31. juli 2020

Falkenuten

Som du sikkert ser, hoppar eg litt i kronologien når det gjeld bilturen vår. Me er framleis på Sunnmøre, noko dei to siste innlegga viser, men i dag eg tenkte å hoppe litt tilbake til førre helg. På bilturen mellom Dalen og Rjukan hadde me sett oss ut ein liten gåtur rett i utkanten av Hardangervidda. Falkeriset og toppen Falkenuten er ein enkel tur som er lett tilgjengeleg for alle. Det er ikkje så langt unna Rauland og ein svingar av ved Kromvikvegen der ein køyrer eit stykke på ein grusveg. Ved parkeringa og opp stien kunne me sjå den kvite, mjuke myrullen tett i tett.


For fem år sidan blei den myrvåte og trafikkerte stien opp til nuten forbedra med steintrapp, ein sherpasti. Turen opp frå parkeringa er berre halvannan kilometer, men på ein dag der me var på veg til Rjukan og sånn sett ikkje hadde heile dagen, var dette ein passeleg tur der ein oppe på toppen får ei kjempefin utsikt over ein del av Hardangervidda. Det finst fleire stiar vidare inn på vidda, og den dagen var det flott vêr ute og dimed mange som var ute på tur. Å, me må finne fleire slike turar, korte og lange, ute på ei grøn og langstrekt vidde! Vegen vidare var like langstrekt, men defintivt ikkje like flatt. Nokre av vegane her i landet, altså – svingete, smale, opp og ned.

30. juli 2020

Ein neve og to med raudrosa bær

Rett bakom huset til svigers finn ein bringebær i fleng. Sånn ordentleg gode villbringebær. Før regnet kom i går, var me ute ei lita stund for å plukke ein del bær. Er det no eg skal seie at me var heilt på bærtur? Hi, hi, ein kan vel ikkje kalla det ein tur, men eg berre måtte. Eg hadde faktisk Prøysens "Blåbærturen" på hjernen medan me gjekk og plukka i kvar vår bolle. Ein akkurat passe avslappa ferieaktivitet. Me rensa dei og laga til slutt syltetøy. Nam, heimelaga syltetøy er aller best!

29. juli 2020

Gult er kult og blått er flott

Vestlandssommar her på Sunnmøre. I går var det regn midt på dagen og strålande sol på ettermiddagen og utpå kvelden, i dag har det vore grått og trist frå morgon til kveld. Fekk no vore ute på ein kjempefin kveldstur i går, så at det blei ein innedag i dag har ikkje vore heilt krise. Me har lese, plukka bringebær då det var opphald og etter lunsj stakk me ned til bruktbutikken Kyrkjetorget. Jepp, akkurat som Devoldfabrikken er Kyrkjetorget eit fast stopp når me er her hos svigers. Inga overrasking at sennepsgult og kongeblått er fargar som fangar mi merksemd, he, he. Synest spesielt den brune benken mot det sennepsgule teppet var superkult! Fann to små ting som eg kan vise litt seinare. Gjekk elles rundt og berre titta, for butikken er stor og ein kan gå i fleire timar berre å sjå på alt det rare, fine, kule, stygge og artige som ein finn på borda og i hyllene.

Nokre timar i Dalen

Fyrste stopp på bilturen, var som nemnt Dalen i Vestfold og Telemark. Opprinneleg skulle me køyre til Røldal og over Haukeli, men på grunn av vegarbeid og kolonnekøyring (me snakkar tre timar i kø), valde me heller å køyre Suleskarvegen og overnatte i Dalen. Buøy camping hadde ledig plass i eit langhus. Koseleg rom med toalett på gangen og dusj i eit eige bygg, slik det ofte er på campingplassar. I langhuset var det også eit lita stove og kjøkken, og det kjøkkenet – akkurat som å dra seksti år tilbake i tid! Stilig! Me var seint framme, og gjorde det enkelt med pizza hos Kroa Dalen storstue. Rett ved låg dei ein blomebutikk, og det stod mange fine, fargerike blomar ute sjølv om butikken var stengd for dagen. På veg tilbake til campingen, berre måtte me stikke bortom for å sjå på Dalen hotel. Hotellet er jo som tatt ut frå eit eventyr! Diggar skiltet som viser bilparkeringa, herleg klassisk. Me får ha det eventyrslottet til gode, det blei jo historisk overnatting i Rjukan.


Morgonen etterpå var det nydeleg ute. Temperaturen var såpass høg at me åt frukosten på ein benk rett utanfor langhuset. Me tok oss tid til ein ekstra kopp med kaffi medan me las i kvar vår bok. For ein bra start på dagen, alt dette før klokka var halv ti! Mellom Dalen og Rjukan tar det under to timar å køyre, og me stressa dimed ikkje med å komme oss av garde. Traska rundt i sentrum og i nærområdet rundt campingen. Den ligg rett ved elveosen og det er laga til ein fin, liten sti ved vasskanten. Prestekragar og blåklokker såg med fleire av, men det aller finaste var andefamilien. Dei svømte der i ein liten flokk medan me sat og såg på. Etter ei stund sette me snuten vidare.

27. juli 2020

Grønt landskap og flotte rasteplassar

I halv åtte-tida i dag, kom me fram til svigers på Sjøholt etter mange, mange timar i bil. Men vêret var mykje betre i dag, me har stoppa fleire plassar, køyrt over flotte Valdresflye og tatt oss god tid. Ein finfin feriedag med andre ord. Fyrste etappen gjekk frå Stavanger til Dalen i Vestfold og Telemark. Me hadde kjøpt god nistemat frå Kanelsnurren og køyrde ikkje så altfor langt før me stoppa og åt. Ute var det knallblå himmel, høge fjell på alle sider og det var så grønt overalt. Som vanleg dei gongane me køyrer den vegen (Suleskarvegen), stoppa me innom Byrkjedalstunet. Jordbær, anyone?! Altså, det er stearinlys om nokon skulle lure ;) Nøgd med å ha ein Fiat som leigebil, og eg berre måtte ta eit lite bilete av den medan me stoppa på ein rasteplass ved eit vatn. Er det noko me ser på denne bilturen, så er det kor nydeleg det er her i landet vårt.


Sauane gjekk langs vegen også i år, og det er tydeleg at dei ikkje er redde for bilar. "Sauer er ålreite dyr". Eg er heilt einig! Smale vegar innimellom, eg skal innrømme det, men å køyre på nasjonale turistvegar er jo ei oppleving i seg sjølv. I Valle finn ein Noregs finaste rasteplass, nemleg Honnevje. Hugsar me stoppa der då me var i bursdagsselskap i Åsgårdstrand for snaut fire år sidan, ein kjempeflott raste- og badeplass. Me bada ikkje, litt for kaldt i lufta til det, men godt å berre strekke på beina, sjå vatnet renne og kjenne frisk luft i andletet. Ein snau time etterpå var me framme i Dalen der me fann campingen. Tenkjer eg skriv meir om det seinare, ha det for no.

26. juli 2020

Fjellovergangar, camping, hotell og ein regnfull dag

Regnvêr og tåke i heile dag, jepp, i heile dag. Slik er det faktisk ute enno. Akkurat no er me på Furulund pensjonat i Røn i Valdres. Sommarferien har byrja, og me køyrde rett etter jobb på fredag. Heldigvis var både fredagen og dagen i går veldig fin med sol og knallblå himmel, så me har vel foreløpig lite å klage på. Køyrde til Dalen i Vestfold og Telemark på fredag der me overnatta på Buøy camping. I går var målet det historiske hotellet Rjukan Admini, ein plass eg varmt anbefaler om ein vil unne seg noko ekstra. I morgon Sunnmøre. Eg kjem til å poste ferieinnlegg litt etter litt, akkurat slik eg pleier. For det er ferie, og eg stressar ikkje med å vere på nett heile tida (og noko av det me har fått oppleve i løpet av denne fyrste helga, kan du lese i lista under). Veka på jobb har rulla og gått av seg sjølv med ein god dose musikk og humor innimellom. Elles veit eg ikkje om eg har så mykje meir å skrive, vil heller få ut sundagslista, med litt av det eine og litt av det andre:

✦ inga overrasking at det kjekkaste denne veka er å vere i gong med ferien
✦ alle sauane me har sett langs fjellovergangane
✦ ta ein kopp kaffi her på pensjonanet i lag med eit venepar som er på hyttetur i nærområdet
✦ hunden Bailey blir ven med alle moglege dyr, og det gjeld også denne lille kyllingen
✦ lese Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof – tøff bok om rasisme i Noreg
✦ det var nemleg den boka me las som fyrste bok i den nye bokklubben eg er med i over nettet
✦ nydelege bilete av ein biltur lengre nord i landet inne hos finaste Et katteliv
✦ bruken av ordet "portemoné" frå ein eldre badegjest
✦ koseleg stemning og låge skuldre på pensjonatet no i kveld
✦ berre traske litt rundt i Dalen i går etter frukost, treffe på ein andefamilie, ha god tid
✦ okei, eg blir ikkje lei av sjå på søte koalavideoar
✦ gå opp til Falkenuten i går i nydeleg sommarvêr, kjempebra utsikt over foten av Hardangervidda
✦ ete frukosten ute i sola ved campingen i går før klokka var halv ti om morgonen
✦ kjensla av å ville lese ei favorittbok om igjen, men som den aller fyrste gongen
✦ regndropane på sommargraset
✦ fargerike blomar med Scandic Forum og den blå himmelen i bakgrunnen
✦ hukar av fleire punkt frå denne videoen om det å vere høgsensitiv
✦ endeleg få lese Elskede av Toni Morrison, ei bok med ei heilt eiga stemning
✦ lese ute i hagen i går då me hadde innlosjert oss på hotellet
✦ middagen, atmosfæren, detaljane, servicen og alle dei gamle møblane på Rjukan Admini

24. juli 2020

Kvintessens



I ei sundagsliste for ikkje så mange veker sidan, delte eg ei lenkje til Markéta Irglovás nye song. Her har ho skrive meir om korleis songen blei til og kva den tyder, noko som for min del gir den eit ekstra lag. Stemmene til Emiliana og Markéta skaper ei stemning som er harmonisk og heilt nydeleg. No ligg musikkvideoen ute, og eg vil ønskje dykk alle ei fin helg med denne vakre songen.

23. juli 2020

Svanefamilie ved eit lite vatn

Svanefamilie ved Hafrsfjord, og no ein svanefamilie ved Vannassen. Traska som nemnt ein liten tur på sundag, og ved vatnet møtte me på desse finingane. Trur me talde fem små, like søte alle saman. Det var tydeleg at dei er vande med folk, for det var ikkje snakk om å flykte, eg vil nesten seie at eit par av dei heller kom mot oss for å helse på. Blir varm om hjartet av nærområda våre ♥︎