Viser innlegg med etiketten kvardag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvardag. Vis alle innlegg

2. sep. 2026

Jordeple



Artig å sjå at under ti setjepotetar kan bli til så mange middagsklare potetar. Fyrst fekk me nokre agurkar, dimed ein heil haug med tomatar (og enno kjem det fleire), og i dag innhausta me desse Nansen-potetane. Både gøy og fascinerande å sjå kva me kan få til i vår eigen, lille hage.

31. aug. 2026

Centaurea cyanus 💙





Kongeblå blomar i hagen vår. Centaurea cyanus på latinsk, kornblome på norsk. Eit vakkert syn ute, eit like vakkert syn inne i to små vasar, ein på kjøkkenet og ein på stova. Kongeblått i heimen 💙

27. aug. 2026

Hagesalat





Agurkar og tomatar rett frå vår eigen hage. Det er ikkje fyrste gongen me prøver å dyrke akkurat dette, men det er ein del år sidan sist, og då hadde me det "berre" i stova og litt ute på balkongen. No har me dyrka det ute på terrassen (agurkane stod ei god stund inne før me sette dei ut) og i pallekarmar. Agurkane har me ikkje meir av, men tomatane derimot, dei er det framleis mykje av. Ordentleg gøy å kunne gå ut i hagen, plukke både det eine og det andre og sidan lage gode salatar.

24. aug. 2026

Liten nabolagshage




For rett ved jernaldergarden, finn ein denne lille hagen. Små, fargerike blomar som ein kan sjå på medan ein tar ein liten pust på dei grøne benkane. Treng ikkje å vere meir for å få fram smilet.

16. juli 2026

🐝🪻



Bombus bombus som fyk rundt i hagen i vår. Ganske mange av dei. Det er fint å høyre humlene suse, og så er det gøy å sjå at dei verkeleg elskar agurkurten me fekk av nokon på jobb.
 



Kornblomst, stemorsblomar og andre fargerike småblomar som gjer at humlene trivst i hagen vår. For dette er vår hage, og me kjenner begge to at me er takksame som har denne plassen. Ein lun plass der me kan sitje ute om kveldane og kjenne at skuldrene blir låge, kjenne at me slappar av.

11. juni 2026

Grønt er skjønt og blått er flott



Plommer, potetar, grønnkål, urter og tomatar ute, inne har me i tillegg agurk. Så gøy å sjå at det gror i hagen vår, og ekstra stas er det å gå ut og hente diverse grønsaker til å putte i middagssalaten! Og høgt der oppe, blant skyene, var det hint av ein blå himmel i dag trass alt regnet som har komme i bøyer. 

27. mai 2026

Engkarse



I nokre sine auge er plenen vår kanskje litt for høg, for vill, for lite stelt. Me vil ha den sånn, og tidlegare i månaden, før me klippa den ned litt, var den full av engkarse. Full av små, små lyselilla blomar. Vakre og majestetiske. No kjem det snart tusenfryd og graset er i ferd med å bli ein viss høgd igjen. Å la plenen gro for insekta = mindre jobb for oss. Ein ekte vinn-vinn-situasjon.

18. mai 2026

Pastellhimmel


Regnet har dotte ned frå himmelen dei siste timane, og det ser ikkje ut til å stoppe med det fyrste. Slik ein pastellsolnedgang kjem ikkje til syne i dag, men onsdag derimot. Eg stod ein liten augneblink ute på terrassen og titta opp på dei duse pastellane høgt der oppe. Kvardagsmagi på ekte.

15. mai 2026

Desse her, igjen!






Gjekk ein god tur med lydbok på øyret i går, og så klart måtte eg ta ein titt på lamma ved jernaldergarden sidan eg gjekk i det området. Tihi, det har blitt nokre innlegg her på bloggen i år med bilete av desse søtnosane, men hallo, ein kan jo ikkje la vere å stoppe opp og smile når ein ser dei! Synes spesielt den med kvitt og brunt hovud som så vidt stikk opp mellom to andre ulldottar var ekstra nusseleg. Klagar ikkje på at desse skjønne ulldottane finst nærområdet vårt. 

8. mai 2026

Blir ikkje søtare enn dette!




Kva kan eg seie om alle lamma hoppar av garde ved jernaldergarden på Ullandhaug? Tihi, eg veit ikkje om det er så mykje å seie anna enn at eg blir glad av å sjå desse nusselege ulldottane. Eg har gått eit par turar opp til Ullandhaug i det siste, og det er ikkje berre for å bevege på meg.
 




Turane er like mykje ei unnskyldning for å besøke desse sjarmtrolla. Nokre kvite, nokre svarte, nokre begge delar. Nokre er litt større enn dei andre, men dei leikar i lag likevel. Dei utforskar lufta og jorda og er nysgjerrige på omgjevnadane der dei sprett omkring. Det blir ikkje søtare enn dette!

29. apr. 2026

I vår lille hage



Engkarsen i plenen. Å sitje ute i hagen med eit teppe rundt meg og ei god bok i fanget. Lysegrøne blad på plommetreet. Endeleg går det an å vere ute i hagen om kveldane. Den sure vinden som har følgt oss denne våren, har ikkje vore like sterk dei siste dagane, og det er så godt å nyte sola på busshaldeplassen om morgonen og nyte kveldssola i hagen etter å ha ete middag. I vår lille hage.

24. apr. 2026

Lys kveld


Orkidéen som kjem med nye blomar. Kveldssola med sitt skarpe lys som treff bileta og postkorta på kjøleskapet vårt. Lysare kveldar. Hekken i hagen som byrjar å bli grøn. Setje på roleg musikk og snart finne fram ei god bok. Og litt mørk sjokolade. Fint på ein fredag i heimen vår. 

22. apr. 2026

Ulne dottar ved jernaldergarden






Lamma ved jernaldergarden er like søte kvart år. To gongar i løpet av ei veke har me vore der for å gå ein liten tur og samstundes sjå på dei små svarte og kvite tassane som hoppar rundt omkring.
 




Eller, dei hoppar ikkje heile vegen, innimellom er det pause i graset. Ikkje lenge etterpå går dei på rekkje og rad som om dei var dei tre bukkane Bruse, og sidan står dei i ein gjeng og diskuterer kva dei skal gjere resten av dagen. Viss nokon lurer, så er bileta skore til, for ein skal ikkje gå for nære dyr ein ikkje kjenner. Men at dei er sukkersøte, sjølv på ein viss avstand, det kan ingen seie noko på!