30. okt. 2020

To små bruktfunn

Høyrer på filmmusikkspelelista mi, les i ei bok eg har venta lenge på og snart blir det ein serie på skjermen. Fredagen er snart over og helga er i gong, er sånn sett berre innom for å sei "god helg" og for å vise fram to små, fine og fargesterke keramikkvaser som eg nyleg har funne på to gjenbruksbutikkar. Den blå er laga av Sandnes-keramikaren Carl Olaf Olsen og eg kjøpte den på ein flott vintagebutikk her i Stavanger. Viss du er i byen, bør du sjekke ut Moderne Vintage, eg kunne sikkert ha kjøpt alt i butikken om eg hadde hatt moglegheit ;) Den andre i tre gylne jordfargar fann eg på ein butikk i Kragerø då me var der no i haustferien. Slike butikkar er gull verde!

28. okt. 2020

Små kvardagstankar mot slutten av oktober





No byrjar dagane verkeleg å bli mørkare. Å stå opp halv fem ein dag og halv seks dei andre dagane er ikkje enkelt til vanleg, men desto vanskelegare no når det er bekmørkt ute. Energien er gått i haustmodus og regnvêr og sur vind hjelper ikkje for å seie det slik. Eg tenner lys og drikk te etter jobb. Koser meg med All Creatures Great & Small medan eg strikkar eit par omgangar på genseren. Tar fram ei av bøkene og les ein del sider kvar dag. Små ting som gjer desse mørke dagane litt lysare. Og haustfargane. For framleis ser eg dei sterke fargane overalt. Raude, gule, brune og oransje blad på bakken. På det eviggrøne graset. Haustlauvet. Trea som framleis har eit par fargesterke blad igjen. Onsdag er snart over. Nok ein tidleg start på dagen i morgon. 

26. okt. 2020

Egostrikk i ein herleg grønfarge




Hei og hå, håper måndagen din har vore bra! Det var så kjekt og stas å spele konsert i lag med orkesteret i går! Sidan det var eit avgrensa antal publikum, blei konserten i tillegg strøymt direkte på Sandnesposten si nettside. "Festive Overture" av Shostakovich og Dvoraks åttande symfoni var begge to veldig kjekke å spele medan Rachmaninoffs pianokonsert nr. to med solist var nydeleg å høyre på. Trur me alle syntest at det blei ein kjempebra jubileumskonsert! Tidleg opp i dag, og i løpet av dagen har eg gått rundt og nynna for meg sjølv på sistesatsen av Dvorak, ha, ha. Sånn kan det gå ;) Ville elles starte veka med å dele eit par-tre bilete av genseren som eg held på å strikke. Er så glad i både fargen og garnet. Garnet er Pickles Merino Tweed frå nettopp Pickles, og genseren eg prøver meg på, er Twiggy-genseren. Tweedgarnet er noko ujamt og saman med at eg strikkar ribbestrikk, blir det ein litt røff og ledig stil. Diggar det! Kult å teste ut raglanauking for fyrste gong. Har ikkje bestemt meg for om eg skal ha halsen slik som på biletet eller om eg skal brette den innover, kva trur du? Eg har framleis ein del igjen, men det går no framover. Og så er det gøy! 

25. okt. 2020

Jubileumskonsert på ein sundag






"I like having emotions, okay? This is who I am. You're leaving and that's a really big change and I'm gonna cry about it a lot, okay?" (Amy i Brooklyn Nine-Nine). Kjenner meg veldig igjen i Amy, altså. Ingen løyndom at eg er ein emosjonell person, eller kva?! Eg har starta dei aller fleste dagane med kaffi og bok. Ikkje at det er noko nytt, ha, ha. Men eg er like takksam kvar gong fordi eg slappar av og det er herleg å få ein roleg start på dagen. På torsdag hadde eg fri og fekk unnagjort fleire ærend nede i byen (var blant anna innom ein kjempefin bruktbutikk som eg har tenkt lenge på å besøke). I same slengen stakk eg innom jobben for å svømme i lag med kjekke kollegaer. Som allereie nemnt har mesteparten av helga gått med til å spele i lag med orkesteret. Sandnes Symfoniorkester har ei lang historie og er i år heile 125 år. Ikkje så lett å få til konsertar i år, men me får no spele denne for 200 personar. No blir det middag her om ikkje så altfor lenge, og sidan orkesterkonsert. Tidleg på'an i morgon, og tenkjer eg sleng ut sundagsliste her og no:

✦ tiande prisvinnaren eg har lese i år, denne gongen var det Vinterreise av Elfreide Jelinek
✦ sykle heim i regnvêr er heilt greitt når regntøyet er bra
✦ instrumentalversjon (piano og cello) av "Bohemian Rhapsody"
✦ spele jubileumskonsert med orkesteret og solisten Christian Ihle Hadlan på piano
✦ le og rett etterpå bli rørt av ein episode av komiserien Brooklyn Nine-Nine
✦ søtaste lille pusen som ikkje klarer å halde seg vaken
✦ få ein ordentleg haustbukett på døra som takk for lånet av tre HP-bøker
✦ lage laurdagspizza og sjå Wreck-It Ralph i lag med mannen min og broremann
✦ strikke vidare på genseren
✦ måndagsmorgon med Zalo, koseleg start på veka
✦ den lille andungen tar eit bad medan Loulou og Coco ser på med nysgjerrige auge
✦ fargesterke haustblad på eit og same tre
✦ må le litt av eit par av bileta eg tok i Vålandsskogen, særskilt det der eg hiv haustlauvet i lufta
✦ gammal video, men denne parodien av "Piano Man" er like morosam kvar einaste gong
✦ brunt hautslauv på det grøne graset på veg til jobben ein dag
✦ nok ei bok frå Ferrante der orda treff hardt og rått: Dei vaksnes løgnaktige liv
✦ nydelege utgåver av klassiske bøker
✦ egentrening i lag med ein god gjeng midt på dagen på torsdag
✦ starte (nesten) kvar dag med god kaffi og ei bra bok i fanget

24. okt. 2020

Haustglede


Orkesterspeling heile helga. Ikkje kvar einaste time altså, men me var på øving i går kveld, det er øving i dag og i morgon blir det generalprøve og sidan konsert på kvelden. Håper på å få lese og strikke litt innimellom, det må eg berre innrømme ;) Tenkte eg berre skulle stikke innom med (endå) eit par haustbilete. I byrjinga av førre veke hadde eg fri og vêret var heilt nydeleg. Eg måtte ut! Traska bort til Mosvatnet, til svanene og endene der. Til ein knallblå himmel, ein fugl på himmelen, grønt gras og blad i alle moglege fargar som skein så klart i solskinet. Haustglede.

23. okt. 2020

Eksentriske detektivar



For både Hercule Poirot og Miss Marple er eksentriske på kvar sin måte. Miss Marple er kanskje ikkje ein "ekte" detektiv, men ho er no rimeleg god på å løyse krimmysterium. Mord pr. korrespondanse var Christie-boka eg las no i oktober med temaet "inspirert av Christies lesing". Det som er spesielt med denne boka, er Miss Marple fyrst kjem inn etter at godt over halve historia er fortalt. Eg skulle gjerne ha sett at ho var med i meir av boka, ho er så kul og herleg. Men som vanleg har eg no kost meg – Agatha Christie kunne det å skrive gode, spennande og overraskande krimforteljingar! Heimelaga latte og ei ny Poirot-bok har eg òg lese nyleg. Forfattaren Sophie Hannah har fått lov Christies etterkommarar til å skrive krimbøker med Hercule Poirot i hovudrolla. The Killings at Kingfisher Hill er hennar fjerde bok i denne serien, og sjølv om ein merkar at det ikkje er heilt det same, klarer ho å fange essensen, særskilt Poirots karakter:
'But, mon ami, there is truth to be found. It exists! There is nothing human that cannot be made sense of once one knows all of the relevant facts. Alors, whenever a new detail is given to us, we must be grateful. Each new morsel of information is to be celebrated! And even more so when one is given a piece as striking as the story of the rings. Here there is additional cause for celebration because this story stands out so prominently. It becomes a point of focus in the still-forming picture precisely because it is, at the first glance, so baffling. Once one has a point of focus, all of the other details start to arrange themselves around it.' (s. 156)

Sola skin her i dag, det er fredag og du veit kva det betyr?! Ønskjer deg ei riktig god helg! 

21. okt. 2020

Koselege Kragerø






Midt i veka. Eller nesten, om ikkje anna midt i arbeidsveka. Eg har nettopp gått av skiftet og har langhelg fram til måndag. Ute berre bøttar det ned, sånn verkeleg øspøsande regn. På veg heim frå jobb hadde eg på med støvlar og fullt regntøy, og regntøyet måtte eg hengje opp i dusjen, så vått var det! Med andre ord er det ein ordentleg trist og grå haustdag her i Stavanger. Noko betre var det då me stakk innom Kragerø i haustferien. Joda, det regna godt ein av dagane, men me fekk likevel sjansen til å gå litt rundt i gatene då det var opphald. Me var nemleg i Kragerø både på veg til Oslo og på veg frå Oslo: me overnatta der på veg bort, og på veg tilbake åt me lunsj der sidan dei akkurat då hadde ei slik "100-uke" ;) For ein koseleg by og sjarmerande by! Littegrann kronglete å køyre i med mange smale gater, men akk, så koseleg likevel. Haustfargar overalt, ein staseleg, nedlagt jernbanestasjon, me overnatta på Victoria Hotel og måtte stoppe opp for å lese eit butikknamn minst to gongar – det var ganske så artig. Og så bruktbutikkar! Rett og slett eit bra stopp på vegen.

19. okt. 2020

Minisundagstur rundt eit minivatn



I helga var det stort sett bra vêr, men sidan eg jobba, blei det ikkje tur eller friluftsliv på meg. Førre sundag derimot. Sola skein ute, det var såpass varmt at eg kunne sitje ute på balkongen ei lita stund med ei god bok i fanget. Ein lang tur blei det ikkje sjølv om vêret var superdupert, for me hadde ein del å gjere. Samstundes så er det ikkje alltid oktober er så fin, og me kom oss ut på ein liten runde rundt Vannassen. Er så glad for at me har ein del slike friområde i nærleiken! Skuggespel og haustlys, raude blad på bakken og tre i alle fargar som spegla seg i vatnet. Kan ikkje klage på ein slik haustsundag. I dag har eg ein roleg start på veka med bok, kaffi og strikking før kveldsvakta.

18. okt. 2020

Zalobesøk og mange bøker å velje mellom



Opp og ned på jobb. Stort sett greie dagar, men kjenner at eg er rimeleg lei av at badegjestane klagar over dei same tinga heile vegen (les: bookingsystemet og alt som har med koronareglar å gjere). Samstundes så er me vel alle leie av dagens situasjon, så eg prøver å ta fram smilet og stort sett tenkje at det ordnar seg, at me alle gjer det beste ut av situasjonen. Ok, nok om det, for det har elles vore ei bra veke med besøk av Zalo, herleg humor på jobb, lesing i fleng, veldig kjekk orkesterøving (konsert neste helg for dei som kan komme) og sol dei aller fleste av dagane. Kjenner eg byrjar å bli trøytt no etter jobbehelg, og det er nesten leggjetid. Rett under er vekas høgdepunkt:

✦ å ha Zalo på besøk er alltid like koseleg
✦ orda til Linda Olsson treff alltid hardt, og boka Langsomt lukker jeg døren er ordentleg sårvakker
✦ "Litt av september" – å, her var det så mykje fint og flotte augeblink frå førre månad, takk Ida
✦ sjølv om katten Bob ikkje lever lenger, blir det fint å sjå denne filmen med han i hovudrolla
✦ hi, hi, Zalo er så artig, særskilt når han sit på eit hovud eller når han stel frukosten vår ;)
✦ setje av tid til å slappe av med strikking innimellom all lesinga
✦ god kronikk om nettroll i samband med årets Skal vi danse
✦ starte kvar dag med bok og kaffi (og ooops, eg har altfor mange bøker å velje mellom for tida)
✦ joda, eg veit at eg har delt denne før, men lenge sidan sist: "Kitten meets hedgehog"
✦ Murdoch Mysteries, den serien er berre så herleg med dei kulaste karakterane
✦ stas at Scenekvelder delte littegrann av blogginnlegget mitt i ei Instagram-historie
✦ det fargerike treet som står rett utanfor Vågen vgs., sett på veg til orkesterøvinga
✦ lille og søte Duck, ein spesiell katt som har fått eit kjempebra liv
✦ sollyset som skein inn i stova ein dag, rett inn på retrotallerkenar og fjorårets julekortbilete
✦ Björn Skifs og Agnes med ein nydeleg song i det svenske kronprinsessebryllaupet (gammal video)
✦ laurdagstaco og Mulan (den animerte filmen) på Disney+
✦ gylne blad i mange fargar ved Mosvatnet, lyst opp ekstra av solskinet
✦ flodhestar kan vere så innmari søte
✦ nyaste Heivoll-boka, Drøm om de levende, leverer med ei fengjande handling og godt språk
✦ jobbhumoren eg har i lag med min nærmaste kollega, alltid like festleg

16. okt. 2020

Biltur i oktober





Som regel når me reiser til Oslo, tar me toget. Eg saknar det, for den roa eg finn når me drar av garde med toget, den er noko heilt eige. Men enn så lenge er det slik det er, og for å slippe å ta toget og sidan kollektivtrafikken midt sentrum, leigde me bil då me førre veke skulle sjå Chess. På veg bort køyrde me om Tonstad og Evje, men me visste ikkje at det var vegarbeid eit lite stykke etter Tonstad. Dimed måtte me sitje ei dryg time og vente. Heldigvis hadde me med oss kaffi på termos, noko søtt (hadde nemleg ete lunsj på eit veldig bra bakeri der me altså tok med oss noko til kaffien) og kvar vår bok. Alt i alt blei det ganske så koseleg! Bjørkene med haustgule blad fauk forbi oss, og på ein fin rasteplass rett ved eit vatn var det gylne fargar overalt. Ein veldig rund og knallraud flugesopp fanga blikket mitt – for sjølv om dei er giftige, er dei ganske flotte å sjå på.


Langs heile vegen, både oppe på fjellet, langs kysten og inn mot Oslo sentrum, fekk me oppleve dei vakraste haustfargane. Gult, grønt, raudt og oransje om kvarandre. Tysdagen, då me køyrde til Kragerø for å overnatte der, var det nydeleg vêr ute og me køyrde forbi fleire små vatn der vatnet var heilt blikkstille. Å, at hausten kan vere så magisk når den òg ofte har fleire grå og triste dagar.

14. okt. 2020

Å snakke om bøker



Når eg les, les eg ofte berre for min eigen del, fordi eg liker det. Eg elskar det. Til ein kvar tid les eg akkurat det eg har lyst til å lese. Men det er samstundes noko med det å bli utfordra, både på kva eg les og når det gjeld å snakke om bøkene eg les. I sommar var det ei veninne som lurte på om nokon ville vere med på ein bokklubb over nettet, og eg syntest det kunne vore artig. Så langt har me lese tre bøker, dei to siste var Rasimens poetikk av Guro Sibeko og Homoflokar av Kritstin Fridtun. Me er fem personar i klubben, noko som er akkurat passe når me skal snakke over nettet med forseinkingar og litt "støy på linja". Interessante samtalar og tankar, og eg håper på fleire etter kvart som me les fleire bøker – førre måndag hadde me møte i halvannan time! Når eg fyrst skriv om bøker, må eg nemne ei anna bok eg nyleg har lese: Becks siste sommer av Benedict Wells. Ei av dei beste bøkene eg las i 2018, var Wells si bok Ut av ensomheten. Becks siste sommer er debutboka hans som endeleg er ute på norsk. Sjølv om eg nok likte den førre eit hakk betre, må eg seie at eg koste meg då eg las debutromanen. Det er ei tragikomisk forteljing om musikk, ein karriere som gjekk i vasken, eit musikartalent, om kjærleik og ein roadtrip til Istanbul. Underfundig og underhaldande roman. Har du lese noko bra i det siste? Legg igjen boktips då vel.