synet av gamle bøker, kjensla av gamle bøker. For ein månad sidan var eg jo i Oslo for å sjå Moulin Rouge! med ei veninne, og som turen vår i mars, berre måtte me innom Norlis Antikvariat. Som å gå inn i eig eiga verd med ein gong ein opnar døra. Alle dei vakre bokryggane, ein trappeoppgang pynta med globus og gamle skrivemaskinar, signert utgåve frå Kjell Aukrusts verd og generelt atmosfæren. Fann ei utgåve av En studie i rødt av Arthur Conan Doyle, den fyrste boka om Sherlock Holmes. Utgåva er frå 1914, og denne blei altså med meg heim til Stavanger, tihi!

15. nov. 2023

🍂💛


Foreløpig er det lite som minner om svart november. Sola stod høgt på himmelen både måndag og i går, og det gjorde godt å traske ute, kjenne sola varme, nyte den friske haustlufta og beundre den skarpe guloransjefargen på haustblada. Gult er alltid kult, som eg elskar desse fargeeksplosjonane!

13. nov. 2023

Kven der?!




Sånn inst inne veit eg at det ikkje bur nokon inne i tårnet, likevel undrar eg litt. Vålandstårnet ligg ikkje langt unna oss, og det hender stadig vekk at eg (eller me) går ein tur opp til tårnet. Kanskje ikkje like god utsikt som når ein går opp til Ullandhaugtårnet, men god nok utsikt over finaste Stavanger for min del i alle fall. Tårnet er opprinneleg frå 1895 og var eit utsiktstårn med vaktarbustad for byens fyrste trykkvassbasseng. Også før det noverande tårnet skal det ha stått eit utsiktstårn her. Når eg stoppar opp og tittar på den grøne døra, lurer eg på korleis det ser ut inne. For sjølv om det er over hundre år sidan det blei brukt som ein reell bustad, er det noko med den døra som vekkjer nysgjerrigheita mi. Fargen, mønsteret, fasongen, det nesten mystiske.