30. sep. 2016

Svipptur i den botaniske hagen

Forrige veke var det berre til å gå ut og verkeleg nyte soldagane! Temperaturen var ikkje fullt så høg som veka før, men likevel ganske varmt til å vere i slutten av september. Sundag tok me turen til den botaniske hagen her i byen og ein svipptur opp til Ullandhaugtårnet. Tok ikkje med meg speilrefleksen (eigentleg herleg å ikkje dra på det kvar einaste gong med er ute på ein liten spasertur), men eg kunne ikkje dy meg, så det blei nokre bilete med mobilkameraet. Blomar ved ein gard på veg til hagen, og i sjølve hagen eit trolsk tre, ein knallraud benk og ein søt kanin.


Nokre av trea i den botaniske hagen har verkeleg byrja å få haustfargar. Akk, eg kunne fint ha pynta heile heimen med slike haustblad! Lyset i skogen var litt ekstra fint den dagen, og på veg opp til Ullandhaugtårnet møtte me denne utsikta. Vakkert! Stavanger, du er ganske bra, altså!

29. sep. 2016

Besøk av ein gul og grøn kompis

Tenk at me var så heldige å få ha denne fine kompisen på besøk i halvanna veke! Frå onsdag for to veker sidan og fram til sundagen som nettopp var, budde Zalo her hos oss. Han kvitrar når me sit og et frukost, han elskar blomkål og brokkoli og han heng i gardinene når han er ute på flygetur.


Store karen er han ikkje, så å sitje på handa og ete blomkål er akkurat passe for han (sjølv om mesteparten av blomkålen hamnar på golvet). Og så er han nysgjerrig når han fyrst berre vil, til dømes så var kameraet på mobilen visst ganske moro å prøve ut. Du er alltid velkommen her, Zalo!

28. sep. 2016

Med fine folk i Melsheia

Å få starte helga saman med to av mine beste finingar, kan eg verkeleg ikkje klage på :) På laurdag blei det tur i Melsheia saman med mannen min og ei av mine beste vener. Turen blei på dryge fem kilometer, så ein veldig lang tur var det ikkje. Men me traska no opp nokre bakkar i raskt tempo og må vel få seie at det alt i alt blei ein akkurat passe lang, fin og bra tur ;) Og fargane no om hausten er det ingenting å utsette på! For meg var dette rett og slett ein perfekt start på helga.


Før me traska tilbake til bilen, måtte me ha ein liten rast med mat, eit par sjokoladebitar og så klart termoskaffi. Alltid kjekt å vere fleire på tur, og desse to er eit veldig godt selskap! Også i Melsheia (som i Sørmarka) blir det mista hanskar, som denne som hang på eit tre. Til slutt kom me oss til parkeringa, og hadde det ikkje vore for at me nettopp hadde hatt ein rast, kunne eg godt ha sette meg ned på denne fine benken. Synd at det er eit lite stykke til Melsheia, men me kjem nok tilbake.

27. sep. 2016

Breiavatnet v9

September byrjar å nærme seg slutten, og det er på tide å vise fram Breiavatnet for niande gong i år. Akkurat i dag er det vêromslag her i byen og med andre ord ganske så grått ute. Men – som eg har nemnt nokre gongar tidlegare – september har jamnt over over så fin og innimellom litt magisk. Slik som bileta over har fontena i Breiavatnet vore i september, på dagtid og på kveldstid.


Trea langs vatnet har framleis vore fulle av grøne blad, og det er alltid så vakkert når solstrålane skin gjennom blada. Også desse to bileta viser vatnet på dagtid og på kveldstid. Må få seie at det å følgje ein spesifikk plass månad for månad er noko eg har lyst til å gjere neste år også, for det er fascinerande. Eg vil prøve å gjere det "fullt ut". Vere meir konsekvent med tanke på å ta bileta på nøyaktig same plass av nøyaktig same motiv. Usikker på kva og kor, men satsar på å få det til.


Men sjølv om blada på trea stort sett har vore grøne gjennom heile september, har det vore nokre plassar der haustfargane verkeleg har vist seg fram. Grått ute i dag, og då er det godt å sjå slike fargar som dette. Klare og sterke fargar. Små kvardagsgleder sjølv om det akkurat i dag er grått.

26. sep. 2016

Solnedgang i september

Solnedgangen. Det er noko magisk ved den. Alltid har det vore sånn, og det kjem alltid til å vere sånn. På onsdag førre veke skulle me eigentleg gå rundt Mosvatnet, men fordi det akkurat denne dagen var Mosvannsløpet, enda me opp med å gå opp Ullandhaugbakken og opp til Ullandhaugtårnet. Vêret var heilt nydeleg og det same med utsikta over byen. Å sjå solnedgangen med den ein elskar så høgt, er så innmari fint  Før me traska heim, blei det litt skuggespel på veggen. Ganske koseleg :) September, du har vore fin, rett og slett magisk. Kvardagsmagi.

25. sep. 2016

Herlege turar og bra selskap



Ikkje fullt så mykje jobb denne veka, men eg starta den i alle fall med jobb nede i byen og vikar som korpsinstruktør i eit skolekorps i nærleiken. Vêret har vore rimeleg greitt og me har vore ute og traska fire av dagane. Er så godt å få rørt på kroppen, kjenne sola i andletet, luft å håret. Og så har me hatt mykje bra selskap i finaste Zalo, eg har lese i nokre gode bøker og plutseleg er det snart berre nokre timar att til ei ny veke er i gong. Tida er rar: plutseleg går den fort, i neste augneblink så seint, så seint. No er det Alt for Norge på skjermen her, og under kan de sjå sundagslista mi:

✦ sjå solnedgangen saman med den eg elskar så høgt
✦ det er nok ganske så tung, men har jo lyst til å gå denne turen
✦ lese ut Farvel til Eddy Belleguele – for ei rå, sår og sterk bok
✦ skrive lappar til minneglaset og sjå fyrste episode av Black Books midt i veka
✦ eit bra blogginnlegg om det å vere introvert inne hos Maria
✦ gå fire turar i løpet av veka – to korte, ein middels og ein lengre tur
✦ tinge billettar til Sunnmøre neste helg, for svigerfar blir sytti
✦ alltid like søtt med kattungar som denne
✦ lage eigne tortillas til tacoen
✦ ha besøk av den finaste kompisen, nemleg pratsame Zalo
✦ morgonstund som dette inne hos Sandra
✦ nyte synet av haustfargane som byrjar å poppe opp ute
✦ alltid kjekt å bli spurt om å vere vikar nokre timar som korpsinstruktør
✦ eit rørande gjensyn
✦ starte laurdagen med tur i Melsheia saman med mannen min og ei god veninne
✦ alle desse kule forsidene på forskjellige Harry Potter-bøker
✦ sundagstur i botanisk hage på Ullandhaug

23. sep. 2016

Solsikker i fleng 🌻

Ute på plenen som me har rett foran blokka vår, er det eit lite område som er gjerda inn. Her kan me så plantar eller dyrke grønsaker. Ein av naboane har sådd nokre store og flotte solsikker. Eit syn som kan lyse opp ein grå dag. Det gjer også Zalo, vår lille kompis som kvitrar i veg her i heimen :)

22. sep. 2016

My dear friend

"Ah, Hastings, my dear friend. They were good days. Yes... they have been good days." Førre veke såg eg Curtain: Poirot's Last Case på NRK Nett-TV (det fyrste og det siste biletet er skjermdump derifrå). Joda, eg har sett den før, me det var lenge sidan og ein kan aldri bli lei den merkelege, lille detektiven som ikkje er fransk, men belgisk. Som bruker sine små grå til å oppklare mysteriet, som har den mest styla barten eg veit om. Den siste episoden, og boka også så klart, er ei aning mørkare og dystrare enn dei tidlegare historiene om Poirot og Hastings. Men det er likevel klasse over det heile, det er Agatha Christie! Når Poirot skriv brevet til Hastings, må eg innrømme at eg blir litt rørt. Sidan eg var tolv-tretten år, har eg lese alt som går an å lese som Christie i si tid skreiv. Mange av bøkene har eg lese meir enn to gongar, og episodane med David Suchet i spissen har eg sett like mange gongar. Poirot vil alltid vere ein del av livet mitt, sjølv om han er aldri så rar og merkverdig.

21. sep. 2016

Ut på tur med termoskaffi på lur

Som nemnt var me på sundag ein tur ved Frøylandsvatnet. Alltid spennande og litt ekstra kjekt å gå turar på nye plassar. Her kan ein sjå utsikta over vatnet frå forskjellige vinklar, og på biletet i midten kan ein skimte "høyhuset på Jæren". Håper me kjem tilbake ein gong med litt betre tid.


Etter å ha gått over Midgardsormen, fann me ei lysløype å gå rundt. Den ligg i Njåskogen, så me gjekk med andre ord meir i skogen enn me gjekk rett ved vatnet. Men skogen er jo vel så fint, og kanskje endå meir magisk. Lyset, spindelveven, ein sopp og kvae. Fyrstnemnde er vel det som i mine auge er mest magisk, men alle detaljar ein kan finne i skog og mark, å, som eg set pris på dei.


Kaffi på termos er ein klassikar. Etter å ha gått lysløypa og traska litt rundt, såg me Midgardsormen igjen. Før me gjekk over den i retning togstasjonen, tok me ein rast med mat og kaffi. Berre digga denne trestubben som likna på ein stol. Termoskoppen med kaffi i fekk sin eigen lille plass ;)


Til slutt var det på tide å setje snuten tilbake mot Klepp stasjon der me skulle ta toget tilbake til Stavanger. Tok ein liten omveg ut på ein holme, og også her var skogen så fin og lyset litt magisk. Og skilt på dialekt er alltid morosamt! Venta i dryge ti minuttar på toget, og så var det heimover.