30. apr. 2014

Fargerike tre ☺

No har pakkinga så smått byrja. Ikkje pakkinga til reisen vår, men nedpakking av leilegheita. I slutten av mai flyttar me alle tinga våre til eit lagerhotell (i og med at me ikkje veit kva by me ender opp i), og sidan mai månad blir travel nok allereie, er det ganske så greitt å byrje på pakkinga no. Må jo innrømme at det er litt vemodig samstundes som at det skal bli fint å flytte inn ein annan plass, forhåpentleg lage vårt heilt eige heim. Prøver også å nyte det herlege vårvêret, eller sommarvêret, så innimellom sit eg litt ute med ei krimbok, solkrem og kaldt vatn. Og så tar eg bilete av dei fine trea. Som tidlegare nemnt blir eg av ein eller annan grunn så innmari glad av å sjå desse fine blomane på trea! Eg kan sitje og smile for meg sjølv ute i sola, titte opp på treet i hagen med fine, rosa blomar :) Akkurat no kan eg vel seie at det er ganske så fint her i Kr.sand :)

28. apr. 2014

Retrokjole

Her får du sjå den nye kjolen min som eg kjøpte på etsy.com for under tohundre kronar. Den er så utruleg stileg, ordentleg retro og den er i god forfatning! Den kjem til å bli ein av mine favorittkjolar no i sommar, så får me krysse fingrane for at det blir ein fin sommar med mykje sol :) Tok også eit bilete av kameraveska som eg fekk til bursdagen, og eg trur nok den kjem til å bli mykje brukt når me reiser på tur om ein månad! Sola stråler her om dagen, og det er berre herleg :)

27. apr. 2014

Topp 5 – kjekke fotominne frå april

Kjempekjekk kveld i går med ein god gjeng frå brassbandet! Å høyre, og så klart sjå, Mnozil Brass live var noko eg heilt ærleg må innrømme at eg var litt skeptisk til. Humoren deira er i mine auge litt småklein til tidar. Men eg lo og hadde det moro, og at det går an å spele så sterkt med like mykje intensitet i to timar – eg bøyer meg i støvet! Skulle ikkje tru at dei "berre" er sju stk. Her kan ein sjå mykje av det dei har å by på, blant anna "trekkoppversjonen" av "Edelweiss" (ein time og trettito minutt ut i videoen). Kanskje for spesielt interesserte, men dyktige er dei uansett! No byrjar april å nærme seg slutten, og på torsdag er det plutseleg mai. April har vore ein kjekk månad med både det eine og det andre, og under kjem mine topp fem kjekke fotominne i frå april:

1) plutseleg finne små gåver eg fekk av han der fine - og dei fekk eg då eg gjekk på folkehøgskulen, lang ute i "øydemarka". Tenk, det er allereie fire år sidan...

2) Les Misérables på bursdagen min - å ta på meg prikkekjolen, raud leppestift og feire bursdagen min med ein musikal, er nok verkeleg eit av høgdepunkta i april!

3) leike med tantebarna - tre fine ungar med mykje energi, og med det blei det ein god del leiking. Eg synest berre det er kjekt sjølv om eg til vanleg ikkje leikar med Duplo eller legg puslespel på 200 bitar. Å vere tante er ein fin ting :)

4) finne lekre bruktskattar - å gå rundt i ein bruktbutikk og plutseleg komme over noko ein har leita lenge etter, det er ei herleg kjensle, det. Og når det altså er brukt og koster mykje mindre enn å kjøpe det nytt, er det jo berre endå betre!

5) sjå rosa, gule, kvite blomar på trea - eg veit ikkje kva det er, men å sjå fine blomar som heng over meg, er berre så fint, eg blir rett og slett ordentleg glad!

25. apr. 2014

Fredagsliste i april

Me er godt i gong med kvardagen etter ein kjempefin påskeferie. Var på jobb i går, og ein kan trygt seie at no byrjar oppkjøringa til sjølvaste 17.mai med marsjar og marsjering ute i gata. Eg skal vere med i år også. Ingen nasjonaldag utan korps om du spør meg :) Før helga tar til for fullt, får dykk ei lita liste av meg med det som har gledt meg, og framleis gleder meg, i det siste:

✦ møte mine tre fine tantebarn, leike med dei, bli kjent med dei
✦ å le høgt og godt av denne søte videoen av ein liten elefantunge som prøver å få tak i sin eigen snabel
✦ denne fine kjolen og denne tøffe kameraveska (som kjærasten min hadde tinga til bursdagen min) i posten
✦ blomar på trea
✦ berre ein månad og to dagar att til me reiser
✦ vere lenge oppe, omgitt av stearinlys, fin familie og kjærast, spele kort, høgtlesing av quiz, ordentleg hytte- og påskekos
✦ tenk å vere gift i heile sytti år, og når den eine fyrst sovnar inn, følgjer den andre rett etter
✦ sjå dei siste episodane av Poirot – vemodig, men veldig fint
✦ klappe og ta bilete av katten Jeremias og hunden Milo
✦ ein litt vond, men viktig, bileteserie som viser kor forskjellig barn i forskjellige land har det
✦ lage yoghurtnøtter utan sukker
✦ vere med ein god gjeng frå brassbandet i morgon for å sjå Mnozil Brass i Kilden
✦ å endeleg få byrja på Pride & Prejudice, miniserien i seks episodar frå 1995 med Colin Firth i spissen. Har venta så lenge med å sjå den, men no kjente eg at det var på tide :)
✦ lese ut ein litt alvorleg, men akk så herleg bok av Arto Pasilinna
✦ kaffiavtale med ei god veninne på skulen

23. apr. 2014

Kaffi ute i solveggen

Det gjekk ein god del kaffi i påska, både ute i sola og inne i sofaen, medan me lytta til radio eller spelte spel, både kokekaffi og presskannekaffi. Me laga til og med kaffi ute i ein spesiell kaffikolbe den eine dagen, og då "måtte" me alle saman sjå på sjølv om det tok aldri så lang tid :)

22. apr. 2014

Ute rundt hytta

Sjølv om det verkeleg bøtta ned med regn og hagl på torsdag, fekk me nokre dagar med herleg vårvêr på hytta dei neste dagane (dvs. fredag-sundag). Eg fekk låne to av objektiva til tanta mi, eit makroobjektiv og ei telelinse, og eg må jo seie at det var kjempekjekt å få prøve dei ut. Det blei også lesing og quiz ute i sola, og nokre prøvde seg til og med på litt fisking frå kanoen. Ikkje noko fisk å få, men eg trur nok det var ein fin tur likevel :) Herleg med sol og "sommar" saman med fine folk!

Hyttepåske

Kom oss vel fram til Kr.sand i går. Litt rart å vere tilbake igjen etter ti dagar på reisefot, men slik er det jo å vere student og ha påskeferie. Har fått pakka ut kofferten, lagt på plass alle kleda og generelt komme litt i gong med kvardagen igjen. Men påska er ikkje gløymt, og eg vil difor dele nokre bilete med dykk frå vår hyttepåske. Tenkte fyrst å vise bilete som er tatt inne i hytta og lage eit eiga innlegg med bilete som er tatt ute i solveggen (for me fekk faktisk med oss ein del sol). På fredag hadde me besøk av blant anna Milo, og han er jo berre så fin :) Tok elles ein del detaljbilete av stearinlys, påskegodt, gjenbruksbordet som mamma har laga og også korleis me sov på ein dobbelt luftmadrass oppe på hemsen i TV- og bokkroken (berre ein liten TV-skjerm med NRK vel å merke). Og me spelte så klart litt UNO og løyste kryssord. Er så innmari fint å vere på hytta i påska!

20. apr. 2014

Topp 5 – fine ord

Har hatt nokre herlege dagar på hytta saman med familien, kjærasten, tante, onkel og to søskenbarn. Me har, for det aller meste, hatt sol, plussgradar og knallblå himmel og det har vore heilt fantastisk! Kryssord, kaffi ute i solveggen, Påskelabyrinten på radio, boklesing, quiz, brettspel, påskegodt, alt det som høyrer påska til. Det er verkeleg eit eller anna med hyttepåske :) I morgon er det tilbake til Kr.sand og kvardagen... Men før den tid, vil eg gjerne få dele nokre fine ord med dykk (idéen er henta frå denne bloggposten på sitrende.net). Mi topp fem-liste i dag er med altså fine ord, ord eg på ein eller annan måte synest er fine fordi dei betyr noko fint for meg:

elske - å kunne seie "eg elskar deg" til nokon, det å bli elska, ha ein familie som du elskar og som elskar deg uansett, kjærleik, kyss, vener. Å bruke orde "elske" er for meg sterkt og noko heilt anna enn "I love you". Elske er eit nydeleg ord!

vår - denne årstida som me no er inne i, er min absolutte favoritt. Snøklokker, rosa kirsebærblomar, grønt gras, blå himmel, varmare vêr, våren er så innmari fin! I tillegg så bruker ein jo ordet "vår" om noko som ikkje berre er mitt, men noko som ein deler, slik som "vår bok" eller "vårt hus", og det kan ein også like :)

drøyme - Walt Disney sa ein gong: "If you can dream it, you can do it", og det er ganske så sant. Å drøyme om fine ting, noko ein vil oppleve eller oppnå, drøyme seg vekk frå ein travel kvardag, ha ein draum i magen, er rett og slett veldig fint

bibliotek - då eg var yngre, var biblioteket mitt andre heim; eg jobba der jo også ei stund. Ordet legg seg så fint i munnen – "bibb-li-otek" – og får fram mange gode minne om nye leseopplevingar, ny kunnskap, rømme litt vekk frå røynda (bm. virkeligheten), rett og slett vere litt mi eiga verd. Biblioteket er framleis ein stad der eg ofte går for å finne fram til ei ny bok, ei bok eg kan opne, dykke ned i, kose meg med

fridom - til å velje sjølv det livet ein vil leve. Fridom er eit fint ord som mange av oss kanskje tar for gitt nettopp fordi me har fridom til å leve våre eigne liv. Ikkje alle har denne retten: nokre sit i fangenskap for noko dei ikkje har gjort, andre blir tvinga til å gifte seg når dei er under ti år! Å ha fridom er for meg ein menneskerett. Det å kunne leve mitt liv slik eg vil, er for meg viktig. Å ha fridom, på alle moglege vis, til dømes ytringsfridom, er noko alle menneske eigentleg skal vere fødd med. Eg trur på fridom.

18. apr. 2014

Kyrkjetorget – atter ein gong

Trur det er blitt ei greie når me er her, det at me tar turen innom den store bruktbutikken Kyrkjetorget. Eg kan i alle fall gå der i mange timar, berre kikke, sjå på alt det rare og kanskje finne nokre skattar. Medan me i dag feirar mamma sin bursdag på hytta (hipp, hipp hurra), kan de få sjå kva me fann no når me var der både på laurdag (for nesten ei veke sidan) og på måndag. Den lille skjenken er vel det kjøpet eg er mest nøgd med. Tenk å ha den i stova vår, med glas, tallerkenar og andre fine sakar inni. Den manglar bein, men det skal han fine fikse til sommaren (det har han no sagt, så no må han berre). Tenk å måle beina i ein ordentleg knallfarge, eller kanskje måle den eine skuffa! Gleder meg til å gjere noko med den, gjere den til vårt møbel! Elles så fann me også nokre rammer, ei artig bok og to fine, klassiske servise. Å servere kaffi og kaker skal bli så innmari fint, gleder meg allereie til å ta det i bruk. Alt er jo kjøpt brukt, noko som me begge to synest er ordentleg kjekt og bra, både for miljøet og fordi at ein finn ting ikkje alle andre har :)

16. apr. 2014

Ein firbeint ven

Jeremias er ein hannkatt som er sånn cirka tolv år. Han har masse, masse pels som er tjukk og god, og han er så fin i fargane oransje og kvit. Kvar gong eg er på besøk her, blir det ein del klapping og kosing med den fine katten. Når han vil vel å merke. Av og til vil han berre ha litt mat, vere ute eller liggje i fred. Men han er no fin uansett :) Dagane her på Sjøholt har gått litt for fort, og no når dette innlegget blir posta, er med på veg til Sola. Me har leika mykje med ungane (rart, men utruleg kjekt å vere tante Silje), gått ein tur med dei, me har slappa av, og i går var me ein tur på den fine kaféen Tante Bruun i Ålesund sentrum, berre oss to. Ein liten date. Håper de alle har det fint i påska! Og om nokon lurer: idéen med den kvite ramma har eg henta her.