31. mai 2019

Gårsdagens feiring 💐

Skiftet er over og eg har no fire dagar fri før eg byrjar igjen på onsdag. Og så var det jo helligdag i går, så me hadde fri på bryllaupsdagen vår. Klagar ikkje på det, me slappa av, gjekk ein liten tur og las i ei bok. Fire år er linbryllaupsdag eller blomsterbryllaup, ein kan visst kan kalle det begge delar. Til han hadde eg tinga heim nokre fine linserviettar og til meg hadde han kjøpt ein kjempefin blomsterbukett. Flott gåve, med kort og alt, og fargane kunne ikkje ha passa betre inn i heimen.


Til middag laga han god svinesteik med søtpotetar, littegrann asparges og ein god saus ved sidan av. Tok eit glas av Nova 7, den gode vinen frå Nova Scotia i Canada som me fekk smaken for i fjor (hadde berre to flasker med oss heim, og den går dessverre ikkje an å kjøpe i Noreg...). Etter å ha rydda og tatt oppvasken, sette me på ein episode av Heartbeat. Å, den serien altså! Noko gammaldags og dramatisk, men likevel. Liker den! Ny fredag og ny helg, tenkjer den blir super!

30. mai 2019

Fire flotte år ♡

Takk for at eg får kalle deg mannen min, for at eg får kalle meg kona di. Hugsar framleis den dagen for fire år sidan då me sa "ja" til kvarandre. Ein av dei aller finaste dagane. Eg gjekk rundt og smilte heile dagen, innimellom kom det nokre tårer, det var mykje latter og glede. Lykkeleg. Og det er eg endå. Takk for at du held ut med meg, at du støttar meg, er her for meg, elskar meg. Eg ♡ deg!

29. mai 2019

Å møte finingar på vår veg

Rundt Vannassen fredag førre veke, såg me ei svane med to ungar. Å, dei er så søte når dei er grå og dunete! Ingen stygge andungar her i garden. Trefte i tillegg på eit piggsvin då eg sykla til jobb på måndag. Sjølv om eg byrja halv sju om morgonen, tok eg meg tid til å stoppe for å knipse eit lite bilete med mobilen. Ein skjønn, liten krabat. Gløymde forresten biletet av blometreet i sundagens blogginnlegg, men litt ekstra flott å gå tur i mai når sola skin gjennom alle dei fine blomane. Skjønner ikkje at me skriv juni på laurdag allereie. Våren er snart over og sommaren er i anmarsj.

28. mai 2019

Kvardagstankar

Når dagane går i eitt, når ein må stå opp tidleg og difor er litt ekstra trøtt når ein kjem heim, når det regnar når du syklar til eller frå jobb, då er det ikkje alltid like lett å kjenne at dagen er fin. Men å ha ein armkrok å komme heim til, å drikke ein kopp med kaffi medan eg har ei bok i fanget, å ha ein som stryk meg på ryggen, då er det heilt greitt at det berre er ein vanleg dag. For det er kvardagar det er flest av. "Hverdager er de flotteste. De er fulle av eventyr", sa Anne-Cath. Vestly ein gong. Det er ikkje alltid me ser det, ikkje alltid me merkar det, men eg trur det ligg mykje i dei orda. For å ete ein god frukost om morgonen ein dag eg jobbar seint, gå ein liten tur i nabolaget hand i hand med kjærasten min, treffe hyggelege badegjestar på jobb eller høyre ein favorittsong på radioen, det er glede i det. Kvardagsmagi. Små gleder. For det er kvardagsgleder det er flest av.

27. mai 2019

Over hundre år gammal barnebokklassikar

Vakna før alarmen ringte i dag, med andre ord før klokka viste halv seks. Det lovar i alle fall godt for resten av veka ;) Eg skreiv jo i sundagslista i går at månadens klassikar har vore Det suser i sivet av Kenneth Grahame. Hugsar eg syntest Padda var så skummel då eg såg figurane på barne-tv for mange, mange år sidan. Han var ikkje like skummel no, og eg må berre vise eit par av illustrasjonane frå boka. Det er David Roberts som har laga dei til 2013-utgåva, og dei gjer boka endå meir levande. Klare og herlege fargar! Tenk, det er faktisk heile hundre og elleve år sidan denne boka blei gitt ut fyrste gong! Vittig fakta: den ble gitt ut same året som den finaste Anne of Green Gables. Eg har kost meg med å lese boka, så får me sjå kva neste klassikar blir.

26. mai 2019

Ein cappuccino, søte dyr og andre kjekke saker

Kjekt med langhelg, for då får eg ekstra mykje tid til å lese. Til å dykke ned i ei bok og berre bli der...for ei stund. Eller gå ein tur hand i hand med mannen min, sjå ein god film, ta det med ro. På torsdag var eg ute ein tur på fridagen min for å låne bøker og få unnagjort eit par andre ærend. Bortsett frå det har eg hatt ingen planar desse dagane. Snart er helga over, og i morgon er det på'an igjen med ei ny dagvaktveke. Kjenner at eg ikkje er heilt vand med å jobbe skift enno, for sjølv om eg har fire dagar mellom kvart skift, er det ikkje berre berre å byrje halv sju om morgonen på det eine skiftet og halv to (midt på dagen altså) på det andre skiftet. Men det kjem seg nok. Tenkjer eg no skal ta fram ei god bok før det blir middag og tidleg til sengs. Veke 21 kort oppsummert:

✦ cappuccino og månadens Christie-bok, ei novellesamling med Poirot og Hastings i spissen
✦ nydelege Gotland inne hos Emma – tenk å ha eit sånt lite torp
✦ to av dei kule porselenstallerkenane våre, i herleg retromønster frå Stavanger Flint
✦ sjå ferdig fyrste sesong av My Brilliant Friend
✦ tinge togbillettar til Sverige i august
✦ 18 kule måtar å reise kollektivt på
✦ lyden og lukta av kaffi, for ein klagar ikkje på ein kaffimaskin på jobb
✦ artig å høyre naboane over oss spele songar frå Kaptein Sabeltann og Løvenes Konge på ein fest
✦ enkle, men fine lysestakar frå Søstrene Grene og den kule vårduken
✦ og eg kan godt besøke ein plass som dette hotellet på Öland
✦ heimelaga blomkålsuppe med bacon og vårløk
✦ den raudrosa fargen på eit tre inntil eit flott, gråblått bygg
✦ ååå, gleder meg til å sjå Downton Abbey-filmen, for berre sjå på traileren
✦ svaneungane og sothønene ved Vannassen
✦ trur eg har sagt det om andre kattungar før, men denne må jo vere ein av dei aller søtaste
✦ liten fredagsbukett med gule og oransje blomar langs ein murvegg
✦ trur denne adaptasjonen av Little Women kjem til å bli fin (diggar Watson, Ronan og Streep)
✦ kost meg med månadens klassikar, nemleg Det suser i sivet
✦ låne med meg gode bøker og slå av ein prat med mine tidlegare kollegaer på biblioteket

24. mai 2019

Frå ei langhelg på hytta


Fri på ein fredag, eg skal ikkje klage på det. Tre veker sidan me var på hytta, og over kan du sjå ein liten videosnutt med fuglesong og peiskos. Eg har prøvd å fange hyttestemninga frå den helga. Det er kanskje ikkje så mykje, men eit lite inntrykk får ein no. Så håper eg du får ei super helg!

23. mai 2019

Rosa blomar på ein elles grå dag

På ein dag som denne, når himmelen er grå og regnet dett ned ute, drar eg fram desse bileta. Dei er frå ein laurdagstur rundt Mosvatnet for snaue to veker sidan. No har blomane alleiere byrja å falle av, men den dagen var dei rundt oss på alle kantar. Lyserosa mot den blå himmelen. Solstrålar gjennom blomane, så vårleg og nydeleg. Aner ikkje kor mange gongar eg har sagt det eller kor mange gongar eg har tatt bilete av slike tre, men det skjer nok i alle fall tre gongar kvart år! Ja, du kan til og med skimte ein slike blome i headeren her på bloggen. Ei sann glede på ein regnvêrsdag.

22. mai 2019

Nasjonaldagen i bunad og med eit stort smil!

Ser du kor stort smilet mitt var då eg hadde på meg bunaden på 17.mai? Som eg nemnde hadde eg ikkje den med meg i bagasjen då eg reiste til Canada i fjor, så då var det nasjonaldagsfeiring utan bunad. Sakna verkeleg å ha den på, og dimed var det i år stor stas å ta den fram. Eg skal innrømme at det blei varmt utpå dagen, for det var godt over tjue gradar i sola! Og det er neimen ikkje enkelt å få sølja til å sitje beint. Men utanom det var det alle tiders. Han var også kledd i finstasen, og me fann fram to små flagg og tok eit par bilete på det grøne graset ved blokka vår. Herleg maivêr!


I tolv-tida traska me bort til eit venepar som hadde stelt i stand til ein akkurat passe 17.mai-fest. Eg trur det er fjerde gongen me feirer i lag med dei og ein gjeng med andre fine folk. Kransekake og pavlova, varm mat og kald mat og ikkje minst godt selskap! Me var der i fire timar og då byrja eg å merke at eg var trøytt. Hadde hatt seinvakt dagen før og skulle jobbe heile helga ;) Ei kjempefin feiring var det no uansett! Takksam for å ha slike folk som år etter år inviterer og opnar heimen.


Foran inngangspartiet var det pynta så fint med norske flagg, og me fekk broremann til å knipse eit par bilete av oss saman. Kjekt at han også ville vere med å feire dagen i lag med godgjengen. Ha, ha, gjorde oss litt til på bileta, men ein har ikkje meir moro enn det ein lagar sjølv! Ser forresten at me tok eit liknande bilete foran det same huset for to år sidan. Koseleg! Eit bilete av broren min blei det også :) Traska heimover, fekk på oss meir avslappa klede, åt middag og såg The Princess Bride.

21. mai 2019

Friske fargar og blomstrete mønster i heimen

Fram med vårlege fargar! Joda, det har vore vår ei lita stund allereie, men det er jo aldri for seint. Som regel har me berre nokre bordbrikkar der me sit og et og ikkje ein løpar eller duk. Dimed gløymer eg litt at eg for nokre år sidan kjøpte denne duken på ein bruktbutikk. Så kul og retro! Fann også fram to stearinlys som passar heilt perfekt til duken. Blir glad av slike friske fargar!

20. mai 2019

På denne tida i fjor

Ingen "throwback thursday", men heller ein "throwback monday". Eg ønskjer nemleg å starte denne veka med eit lite tilbakeblikk på noko av det me opplevde i Canada på denne tida i fjor. Nova Scotia, Anne of Green Gables, Hopewell Rocks og lesing på campus er eit par av høgdepunkta. Å, eg kjenner eg saknar Canada akkurat no. Prince Edward Island med dei høge klippene og den raude jorda, alle dei vakre fyrtårna ute ved havgapet, utforske nye plassar. Mimring på ein måndag.

19. mai 2019

"Anne of Green Gables" fleire gongar i ei og same sundagsliste

Jobbhelg i finvêret. Men slik er det av og til. Satsar på at det blir bra vêr til helga eller neste helg der igjen, altså ei helg eg ikkje jobbar ;) Eg hadde jo fri dei to fyrste dagane denne veka før eg byrja på kveldsskiftet på onsdag. Fekk lese ein del i tillegg til å sjå litt på My Brilliant Friend på HBO. Eg har ikkje lese Napoli-kvartetten som Elena Ferrante står bak, men eg har lese eit par av dei andre bøkene hennar, og TV-serien har fått god kritikk. Gruppeøving med grovmessingen på tysdag og bunad på fredag er også noko som høyrer til denne veka. Sit her og tittar på Huskestue akkurat no, og gurimalla, eg humrar godt. Hi, hi! Dette er min sundagskveld, og under er resten av veka mi:

✦ den nye boka til Lars Ove Seljestad, Snøen stryk ut alle spor, er sårvakker og god
✦ tinge billettar til Book of Mormon for tredje gong – skal nemleg på tur til Oslo med ei veninne
✦ "How to Be An L. M. Montgomery Heroine in a 21st-Century World"
✦ to flotte hus som eg såg på min veg i Stavanger sentrum ein dag
✦ me har sett på serien ei stund no, men komiserien Brooklyn Nine-Nine er berre best
✦ lese litt i novellesamlinga Chronicles of Avonlea, for akkurat no saknar eg Canada litt ekstra
✦ prate med turistar som lurer på kva ein bør gjer her i Stavanger (i billettluka på jobb)
✦ hundekvalpar kan vere søte dei også
✦ og så eit marsvin og ein hund som er kjempegode venar, så artig tospann
✦ sjå den kulaste filmen The Princess Bride etter middag på 17. mai
✦ øve på Brahms 2. symfoni saman med grovmessingen (og også resten av orkesteret)
✦ stort smil og vind i håret då eg endeleg kunne ha på meg bunaden på nasjonaldagen
✦ og feire resten av dagen saman med herlege folk
✦ stas å lese at den finaste Eleanor & Park etter kvart no blir film
✦ ha på meg det fine anhenget med Anne of Green Gables-bokomslag
✦ friske opp Europas hovudstadar inne på LizardPoint
✦ sterke kvinnekarakterar i den fine boka Miss Treadway and the Field of Stars

17. mai 2019

Bunaden er på – hurra for 17. mai 🇳🇴

Sakna å ha på meg bunaden i fjor, for då var me jo i Canada. Men no er endeleg dagen her, bunaden er på, sola skin og om ikkje altfor lenge skal me til eit venepar for å ete god lunsj og vere saman med mange fine folk. Hipp, hipp hurra og gratulerer med dagen, alle saman! God 17. mai!

15. mai 2019

Tre esel, fleire sauar og like mange grisungar

God onsdag til dykk alle! Her sit eg med ei bok i fanget og slappar av før eg byrjar på kveldsskiftet om nokre timar. I går kveld var me på orkesterøving, men førre tysdag blei det dessverre inga øving på grunn av fråfall i grovmessingen. Då gjekk me ein tur i staden for, ein tur opp til Ullandhaug. Esla var ute på marka og dei kom bort for å helse på oss. Raggete og fine, nysgjerrige og venlege.


Gjekk vidare bort mot den økologiske garden. Lamma byrjar å bli store allereie, men søte er dei enno. Og – "sauer er ålreite dyr". Så koseleg at også dei kom bort for å helse på oss. Ikkje for det, dei trur sikkert at me hadde mat til dei ;) Til slutt var me borte og titta på dei kule grisungane. Skarpt lys den dagen, så eg ser at bileta er noko overeksponert, men det får gå. Grisungane, trur me talde åtte av dei, låg i ein haug i sola og berre slappa av. Hi, hi, det ser ut som eit herleg liv!