30. mars 2018

Ein liten dose påskegodt

Litt påskegodt på ein fredag. Akkurat no er eg nok langt oppe på fjellet, blogginnlegget er med andre ord publisert på førehand. Den lille kyllingen på toppen av påskeegget er like søt kvart år. Eg har fylt egget med litt sjokolade og er i full gong med å senke skuldrene med ein kopp kaffi og påskekrim, brettspel og quiz. Saman med fine og kjekke folk oppe på hytta. Hyttekos og fjellro.

28. mars 2018

Lektyre til årets påske

Kvar påske er det fram med krim og quiz. Ikkje for det, eg les jo krimbøker året rundt og me les jo ofte quiz frå Dag og Tid eller generelt frå ei quizbok når me er på hytta. Men det er jo noko spesielt med påskekrimmen (og påskequizen). Difor har eg også i år funne nokre bøker på biblioteket. Den ein er årets påskekrim frå Gyldendal med forskjellige krimnoveller og den andre er ei pocketbok med to Agatha Christie-historier. Veit eg har lese dei før ein eller annan gong, men det er lenge sidan og ei bok skrive av krimdronninga slår aldri feil. Fann også ei ny bok med quiz då eg var på jobb på laurdag, så det blir garantert nokre spørsmålsrundar på kveldstid oppe på hytta.

26. mars 2018

Påskegult

Gule tulipanar, gul bordbrikke og eit gult kubbelys. For no er påska her og då er det fram med alt det gule. Vel å merke på jobb, for sidan eg skal på hytta no snart, blir det ikkje mykje påskepynt i heimen. Etter jobb i dag, var eg på kafé med ei veninne og det blei rett og slett ein god start på påskeveka. No sit eg og høyrer på "Påskelabyrinten" på NRK Nett-radio, og så blir det påskekrim på skjermen seinare i kveld. Håper du har hatt ein bra måndag og ei super start på denne veka.

25. mars 2018

Å lese i ein godstol som den på jobb

Palmesundag er her og i morgon byrjar påskeveka. Eg skal på jobb både i morgon og på tysdag, men elles lite jobb, ja, ein liten påskeferie. Desto fleire dagar på hytta og tid til å lese bøker. Trass i at eg no er grasenkje for ei stund, har det vore ei grei veke som starta med ordentleg middagsdate, produktive dagar på jobb, eg fekk besøkt ei veninne på fredag og det var ei kjekk laurdagsvakt i tredje etasje i byen i går (faktaavdelinga). Innimellom har eg sett eit par episodar av Downton Abbey, og det finaste sitatet kjem her: "I won't be happy with anyone else as long as you walk the earth." Sagt til Mary frå Matthew dagen før bryllaupet deira. Sukk. Koseleg å sjå den serien om igjen. Måndag er her om berre nokre timar og under finn de som vanleg ei oppsummering av veka:

✦ lese ut den underfundige, fine og såre boka Arr av Auđur Ava Ólafsdóttir
skulle så gjerne ha hatt ei bokhylle og ein godstol heime som dei ein finn på hovudbiblioteket
✦ flytte meir på samlinga på jobb, for det blir rett og slett så mykje betre
✦ tenk å gå Noreg på langs slik desse to skal gjere – tungt, tøft og ei oppleving for livet
✦ endeleg lage ferdig og bestille fotobok frå bryllaupet
✦ og byrje på fotobok med bilete frå fjorårets Interrail-tur
✦ herleg å gå til jobb ein av dagane
✦ diggar omslaga på desse tre Agatha Christie-bøkene, litt sånn retrostil over dei
✦ okei, skiltet blei lite i kollasjen, men artig med eit litt "strengt" skilt med lokale referansar på jobb
"Honest Trailers – Every Wes Anderson Movie" – fordi han er den herlegaste regissøren
✦ endå fleire snøklokker
✦ så smått byrje å lese påskekrim med boka Graven av Monika N. Yndestad
✦ frieret mellom lady Mary og Matthew (og ja, me snakkar om Downton Abbey)
✦ fredagsbesøk hos ei god veninne
✦ endå ein liten ting som lyser opp heimen vår: Kähler-vasen mot den Scooter-farga veggen
✦ å lage ein fantastisk kunst som denne ved hjelp av tyll og eit strykejern (meir på Instagram)
✦ sundagsmiddag heime på Sola med ein hyper fugl og den fjerde Harry Potter-filmen
✦ kanskje ikkje ein ting eg treng, men då eg såg dette boketuiet på Etsy, berre måtte eg ha det
✦ middagsdate x2 med god mat, drikke og prat med mannen min før han drog tidleg torsdag
✦ videosamtale med min betre halvdel som no er i Canada

23. mars 2018

Fredagsrapport

Fyrste dagen aleine heime. No er eg offisielt grasenkje. Så langt alt vel; eg har besøkt ei veninne i dag, jobb i morgon og i kveld blir det ei god bok medan det regnar ute. Kanskje sjå noko på TV-en. Ein liten fredagsrapport med eit par av tinga i heimen vår som gjer meg glad: den heimelaga LP-klokka, retrotallerkenar i bokhylla (og den oransje tekanna), polaroidbilete på veggen og haugen med bøker skrive av sjølvaste krimdronninga. Eg snakkar så klart om Agatha Christie!

21. mars 2018

Vårvêr i byen

Blå himmel og null snø på bakken. Den lille turen frå leilegheita til busshaldeplassen ved Tjensvollkrysset på sundag gjorde godt. For med herleg sol og ingen nedbør, blei det fort vår i staden for vinter. På ein god måte, om du skulle lure. Plutseleg oppdagar ein eit eldre bygg med dei finaste raude karmane og ein set litt ekstra pris på den fargerike mosaikken i Tjensvollkrysset. Slike dagar håper eg det blir fleire av framover. Viktige kvardagsgleder. Stavanger, du er ganske fin.

19. mars 2018

Lita kjensle av vår

Skulle ikkje ha sagt noko om våren i går, for då eg sykla til jobben i dag, datt det ned nokre små, kvite dun frå himmelen. Heldigvis smelta det ganske raskt og no er det sol ute. Då eg traska bort til bussen i går, tok eg ein liten omveg i håp om å få sjå nokre snøklokker. Og eg blei ikkje skuffa! Det aller vakraste vårteiknet, så kvite og grøne. Dei var ikkje mange, men nok til at eg fekk vårkjensla.

18. mars 2018

Sundagsliste med over tjue fine punkt!

Ingen løyndom at veka starta med snø, noko eg likte svært dårleg. Heldigvis blei vêret betre og betre for kvar dag, og sola har stått høgt på himmelen i heile helga. Jamt over har det vore ei superfin veke med mykje lesing, sol, god lunsj midt i veka, flotte fargar og ei sabla god ryddeøkt på jobb. Og når det gjeld lesing – eg sukkar så søtt av Anne og Gilbert: "[...] There was nobody else – there never could be anybody else for me but you. I loved you ever since that day you broke your slate over my head in school.". Koser meg med å lese den serien. Eg har sykla til jobb i fantastisk solskin, og eg har hatt eit stort smil om munnen omtrent resten av dagen. No er det verkeleg snart vår! Snøklokker blei sett i dag og snøen er borte (håper den ikkje kjem igjen før neste vinter). Ser at det er mange, mange punkt på sundagslista mi i dag, for det har som nemnt vore ei god veke:

✦ komme heim kvart på seks og få oppleve at sola framleis stråler inn i stova
✦ tredje bok i Anne-serien: Anne of the Island
✦ fargar i heimen, det er tingen
✦ rørande å (nok ein gong) sjå Anna og Mr. Bates seie ja til kvarandre i Downton Abbey
✦ lese under slumreteppet om kvelden
og å lese på senga om morgonen medan solstrålane tittar inn
✦ fortsetje å flytte bøker og rydde på jobb; trur det blir superbra til slutt
✦ "Top 10 Interrail Destinations to visit in 2018" – kan godt dra av garde på togtur med ein gong
✦ heimebakt brød, alltid ein slager
✦ kose meg med nokre episodar av Murdoch Mysteries
✦ tinge ein liten tur til Yorkshire i september
✦ må le littegrann av katten Maru som er ute og leikar i snøen
✦ det vakraste vårteiknet: snøklokker
✦ lunsjdate på Espresso House saman med den finaste
✦ ete sundagsmiddag heime på Sola, og då stod desse vakre keramikklyshaldarane framme
✦ veit det er opptatt ut neste år, men tenk å besøke denne Harry Potter-leilegheita i Edinburgh
✦ sitje og vente på bussen medan sola varma i andletet
✦ overraske mannen min på flyplassen då han kom heim i dag frå NM janitsjar
✦ gå heim frå jobb på måndag og sjå fuglelivet ved Mosvatnet
✦ kan hende eg har delt denne før, men tips til ein miljøsmart garderobe hos Emma
✦ 70-talskjensle når eg har på meg genseren med det kulaste mønsteret på kragen og mansjetten
✦ stoppe opp for å ta eit bilete av ei kvit, eldre bygning med raude karmar i strålande solskin
✦ liten lunsjpause i kantina på jobb i går blant flotte fargar

16. mars 2018

Den beste frukosten

Bra start på helga når det er sol på veg til jobb og også når ein syklar heim frå jobb klokka halv seks. Det gjer noko med humøret, ingen tvil om det. Noko anna som også kan lyse opp ein lang vinter, er heimelaga brød. Eg er ikkje den som skal ha æra for å ha laga desse, den må eg nok gi til min betre halvdel. Å starte dagen med god frukost der nokre skiver med heimebakt brød og nytrakta kaffi er hovudingrediensane, det er alle tiders! Jobb i morgon også, men har elles lite planar for helga.

15. mars 2018

Om berre ei veke

Du reiser snart. Om berre sju dagar, blir borte i tre månadar. Eg veit ikkje om eg liker det, for eg liker best når du er nær meg. Heldigvis skal eg besøke deg i mai, men likevel. Det er ikkje det same når du ikkje er her. Heime. Vår heim. Kjem til å bli rart. Men samstundes: tre månadar er ikkje så lenge, eg veit det inst inne. Plutseleg er du heime igjen. Du som er den finaste eg veit 

14. mars 2018

Under eit slumreteppe

Etter timar på jobb med flytting av bøker i tillegg til å vere i skranken og ha seinvakta, var det godt å komme heim til ferdig middag. Og etter det ei god bok under det beste slumreteppet i sofaen. For det treng ein i blant. Berre slappe av, leggje bort jobb, sosiale medium, datamaskin generelt. Eg skal prøve å ha ein slik kveld i kveld. Ville fyrst berre leggje igjen ei lita onsdagshelsing her.

12. mars 2018

Bort med Kong Vinter

Mannen min sa til meg no i helga at han nettopp hadde sett nokre små snøklokker i nabolaget. Eg lurer på korleis dei har det no; då me vakna i dag var det nok ein gong snø ute. Og eg som eigentleg skulle sykle. Kong Vinter kan godt trekke seg tilbake no. La våren komme med alt det grøne, endå varmare vêr og null snø. Tok bussen til jobben i dag sidan eg ikkje kunne sykle og traska heim igjen. Dette er Mosvatnet i dag. For som eg har nemnt før, er det på eit vis fint når snøen ligg på bakken som eit kvitt teppe. Som ein lys kontrast til det gule eller brune. Og plutseleg oppdagar ein nokre søt, små spor etter endene og svanene. Veit ikkje om svanene heller er så nøgde med den lille snøen som kom i natt. Røyken frå bassenget på Gamlingen ved skulpturen var også noko eg såg før eg til slutt kom meg heim. Ein måndag med snø, men også sol og gåtur. Så eg skal ikkje klage.

11. mars 2018

Ei veke etter min smak

Gode bøker, koppar med kaffi, franskøving og spelekveld med to flotte personar. Veka i korte trekk. På jobb har me byrja å rykke ein god del av samlinga (rykke = i tyding av å flytte), og det er så kjekt å sjå korleis det blir betre og meir oversiktleg. Ei lita bokhylle inne på kontoret er også på plass, og det blei mykje betre plass (og finare) der inne i og med at me tidlegare hadde ei stor og stygg hylle i metall. Elles så har eg sykla, gått og tatt bussen om kvarandre, for vêret har nok ein gong vore både det eine og det andre. Men heldigvis ikkje altfor ille. Tilbake til bøker. Eg har storkost meg med Lingo, og eg tar gjerne i bruk det litauiske "rudenėja" som er ordet for dei fyrste haustteikna i naturen eller det sorbiske "swjatok" som beskriv dei gode timane etter arbeidsdagens slutt. Språk, altså. Tøft! Kjekk orkesterøving er også ein del av denne veka, ei veke heilt etter min smak:

✦ Lingo, ei fantastisk bok om det europeiske språket
✦ sykle til laurdagsvakta på jobb med solbrillene på
✦ så vakre takstein i den flottaste grønfargen
✦ skulpturen "Bubblor" av Annika Olsson som står inne på Gamlingen
✦ plutseleg finne ut at det er komme nye sesongar av Murdoch Mysteries
✦ følgje nokre amerikanske turistar til Fretex (så kult at dei hadde høyrt om den bruktbutikken)
✦ innmari koseleg med middagsbesøk i går, og det blei mykje prat, latter og litt "Bezzerwizzer"
✦ eg er jo lei vinteren, men det var likevel fint å gå til jobb og sjå eit lite kvitt lag på bakken i skogen
✦ veit ikkje om eg hadde tort, men tenk å overnatte her; for ei fantastisk utsikt
✦ Duolingo og Coffee Break French omtrent kvar dag
✦ kaffi og den morosame, franske filmen Les Fugitifs (Hjelp, vi flykter!)
✦ alltid gøy å lese nokre små og underfundige bøker; denne gongen var det Katt savnet
✦ Emma har skrive eit lite blogginnlegg om deira tur til Noreg
✦ knalloransje blomar i kule vaser i skranken på jobb
✦ Eides språksjov, for som eg nettopp sa: språk!
✦ stearinlys på den fine skjenken vår på ein heilt vanleg måndag
✦ diggar desse bøkene for dagens unge om historiske, kvinnelege forbilete
✦ kaffi latte i ein kopp og Ferrante-boka Kvelande kjærleik i fanget

9. mars 2018

Ofte kaffi, men av og til te

Kaffi er alltid ein klassikar, men nokre gongar er det te som gjeld. Særskilt med smak av mango, fersken eller Twinings sin Four Red Fruits. Her om dagen var det fram med det søtaste kruset og ein god te. Og eg har sikkert vist fram den kulaste tekanna før, men eg berre måtte igjen. Eit tesett i miniatyr på loket av kanna, det er så tøft og stilig! Sjeldan eg bruker den, men den står så klart framme på kjøkkenbenken slik at me kan sjå den kvar dag. Lita fredagshelsing før helga byrjar for fullt. Eller, eg skal no på jobb i morgon, men ein laurdag på jobb i ny og ne er heilt greitt.

7. mars 2018

Håper på vårteikn

Kanskje ikkje like fint ute i dag som mange av dagane førre veke. Men no er det blitt litt, sånn bittelitt, varmare i vêret. Det går nesten an å seie at no nærmar det seg vår. Om ikkje anna, så er de i alle fall lov til å håpe. For no er eg lei av vinteren. Eg lengtar etter snøklokker, meir sol og varme, grønt gras, lysare og endå lengre dagar. Mars har berre så vidt byrja, men eg "velger meg april".

5. mars 2018

Artig bok

Vil starte veka med å dele ei bok med dykk. Boka er lita og lettlesen, men sjølv om eg las den ut på ein ettermiddag, er det ei bok ei koste meg med. Småhumra litt innimellom både av teksten og av dei kule illustrasjonane. Boka eg snakkar om, er Katt savnet – en sann historie om kjærlighet, desperasjon og GPS-teknologi, skriven av Caroline Paul. Tittelen seier eigentleg det meste om kva boka handlar om, men den er skriven med ein snert som i alle fall traff meg. Illustrasjonane passar ypperleg og dei er teikna i ei leiken tone. Ei herleg, lita bok som du fint kan lese no i kveld.

4. mars 2018

Solnedgangar og kalde, men flotte dagar

Nok ein gong sundag. Ei kald veke er nesten over, men trass kulda, har det vore flotte dagar. Det har vore bart på bakken, sola har skine, kjekke dagar på jobb og vore sosial med gode vener. For min eigen del merkar eg så godt at det no er lysare dagar, for det er lettare å komme seg av garde til jobb og humøret er generelt betre. Einaste er at eg innimellom kjem på at mannen min snart skal reise til Canada og eg ikkje veit om eg er klar for akkurat det. Det går i rykk og napp, og på eit vis, sånn inst inne, veit eg at det kjem til å gå fint. Skal jo besøke han i tre og ei halv veke i tillegg, så eg kan ikkje klage ;) Blei visst ein del punkt på sundagslista mi i dag, og her kjem dei alle saman:

✦ finne vårlege T-skjorter i økologisk bomull, den blå frå Gudrun Sjöden og den raude frå KappAhl
✦ "Innefrose" – flotte vinterbilete som gir ei eiga stemning
✦ barnebokklassikaren Den lille prinsen var så fin å lese
✦ ser veldig fint ut i Uppsala
✦ solstråle i skogen på veg til jobb
✦ ha besøk av ei god veninne på torsdag, og då blei det mykje prat, latter, traktorvaflar og te
✦ ein rosalilla solnedgang ved Mosvatnet på veg heim frå jobb den siste dagen i februar
✦ blomane inne på kontoret som får ein finfin silhuett når sola skin
✦ skuggane på blokka vår
✦ at "Falling Slowly" frå Once er med på denne topp ti-lista
✦ blir aldri lei av å stå ute på balkongen for å oppleve den nydelege solnedgangen
✦ gå heim frå jobb den eine dagen i herleg solskin og med dei kongeblå hanskane mine
✦ alltid fin gatekunst å sjå midt i byen
✦ dei typografiske plakatene som ein finn på veggen på Vågen vgs.
✦ ein kaffi på kafé medan eg las ut oppvekstromanen Det vokser et tre i Brooklyn; ei veldig bra bok
✦ byrje å hekle saman dei sekskanta lappane mine
✦ tinge billettar til musikalen Anne & Gilbert i tillegg til anna Anne-relaterte opplevingar
gå på sundagsbesøk til eit venepar og ungen deira