31. jan. 2019

På skøyter og ein spraglete katt

Dagane går fort, og det er allereie gått fire dagar sidan me gjekk på skøyter med ungane på Langhus. Ligg dimed litt på etterskot med bileta, men det gjer vel ikkje så mykje, gjer det vel?! Eg vil heller bruke tida mi på å lese, gå ein tur ute, lese meir, prate med Jeremias (katten her på garden), sjå ein god film og nyte den finfine utsikta. Men her kjem no bilete frå vår lille skøytetur. Knall og fall blei det for min del, men ikkje meir enn at eg likevel synest det var artig å skøyte.


Ha, ha, ikkje alltid like enkelt å halde balansen, men det gjekk for det meste greitt. Både sundag og måndag kom naboens katt innom på besøk ein tur, og for ein kosete pus. Me er jo begge to glade i kattar og då er det ekstra stas å få besøk av ein katt som er glad i folk. Og så er eg blitt veldig glad i genseren mamma strikka til meg og som eg fekk i julegåve. Mønsteret er Dahlia av Lene Holme Samsøe og den er så god og mjuk i ein herleg blåtone. Kan godt ønskje meg fleire av denne ;)

30. jan. 2019

Koseleg tradisjon

Sit no i stova heime hos svigers. For etter konserten, overnatta me på eit hotell rett ved Telenor Arena, og i går tok me tog og buss frå Lysaker til Sjøholt. Blir her nokre dagar før me stikk heim til helga. Fint å besøke slekt når me fyrst har sjansen. Førre veke opna me som nemnt minneglaset og las høgt opp alt som stod på lappane. Dette er no blitt ein koseleg tradisjon og ein fin måte å oppsummere fjoråret på. Ein hugsar ikkje alltid kva ein faktisk har gjort i løpet av eit heilt år. Då er det kjekt å kunne skrive flotte minne og opplevingar ned på lappar eit par gongar i månaden og så lese dei høgt når eit nytt år så vidt har byrja. Me kjem til å fortsetje med dette også i år :)

29. jan. 2019

Sørlandsbanen om vinteren

Ny dag og fire nye snøbilete. For når ein drar frå Stavanger og i retning Oslo og Ski, dukkar det opp mykje snø langs vegen. Tok som nemnt toget på laurdag, og då såg det slik ut: kvitt overalt, islagde vatn (akkurat som oppe ved hytta) og tre fulle av snø på greinene. Las mykje i løpet av turen, men eg titta no ut vindauget innimellom. For sjølv om eg ikkje er den aller største fanen av det kvite som dett ned frå himmelen, er vinterlandskap eit flott syn for auget. Og eg er jo i tillegg blitt veldig glad i å reise med tog, uansett årstid. Konserten i går med Ennio Morricone, var berre heilt fantastisk! Han har komponert så mykje bra i mange forskjellige stilar. Ei oppleving som vil vare livet ut, og det er vel inga overrasking at eg blei rørt då musikken frå Cinema Paradiso blei spelt. Sukk. Er så glad og takksam for at eg fekk oppleve denne konserten i lag med han som betyr mest.

28. jan. 2019

Kvite fjelltoppar og eit islagt vatn

Vinterlandskapet oppe ved hytta. Meir snø der oppe no enn då me var der i jula. Surt var det, for vinden fauk rett mot oss då me var der ein snartur på torsdag, men likevel. Kvite fjelltoppar, det islagte vatnet, mønsteret på isen. Nokre båtar som ligg på steinane, klare til å brukast når sommaren kjem. Det er rett og slett fint der oppe. Ei eiga stemning, ei eiga ro. Fjellroa kallar eg det.

27. jan. 2019

Peiskos, gode bøker (som vanleg), togtur og ein god del snø

Ikkje at me har hatt mykje snø i Stavanger, men denne veka har det blitt litt snø på oss likevel med både dagstur opp til hytta og med togtur til Austlandet og Langhus. For her er det mykje snø! Sundagen er snart over og det har vore dagar med mykje lesing (igjen), tur i nærområdet, date der me opna minneglaset, årsmøte med orkesteret, spelekveld med eit venepar og no i helga ein togtur. I morgon er det nemleg konsert med Ennio Morricone og då besøker me slekt i same slengen. Kjempekoseleg og stor stas å sjå svoger, svigerinne og ungane deira igjen. Me har til og med fått prøve oss ute på isen. Tenkjer det blir prat og lesing i kveld, men aller fyrst ei vekesoppsummering:

✦ skal prøve å lese ei Christie-bok i månaden, og den fyrste var Mord etter alfabetet
✦ ta toget austover, då får ein tid til å lese mykje og berre ta det med ro
✦ dagstur opp til hytta – så nydeleg landskap med islagt vatn og snødekte fjell
✦ at finaste Once, Brokeback Mountain og La-La-Land kom med i denne lista
✦ peiskos, taco og kjekt brettspel hos eit venepar på fredagskvelden
✦ ååå, så søt og spraglete kattunge
✦ opne minneglaset, lese lappane høgt og kose oss med vår Canadiske favorittvin
✦ solnedgangen då eg gjekk i Åsenløypa på måndag
✦ lese klassikaren Howards End og sjå miniserien frå 2018 med same namn på NRK Nett-TV
✦ ha, ha, måtte humre av denne frå Brooklyn Nine-Nine om svensk, norsk og dansk
✦ flisene inne på konserthusets toalett (frå førre sundag då me såg Svanesjøen som var veldig bra)
✦ finaste Tina som framsnakkar folk på Instagram; eg blei litt rørt, ja
✦ fascinerande å sjå "vindauga" på bygga ved Åsen batteri – ser jo litt fengselsaktig ut
✦ kjempebra a cappella versjon av Can You Feel The Love Tonight
✦ kanskje ikkje ei bok med mange sider, men dei sidene som er i Akkurat passe, rommar mykje
✦ veninna mi som er i gong med handarbeidspodcasten sin igjen
✦ prøve skøyter med nevø og nieser for fyrste gong på mange, mange år
✦ veldig kjekt å lese om Emily som har fått jobb hos Scandic her i byen
✦ klappe den fine nabokatten etter å ha vore ute på isen tidlegare i dag

25. jan. 2019

Åsen ein januardag

Så var det plutseleg fredag igjen. Helga er her. Me skal ein tur austover i morgon, for om eit par dagar er det konsert i Oslo med Ennio Morricone. Ein av filmmusikkens meistrar. Trur det blir ei kjempekjekk oppleving! I kveld skal me på besøk til eit venepar, så me startar helga på best mogleg måte. I starten av veka, nærmare bestemt måndag, skein sola så å seie heile dagen. Eg tok på meg gode ytterklede og gjekk ein tur i Åsenløypa. Løypa ligg rett ved omtrent rett ved heimen. Mosekledde steinar og solskinet mellom trestammane. Kjempeherleg å kjenne frisk luft, kjenne sola varme, i alle fall litt. For kaldt var det no, så eg gjekk me lue, hanskar og skjerf.


Fjella i det fjerne og Forus og Solasplitten noko nærmare. Kontrastane mellom naturen og det menneskeskapte. Oppe på Åsen kan ein framleis sjå restane etter andre verdskrig. Åsen batteri heiter det. Batteriet blei bygd av tyskarane for å forsvare flyplassane på Sola og Forus mot engelske luftangrep. I dag er det sytten freda bygg på området. På eit eller anna vis synest eg nokre av bygga likner på dei små husa i Hobsyssel. Ikkje på langt nær så koselege eller fine, men det at dei er låge med små dører og gras på taket. Men så klart, det er store kontrastar også her, mellom ein verdskrig og ei fantasiverd. No skal eg lese litt i ei av bøkene eg held på med. Fredag er her.

23. jan. 2019

Med fugl på hovudet

"Hei på deg", seier Zalo! Eller, han seier ikkje det, men eg trur han gjer det når han kjem flygande ut og set seg på hovudet til ein av oss. Ikkje er han så enkel å ta bilete av heller, for han er stadig i bevegelse. Og så kvitrar han i eitt sett og vil gjerne ha eple når nokon et det. Ein kul og gul fugl.

22. jan. 2019

Årets fyrste klassikar


Månadens, og årets fyrste, klassikar er Howards End skrive av E. M. Forster. Boka blei gitt ut i 1910 og er dimed nesten hundre og ti år gammal. Som eg skreiv på Instagram i går, fekk eg nok ikkje med meg alle detaljane, for det er jo skrive på ein noko eldre engelsk og eg har vel ikkje heilt oversikt over dei sosiale klassane og skilnadane i England på den tida. Men likevel likte eg å lese om søstrene Margaret og Helen, om broren og tanta deira (Tibby og Juley), om dei sosiale skilnadane og klassane, om familien Wilcox og den flotte staden Howards End. Forfattaren snakkar av og til direkte til lesaren: "To Margaret – I hope that it will not set the reader against her – the station of King's Cross had always suggested Infinity." (s.10). Slike skrivegrep liker eg godt så lenge det ikkje skjer i annan kvar setning; då blir det fort påtrengande og keisamt. Eg laga ein liten videosnutt med boka, synest det er litt stas når boka (les: denne utgåva) er så gammal som frå 1948. Songen er henta frå Purple Planet og heiter "Forward Thinking". Kom gjerne med forslag til gode klassikarar.

21. jan. 2019

Vinterlys i Narnia

Kveld. Ute er det mørkt og null snø. Den smelta i løpet av gårsdagen, men eg var jo ute på fredag for å fange det kvite på kameraet. Lyset var heilt magisk. Det visne lauvet på hekken, sola som skein gjennom dei slik at dei lyste opp i ein gyllen, gjennomsiktig brunfarge. Og så lyktestolpen frå Narnia i inngangspartiet til naboen. Med snø på, som tatt rett ut frå boka. Vinterdag på Sola.

20. jan. 2019

Solskin og snø, regn og vind, alt på ei veke

God sundag, alle saman! Har de hatt ei fin helg? Me har gjort både det eine og det andre samstundes som me har tatt oss tid til å berre lese i ei bok foran peisen. Sa eg peisen? Ja, me bur jo framleis på Sola, og her har me peis. Vinterkos! Veka har gått i ein fei med mykje lesing, litt snø, eg var på eit intervju på onsdag, minitur til IKEA, lese litt meir og i går var me innom leilegheita for å sjå kor langt dei er komme med oppussinga av badet. Akkurat no ser det ganske nakent ut, men lysa er på plass, det same med varmekablar, og det blir rett og slett supert. Så skal eg ikkje snakke så mykje meir om vêret, men det har verkeleg vore alt mogleg denne veka, ein ekte vestlandsvinter. I kveld skal me inn til byen for å sjå Svanesjøen i konserthuset med Den Russiske Nasjonalballetten frå Moskva. No er det ikkje lenge til middag og i morgon er det ei ny veke. Ny liste kjem her:

✦ sola som skein inn i gamlekroken i stova ein dag
✦ fortsetje å følgje med på den nye filmatiseringa av Les Misérables (miniserie frå BBC)
"15 Problems Only The Book of Mormon Fans Will Understand" 
✦ stå ute og kjenne snøen falle ned på hovudet mitt
✦ og eit par dagar etterppå: eit stort smil fordi eg kjente sola varme
✦ bestefarsklokka som tikkar og går i stova 
✦ diggar illustrasjonane til søstrene Agathe og Lorraine Sorlet
✦ blome i vindauget som endeleg får eit streif av sol
✦ Lindell si nye krimbok, Dronen, og kaffi i ein fin kopp
"18 Photos That Prove The Harry Potter Actors Are Actually Their Characters"
✦ og nokre kule Harry Potter-memes
✦ sundagsprat og -vaflar hos eit venepar ute på Klepp
✦ nydeleg vinterkrans ved inngangspartiet her heime
✦ denne bittelille katten som blir godt passa på
✦ fyrste øving i år med orkesteret på tysdag som var
✦ byrje å sjå den herlege TV-serien The Durrells saman med resten av familien
✦ vere i lag med Zalo
✦ Alicia som har laga eit blogginnlegg om deira heimesnikra seng – superkult og stilig resultat
✦ god og stor latte på kafé før ein titt innom badet i leilegheita
✦ titte på regndropane på ruta medan eg sit med ei god bok inne

18. jan. 2019

Vestlandsvinter

Det der vêret, altså. På tysdag bøtta det ned med regn ute, i går var det opphald, i dag vakna me opp til snø. Med andre ord er bileta over frå tysdag. Eg veit ikkje kva det er, men å sjå regndropar på ruta er på eit eller anna vis ganske fint. Kanskje er det fordi eg veit at eg då kan sitje under eit teppe inne i stova, med ei god bok i fanget. Slappe av, la tida fare. La vêret segle sin eigen sjø.


I dag derimot vakna me opp til snø. Igjen. Men det var no ordentleg solskin ute i tillegg i dag, og det var herleg å ta ein tur ut. Stå der og kjenne sola i andletet, solstrålane som titta fram gjennom hekken, snøen på dei mørke taksteinane mot den knallblå himmelen. Hei og hå, god helg!

16. jan. 2019

Noko gammalt og stilig

Lillelaurdag. Midt i veka. I alle fall nesten. Rart å bu i barndomsheimen igjen, for det byrjar å bli "eit par" år sidan eg flytta ut ;) Men me er no heldige som har ein plass å bu medan badet blir pussa opp. Ute er det ikkje lenger kvitt, heller grått. Eller svart no når det er kveld. Her inne blir det mykje bøker og kaffi, me lager middag, pratar med Zalo, nokon ser på handball-VM, me les litt meir og tittar på antikvitetskroken. For i stova har me ein krok, eller skal eg seie to, der det er gamle bilete, ein sjeselong, ein gammal rokk, eit skatoll i gammal stil og eit piano som er gaaanske gammalt. Pianoet har vore i ustand lenge og det er omtrent umogleg i fikse det; delane er laga for hand. No manglar det berre ei glasplate, så blir dette eit kjempetøft bord. Stilig med gjenbruk!