30. juni 2013

Topp 5 – Agatha Christie-bøker

Agatha Christie sine bøker har for meg lenge vore favorittar når det kjem til bøker innan krimsjangeren. Krim er noko som ofte er lettlese, noko som eg sluker på ein dag då eg har tid, anten inne i stua med ein kaffikopp i handa eller ute i ein god stol med sola i fjeset. Særskilt no som eg har gått nordisk språk og litteratur med alle bøkene det ber med seg, har det vore fint å lese noko som går litt kjapt. Bøkene til Christie er også bøker som eg sluker, men på ein heilt annan måte. Ein må halde tunge beint i munnen, for det er ofte mange detaljar og eit stort persongalleri å halde styr på. Men med måten ho legg fram historia på, med alle sine finurlege kommentarar og vriar, blir eg heilt oppslukt, eg blir verkeleg riven med. Miss Marple og Hercule Poirot gjer også sitt til at bøkene fengar. Eg er ikkje sikker på kor gammal eg var då eg las ei Christie-bok for fyrste gong, men etter kvart har eg i alle fall funne meg nokre favorittar:

Og dermed var det ingen - ei bok som verkeleg set deg på pinebenken til siste slutt, for når du ikkje kan rømme frå øya du er på, og ein etter ein blir drepe, kva gjer du då, og kven er mordaren?

Det tause vitnet - Hercule Poirot er detektiven, men det er eit dyr, ein hund, som er den verkelege helten

Evig natt - eg hugsar ikkje så mykje av denne boka, litt for lenge sidan sist eg las den, men for ein slutt

Teppet faller: Poirots siste sak - rart å lese om ein gammal og utslitt Poirot, men alt er ikkje slik det ser ut til å byrja med

Mord på Orientekspressen - treng denne boka nokon introduksjon?!

29. juni 2013

Ein laurdag på Gamlingen



Nok ein dag på jobb er unnagjort. Det har vore ein dag med skiftande vêr, men då eg kom til jobb i dag i halv ni-tida, stod sola høgt på himmelen og det var berre ein nydeleg stemning. Eigentleg ganske kjekt å jobbe i helga, og i dag var det akkurat passe med folk; verken for få eller for mange. Kjekke folk å jobbe med og også, i alle fall dei aller, aller fleste, kjekke kundar å ha med å gjere. Skal på jobb i morgon også, men no i kveld skal eg slappe av saman med mine to fine gutar, ei av mine aller finaste veninner, god mat og drikke og etter kvart også ein film :)

27. juni 2013

Kveldsskift og bursdag


"Happy birthday to you...". Lillebroren min har bursdag i dag, og han blir heile 21 år! Me har nettopp feira han med gåver og god, heimelaga sjokoladekake. Etter tre år på vgs. og halvanna år i lære, skal han til hausten ta ein bachelorgrad i Porsgrunn, så då skal han også flytte ut (trur det blir litt rart for våre to foreldre...). Han fekk difor, i alle fall frå oss to i Kr.sand, ting som kjem godt med når ein skal bu for seg sjølv, til dømes heilt vanlege glas. "Og at det er en nyttig ting kan ingen komme fra". Er i gong på Gamlingen igjen; denne veka og neste er det kveldsskift som tel, med vasking av dusj og garderobe når dagen er omme i tillegg til å ta vatnprøvar og vere billettseljar og badevakt. Eg synst det er veldig okei :) Sjølv om eg no kan ta bussen til og frå jobb, i motsetning til morgonskiftet, prøver eg å bruke sykkelen – både for å spare pengar og for å vere i aktivitet.

25. juni 2013

Vatn





Her om kvelden, nærare bestemt sundag, byrja det plutseleg å hølje, ja bøtte, ned. Som de ser av bileta, var det ganske så heftig. Det er då det er kjekt å sitje inne med ein god film og ein varm kopp kaffi :) I går kom kjærasten hit igjen, og me åt middag på Egon og såg Man of Steel, den nye Supermann-filmen, på kino. Ein actionfylt film og han som speler hovudrollen, er jo veldig kjekk. Hi, hi! Me sat på ein benk ved Breiavatnet då me venta på bussen heim. Kjempefin bekk rett der me sat, og då var det fram med kameraet, med både kort og lang lukkartid. Siste fridagen min i dag før eg byrjar på kveldsskift i morgon. Har tatt det med ro, vore ein liten tur nede i Solakrossen og på biblioteket. Må jo ha noko å lese på i ferien. No koser me oss med sesongfinalen av Mad Men.

23. juni 2013

Bytur og jentekveld


Stavanger sentrum med shopping og kafébesøk. Saman med ei veldig god veninne. Jepp, det var dagen min i går. Kjempekjekk dag der me var innon mange butikkar, slik som Din Sko, og også i nokre butikkar med klede (der eg faktisk fann plagg som eg leita etter). Og så klart stamkaféen vår Steam kaffebar :) Kjempekoseleg å prate om alt mogleg over ein kopp kaffi. Eller liknande; det var nemleg litt for varmt til å ha kaffi i går ;) Då kvelden kom, dro me til ho der me hadde god taco, såg to artige filmar og åt frukt til dessert. Shopping og jentekveld er faktisk ganske så okei :D

Topp 5 – Oscarpris for beste originale song



Academy Award, eller Oscarprisen som me ofte seier, er ein filmpris med mange forskjellige kategoriar som blir delt ut kvar år. Den fyrste prisutdelinga var i 1929, og prisen for beste originale song kom med i utdelinga i 1934. Dimed har eg mange songar å velje mellom når eg no skal plukke ut mine topp fem. For å gjere det litt enklare, er kriteriet at dei fem songane må vere songar som finst i mitt iTunes-bibliotek. Songar som ikkje nådde opp denne gongen, er blant anna "Chim-Chim-Cher-ee" frå Mary Poppins, "Over The Rainbow" frå The Wizard of Oz og "Colors of the Wind" frå Pocahontas. Songen i videoen er "Falling Slowly", nummer 1 på mi liste i dag:

"Falling Slowly" frå Once - ein kjempefin film om musikk og kjærleik

"Streets of Philadelphia" frå Philadelphia - Bruce Springsteen sin stemme til ein film med Tom Hanks i spissen

"Into the West" frå Ringenes Herre: Atter En Konge - hugsar enno at eg grein fyrste gong eg høyrde denne songen; teksten, stemmen og melodien er så himla vakre i lag

"Up Where We Belong" frå An Officer & A Gentleman - ein ordentleg, herleg slager frå sjølvaste 80-talet

"Skyfall" frå Skyfall - ein ekte James Bond-song med den røffe stemmen til Adele

21. juni 2013

Fyrst sol, så regn


Å sykle heim frå jobb i pøsande regnvêr, utan så altfor mykje vind, er eigentleg ikkje så ille. Så klart var det utruleg fint å få nyte sola i går, men å sykle heim i regnvêret i dag, gjorde meg ingenting. Lufta blir så mykje klarare og friskare, det er herleg å kjenne regnet renne nedover kinna mine. På veg til jobb i dag, trudde eg at eg var den fyrste som sykla forbi Hafrsfjord; teljaren stod på null. Men då eg sykla tilbake, stod den på akkurat det same, så den må ha hengt seg opp ;) Måtte henge opp regntøyet då eg kom heim, for det var ordentleg vått. Sånn elles er eg no ferdig med dette skiftet, mi fyrste veke på Gamlingen i år, og har fire dagar fri før eg byrjar att på onsdag. I morgon skal eg møte ei av mine aller beste veninner, og det gleder eg meg veldig til :) Har ingen spesifikke planar for dei andre dagane, så me får sjå kva eg finn på sånn etter kvart.

20. juni 2013

Sol på Sola


Heilt strålande vêr i dag, så då eg kom heim, var det rett ut på terrassen for å nyte sola! Bileta er tatt ute i hagen og terrassen her på Sola. Eg sit jo ein del ute på jobben, så eg kan ikkje klage, men det er noko med å berre sitje ute i sola med ei god bok, duppe av, utan å følgje med på kva dei andre gjer. Vere aleine. Men eg jobbar med kjekke folk, og syklinga går greitt, så sommaren kjem nok til å gå altfor fort... Men, men. Eg skal innrømme at det er tøft å stå opp litt over fire, sånn midt på natta, men på ein annan måte er det herleg å sykle til jobb; nesten ikkje ein bil eller eit menneske å sjå. Det er jo grytidleg, og berre meg, sykkelstien og alle fuglane :)

18. juni 2013

Gratiskonsert og sommarjobb



Dagane på Gamlingen er i gong, og sjølv om det er hardt å stå opp i sånn midt på natta, er det kjekt å vere tilbake :) I helga fekk me slappa skikkeleg av med bøker, sol og film, og me fekk også treft kjente. På laurdag var me ein tur i byen saman med ei veninne for å høyre på Kurt Nilsen, Katzenjammer, LidoLido og SSO. Det var nemleg gratiskonsert i amfiet ved det nye konserthuset. Sjølv om det ikkje er desse artistane eg høyrer mest på, må eg seie at det var bra musikk og ei kjekk oppleving. Ho me var saman med, blei me oss heim etterpå, og då blei det mykje snakking og RENT. På sundag gjorde me veldig lite, og i går var eg på jobb frå kvart på fem (om morgonen) til to. Sykla heim, og etter middag, feira me kjærasten min sin bursdag. Ja, den er jo i dag, men han måtte reise til Kr.sand i dag for å jobbe, så då blei det ei lita feiring i går i staden for :)

Gratulerer!

Gratulerer med dagen til verdas finaste! 28 år er jo ingen alder ;) Eg er så utruleg glad i deg og håper du får ein fin dag sjølv om me ikkje får feire den saman. Du er den beste!

16. juni 2013

Topp 5 – blomar


Det er vanskeleg å skulle plukke ut berre fem blomar blant alle dei fine blomane som finst her i verda. Men eg skal no prøve; nokre blomar er jo finare enn andre i mine auga, og ofte er dei små og søte (og kvit er visst den fargen som går igjen...). Så klart er det kjekt å få roser og slikt, men dei når ikkje heilt opp i dag. Mine topp fem blomar, i alle fall som eg kjem på her og no, er:

tusenfryd - plukka mykje av denne i mormor sin hage, så små og kvite og ofte med litt rosa farge inst (eg hugsar enno at eg grein ein gong pappa skulle klippe plenen fordi han då røska med seg mange av tusenfrydane i same slengen)

blåklokke - så fine der dei heng med kantete klokker og fargen er jo berre nydeleg

snøklokke - når snøklokkene dukkar opp, veit ein at det er vår, og saman med tusenfryden, har eg mange gode minne frå mormor sin hage og skogen rett ved

liljekonvall - den er giftig, men den er likevel så fin med små og nydelege blomar (har liknande hovud som blåklokka, og er kvit og litt grøn som snøklokka)

peon - den største blomen blant mine topp fem, og då ofte i ein lyserosa eller kremkvit farge

15. juni 2013

Vegetarpizza med litt pestoost








Her var det berre oss "ungdommane" som var heime i går kveld; dei to litt eldre var på hytta. Me laga oss god heimelaga vegetarpizza med grov botn, og så hadde me litt pestoost på den eine enden. Sjølve pestoosten smakte ikkje så mykje, men pizzaen som heilskap var perfekt!

Go'hjørna


Etter å ha pakka ut koffertane i går, tok me oss ein tur på kafé i sentrum av Sola. Go'hjørna heiter det, og det var det også. Me skeia ut: han tok eit wienerbrød, et eit kakestykke (men til gjengjeld åt me heimelaga vegetarpizza med grov botn til middag). Og så hadde me kaffi attåt så klart :) Kjempekoseleg å berre sitje der, slappe av og nyte den fine dagen. Småfuglane kom etter kvart bort til oss, og dei fekk nokre smular som dei kunne tyggje på. Og til slutt, då me kom heim, fekk eg det fine smykket som eg har på meg på biletet, av kjærasten. Veldig nøgd og glad etter ein fin dag.

14. juni 2013

♥ Fire og eit halvt år ♥


Fire og eit halvt år med han der fine, min trulova. Eg er så utruleg glad for at det er oss to, at me er saman, har halde saman og om nokre år skal gifte oss. Me er nettopp komme heim til Sola, og skal ha nokre fine dagar her før eg byrjar å jobbe på måndag. No blir det litt utpakking. Eg tenkjer det blir god, heimelaga pizza og film her i kveld, både fordi det er fredag og som ei bittelita feiring ♥

12. juni 2013

Believe



Må berre dele den nyaste videoen til Laurence Fox – igjen. Nei, eg har ikkje delt akkurat denne før, men eg har jo delt musikken til Fox før ;) Stemmen hans er berre nydeleg og melodiane så vakre. Alltid like kjekt når han har laga ein ny song som han deler på Facebook, han er ein av mine absolutte favorittar. Om du ikkje har høyrt stemmen hans før, er det jaggu meg på tide!

11. juni 2013

Herlege sommardagar


Sola har stått høgt på himmelen dei siste dagane her, vepsen og sommarfuglen har me sett tidt og ofte. Me har berre vore ute i sola med ei god bok i fanget, slappa av og nytt det at me har ferie desse dagane. Om seks dagar er det i gong med sommarjobb på Gamlingen, og eg byrjar rett på morgonskiftet. Så her gjeld det å berre ta det med ro og nyte dei fridagane eg har, og då saman med min fine og gode vener (hadde ei veldig god veninne på besøk i dag og så får me besøk på torsdag). Fekk ei lita sommargåve då eg var på jobb i dag, og det er jo alltid koseleg :)

10. juni 2013

Bruktskattar


På laurdag var me ein tur nedom byen der me hadde nokre ærend, men også berre for å sjå på livet. Kristiansand by viste seg frå si beste side med strålande sol og yrande folkeliv. I Posebyen, den eldre delen av sentrum, var det fleire som hadde salg av gamle og brukte ting, og nokon selde ting dei hadde laga sjølv. Det var som ein stor loppemarknad, berre ute. Kjempekjekt å berre sjå på alle tinga, dei brukte som dei nye. Me var også innom ein butikk der dei berre sel vintage- og second hand-klede. Og nokre stilige hattar, gamle kamera og fine brosjer. Verkeleg ein butikk eg skal besøke igjen. Det er noko særskilt ved å drøyme seg vekk blant gamle ting...

9. juni 2013

Topp 5 – brettspel

Nok ein sundag, og då nok ei liste med mine topp fem. Eg har i dag valt å ta for meg mine fem favorittar når det kjem til brettspel. Det er alltid kjekt å ha noko å gjere på hytta, eller kanskje heime når det regner og du har lite lyst til å gå ut. Brettspel kan då vere tingen (og ikkje dataspel; ein bruker ofte for mykje tid foran dataen frå før...). Nokon av dykk synest sikkert det manglar ordentlege strategi- eller byggebrettspel, men det er ikkje mi greie: eg spelte "Millionær" ein gong og gjekk konkurs fordi eg var altfor snill mot mine "konkurrentar". I tillegg kunne eg ha nemnt brettspel som er veldig typiske spørjespel som "Geni" og "Trivial Pursuit", men dei nådde ikkje opp denne gongen. Eit anna spel som ikkje nådde opp, mykje fordi det er meir eit kortspel enn eit brettspel, er "Sequence". Men det er eit veldig bra spel som me speler mykje når me er på hytta, og eg anbefaler det til alle som liker kort- og strategispel i eit og samme spel. Eg liker best spel kor ein kan leike, gjette, hoppe, sprette, bruke kreativiteten og hjernen samtidig:

"Fantasi" - miming, tegning og gjetting; mange gode minne med dette kreative og artige brettspelet (som den gongen pappa skulle mime ordet morgongretten)

"Alias" - ordforklaringsspelet, enten berre slik det er, eller med humørendringar og rørsler ("Party Alias", den versjonen me har)

"Bezzerwizzer" - eit annleis spørjespel

"Scrabble" - leik med ord, ein klassikar!

"Kortskalle" - om å gjere å gjette kven du er og kor du er ut frå gitte stikkord frå dine motspelarar

7. juni 2013

Helg utan pensumbøker

Etter å ha vore på skulen på onsdag, og etter å ha slappa av ei stund heime, var eg på avslutningsfest utpå kvelden hos nokre av dei frå kommunikasjonsklassen. Siste året vårt har jo vore breddefag, noko som vil seie at mange av oss har gått i ulike klassar, nokre har til og med gått på andre skular. Difor var det nok ikkje alle eg traff, men det var utruleg kjekt å sjå ein god del av dei på festen. Og så er det jo alltid kjekt å ha eit høve til å kle seg i fine klede ;) Eg gjekk for den blå peplumkjolen som eg har på meg på biletet. For det fyrste er den blå, kongeblå, og for det andre er det ein peplumkjole. Og med festen, var skuleåret plutseleg over. I dag har mannen i huset sin siste eksamen, og så har me ei veke her i Kr.sand før me reiser til Sola neste fredag. Det er meldt strålande vêr heile helga, og det skal me utnytte til det fulle – utan ei einaste pensumbok!

5. juni 2013

Fire eksamenar er overstått, det er ferie

Ferdig! Ferie! Med to toppkarakterar i det eine emnet, og ein gjennomsnittleg "midt-på-treet"-karakter i det andre, er eg stornøgd :) Eg er ferdig med svevande lyrikk og norrøn grammatikk, eg har ferie! Blir her til fredag eller laurdag neste veke; eg har jo nemleg eit par dagar med korpsjobbing igjen før det blir sommarjobb på Gamlingen. Men det er heilt greitt. Litt rydding og pakking blir det også. No kryssar eg berre fingrane for litt sol. Det hadde vore alle tiders.

Havregraut med frukt på

Havregraut. Det høyrest ut som noko ufatteleg grått og keisamt, men det treng det ikkje å vere. Eg må vel seie at eg var litt skeptisk til å skulle ete det til middag; eg åt det kvar dag til frukost ei stund på folkehøgskulen og har vore lei sidan. Men i går ville me prøve å ha havregraut til middag, og då med frukt oppå. Eg blei overraska, positivt overraska. Det var faktisk ganske så godt, både sjølve havregrauten og all frukta. Grønt eple, mango, banan, tørka aprikos, rosin og kanel var det me putta oppå grauten (eg valde vekk rosin og kanel vel å merke). Du bør prøve det du også :)

4. juni 2013

Ferien er på veg

Ein eksamen igjen. Tre er overstått. Eg er glad. Kan snart byrje å lese andre bøker igjen, endeleg få nyte sola, sånn på ordentleg. Den varme sola som står på himmelen. Kanskje gå ein tur i skogen, høyre fuglane kvitre, finne roen. Om under to veker byrjar eg å jobbe på Gamlingen, der eg jobba i fjor. Dette semesteret har gått så altfor fort, og eigentleg så sit eg no med ein bachelorgrad i lomma. Eigentleg. På grunn av nokre emne som var for like, fekk eg reduksjonspoeng, "minuspoeng", så for å få godkjent heile graden min, må eg ta eit emne til hausten. Men det gjer ingenting, eg har jo visst om det ei stund. I tillegg er det då han fine er ferdig med sin mastergrad, me blir rett og slett ferdige samtidig. Kva skal me etter det? Tja, ut å reise, til USA, er planen, før me buset oss, og før eg kanskje byrjar på ein mastergrad. Me får sjå. Tar det litt som det kjem. Litt sånn "hit eit steg, og dit eit steg...". Uansett. No skal me i alle fall nyte ferien som er rett rundt hjørnet :)

2. juni 2013

Topp 5 – DIY-idéar frå Pinterest

DIY. Do it yourself, med andre ord - gjer det sjølv. Eg har jo nemnt Pinterest nokre gongar på denne bloggen allereie, så eg tek meg ikkje bryet med å forklare kva det er enno ein gong ;) På Pinterest har eg delt inn bileta, altså alle dei forskjellige inspirasjonskjeldene, i kategoriar, og ein av dei er då DIY. Nokre av dei som ligg under denne kategorien, har eg allereie prøvd meg på, som desse papiruglene og dette minneglaset. Når eg no skal velje mine topp fem innanfor denne kategorien, tar eg ikkje med dei eg allereie har prøvd; eg veit dimed ikkje om dei verkeleg er så fine eller så enkle som dei ser ut på bileta. Men ein gong har eg i alle fall lyst til å lage desse fem idéane:

gjere om gamle lyspærar til luftballongar - dei ser berre så fantastisk fine ut

lage uro av sandblåste glasbrot - har jo ein del slike glasskår liggjande, så det burde vere mogleg å få dette til

smykke laga med papirbitar frå ei bok - nesten dumt å øydeleggje ei bok for å lage eit smykke, men har ein ei gammal bok, bør vel det gå greitt (og så fint det ser ut)

dekorere gamle flasker og metallboksar med fargerik hyssing - passar ypperleg til draumebryllaupet; eg vil nemleg lage ting sjølv, og då kan gjenbruk vere ein fin ting

fine tekoppar med stearinlys oppi - også gjenbruk, og resultatet ser så pent ut

1. juni 2013

Konsert på Fiskebrygga, grilling etterpå

Strålande dag her i dag, laurdag 1.juni 2013, med herleg sol, god musikk og fine folk. Me hadde nemleg konsert med brasssbandet på Fiskebrygga i Kristiansand sentrum, og det var god stemning og mange folk som høyrde på oss. Kjempekjekt å spele for litt publikum og eg synest konserten gjekk bra :) Det blei tatt få bilete, men eg fann dette på Instagram, og så legg eg ved eit bilete av brusen min. Sjeldan eg drikk brus, men korpsgjengen grilla etter konserten, som ein avslutning for sesongen, og då kunne eg ikkje gå i frå denne :) Veldig kjekt å grille saman med godgjengen, men eg har klart å bli forkjøla, så no sit me heime og tek ein roleg kveld. Skulle gjerne ha vore der lenger, men eg skal jo ha munnleg eksamen på måndag og onsdag, og eg skal ikkje bli meir forkjøla i alle fall. Tusen takk til alle i Agder Brass for ein fin konsert og ein kjempekjekk sesong!