28. feb. 2013

I dag er det februar, i morgon er det mars...

Februar er snart over og ein ny månad er her. I morgon. Februar månad har vore hendingsrik med NM-oppkjøring, sjølve NM-helga, tur til Sola der me overraska mamma (og dei andre i familien også) på morsdagen med å fortelje at han og eg er trulova, mange fine gratulasjonar, dugnad førre helg som parkeringsvakt, eit lite årsmøte og i går var det styremøte. Det blei eit møte som for ein gongs skyld var veldig effektivt, så eg er veldig nøgd :) Det har også vore ein månad med jobb og skule, noko som kjem tydeleg fram her på bloggen (det er jo for det meste skule og korps det går i her), og eg har også fått vore med vener, som førre torsdag. I og med at februar berre har tjueåtte dagar (eller tjueni når det er skuddår), synest eg at mars kjem like brått på kvart einaste år. Eg burde jo vore vand med det, men alle dei andre månadane har jo tretti eller trettiein dagar, og det er faktisk snakk om elleve mot ein. Eg veit ikkje kvifor eg bablar om dette no, det berre blir slik av og til, det at ein snakkar og bablar om alt mellom himmel og jord; ikkje alt er like interessant ;) I går satte me oss ned og bestilte flybillettar slik at me kjem oss litt rundt i påskeferien. Fyrst tar me turen til Oslo der me rett og slett berre skal rett til Gardermoen. Frå fredagen før påsken og fram til skjærtorsdag, skal me vere på Sjøholt. Det blir kjekt å sjå att svigers (eg kan vel kanskje seie det no...?!). Og frå skjærtorsdag og fram til andre påskedag skal me vere på Sola hos min familie (meir konkret blir det vel å vere på hytta ved Moslivatnet). Trur det kjem til å bli ein kjempekjekk og fin tur :) No har eg nettopp komme heim i frå jobb, og ventar på at Game of Thrones skal komme på skjermen. Mens eg ventar, et eg grautrestar til kveldsmat, eg skal kose meg med ei god bok og kanskje stoppe eit sokkepar. Håper alle de som les dette får ein god kveld :)

27. feb. 2013

Blomande miniorkidé

Eg er enno litt forkjøla, men er samtidig positiv og håper det går over om nokre få dagar. Dagane går elles som normalt med skule, korps og jobb. Hadde ei veldig kjekk øving på måndag, og eg trur dei likte kaka som eg bakte ;) Møtet tok heldigvis ikkje lang tid, så me fekk tid til mykje øving. 19.mars skal me nemleg ha konsert med Randesund Skolemusikk, så her må me bruke den tida me har så godt me berre kan. Det er alltid kjekt med konsert, og når me i tillegg skal ha det saman med eit skulekorps, er det kjekt å kunne vise oss frå ei god side med tanke på seinare rekruttering. I går var me veldig få (les: ni på det meste) på forelesning, men sånn kan det går når klokka var kvart over åtte om morgonen og lyrikk sto på planen. Kom heim før klokka var tolv, fekk lese litt pensum og også i den spennande krimboka (den som eg fekk med lesebrettet). Til middag laga eg ordentleg risgraut. Hadde det fint på jobb, og då me kom heim, satte me på Korpsfiksert på Nett-TV. Artig program som eg anbefaler alle å sjå, uansett om de er korpsinteresserte eller ikkje! Var innom skulen ein tur i dag også, og om ein time skal eg til Grimstad på styremøte. Legg ved eit bilete av miniorkidéen min som eg fekk av ei av mine beste veninner. Den har eg hatt i halvanna år, og no når det nærmar seg vår, har den byrja å blome igjen. Kanskje byrjar det snart å blome ute også?! Tusen takk for den fine blomen, og gratulerer så mykje med dagen din i dag! Du veit kven du er ;)

25. feb. 2013

Vanleg skuledag med eit hint av forkjøling og brownies

Sjølv om eg hadde på meg lag på lag med ull på laurdag, har eg så klart greidd å bli forkjøla. Då eg vakna i går, rann det frå nasen min og halsen var heller ikkje heilt på topp. Eg får banke i bordet og satse på at denne gongen kjem det ikkje til å vare like lenge som førre gong eg var forkjøla (midt i eksamenstida i november-desember i fjor). Men, men. Eg tok det i alle fall med ro, fekk lese litt pensumlitteratur (som forventa), høyrde mykje på musikk og såg ein episode med Poirot som ligg ute på NRK Nett-TV. David Suchet som sjølvaste Hercule Poirot er berre fantastisk og eg storkoser meg når eg ser ein episode av den serien :) I dag sykla me utruleg nok til skulen, i sol og strålande vêr. Humøret er så mykje betre når det er lyst ute, graset er grønare og fuglane kvitrar. Satt på biblioteket ei stund der eg las både pensumlitteratur og anna litteratur (held på med Ildvitnet av Lars Kepler, den som eg fekk med lesebrettet, utanom det eg les som pensumlitteratur). Både før og etter forelesning traff eg på nokre av venene mine, og det er alltid like koseleg å slå av ein prat. Forelesningen var heilt grei, og no er eg heime igjen. På øvinga i dag, i pausen, skal me ha eit lite årsmøte for å snu korpsåret, og difor fekk eg lyst til å lage ei kake. Det blir browniekake med valnøtter, og eg håper at folka blir nøgde med litt kaffi og kake på møtet :D

23. feb. 2013

Dugnad på ein laurdag

Då var dagens jobb unnagjort. Har nettopp komme heim i frå dugnad, og der har eg vore sidan klokka var kvart på ni i dag tidleg. Dugnaden hadde eg saman med nokre av musikantane frå brassbandet, og oppgåvene våre var å vere parkeringsvakt (og også ryddevakt) i samband med Boligmessa som er her i Kristiansand, i Gimlehallen, denne helga. Det var ein heilt grei dugnad, men eg er glad for at me rullerte på å vere ute og inne, for åtte timar som parkeringsvakt, ute i denne kulda, det hadde eg ikkje orka omtrent uansett kor mykje klede eg hadde tatt på meg! Sjølv om me sto ein del aleine, fekk me også vore sosiale innimellom, så det har faktisk vore ein ganske så okei dag :) Hadde det veldig koseleg med besøk på torsdag, og det blei mykje snakking (og ein film, nemleg Thelma & Louise). I går var det heimedag med pensumlesing og litt husstell. Skal slappe av i kveld med vegetarpizza, film og kanskje litt kortspel saman med min trulova (litt rart å seie det) – ein fin og roleg laurdagskveld. I morgon blir det nok litt meir skulearbeid før det er ei ny veke igjen, med skule, jobb og korps, på måndag :)

21. feb. 2013

Britisk krim og veninnebesøk

Snart helg igjen. Det har vore ei veke med både interessante forelesningar og forelesningar som ikkje har vore fullt så interessante. I går i NO-146, byrja me så vidt på dialektologien. Då lærte eg meg endeleg kva kløyvd infinitiv er og når eg fyrst skjønte det, var det jo ganske så enkelt ;) Og med sol, sykkelvêr og levering av den heimeoppgåva, var dagen i går veldig fin (særskilt med tanke på at førre innlegg va eit lite syteinnlegg). Sambuaren var på kurs i Porsgrunn i går, så eg hadde kvelden for meg sjølv :) Fekk støvsoge, vaska nokre klede og elles gjorde eg veldig lite. Såg ein episode av den gamle TV-serien Inspector Morse. Eg er jo ein stor fan av britiske TV-seriar og då spesielt krimseriar, og det gjer ingenting om seriane er laga på åtti-talet eller om dei er laga no i 2013. Det som er veldig kjekt med denne serien, er jo at assistenten til Morse, Lewis, har fått ein eigen serie, nemleg Lewissom eg har nemnt nokre gongar før. Litt artig å følgje den eine karakteren vidare i ein annan serie :) Har vore på skulen i dag og hatt fire timar om personlege pronomen m.m i norrønt. I den norrøne grammatikken er det så utruleg mykje meir å halde styr på enn det me er vande med i moderne norsk. Eg har verkeleg ikkje kontroll på halvparten, men eg må berre jobbe med stoffet, jamt og trutt. Akkurat no har eg veninne på besøk, noko som er veldig koseleg. Det går ofte litt for lenge mellom kvar gong me treffast, så då er det jo ekstra kjekt når ein fyrst har ein heil kveld saman :)

19. feb. 2013

Carpe Diem

Alle har vel høyrt dette uttrykket før, dette "carpe diem" eller "seize the day". Eller det norske "grip dagen". Eller som det står på det nye sengetøyet mitt: "fånga dagen". Eg prøver så godt eg kan, men det er ikkje berre berre. Aller helst vil eg krype opp i sofaen med ei god bok i fanget (for all del: det kan godt vere ei pensumbok, akkurat det klarer eg å motivere meg til), under eit teppe, kanskje ha på litt god musikk og så klart ein kopp med te eller kaffe i handa. Vil så gjerne byrje å sykle igjen, er lei av å gå til skulen i slaps eller med eit tynt islag på asfalten. Høyre fuglane syngje, kvitre. Sjå ut av vindauget og sjå ei sol som er oppe før meg. Gå med lettare sko enn det eg gjer no. Sitje ute og nyte lyset, sjå graset bli grønare. Våren er på veg, eg merkar det blir lysare, varmare, men likevel. Eg skulle så gjerne ha hatt den her no, no med ein gong. Men eg skal prøve å gripe dagen, dagane, så godt eg berre kan sjølv om humøret ikkje er heilt på topp. Dagane og vekene går jo så altfor fort, så ein må, eller i alle fall bør, ta vare på dei sekunda, dei minutta, dei timane ein har. Eg skal prøve å gjere det beste ut av dagane som kjem. "Go on, lean in. Listen, you hear it? -- Carpe--hear it?--Carpe, carpe diem, seize the day boys, make your lives extraordinary." (John Keating i Dead Poets Society eller Dagen er din som den heiter på norsk). Det er eg som bestemmer kva eg vil gjere med livet mitt, det er eg som bestemmer om skulen skal vere kjekk eller keisam. Så sjølv om eg ikkje synest at kvar forelesning er like kjekk eller interessant, skal eg slutte å klage og prøve å gjere det beste ut av det, prøve å lære meg å vere meir positiv. Det er ikkje gjort på ein dag, men kanskje... No, etter ein litt lengre skuledag, skal eg gripe kvelden, slappe av, la tankane frå litteraturhistoria vandre. Slappe av saman med han fine. Kanskje spise litt mango, høyre på musikk. Snart er det ein ny dag :)

17. feb. 2013

"Popquiz" og oppgåveskriving

Kan no konstatere at å gå til skulen ein laurdagsmorgon mens ein høyrer på "Popquiz" på mobilradioen, er faktisk ganske så fint, det. I emnet NO-146 har me no fått utlevert den heimeoppgåva som ein må bestå for å kunne ta eksamen. Den skal ikkje leverast inn før den fjerde mars, men vekene går så altfor fort, og difor tok me i går turen til skulen slik at eg fekk byrja på oppgåva (eg klarer å lese heime, men å skrive ei oppgåve derimot...). Ivar Aasen og Knud Knudsen er ein viktig del av oppgåva (far til nynorsken og far til bokmålet), og det er boka Språk og samfunn gjennom tusen år som er hovudboka her. Kjempeherleg å stå opp litt tidleg, komme seg på skulen, skrive, gå innom butikken på veg heim, for deretter å ta ein ordentleg frikveld, berre oss to, god mat og The Artist, ein stumfilm som vant Oscar for beste film i fjor, på skjermen. Kjempefin kveld! I dag blir det nok litt pensumlesing, vasking av klede (i maskin så klart), og i morgon er det atter ei ny veke. Gleder meg til øving med korpset i morgon. Me hadde fri førre måndag fordi me nettopp hadde vore på NM, men i morgon er det på'an igjen. Allereie 19.mars skal me ha konsert, så me må berre komme i gong med å øve på dei stykka som me skal spele :)

15. feb. 2013

Digitalbok Touch

Midt oppi oppkjøringa til NM førre veke, fekk eg plutseleg ein mail i frå ein representant frå Cappelen Damm. Han hadde sett på bloggen min at eg hausten 2011 hadde skrive om programmet Ordflyt – eit program som ein kan laste ned gratis for så å kunne høyre mange forskjellige lydbøker og høyrespel. På bakgrunn av dette lurte han på om eg hadde lyst til å teste den nye Digitalbok Touch, eit lesebrett for norske brukarar, mot at eg skreiv om mine opplevingar med produktet her på bloggen. Så klart sa eg ja til det :) Og mens me var i Bergen, fekk eg ein SMS om at pakken låg og venta på meg på posten. Eg fekk henta den etter skulen på måndag og måtte jo teste den ut nesten med ein gong eg kom heim. Digitalbok Touch er det norske svaret på Amazons Kindle som sikkert mange har høyrt om. Sjølve lesebrettet ser kanskje litt trist og grått ut, men funksjonane det tilbyr, er veldig bra. Dette er fyrste gongen eg prøver eit slikt lesebrett og eg har dermed ikkje noko å samanlikne med, berre så det er sagt. Skjermen er matt (i svartkvitt) slik at den ikkje reflekterer noko særskilt lys fra omgivnadene. Ved å lese brukarrettleiinga, kjem ein fort inn i bruken av lesebrettet. Med i eska kom også ein ladar, øyretelefonar og ein USB-kabel. Lesebrettet har ikkje tastatur utanpå, men det er jo touchskjerm, så når du skal logge deg inn for å kjøpe bøker eller liknande, kjem det opp eit tastatur på sjølve skjermen. Og ja, ein kan koble seg til eit trådløst nettverk og laste ned bøker rett til lesebrettet. Digitalbok Touch lar ein også kunne høyre på musikk, ha dine eigne bilete som skjermsparar og ein kan også lese andre dokument, f.eks. notat i frå skulen (pdf-fil). Det eg ikkje er heilt nøgd med, er bokstaven å (og også dei svenske ä og ö): for at alle bokstavane skal få plass på same linje, blir dei mykje mindre enn dei andre bokstavane. Eg veit det er ein filleting, men eg berre måtte nemne det ;) I tillegg har ikkje ein student den aller beste økonomien, så eg kjem nok framleis til å bruke biblioteket når eg skal lese bøker (og når det gjeld pensumlitteratur, er det noko med å kunne notere i margen). Den største fordelen med eit lesebrett, er at ein kan samle bøkene sine på ein stad, uten at det tar noko særskilt med plass. Alt i alt er eg nøgd med produktet og vil gjerne anbefale det for alle dei som er glade i å lese; spesielt for dei som liker å ha ting samla!

13. feb. 2013

"E cio che provo e solamente amore"



Fyrst og fremst: tusen takk for alle gratulasjonane! Tenk at det er så mange som er så glad på våre vegner! Me hadde jo snakka om det ei stund, og då han fyrst tok motet til og seg og fridde, var det jo litt skummelt, spennande, kjekt og romantisk på ein gong. Eg blei faktisk litt paff, for sjølv om me hadde snakka om det, er det ikkje det ein går og tenkjer på heile tida. Samtidig var eg ikkje i tvil om kva eg skulle svare :) Og no er det offisielt – me er trulova! Så klart er det mange kjensle som fyk rundt om i hovudet mitt; det er ikkje kvar dag ein seier "ja" til eit slikt spørsmål. Og etter NM-kjøret merkar eg at eg er litt sliten, men aller mest er eg glad og lykkeleg. Det er oss to. Han og eg. Han som eg er så ufatteleg glad i! Dagane går elles som vanleg; det er skule, jobb og brassband. På fredag får eg ei heimeoppgåva som eg må bestå for å kunne ta eksamen, så det er nok å hengje fingrane i. Har tatt få bilete i det siste, så eg legg heller ved denne søte videoen om ein nysgjerrig kattunge og eit søtt piggsvin. Og igjen – tusen takk. De er så fine, alle saman 

11. feb. 2013

"Ja"

10. feb. 2013

Solatur og morsdag :)

Nummer seks av femten i vår divisjon. Det same som i fjor. Om ikkje anna held me oss stabile og eg trur dei fleste er nøgde med det. Eg er veldig nøgd! :) Hadde ein kjempekjekk kveld med gjengen frå korpset på fredag. Mykje musikk, mykje snakking, lått og løye. I og med at bussen til Stavanger gjekk klokka ni frå bussterminalen i Bergen, måtte me stå opp ganske tidleg i går (tidleg til å vere ein laurdag). Alarmen ringte klokka sju, slik at me fekk tid til å pakke og spise ein god hotellfrukost. Gjekk bort til bussterminalen, og me rakk bussen. Fem timar på buss er litt mykje, men heldigvis er det jo to ferjar på vegen, så ein får bevegd litt på seg, rista litt på beina. Mamma henta oss i byen litt over to, og resten av dagen tok me det heilt med ro. Spelte litt kort, han fine høyrde på nokre korps på TV2 Sumo og eg fekk lese ut ei av pensumbøkene mine :) Åt god middag saman med min fine familie. I dag feirar me morsdagen (ho fekk spelet "Alias" av oss) og slappar av før me utpå ettermiddagen skal reise tilbake til Kr.sand. Ei veldig fin helg nærmar seg slutten!

8. feb. 2013

Årets NM for brassband

Då var det gjort! Me har nettopp vore i Grieghallen og spelt stykket "The Present Age" i tredje divisjon i årets NM for brassband. Og det gjekk bra. Eg er veldig nøgd! Men før dagen i dag, var det ein lang dag i går med både skule, bussing til og frå flyplass, flytur og øving på kvelden før me fekk lagt oss til å sove. På skulen hadde me mykje om substantivbøyinga i norrønt i alle moglege former. Mykje som skal fordøyast, men det er då det er greitt at me får oppgåver som me skal jobbe med i grupper. Skjønte litt meir etter å ha jobba med desse oppgåvene. Etterpå åt me middag på skulen, og rett rundt klokka fire tok me bussen til flyplassen. Måtte krangle litt med Norwegian pga. instrumentet mitt, men eg fekk utruleg nok tatt det med meg som handbagasje (dei skulle ha trehundre kroner ekstra for å sende det som vanleg bagasje, sjølv om eg hadde betalt for eit kolli allereie. Eg gjorde nemleg det i fjor utan noko problem. Ja, ja...). Kom oss vel fram til Bergen, og hadde ei fin øving før det var tid for å sove litt. Noko av det beste med å bu på hotell, er frukosten. Mykje å velje mellom, og ein går ikkje derifrå sulten ;) Elles har me tatt det med ro, høyrt litt andre korps på TV2 Sumo, og me hadde ei lita øving før me skulle på scenen. Resultatet får me ikkje vite før i morgon, så nå får me berre vente og sjå. Kvelden skal i alle fall nytast! :)

6. feb. 2013

Snart avreise til Bergen :)

I morgon reiser me! Det blir kjekt med ein liten tur, sjølv om det "berre" er til Bergen og så Sola. Her går det for det meste i pensumlesing utanom korps, så kjekt å kunne gjere noko anna også. Men eg merkar at eg gruer meg litt også, for som sagt er ikkje konkurransar det eg liker aller mest... Men, men. "Ut på tur, aldri sur". Drar rett til flyplassen frå skulen i morgon, så me kjem til å ta bussen til skulen med koffert, instrument og det heile (har heldigvis eit rom der me kan la tinga stå mens me er på forelesning). Både i går og i dag var eg på skulen der eg har lært endå meir om norsk litteratur på midten av 1800-talet og om språksituasjonen her i landet på slutten av 1800-talet og inn på 1900-talet. Begge delar er interessant, men eg må seie at eg er overraska over meg sjølv fordi eg faktisk gleder meg mest til språkhistorietimene. Eg var på øving i går også (utruleg nok har me "fri" i dag), og då tok eg eit bilete av min kjære trombone. Den kjøpte eg faktisk då det var NM brass i Bergen – for snart sju år sidan! Det var ei kjekk øving i går, så får me sjå korleis det lyder når me kjem til Bergen i morgon :)

4. feb. 2013

Litteraturhistorie

Måndagar er ikkje min beste dag. Eg skal ikkje tidlig opp, eg har berre to timer med forelesning på skulen, men likevel kjennast det veldig tungt å skulle stå opp, byrje på ei ny veke. Slik var det også i dag, faktisk litt ekstra tungt; sikkert på grunn av øvingshelga. Og det blir øving seinare i dag og i morgon. Sjølve øvingane er kjekke, men når øvinga sluttar halv ti, er ein ofte seint i seng, og når skulen byrjar klokka åtte dagen etterpå, vel, eg blir litt ekstra trøtt. Og litteraturhistorie er ikkje alltid det mest spennande emnet; det er ikkje eit emne som får meg til å hoppe i taket av glede. Men eg prøver. Eg får lese det eg skal til kvar time, og nokre av bøkene eller utdraga me les, er kjekke; det byttar litt på frå time til time, veke til veke. Til dømes er romanar som Lasso rundt Fru Luna kjekkare å lese enn dikt som er skrive på knotete gammalnorsk (les: dansk). Men eg har sjølv valt å ta dette studiet, så eg visste kva eg gjekk til ;) Eg får sjå fram til turen til Bergen og Sola til helga, kanskje motivasjonen stig litt?!

2. feb. 2013

"The Present Age"

Og så var det atter ein gong helg igjen. Ein ny månad, februar, er her, og det betyr NM i brass. Konkurransen går av stabelen neste helg, så denne helga her kjem til å bli ei skikkeleg øvingshelg. Me startar ikkje øvinga før klokka fire i dag, men til gjengjeld skal me øve i morgon, mandag og tysdag før me reiser til Bergen på torsdag. Eg trur eg har nemnt kva stykke heiter før, men det heiter i alle fall "The Present Age" og er komponert av Leslie Condon. Eg trur dette blir bra, eg. Hadde ein veldig effektiv lesedag i går der eg fekk gjort alt det eg hadde skrive opp på planen min. Er så utruleg kjekt å ha slike dagar der ein får gjort alt det ein skal, slik at ein kan ta fri på kvelden med god samvit. Fekk også øvd litt på stykket og berre spelt litt forskjellige songar. Er ikkje så ofte eg tar fram andre songar og speler berre fordi det er kjekt. Men det gjorde eg altså i går ;) Når me kjem heim i kveld, blir det heimelaga pizza og antakeleg ein film på skjermen. Ordentleg laurdag med andre ord! Eg håper at alle saman får ei fin helg!