Hyttedugnad i godt lag i går, superroleg dag her heime medan det regna ute. Trass at det også regna litt i går, fekk me alle tatt i eit tak utanfor hytta med vedhogst, busk- og trefelling og litt smårydding. Drog opp rett etter frukost og var der til nesten halv ti om kvelden. Pizza til middag, og så fekk me spelt eit nytt spel, noko som alltid er artig! Var greitt å komme heim i går kveld og sove i eiga seng, særskilt fordi han der fine er forkjøla og då er det aller best å vere heime. Når det gjeld jobb, kom det eske på eske på eske med varer som me skulle prise og få ut på borda og hyllene i butikken. Eg skal innrømme at det har vore vanskeleg å komme à jour denne veka med alle dei eskene. Men å gå til jobb i haustsola skal eg ikkje klage på, fleire bøker å leggje til lesehaugen min og dagar med flott morgonlys. September har sånn sett vore fin. Trur ikkje eg har så mykje anna å fortelje:
✦ Tranene flyr mot sør er ei rørande hjartevarm bok om einsemd og om det å bli eldre
✦ septemberkveldar med nydeleg solnedgang over hustaka
✦ som tårene rann under dei siste førtifem minutta av Morricone-dokumentaren
✦ bra sider frå Sunnmøre
✦ tysdagsformiddag med kaffi, ei orkesterbok og orkesternotar
✦ ta bussen til jobb på fredag og lese medan morgonsola skein inn gjennom vindauget
✦ "Top 10 Maggie Smith Moments" – Downton Abbey og HP-filmane, ho var både kul og dyktig!
✦ morgonlyset ved jobben rett etter at eg hadde sett frå meg sykkelen
✦ sjå førre vekes episode av Eventyrlig oppussing der dei var på finaste Hitra
✦ Renbergs nyaste bok, Lorden, var artig, rett og slett ein fryd å lese!
✦ tihi, ein søt, liten pandakjeks som me hadde etter lunsjen i går
✦ gøy å få eit gjensyn med Brontë-huset i denne vloggen frå Miranda
✦ gå til jobb i starten av veka
✦ høyre "Cavatina", hovudtemaet frå Hjortejegeren, på radioen ein morgon
✦ haustbenk ved Mosvatnet
✦ tenk å finne slike steinslipte glasbrot i alle regnbogens fargar
✦ gråvêr ved Moslivatnet, men me fekk gjort unna det me skulle før regnet kom for alvor
✦ ein av karakterane blei for dramatisk for min smak, men kjekt å lese tredje Hedgehog Hollow-bok
✦ rakk også å lese og spele eit nytt spel i går då me var på hytta