31. aug. 2017

Endå ein lesehaug

Som så mange andre som er "litt" over gjennomsnittet glad i bøker og glad i å lese, har eg alltid ein haug med bøker som berre ventar på å bli lesne. Akkurat no er i gong med dei tre som ligg øvst, men eg må innrømme at Sett ut en vaktpost går treigt; den var jo faktisk også med i denne haugen og det byrjar å nærme seg tre månadar sidan (ikkje for det, eg har heller ikkje lese Mr. Whichers mistankers enno...). Sett ut en vaktpost går ikkje treigt fordi den er keisam, men som Drep ikke en sangfugl er den skriven i ei anna tid, noko ein merker på språket. Døren bruker eg også litt tid på, og her er det også språket. Veit ikkje om det er tida den er skriven i eller om det er omsetjinga, men mange av setningane flyt ikkje bra for min del. Kanskje er det slik også på originalspråket, kven veit. Eg liker handlinga og boka i seg sjølv, og difor er det synd at måten den er skriven på (eller omset på), øydelegg noko av inntrykket. Men eg kjem til å lese den ferdig nettopp fordi historia om hushjelpa Emerenc fascinerer meg. To bøker som går i kategoriane barn, ungdom eller unge vaksne, er også med. Auggie & Me skal eg lese fordi eg fall heilt for boka WonderRoyal Wedding er med fordi eg las alle The Princess Diaries då eg var yngre, men sidan boka kom ut for berre to år sidan, visste eg ikkje om den før no. Lykka over å lese ei god bok, altså 

30. aug. 2017

Gule og kule gryteklutar

God morgon frå kjøkkenkroken! Vil berre ønskje alle saman ein god onsdag! Eg blir så glad av å sjå dei nye gryteklutane, gule og kule, som me fann på Kremmerhuset i Ålesund. Diggar fargen og mønsteret, og dei passar ypperleg inn på vårt nyoppussa kjøkken. Ei bittelita kvardagsglede :)

29. aug. 2017

Kyrkjekonsert og bibliotekbesøk i Praha

Medan eg har seinvakt på jobb og etterpå fyk rett av garde til orkesterøving, tenkte eg at me tar ein vidare titt på Interrail-turen me hadde i juni. Eg har ein god del igjen å vise, men eg tar det litt pø om pø som eg har nemnt tidlegare. Vår andre dag i Praha såg slik ut: store, flotte bygg (ha, ha, me blei liksom aldri ferdige me å sjå gamle og store bygg, for i kvar by me besøkte, var det mange slike). Midt på dagen fann me vegen til Týnkyrkja der det skulle vere strykekvartettkonsert. Kjempefin oppleving med dyktige musikarar, og kyrkja var litt av eit syn innvendig som utvendig.


Før dagen var omme, blei det ein tur innom det offentlege biblioteket i byen. Aller helst ville eg ha sett Klementinum, men dei har no stengt dei guida turane, og det er dimed ikkje berre berre å komme seg inn. Men med eit kjempekult boktårn i inngangspartiet, er det no likevel eit flott bibliotek. Hyllene ser vel ut som vanlege bokhyller, men diggar merkinga av sci-fi- og fantasybøkene. Ein kjekk barnekrok og glasmåleri i vindauget. Å oppdage eit nytt bibliotek er like spennande kvar gong. Interiøret, lesekrokane, alle bøkene, atmosfæren, det kjente og det ukjemte.

28. aug. 2017

Ute på bøljan blå

Hei og hå! Her i Stavanger er vêret nokså grått, men sundag for to veker sidan var det noko betre. Ei god veninne og eg hadde ei avtale om å finne på noko i løpet av dagen, og då ho spurde om eg ville vere med ut på ein liten seiltur, svarte eg "ja". Så eg startar denne veka med å dele bilete frå denne turen. Med på turen var også hennar foreldre. Me hadde det veldig koseleg og timane ute på sjøen gjekk fort. Ferden gjekk ut mot Mosterøy og Rennesøy og så tilbake. Eg fekk til og med prøvd å styre medan vinden tok tak i håret. Trur me var superheldige med vêret, for ikkje lenge etter at me hadde gått i land, byrja det så smått å regne. Tusen takk for ein flott seiltur, fine folk!

27. aug. 2017

Teaterbesøk og kule fargar

Høgdepunktet denne veka må jo nesten vere vår lille date med god middag og teaterbesøk midt i veka. Veka har gått i eitt sett med reisedag på måndag og jobb tysdag til laurdag. Kjenner at det kanskje går litt for fort nokre gongar. Misforstå meg rett: eg tar jo på meg ein del ekstravakter, så eg vel jo dette heilt sjølv, men då blir jo nokre av dagane litt travle. Difor er det også godt å kjenne at me ikkje har ein særskilt plan denne sundagen. Håper veka di har vore bra og at den som kjem blir slik du ønskjer den skal vere. No er det snart bok og litt kaffi, men fyrst ut er sundagslista:

✦ har storkost meg med å lese Den trettende fortellingen, ei bok som har stått i hylla i mange år
✦ fantastiske illustrasjonar av Oamul inne hos Mariell
✦ lese ut den korte, rare boka Venterommet i Atlanteren (og ta bilete av den ved Tjensvollkrysset)
✦ gjensyn med filmen Notting Hill
✦ fotografering med orkesteret; blir spennande og kjekt med fyrste øving på tysdag som kjem
✦ le av Crosswalk the Musical: Hair
✦ og denne: songen "Africa" med "unge" Jimmy Fallon og Justin Timberlake
✦ lakke neglane mine med den kulaste blåfargen
✦ "22 Strong Female Characters In Literature We All Wanted To Be"
✦ sekstitalskjensle med gul og kul kjole frå Gudrun Sjödén og ein grøn cardigan frå Lindex
✦ vakker tekst og like vakkert bilete inne hos Julianne
✦ vere på teater med både latter og tårer då me såg Indianeren; så utruleg bra
✦ eg får jo stadig lyst til å reise med tog når eg ser ein artikkel som denne
✦ ein ny og veldig god middagsrett som me åt før me gjekk hand i hang til teateret
✦ "Småtanker: Nostalgisk tilbakeblikk til en barndom uten iPad og iPhone" – veldig treffande
✦ nok ein Disney-film, og denne gongen var det Moana (eller Vaiana) med mykje tøff musikk
✦ alltid godt med ein sundagstur i Sørmarka, og særskilt no når vêret er bra

25. aug. 2017

Siste rest frå dagane på Sunnmøre

Litt rart at me starta veka på Sunnmøre og at det no er fredag og ei arbeidsveke er over. Nesten, for eg skal av garde på laurdagsvakt i morgon. Ønskjer å starte helga med dei siste bileta frå dagane våre på Sunnmøre. Mannen min reiste opp litt før meg, men då eg tok flyet frå Sola tysdag kveld, fekk eg oppleve ein heilt ndyeleg solnedgang, sett både frå Flesland og høgt, høgt oppe i lufta.


Utpå kvelden på torsdag tok me turen opp til Gausnestoppen, ein fin og herleg gåtur med heilt grei utsikt. Opp til toppen, og også rett ved svigers sitt hus, var det gode bringebær i bøtter og spann. Som vanleg blei det også eit par bilete av den finfine utsikta – den er nemleg like fin natt som dag.


Kaféen Tante Bruun og bruktbutikken Kyrkjetorget, den eine i Ålesund og den andre på Sjøholt. Begge to er blitt våre stamplassar når me er ei langhelg eller ei veke der oppe. Både kaffien og kaka var god, og sjølv om me ikkje fann noko å ha med heim frå "brukten", var det stas å titte (les: hadde me hatt plass i koffertane og sånn sett her i leilegheita, hadde dette fine møbelet blitt med heim).


Sundag, og det bøtta ned ute. Eg lot meg fascinere av regndropane på vindauget, me fann nokre gamle vekeblad med kryssord i, og finaste Jeremias låg i godstolen og sov. Gode og fine dagar :)

24. aug. 2017

Ein magisk solnedgang over den tsjekkiske hovudstaden

Eg fortalde jo i dette blogginnlegget at me ein av kveldane i Praha fekk oppleve ein heilt magisk solnedgang. Og her er den, i all si prakt. Me traska bort til Petřín Lookout Tower, eit utsiktstårn på 63,5 meter som kan likne på Eiffeltårnet i Paris. Vel, ein må betale ein liten inngangssum og må i tillegg gå opp 299 trappetrinn, men det er så absolutt verdt det! For ei utsikt og me var maks heldige med vêret! Eg skal innrømme at me var slitne etter å ha gått alle trappetrinna, men det gjorde denne solnedgangen eigentleg endå meir magisk enn det den allereie var. Sukk, eit minne eg kan tenkje tilbake på når det er grått ute, når eg har ein tung dag, i mange, mange år framover! 

23. aug. 2017

Look down

Av og til når eg er ute på tur, ser eg noko fint på bakken. Det kan vere sollyset, eit fint golv eller ein vakker blome. Eg hadde ein del slike augneblink i løpet av Interrail-turen vår, og her ser du dei: det fargerike mosaikkgolvet i filharmonien i Berlin, på ein T-banestasjon, inne på nasjonalbiblioteket i Østerrike, operaen i Wien og i inngangspartiet til der me budde i Budapest. Fint å sjå tilbake på.

21. aug. 2017

Frå ei utslitt T-skjorte til eit stilig panneband

Gjenbruk er noko som står meg nært, og då eg fann ut at Monthly Makers-temaet for august var klede, ønskja eg å tenkje gjenbruk. Einaste problemet var at eg hadde nettopp gitt vekk to posar (vanlege sådan) med klede til Fretex, så eg hadde ikkje noko å ta av då min fyrste tankje var å lage ei pute av ein gammal genser. Men då eg plutseleg såg dette biletet på Instagram, blei eg inspirert til å lage eit liknande panneband. Fann fram ei knallraud T-skjorte som eg uansett hadde tenkt å gi vekk, eit hekla panneband som mal og saks. Målte opp passeleg lengde, bretta det dobbelt og limte kantane saman med vliesofix. Limte berre kantane slik at det var hol tvers gjennom, for på denne måten kunne eg sy det saman slik at det er meir slitesterkt enn om eg berre hadde brukt vliesofix. Sydde kortendane saman, og før eg sa meg ferdig, sydde eg stramt på eit lite stykke med det same stoffet der kortendane blei sydd saman. Voila, eit enkelt og stilig panneband med "sløyfe".

20. aug. 2017

Sundagsliste: Sunnmørsversjonen

I dag kan eg trygt påstå at det er ein "god, norsk vestlandssommar" ute. Regnet har bøtta ned i heile dag og tåka ligg over bygda. Men eg skal slutte å klage; me har hatt nokre fine dagar her likevel. Og så er det jo noko spesielt med å sitje under eit teppe når det er såpass grått ute, drikke ein kopp med kaffi, lese i ei god bok, sitje i armkroken til den finaste og sjå ein Disney-film saman. Denne vekas sundagsliste er for det meste lasta med fine saker frå desse dagane her på Sunnmøre:

✦ plukke bringebær og lage syltetøy
✦ køyretur ut til Devoldfabrikken på Langevåg
✦ sundagskos med finaste katten, besteste mannen og Disney-filmen Atlantis: The Lost Empire
✦ ein artikkel om historia til filmen Once – tenk at det allereie er ti år sidan den blei gitt ut
✦ starte veka med å sykle til jobb under ein knallblå himmel
✦ lese på flyet, i sofaen, i senga
✦ gleder meg til å sjå filmatiseringa av Rowling sin krimroman The Cuckoo's Calling
✦ kult å få fjernlånt ei god krimbok heilt frå Göteborg (Eld och djupa vatten)
✦ den nydelege solnedgangen over skyene då eg fløy frå Flesland til Vigra
✦ ut til Tomrefjorden på besøk hos nokre korpskjenningar av mannen min
✦ fleire boktankar inne hos Ida med dette blogginnlegget: "Litt om det å skrive om bøker"
✦ godt å kjenne fjellufta då me var på tur til Jutevatnet
✦ diggar interiøret på stamkaféen vår Tante Bruun i Ålesund
✦ kaffi på flyplassen på Sola medan eg venta på at flyet skulle gå
✦ vakre sitat frå barnebøker (nr. seks er frå ei av mine absolutte favorittbøker)
✦ ein tur innom bruktbutikken Kyrkjetorget, sånn som me alltid gjer når me er her
✦ for alltid denne utsikta