30. juni 2023

Snuttar frå årets fyrste sommarmånad



Skuggespel både inne og ute, blomar i alle fargar, fuglekvitter og sommarkjensle, bølgeskvulp frå ein sundagstur i slutten av månaden – små glimt frå juni. Okei, så regnar det i dag, men mesteparten av juni har vore solfylte dagar og eit ordentleg hint av sommar. Å gå det lille stykket frå togstasjonen til jobb kvar morgon med sola i andletet, alle blomane rundt omkring, å gå til jobb berre i T-skjorte eller ein lett kjole, kvardagsgleder kva dag som helst. Kjem til å sakne den lille gåturen, alt eg har fått oppleve og alle folka på finaste Vitenfabrikken. Minna om dette kjekke året vil eg alltid ha med meg, både på dagar med sol og på dagar der det verkeleg bøttar ned ute, slik som no i kveld.

28. juni 2023

Rundtur ved Tungenes




Messinglavet fangar alltid blikket mitt Den sterke, djupe guloransjefargen på steinane og svaberga ved kysten. Som gull i sollyset. Sundagsturen førre veke gjekk til nabokommunen Randaberg og ein rundtur ved Tungenes. Sola skein, men det var ikkje gloheitt og det blei ein kjempebra tur på svaberga, langs ei strand, ein liten grussti og til slutt eit stopp innom Tungenes fyr.



 
Med på turen hadde me nysteike scones, syltetøy og kaffi på ein stilig termos. Godt med ein liten rast på ei lita strand. Vidare på turen såg eg ein liten sommerfugl, me møtte nokre kyr som berre låg i graset og slappa av, passerte fleire svaberg og kjente det var godt å vere ute i heilt passe sommartemperatur. For denne junisundagen var akkurat slik: ikkje for varm og ikkje for kald.
 





Ikkje langt unna sjølve fyret, helste me på dei kule sauane som stod og heldt vakt på berget. Tihi, det heiter at "sauer er ålreite dyr", og eg vil påstå det stemmer ganske så bra! Ein liten selfie med fyret i bakgrunnen, og før me kom oss til parkeringa, kjøpte me alle kvar vår lille is i kaféen ved fyret.

26. juni 2023

Rosa blomar på ein regnvêrsdag


Til meg frå alle dei fine folka på Vitenfabrikken. I lunsjen i dag hadde me ei lita avslutning der det blei både kaker og denne heilt nydelege blomebuketten. Vemodig, men også takksam for å ha fått vere der, bli kjent med så mange kjekke folk gjennom alle dei varierte dagane. Ute regnar det, sånn ordentleg sommarregnbøttevêr. Men eg trur me treng det, og så er det ei gyllen anledning til å ta fram strikketøyet og strikke nokre omgangar medan eg ser på ein kjekk TV-serie (ikkje at eg ikkje gjer det til vanleg, altså, tihi). Eller kanskje finne fram ei bok. Jepp, eg trur eg skal lese litt no.

25. juni 2023

Sundagsliste omtrent midtvegs i 2023




Berre ei veke att av årets fyrste sommarmånad, berre ei veke att av årsvikariatet ved Vitenfabrikken. Eg veit enno ikkje kva som skjer vidare, prøver jo å finne meg ein relevant jobb, men me får sjå. Desse dagane har vore fylte med rolege og samstundes kjekke dagar på jobb, ordentleg sol og sommar, lesing om kveldane for å prøve å roe hjernen og eg har byrja på eit nytt strikkeprosjekt. I går fekk me gjort unna ein del ærend før ein roleg kveld, og i dag var me to og broremann ute på ein herleg gåtur langs kysten. Er vel snart senga for vår del, fyrst ei liste omtrent midtvegs i 2023:
 
i fjor las eg The Love Hypothesis og digga den, digga også Love on the Brain av same forfattar
kvardagsglede i å ha på sommarkjole, berre leggar og ei kjekk bok i fanget
hagefest tysdagskveld hos ein kollega med fine folk, mykje god mat og fargerike kaker
"Top 10 Broadways Songs That Make You Happy Cry" – mange gode songar i denne lista
helse på ein kjempenusseleg hund på jobb
svinse i det grøne graset med ein prikkete sommarkjole 
"All Movie Trailers Sound The Same" – lo høgt av denne frå TwoSetViolin
gå ein sundagstur i finvêret ute ved Tungenes der me mellom anna trefte på kule sauar
juniblomar på veg til jobb fleire av dagane
ein katt som helser på eit piggsvin, ein supersøt klassikarpå YouTube
tøff bok om Albania før og etter sosialismen: Fri av Lea Ypi 
soloppgang langs fjorden, sett frå togvindauget (blir aldri lei den utsikta)
byrje på eit nytt strikkeprosjekt, nok ein gong med garn frå Oslo Mikrospinneri
kult å vere med i denne lille miniguiden om togtur inne på SJ Norge sin IG-konto
sollyset som skein gjennom klinkekuleveggen
oransje grøftekansblome
heimelaga scones, appelsinmarmelade og kaffi frå ein finfin termos på sundagsturen
blomane i hagen til Anna!
bittersøtt å sjå den siste episoden av Great Canal Journeys med Tim og Pru i førarsetet
kjøpe garn i herlege fargar til ein sommarleg topp
som eg har kost meg med å lese The Princess Bride, og eg klagar aldri på ein god cappuccino

23. juni 2023

Kva dag som helst


Pendlermorgonar i juni. Å sitje på ein benk på togstasjonen med kjole og berre leggar, ei god bok i fanget. Sidan sitje på toget, eit vindaugesete. Lese vidare i boka, innimellom gløtte opp og ut vindauget for å få med meg morgonlyset over fjorden. Slike morgonar. Kva dag som helst.

21. juni 2023

Latterkrampe under ei stor bjørk


Kvart år rundt denne tida, køyrer me ut til Vatne og Kronen Gaard for å ete ein god middag. For det var jo der ute me hadde bryllaupsfesten vår, og me synest det er koseleg å dra tilbake til denne plassen der dei har god mat og omgjevnadar med historisk sus. Mamma, pappa og broren min var også med. Sidan mannen min hadde bursdag, blei dette ei feiring av bryllaupsdagen på etterskot og ein ordentleg bursdagsmiddag. Blondegardin, flott mønster på tapetet, ein sofa i inngangspartiet i ein akkurat passe stil og ei herskapeleg kaffikanne, alle ting som fangar blikket mitt.


Caprese til forrett, sidan ovnsbakt laks og som vanleg sjokoladefondant til dessert – seier berre "nam"! Alt smakte heilt fortreffeleg, og det var koseleg å ete desserten ute i fem-tida utan å fryse.


Broremann var fotograf og tok bilete av oss under den store bjørka. Hugsar ikkje heilt kva me lo av, men ofte blir det litt lått og løye når me skal prøve å ta bilete, kanskje særskilt fordi eg gong på gong prøver å få med meg han der fine på eit tøysebilete eller to ;) Superhyggeleg kveld i godt lag!

19. juni 2023

Sommarblomar


Rhododendron, allium og valmuar. Sterke sommarfargar langs jobbvegen min. Bra start på dagane, rett før eg går inn døra til jobb. Eit like fint syn når eg går til togstasjonen for å ta toget heim om ettermiddagane. Smiler litt for meg sjølv der eg går, sommarkjensle og kvardagsglede i eitt.

18. juni 2023

Krimbok frå barndomsparadis og sundagbursdagbryllaupsmiddag




Synest helgene går berre fortarte og fortare, ei kjensle av å ikkje ha landa ordentleg etter konfirmasjonen for ein dryg månad sidan. I tillegg er det ein del som skjer i orkesteret og det er litt vanskeleg å finne roa. På jobb har det stort sett vore ei grei veke med innimellom mykje god prat med kollegaer. Me merkar alle saman at det nærmar seg skuleslutt sidan det blir færre og færre barnehagar og skuleklassar som kjem innom, og med det flotte, varme vêret har det heller ikkje vore like mange besøkande som det av og til er. Balkonglesing har det blitt tid til, og i dag feira me mannen min (og vår bryllaupsdag på etterskot) med god sundagsmiddag ute på finaste Kronen Gaard. For ja, det var han der fine sin bursdag i dag, hipp, hipp hurra for den aller besteste! Mamma, pappa og broremann var også med, ein kjekk slutt på veka. Og her er resten:
 
miss Marple er jo berre så herleg, denne gongen i Lek med speil
ispause på ein varm laurdag
treffe på ein spraglete katt på veg til jobb ein av dagane  
artig å sjå kortfilmen 3-2-1 Liftoff i planetariet
det fargerike boksjalet 
eit siste bryllaupsinnlegg på bloggen til Synne
lått og løye då me tok nokre bilete under bjørka ved Kronen Gaard
ei bok som matcha veggen vår 
søte andungar som fekk politiskyss her i Stavanger
krimboka Hitra, så artig å lese om stadar og ei øy eg har mange barndomsminne frå
gulaste messinglaven på steinane då me gjekk delar av Sørnesturen 
ha på meg den kongeblå T-skjorta som eg strikka i fjor 
lese på togstasjonen om morgonen
solnedgang langs motorvegen 
opningssekvensen til sesong to av Good Omens, gleder meg sånn til den kjem ut!
store, lilla allium rett ved Sandnes kirke 
kjekt med bursdags- og bryllaupsdagsfeiring ute på Kronen Gaard, knallgod sundagsmiddag
supersøte, små geiter som akkurat har byrja å hoppe rundt
frå tidlegare i år, men passa så godt no: nokon som hadde laga "Love is love" på LEGO-veggen
lesestunder ute på balkongen etter jobben kvar dag

16. juni 2023

Delar av Sørnesturen




Sørnesturen på Sola, ein ekte T-tur. Om du lurer: me kallar dei T-turar på grunn av at turane er merka med raude T-ar, akkurat som når ein går i fjellet. Akkurat denne turen er dryge ni kilometer, men me korta den ned litt då me nyleg gjekk turen i lag med broremann. Enda vel opp på seks kilometer, så likevel ganske nøgd. Små, søte blomar ved ein oppkøyrsel, god turselskap og to svaner ute på sjøen. Tvers over frå der me stod, kunne ein skimte kulaste Flyhistorisk museum.






Både kjente og ukjente stiar. Sola er jo barndommen min, samstundes er store delar av stien som går langs kysten relativt nylaga. Innimellom blåste det slik det ofte gjer ved kysten, og me gjekk i ei halvrask gonge. Gul mose på steinane, eit lite, raudt båthus, strandnellik og til slutt framme ved Sørnesvågen igjen. Ikkje berre er det ein ekte orm der, ein kan også ta ein titt på vikingfamilien, heilt detaljerike treutskjæringar laga av Oliver Vogt. Alle ser dei ut mot havet. Ut mot det blå.

14. juni 2023

Ormen Lange




Ormen står der enno. Ved havgapet i Sørnesvågen. Ein fargeklatt av ein orm, delt opp i fleire små og store bogar slik at det ser ut som om ormen snor seg gjennom graset og sanda. Skuleavslutningar og badestunder, fleire barndomsminne frå akkurat denne plassen. Ormen er laga av kunstnaren Roland Lengauer, og det var kjekt å ta ein tur innom Sørnesvågen på ein liten tur no nyleg. Forresten, eit siste minne: me tok bryllaupsbileta våre her, ein solfylt dag seint i mai for åtte år sidan.