31. okt. 2019

Eiffeltårnet i miniatyr

Puslespel er ein akkurat passe avslappande og koseleg aktivitet, særskilt no om hausten med mange innedagar sidan regnet bøttar ned ute. Ikkje heile vegen, for vêret denne veka har vore ganske fint. Men tilbake til puslespel. Til jul i fjor fekk me dette puslespelet, og fyrst no tok me det fram. Artig med eit 3D-puslespel (sjølv om brikkene er nummererte og dimed relativt enkelt å setje saman).


Og her er det ferdig. Eit bittelite tårn, eit tårn dei aller fleste kjenner igjen. Eiffeltårnet i miniatyr.

30. okt. 2019

Raukar i solnedgang

Allereie då me køyrde mot området me hadde sett oss ut, såg me at dette kom til å bli ei kjempeflott naturoppleving. Noko av det siste me gjorde den dagen me var ute på Fårö, var nemleg å køyre ut til Gamla hamn som er eit rauk- og fornminneområde og også eit naturreservat. På veg ut byrja sola så vidt å gå ned, og medan me var der, fekk me sjå raukar i solnedgang. Knalltøft og stilig!


For berre sjå her! Slike steinformasjonar er ordentleg fascinerande, og ein av dei der ute liknar veldig på ein hund som snur på hovudet. Hi, hi. Ein fin dag ute på Fårö nærma seg slutten, og me fann fram til ferja, den fekk oss over til Gotland og me køyrde tilbake til Ronehamn og Gula Hönan.

28. okt. 2019

Botanisk hage ein haustdag i oktober

Starta morgonen oppe på hytta. Berre han og eg, stearinlys på bordet, blikkstille vatn ute, ein kopp med god presskannekaffi. Roleg morgonstund. Men me måtte etter kvart vaske, rydde og pakke. Tilbake til sivilisasjonen, tilbake til kvardagen. For min del har eg hatt fri i dag og eg har fri i morgon også, så eg skal verkeleg ikkje klage. Tidlegare i oktober gjekk me ein tur opp til den botaniske hagen. Fann haustblad i alle moglege fargar langs vegen. Haust, du kan faktisk vere heilt nydeleg! Dagen før hadde det regna, og dråpene låg så stille på eit blad på bakken, og dei hang på blomane som mange små tårer. For sjølv om det er haust og mykje har visna, fann me fleire blomar som stod der med fargane så sterke og klare, nesten som om det var vår eller sommar.

27. okt. 2019

Sundagsliste skriven på førehand

Å ha morgonvakt når eg ikkje er A-menneske, joda, det går på eit vis, men kvar dag er ikkje like enkel. Ha, ha, å stå opp halv seks er noko herk, for ikkje å snakke om den eine dagen då eg måtte stå opp halv fem. Men veka har vore bra med artige kollegaer, ein god del lesing etter jobb, framleis så mange flotte haustfargar og no ei helg på hytta. For når denne sundagslista blir publisert, er me nemleg oppe på fjellet. Det er det lite internett, og difor har eg skrive lista før me drog. Som vanleg er det ein god del kjekke punkt på lista, håper du liker den og at sundagen din har vore god:

✦ sjølv om den fyrste Kingsman-filmen var best, lo me oss gjennom heile film nummer to også
✦ for alle lesehestar, bokormar eller bokelskarar der ute: sjekk ut dette herlege motivet
✦ litt underfundig og artig diktdagbok eller noko i den duren: Diary of a Somebody
✦ Rebeccas blogginnlegg om Anne of Green Gables og hennar versjon av eit nydeleg bokomslag
✦ eit ordentleg hausthus
✦ fortsetje med å lese nye bøker frå lesehaugen min
✦ alltid kult med ei Disney-liste, denne gongen "Top 10 Greatest Disney Songs (Live Action)"
✦ stilfullt kinotoalett
artig å starte veka med pizza og drøs med kollegaer
✦ traileren for tredje sesong av The Crown, å, det kjem til å bli heilt superb
✦ dei nye bokmerka mine
✦ Pickles og Dill, to gode venar sjølv om den eine er ein gris og den andre ein hund
✦ helg på hytta
✦ kul Wicked-medley i ein a cappella-versjon
✦ må le litt av dei artige kollegaene mine som hadde skrive ein koseleg lapp til meg
✦ ein frå klassen min på vgs. har skrive eit bra debattinnlegg om lesing og leselyst
✦ lese The Secret of Chimneys av Agatha Christie i samband med #readchristie2019
✦ vakre smykkeanheng med tørka blomar
✦ ny sesong av den herlege komiserien The Goldbergs
✦ solnedgangane no om hausten, det er rett og slett heilt magisk

25. okt. 2019

Fargane langs jobbvegen min

Førre måndag og tysdag traska eg til jobb, for vêret var bra og eg ønskja å ta bilete av fargeeksplosjonen langs vegen. Og eg såg så mykje fint! Gult og raudt og oransje og brunt og grønt om kvarandre overalt. Haustfargane får meg til å smile, og det er alltid ei glede å kunne starte dagen slik. Ta beina fatt og berre gå, titte rundt meg og sjå dei friske fargane alle vegar.

24. okt. 2019

Gotlandsk landskap

Gotland med sine særeigne, gamle hus og vindmøller, med fine blomar i hagen ved vertshuset og sitt gylne landskap. Lengtar litt tilbake på ein så grå dag som denne torsdagen. For me hadde det verkeleg fint der ute med avslapping og flotte naturopplevingar, keramikkrunde og loppis i fleng, gå rundt i mellomalderbyen Visby og vere med på ein museumstogtur. Gotland, du Gotland.

23. okt. 2019

Aldri eseløyre her i garden 📖

Bokmerke. Eg lager aldri eseløyre i bøker, verken dei eg låner eller dei i bokhylla her heime, og då er det greitt å ha bokmerke lett tilgjengeleg. Etsy har så mykje fint, og hos MirkwoodScribes fann eg fleire fine bokmerke. Så mange å velje mellom, men til slutt bestemte eg meg for å kjøpe ei fil med Anne of Green Gables-bokmerke og ei med fjellmotiv og "adventure"-sitat. Eg skriv fil fordi ein kjøper ei pdf-fil som ein lastar ned og printar ut. På denne måten sparer ein porto og ein kan printe ut bokmerket i akkurat den storleiken ein sjølv vil. Til saman er det åtte forskjellige bokmerke, men eg ønskja å ha motiv på begge sider. Difor fann eg noko tjukkare ark, klipte ut motiva og limte eit bokmerke på kvar side av  arket. Hadde eit tynt lag med decoupagelakk til slutt slik at sjansen er større for at dei held seg fine litt lenger. Voila, fire flotte bokmerke! Er særskilt glad i Anne-bokmerket med det finaste sitatet: "I'm so glad I live in a world where there are Octobers".

21. okt. 2019

Hausthuset

Blir ikkje ferdig med haustfargane, og eg har i alle fall endå ein haug med haustbilete som kjem til å komme her på bloggen. Stikk berre innom for å seie "hei" og "god natt". Var tidleg oppe i dag, for denne veka har eg morgonvakt, og klokka fire var det pizza og småprat med dei på jobben, så eg var ikkje heime før nærmare halv sju. Dimed er det ikkje så mykje igjen av kvelden, men eit lite "hei" tenkte eg at eg skulle få til. Huset med alle dei fine haustblada har eg sett litt ekstra på kvar dag på veg til jobb, og her om dagen hugsa eg å ta bilete av det. For sjå korleis lauvet klatrar oppover, så fargerikt og vakkert. Eit grønt blad på bakken såg eg også, og det var ein kontrast til dei fleste andre blada som låg der og var gule, raude eller brune. Så grønt, så grønt mot den mørkegrå asfalten.

20. okt. 2019

Sosial veke og ei roleg helg

Tidleg på’an i morgon, så eg tenkte at eg ikkje skulle vere så altfor sein med å få ut sundagslista denne veka. Kvar morgon, sett bort frå onsdag sidan eg byrja tidleg, har eg starta dagen med god frukost og etterpå ei bok og ein ekstra kopp med kaffi. Det er den aller beste måten å starte dagen på, og eg har verkeleg lese mykje desse dagane. Og så henta eg nye bøker på biblioteket på fredag, så eg har nok å lese på ei stund framover ;) Jobben har vore grei, og det same kan eg seie om vêret. Eg hadde forresten med meg trombonen på jobb ein av dagane, for eg ønskja å teste akustikken og berre spele litt for moro skuld. Onsdag var eg på besøk hos ein kollega etter jobb, og det var ein kjempekjekk kveld. Fredag var det kafédate med to veninner eg ikkje ser så altfor ofte, og det blei mykje prat, mimring og latter. Håper du har hatt ei bra helg, under kan du lese meir om mi veke:

✦ spele «Imperial March» frå Star Wars oppe på 5-meteren berre for moro skuld
✦ dette biblioteket er herleg koseleg og gammalt og ser nesten litt magisk ut
✦ ein over hundre år gammal klassikar: Mørkets hjerte
✦ kult å sjå det Beatrice har laga etter eit keramikkurs
✦ besøke ein kollega etter jobb der me lagte middag, helste på dei fine hønene og såg Life of Brian
✦ veit at dette er fyrst og fremst flyreklame, men her er det likevel mykje bra togturinspirasjon
✦ ete mat hos Jordbærpikene på Amfi Madla i lag med to fine veninner
✦ og når me snakkar om Amfi Madla: stilig at dei torsdagskveld vann prisen Årets kjøpesenter
✦ tøft å gå ein slik pilegrimstur som Rania nyleg har gjort
✦ likte godt filmen A Single Man med Colin Firth i hovudrolla, og boka var like lågmælt og rørande
✦ katten Bianco passar perfekt til namnet sitt, berre sjå her
✦ sjå En mann ved navn Ove i går kveld, både grein og lo gjennom store delar av filmen
✦ trur me må få til ein tur til Frafjord spa
✦ gå til jobben både måndag og tysdag, for vêret var greitt og overalt såg eg nydelege haustfargar
✦ finaste Loulou, her i lag med ein bitteliten andunge
✦ ha lite planar no i helga, rett og slett bruke mesteparten av tida på å lese, lese og lese litt til
✦ Adam Douglas og Bilal Saab syng «A change is gonna come»Stjernekamp, for ein duett
✦ den nye, knallraude turjakken er allereie ein favoritt i klesskapet

18. okt. 2019

Fårö fyr og ei nydeleg strand

Fårö er ei eiga øy som ligg nordaust for Gotland, såvidt åt skild frå Gotland av Fårösund. Øya er Sveriges niande største øy, og også der ute er det eit heilt nydeleg landskap. Sidan me budde nærmare sørspissen av Gotland, brukte me ein heil dag på å køyre fram og tilbake, men det var absolutt verdt det. Hadde ingen stor plan for kva me ville der ute anna enn å køyre litt rundt og berre oppleve øya. Eit punkt der me stoppa, var ved Fårö fyr. Fyret i seg sjølv var ikkje veldig spesielt, det var kvitt og heilt vanleg, men området rundt med alle steinane, sjøen og den vakraste stranda var noko å oppleve. Absolutt ein veldig fin plass. Den dagen me var der ute, skein sola og det var ordentleg sommar. Me tok av oss skoa og gjekk berrføtte i den mjuke, varme sanden.


Litt folk var det jo på stranda, men det var nok av plass, så me sette oss ned, tok fram kvar vår bok og lot tankane fare. Bleikfisar var me, men pyttsann, det var no ikkje berre oss som var bleike ;) Etter å ha varma oss i sola, fann me ut at me ville prøve temperaturen ute i sjøen. Me hadde med oss badetøy og det var herleg å bade sjølv om det ikkje blei ein lang svømmetur. På øya finst det også eit Ingmar Bergman-senter, men tida gjekk fort og me prioriterte fyrst og fremst naturopplevingar. For me såg også dei kulaste raukane, noko som eg ønskjer å vise i eit eige innlegg. Før me drog tilbake til "fastlandet", åt me middag på koselege Ebbas Mat og Kaffe. Langs vegkanten såg me stadig dei mest fargerike blomane. Den gule ferja som går mellom Gotland og Fårö tar berre syv-åtte minutt og er gratis. Ein herleg og avslappa dag ute "på den yderste nøgne ø".